Stortinget - Møte onsdag den 5. mai 1999 kl. 10

Dato: 05.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Dersom forlag begynner å produsere billige eller gratis skolebøker gjennom bruk av reklame i skolebøkene, vil dette med stor sannsynlighet føre til at de som velger fag med mange elever, får en større utgiftsreduksjon enn de som velger utradisjonelt. Det beste virkemiddelet for å motvirke at slike forskjeller utvikles i skolen, er å innføre en ordning med gratis skolebokutlån.

Vil Regjeringen vurdere en ordning med gratis skolebøker på nytt i lys av debatten om reklame i skolebøker?»

Statsråd Jon Lilletun: Debatten om reklame i lærebøker reiser mange prinsipielle spørsmål. Eitt av desse er det som representanten Konglevoll viser til, nemleg at reklamefinansiering av lærebøker kan få uheldige konsekvensar for enkelte elevgrupper.

I § 9-4 i opplæringslova heiter det at lærebøker som blir brukte i skulen, skal vere godkjende av departementet. Ingen kan i dag rekne med å få lærebøker med reklame godkjende.

Eg veit at det likevel finst ein del støttelitteratur med reklame. Slikt materiell fell utanfor godkjenningsordninga.

I pressa vert det vist til at Sverige har reklamefinansierte lærebøker. Etter det Utbildningsdepartementet i Sverige seier, finst det ikkje ei ordinær ordning med reklamefinansierte lærebøker. Det finst ein del temabøker som er reklamefinansierte, og som vert delte ut gratis til skulane. Denne typen bøker konkurrerer ikkje med dei ordinære lærebøkene, men vert nytta som støttelitteratur. Utbildningsdepartementet ser imidlertid ikkje vekk frå at det finst tilfelle der firma har gjeve lærebøker til lokale skular. I slike tilfelle vert dei ordinære lærebøkene kjøpte av firma, som limer reklame framme eller bak i bøkene og deretter gjev dei til skulane.

Tilhøva i landet vårt skil seg frå Sverige på ein del felt, slik at ordningar ikkje utan vidare kan vurderast på lik linje. Vi har m.a. fleire målformer å ta omsyn til. Tilbodsstrukturar i vidaregåande opplæring er i tillegg slik at vi treng bøker med svært små opplag, og det kan då verte eit spørsmål om ei eventuell reklamefinansiering vil verke rettferdig, slik som òg spørjaren var inne på. I grunnskulen har eg dessutan prinsipielle innvendingar mot ei slik ordning, og vil gå konsekvent imot reklamefinansierte lærebøker der. Då utgiftene til lærebøker er høge for elevar og foreldre i den vidaregåande skulen, vil eg likevel vurdere dette nærare før eg avviser alle former for reklamefinansiering der, sjølv om eg i utgangspunktet der òg er sterkt skeptisk, ut frå dei forholda eg tidlegare har nemnt.

Som representanten Konglevoll er kjend med, vart saka om utlån av lærebøker behandla av Stortinget i desember 1997, og avvist. Eg kan ikkje sjå at mediedebatten om reklamefinansiering av lærebøker har bringa fram nye moment som skulle tilseie at ordninga med elevbetalte lærebøker vert vurdert på nytt.

Synnøve Konglevoll (A): Nå ble jeg litt usikker på hva statsråden mente. Først sa han at departementet kom til å sørge for at bøker med reklame i ikke kom til å bli godkjent av Nasjonalt læremiddelsenter, mens han på slutten av innlegget sa at man kanskje skal åpne for reklame i skolebøkene likevel.

Jeg vil gjerne be statsråden presisere på en klar og tydelig måte om han er for reklamefinansierte skolebøker, eller om han er imot det.

Statsråd Jon Lilletun: Det eg gjorde fyrst, var å klargjere kva lova seier. Departementet har ikkje høve til å godkjenne lærebøker med reklame pr. dato, og derfor vil det sjølvsagt heller ikkje verte gjort. Eg vil heller ikkje kunne tenkje meg å fremje noko forslag om at det skal vere høve til noko slikt i framtida når det gjeld grunnskulen. Det er ein obligatorisk skule, og eg synest òg at reklamepresset er stort nok.

Når det gjeld den vidaregåande skulen, er det heilt klårt at det er ganske kostbart for både elevar og foreldre, og sjølv om eg der er uhyre skeptisk, har eg sagt at eg vil foreta ei grundigare vurdering før eg heilt avlyser moglegheita for å ta opp eit slikt framlegg til diskusjon. Det er lite sannsynleg at det kjem til å skje, men eg vil ikkje heilt late att den døra.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg registrerer at statsråden i forkant av vurderinga er skeptisk. Det skulle for så vidt bare mangle at en statsråd i en regjering som er opptatt av de immaterielle verdiene, ikke skulle være skeptisk til at Coca-Cola og Libresse skal betale for skolebøker gjennom livsstilsreklame. Arbeiderpartiet er – ilikhet med statsråden – skeptisk til at dette kan bli utviklinga. Forskjellen er at vi har et alternativ, nemlig å innføre en ordning med gratis utlån av skolebøker, som vi foreslo 50 mill. kr. til.

Jeg bare fastslår at statsråden kan komme til å åpne for reklame, og at han overhodet ikke har noe alternativ å møte denne utfordringa med.

Statsråd Jon Lilletun: Så vidt eg hugsar frå den debatten som representanten Konglevoll viste til, var det frå departementet si side klargjort ein del forhold rundt ei eventuell utlånsordning, som ville ha monalege kostnader langt utover den summen representanten Konglevoll no viste til. Eit alternativ til dette er skulebokstipend i vidaregåande skule. Det som er felles for begge desse forslaga, er at dei krev monalege økonomiske utteljingar. Eg ser ikkje at det er dette som må prioriterast fyrst, i den grad vi har ekstra ressursar å setje inn i vidaregåande skule.

Eg har derfor alternativ i forhold til kva som kunne brukast, men eg har sagt at det ikkje er det som har toppprioritet no. Så får vi sjå kva vi kan finne i åra frametter.