Stortinget - Møte onsdag den 1. desember 1999 kl. 10

Dato: 01.12.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Liv Marit Moland (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Vi har i den senere tid fått urovekkende meldinger om hvordan barn og unge blir behandlet og får mangelfull behandling i private barnevernsinstitusjoner.

Hva vil statsråden gjøre for å bedre denne situasjonen for noen av våre mest utsatte barn?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er all grunn til å ta på alvor alle rapportane om overgrep i barnevernsinstitusjonar. Dersom ein får kjennskap til at det har vore slike overgrep utan at institusjonen eller tilsynet har reagert, er det mi meining at forholdet skal meldast til politiet.

Mange av dei sakene som har vore slått opp i media, er fleire år gamle, og dei er for lengst rydda opp i. Oppslag i media er sjeldan representative for dei generelle tilhøva. Departementet har god kontakt både med fylkeskommunane, som har det faglege ansvaret for institusjonane, og med fylkesmennene, som har tilsynet med dei. I fylkeskommunane foregår det eit kontinuerleg arbeid for å forbetra institusjonane.

Barne- og familiedepartementet har kvart år sidan 1995 løyvd øyremerkte midlar for å styrkja kompetansen i arbeidet med born og unge som vert plasserte på institusjon, særleg born og unge med alvorlege åtferdsvanskar. Mellom anna er det oppretta team eller rettleiingstenester som skal hjelpa kommunane med å finna høvelege tiltak samt følgja opp tiltaka. Mange fylkeskommunar arbeider òg med kvalitetssikring av institusjonane som eit ledd i kompetanseutviklinga. Denne løyvinga vil vi halda fram med.

I høve til dei private institusjonane er det i 1998-99 gjennomført eit prosjekt i fylkeskommunane der ein har gått igjennom alle dei private institusjonane som fylkeskommunane nyttar. Føremålet er å luka vekk dei tiltaka som ikkje held fagleg mål. Resultatet ligg no føre i form av forslag til ein forpliktande prosedyre for samarbeidet. Utan ein slik samarbeidskontrakt vil ein privat institusjon i framtida ikkje bli brukt.

Departementet har i møte med fylkeskommunane streka under det ansvaret dei har for alle institusjonar for born og unge. For ytterlegare å presisera dette har Stortinget nyleg vedtatt ei endring i barnevernlova § 5-8 som inneber at dersom fylkeskommunen vil bruka ein privat institusjon, må han undersøkja om og eventuelt sørgja for at institusjonen blir driven i samsvar med lova og elles på ein fagleg forsvarleg måte.

I den seinare tida har mange fylkesmenn hatt problem med å oppfylla lova sitt krav om åtte besøk i året for institusjonar der born og unge er plasserte etter tvangsparagrafane i barnevernlova. Men det er ikkje det same som at dei har dårleg kjennskap til desse institusjonane. Tilsynet finn stadig små og større avvik, noko som både fører til pålegg om forbetringar og i nokre tilfelle til inntaksstopp, eventuelt stenging av institusjonen.

Årsakene til at tilsynet slit med å få talet på tilsynsbesøk opp på det nivået lova krev, er fleire. Som nemnt her i spørjetimen for eit par veker sidan, har ressurssituasjonen i embeta vanskeleggjort tilsynsarbeidet. Vi har òg hatt ein vekst i private institusjonar som tek imot born og unge etter åtferdsparagrafane. Mange av desse «institusjonane» er i realiteten private heimar med berre ein eller to klientar. Likevel skal dei ha sine lovbestemte tilsynsbesøk.

Eit viktig moment i høve til det spørsmålet som er reist, er at det i dag er ein del ungdomar i institusjon som ikkje skulle ha vore der. Ei ekspertgruppe oppnemnd av Noregs forskingsråd på oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet og Barne- og familiedepartementet konkluderte i 1998 med at ungdom med alvorlege åtferdsproblem ikkje har særleg nytte av opphald i institusjon. På bakgrunn av denne konklusjonen har desse to departementa sett i gang eit omfattande arbeid for å utvikla alternativ til institusjonsplassering av born og unge med alvorlege åtferdsproblem. Dei nye metodane er familie- og nærmiljøbaserte og har som målsetting å førebygga institusjonsplassering. Ved såleis å flytta ressursane over mot det førebyggande feltet vil ein kunna gi betre hjelp til dei med åtferdsproblem, samstundes som institusjonane blir betre for dei som treng dei.

For å halda høg beredskap og fokusering på moglege overgrepssituasjonar i institusjonane har departementet òg eit arbeid i gang for å laga retningsliner og rutinar for korleis institusjonane skal handsama tilfelle der det er mistanke om seksuelle overgrep gjorde av tilsette. Dette arbeidet vil bli avslutta på nyåret og omfattar òg skular og barnehagar.

Vi kan aldri gardera oss mot overgrep, verken i barnevernsinstitusjonar eller andre plassar. Vi kan berre gjera vårt beste for at overgrep ikkje skal skje. Min strategi i høve til dette vil vera å halda fram med det gode arbeidet som vi alt har sett i gang.

Liv Marit Moland (A): Jeg takker statsråden for svaret. Det var et godt og gjennomarbeidet svar, og mange av de tankene jeg var ute etter, kom fram der.

Men de sakene jeg har referert til, er ikke gamle. Og på tross av alle de gode kontrollinstansene som skal være på dette området, skjer det altså allikevel. Ved en barnevernsinstitusjon i Aust-Agder fikk en 14-åring tak i skytevåpen. Ifølge avisene fikk han våpentrening, og han skjøt og såret en ansatt i institusjonen alvorlig med et 22 kaliber salonggevær.

Det er uakseptabelt at det finnes våpen i barnevernsinstitusjoner. Gutten er plassert i institusjon bl.a. for gjentatte ran av eldre kvinner i Oslo. Tidligere i år ble en ansatt i en annen institusjon stukket med kniv.

Hva vil statsråden gjøre for å få kontroll over behandlingstilbudene i private institusjoner slik at en på en mye bedre måte kan sikre kvaliteten på dette tilbudet?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil understreka at begge dei to sakene som representanten nemnde, er heilt klart uakseptable, og det vart òg gripe inn umiddelbart. Ein burde ha gripe inn før, slik at det ikkje hadde skjedd.

Det kjem på ein måte ei gjentaking av delar av mitt førre svar. Noko av det som er nytt som vi har gripe fatt i, er faktisk kvalitetssikringa av alle dei private institusjonane som vi har. Som representanten veit, har vi fått mange nye private institusjonar, og vi ser at vi må følgja nøye med i forhold til kvaliteten dei kan tilby ungdomen og borna.

Den kvalitetssikringa som eg nemnde i mitt førre svar, er ny, og den har vi sjølvsagt ikkje sett noko resultat av enno. Men eg vonar inderleg at det vil vera med og forebygga slike hendingar som dei representanten nemnde.

I tillegg kan eg nemna at vi har eit utval – Befring-utvalet – som skal gå gjennom heile barnevernsområdet, fosterheimsproblematikken og lovverket og bruk av institusjonar, og eg vonar vi kan henta ein del der for å betra situasjonen.