Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 2001 kl. 10

Dato: 31.01.2001

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Magnhild Meltveit Kleppa til fiskeriministeren, vil bli besvart av miljøvernministeren på vegne av fiskeriministeren.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla følgjande spørsmål til fiskeriministeren:

«I eit høyringsutkast som har overskrifta «Kontroll med eiermessige endringar i selskap m.v. som innehar tillatelse til oppdrett av matfisk av laks og ørret», føreslår Fiskeridepartementet at Rogaland og Skagerrakkysten skal reknast som eitt konsesjonsområde.

Kva er grunngjevinga for at Rogaland ikkje er eige konsesjonsområde, slik inndelinga er tenkt for dei andre vestlandsfylka?»

Statsråd Siri Bjerke: Rogaland og Skagerrak er foreslått som ein region i forslag til kontroll med eigarmessige endringar i selskap mv. som har løyve til oppdrett av matfisk av laks og aure. Grunnen til dette er at Skagerrak og Rogaland åleine har for få løyve til at det blir vurdert som føremålstenleg å danne separate regionar. I forslaget vil regionen til saman ha 68 løyve. Til samanlikning har Hordaland 139 løyve og Møre og Romsdal 95 løyve. For at den foreslåtte regiongrensa på 50 pst. av talet på løyve ikkje skal hindre ei naturleg omstilling, er regionane samla til ein.

Under høyringa har det kome inn merknader til fleire punkt i forslaget, under dette merknader om regioninndelinga. Det vil bli vurdert om denne inndelinga har utilsikta konsekvensar før endelege føresegner blir fastsette.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det er semje om at havbruk er ei næring med store moglegheiter, òg i Rogaland, noko fiskeriministeren sjølv har understreka ved å uttala at det er rom for nye konsesjonar i Rogaland. Rogaland og Skagerrakkysten har ulike føresetnader for oppdrett. Det gjeld både naturgitte forhold, som f.eks. temperatur, og det at Skagerrakkysten høyrer inn under Nordsjøavtalen.

Fiskeristyresmaktene stiller seg elles til fylket som eit regionområde. Det gjer òg dei ulike organisasjonane sjølve. Eg finn det merkeleg at det at skilnaden er så stor, altså 139 konsesjonar til Hordaland og 51 til Rogaland, blir brukt mot Rogaland. Det skulle kunne gå an å retta på det ved å gi nye konsesjonar. Er dette byrjinga på ei anna inndeling òg på fleire andre område innafor fiskerisektoren?

Statsråd Siri Bjerke: Jeg kan bekrefte at det også er Regjeringens syn at havbruk er en næring med et stort vekstpotensial, og spesielt i den delen av landet vi snakker om i denne sammenhengen.

Jeg har ikke på noen måte ønsket å bruke mot Rogaland som fylke det antall løyver det nå er snakk om for dette fylket, snarere er det en begrunnelse for at det er en hensiktsmessig inndeling i regioner, der en nå har en kobling opp mot andre. Men jeg har samtidig vist til at det i den høringen som knytter seg til dette forslaget, er reist innvendinger mot dette, og at disse vil bli vurdert i den videre prosessen.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar for svaret, både det fyrste og det som kom no.

Eg er glad for at Regjeringa understrekar moglegheitene. Eg bur sjølv i eit område der eg har følgt utviklinga over tid, og der eg har sett kva dette betyr, både av nye arbeidsplassar direkte, av ringverknader i forhold til lokal foredling og servicetilbod og mykje anna som følgjer med.

Eg skal ikkje utfordra statsråden på det som ligg i uttrykket «naturleg omstilling», men berre seia at slik Senterpartiet ser det, er det fyrst og fremst snakk om nye moglegheiter og ny utvikling. I forhold til å sjå desse to fylka under eitt, er det eit spørsmål som er nærliggjande, og det er: Når ein ser på dette som eitt område, ligg det då i det at ein kan flytta konsesjonar på tvers av fylkesgrensene?

Statsråd Siri Bjerke: Det å se flere områder som en del av samme region, er først og fremst begrunnet i hensiktsmessighet, og knytter seg også til det antall løyver som finnes i hver enkelt av disse regionene. Men det er hensiktsmessighet som skal ligge til grunn for den inndelingen som velges, sammen med vurderingen av hvilke nye utviklingsmuligheter som finnes innenfor havbruksnæringen. På denne bakgrunnen vil vi vurdere resultatet fra høringen i de endelige forskriftsfastsettelsene.