Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 2001 kl. 10

Dato: 31.01.2001

Ordinær spørretime

Presidenten: Det blir ei lang rekkje endringar i den oppsette spørsmålslista, og presidenten viser i den samanhengen til den oversikta som er omdelt på representantane sine plassar i salen. Presidenten gjer framlegg om at dei føreslåtte endringane i dagens spørjetime blir godkjende. – Presidenten ser det som vedteke.

Endringane var desse:

Spørsmål 1, frå representanten Inger Stolt-Nielsen til statsministeren, vil bli svara på av miljøvernministeren.

Spørsmål 6, frå representanten Arne Lyngstad til arbeids- og administrasjonsministeren, vil bli teke opp av representanten Astri Wessel.

Spørsmål 7, frå representanten Øystein Hedstrøm til finansministeren, vil bli svara på av arbeids- og administrasjonsministeren på vegner av finansministeren, som er bortreist.

Spørsmål 9, frå representanten Einar Olav Skogholt til helseministeren, fell bort då spørjaren ikkje er til stades.

Spørsmål 13, frå representanten Magnhild Meltveit Kleppa til fiskeriministeren, vil bli svara på av miljøvernministeren på vegner av fiskeriministeren, som er bortreist.

Spørsmål 14, frå representanten Morten Lund til fiskeriministeren, vil bli svara på av miljøvernministeren på vegner av fiskeriministeren, som er bortreist. Spørsmålet vil bli teke opp av representanten Tor Nymo.

Spørsmål 17, frå representanten Hallgeir H. Langeland til miljøvernministeren, vil bli svara på av utviklingsministeren som rette vedkomande.

Spørsmål 18, frå representanten Karin Andersen til miljøvernministeren, vil bli svara på av utanriksministeren som rette vedkomande. Etter oppmoding frå utanriksministeren blir dette spørsmålet flytta til etter spørsmål 2, som utanriksministeren også skal svare på.

Spørsmål 19, frå representanten Ågot Valle til landbruksministeren, vil bli svara på av justisministeren på vegner av landbruksministeren, som er bortreist.

Spørsmål 22, frå representanten Bjørn Hernæs til justisministeren, fell bort då spørjaren ikkje er til stades.

Spørsmål 26, frå representanten Randi Karlstrøm til olje- og energiministeren, vil bli svara på av miljøvernministeren som rette vedkomande. Etter oppmoding frå miljøvernministeren blir dette spørsmålet flytta til etter spørsmål 16, som den same statsråden skal svare på. Spørsmålet vil bli teke opp av representanten Kari Økland.

Spørsmål 1

Spørsmål 2

Spørsmål 18

Spørsmål 3

Spørsmål 4

Spørsmål 5

Spørsmål 6

Spørsmål 7

Spørsmål 8

Spørsmål 9

Spørsmål 10

Spørsmål 11

Spørsmål 12

Spørsmål 13

Spørsmål 14

Spørsmål 15

Spørsmål 16

Spørsmål 26

Spørsmål 17

Spørsmål 19

Spørsmål 20

Spørsmål 21

Spørsmål 22

Spørsmål 23

Spørsmål 24

Spørsmål 25