Stortinget - Møte tirsdag den 13. februar 2001 kl. 10

Dato: 13.02.2001

Dokumenter: (Innst. S. nr. 115 (2000-2001), jf. St.prp. nr. 34 (2000-2001))

Sak nr. 8

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om samtykke til ratifikasjon av Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismer av 29. januar 2000 til konvensjonen om biologisk mangfold av 5. juni 1992

Talere

Votering i sak nr. 8

John Dale (Sp) (ordførar for saka): Energi- og miljøkomiteen har ingen skriftlege merknader til forslaget om at Stortinget gjev sitt samtykke til ratifikasjon av Cartagena-protokollen. Eg vil som saksordførar og på vegner av komiteen knyta nokre få kommentarar til saka.

Bakgrunnen er følgjande: FN vedtok i 1992 konvensjonen om biologisk mangfald. Det er den fyrste globale avtalen i sitt slag. Konvensjonen tek sikte på å sikra rettvis global fordeling av gode produserte på grunnlag av genetiske ressursar.

I lys av konvensjonen om biologisk mangfald vart det forhandla fram ein protokoll om handel med og bruk av levande genmodifiserte organismar. Noreg underskreiv protokollen i mai 2000. Eit viktig motiv var å verna utviklingslanda sine interesser gjennom eit internasjonalt regelverk.

I § 26 i Grunnlova heiter det: «Traktater angaaende Sager af særlig Vigtighed» krev samtykke frå Stortinget før dei vert gjorde bindande. Departementet meiner at Cartagena-protokollen er ei sak som er «af særlig Vigtighed». Det er ei vurdering energi- og miljøkomiteen fullt ut sluttar seg til. Årsaka er openberr. Me har fått ein folkerettsleg avtale som slår fast at genmodifiserte organismar skal handterast på særskilt vis samanlikna med andre produkt. Avtalen styrkjer rettane til importlandet. For eksempel vil eit land kunna kontrollera all import av genmodifiserte organismar. Eksportørar av slike organismar lyt dokumentera konsekvensar for miljøet. Landa kan med støtte i protokollen ta stilling til spørsmålet om import på basis av føre var-prinsippet. Det gjeld i dei tilfelle der vitskapen kjenner seg usikker, der manglande kunnskap gjer det uråd å fastslå omfanget av moglege skadeverknader.

Me kan her notera oss at 68 land, gjennom tradisjonelt internasjonalt samarbeid, har slutta seg til ein folkerettsleg avtale som vil kunna styrkja handlekrafta til nasjonale styresmakter. Dette viser at tradisjonelt internasjonalt samarbeid stadig ber frukter, her skjer det på område der vitale interesser står på spel. Cartagena-protokollen sikrar miljø- og forbrukarinteresser ein viktig posisjon i det internasjonale avtaleverket.

For eigen del vil eg leggja til: I det politiske universet finst det fleire dimensjonar – økonomiske, sosiale, økologiske og demokratiske. Interessene bryt mot kvarandre, nasjonalt, regionalt og globalt. Den økonomiske dimensjonen har vore på offensiven i lang tid. Storselskap og internasjonal finanskapital dominerer globaliseringsprosessane. Cartagena-protokollen kan i perspektiv oppfattast som eit forsøk på å balansera kreftene. Det er eit lyspunkt, og protokollen er i det perspektivet ein viktig siger.

Ein samla komite står bak forslaget til vedtak, at Stortinget ratifiserer protokollen. Det skulle borga for at Noreg aktivt følgjer opp protokollen, og også nyttar seg av handlingsrommet som ligg i avtalen, nasjonalt og internasjonalt.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 8.

Det vil nå bli ringt til votering ettersom statsministerens politiske redegjørelse vil finne sted senere på dagen.

(Votering, se side 1854)

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen

Votering i sak nr. 8

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykker i ratifikasjon av Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismer av 29. januar 2000 til konvensjonen om biologisk mangfold av 5. juni 1992.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Sak nr. 9 vil bli behandlet i kveldsmøtet.