Stortinget - Møte onsdag den 2. mai 2001 kl. 10

Dato: 02.05.2001

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Leif Helge Kongshaug (V): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til olje- og energiministeren:

«Det har i det siste vært rettet oppmerksomhet mot at det kan være en sammenheng mellom stråling fra høyspentlinjer og helseproblemer. I Hareid kommune er det tenkt bygd en kraftlinje som skal gå i luft noen titalls meter fra byggefeltet i Vadbakken og gjennom et fuglereservat med nasjonal status. Det er stor lokal motstand mot planene.

Vil statsråden, med bakgrunn i den lokale motstanden og føre var-prinsippet, medvirke til at linjen blir lagt i jordkabel, slik det ønskes?»

Statsråd Olav Akselsen: Noregs vassdrags- og energidirektorat gav den 7. november i fjor Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS løyve til å byggja ei kraftoverføring på 132 kV frå Nørve i Ålesund via Sula og Hareid kommunar til Hareidseidet i Ulstein kommune.

NVE har mottatt klagar på vedtaket sitt. NVE fann på bakgrunn av klagane ikkje grunnlag for å endra konsesjonsvedtaket, og sende derfor saka til Olje- og energidepartementet til vidare behandling den 20. februar i år.

Representantar frå Olje- og energidepartementet hadde onsdag og torsdag i førre veke på vanleg måte møte og synfaring med klagarane i saka.

Departementet vil begynna behandlinga av denne saka no, og me vil då vurdera alle spørsmåla klagarane tar opp. I samband med denne prosessen vil departementet vurdera om det òg trengst eventuelle tilleggsutgreiingar. Departementet legg elles til grunn den forvaltingsstrategien om bruk av jordkabel som blei lagd fram for Stortinget i St.prp. nr. 19 for 2000-2001, og som Stortinget slutta seg til ved behandlinga av Innst. S. nr. 67 for 2000-2001. Strategien inneber bl.a. at alle pålegg om kabling blir bygde på eit skjønn, der ein legg særleg vekt på forholdet mellom miljø, estetikk og kostnader.

Når det gjeld dei helsemessige forholda, legg departementet til grunn dei tilrådingane som Sosial- og helsedepartementet og Statens strålevern til kvar tid gjev med omsyn til kraftleidningar og elektromagnetiske felt. Eg viser her til at Sosial- og helsedepartementet i St.prp. nr. 1 for 2000-2001 fremja forslag om at det ikkje var grunnlag for å endra forvaltningsstrategien for dette området, som Stortinget slutta seg til i samband med behandlinga av St.prp. nr. 65 for 1997-98, jf. Innst. S. nr. 252 for 1997-98.

Olje- og energidepartementet vil på vanleg måte ta kontakt med Sosial- og helsedepartementet i helsespørsmål og med Miljøverndepartementet i miljøspørsmål.

Eg håpar at representanten Kongshaug har forståing for at eg ikkje i dag kan gå nærare inn på kva som måtte bli resultatet av klagesaka før me har hatt denne saka til grundig behandling i departementet. Men eg kan garantera at me arbeider grundig med saka. Eg har personleg hatt kontakt med innbyggjarane og andre involverte, inkludert ordføraren i kommunen. Eg tar den bekymringa dei uttrykkjer, på alvor. Frå departementet si side vil me halda trykket oppe i denne saka, slik at både innbyggjarane og utbyggjarane får ei avklaring på denne saka så raskt som mogleg.

Leif Helge Kongshaug (V): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har forståelse for at han ikke vil forhåndsbehandle saken i denne salen. Det som er tilfellet, er at kraftlinjen er planlagt bygd gjennom et naturreservat som er fredet ved kgl. resolusjon, og som har status som nasjonal verdi. Det går rett nok allerede en gammel linje gjennom fuglereservatet, den var bygd før arealet ble fredet, men den nye linjen vil gå parallelt med den gamle, og det blir en gate på 50–60 meter. At det blir gitt dispensasjon for en jordkabel, er forståelig, men etablering av en kraftlinje strider absolutt mot verneformålet i planen.

Er statsråden enig i at hvis dette prosjektet blir gjennomført som planlagt, er det med på å undergrave respekten for fredede områder, og at det kan få uheldige konsekvenser ikke bare for dette området, men også i lignende tilfeller?

Statsråd Olav Akselsen: Det er sjølvsagt slik at det finst retningslinjer for kva for fysiske inngrep ein kan gjera i eit område med den type vernestatus som me her snakkar om. I det arbeidet som skal gjerast av Olje- og energidepartementet, vil me derfor har tett dialog med Miljøverndepartementet, slik at desse retningslinjene blir følgde vidare opp.

Så vil eg igjen be om forståing for at eg ikkje kan vera meir konkret enn eg er i dag, rett og slett fordi det her skal gjerast eit grundig arbeid. Dette arbeidet ville det bli lagt band på dersom statsråden allereie i dag gav svaret på kva som ville bli sluttresultatet av den behandlinga. Men dei spørsmåla som her blei tatt opp av representanten, vil sjølvsagt bli tatt svært alvorleg i den vidare prosessen.

Leif Helge Kongshaug (V): Jeg oppfatter det slik at statsråden har forståelse for de prinsipielle sidene i saken.

Videre vil jeg få kommentere følgende: Kommunestyret har hele tiden holdt fast på at linjen må gå i jordkabel forbi byggefeltet. I store deler av nabokommunen er framføringen planlagt som jordkabel. Beregninger viser at merkostnadene pr. husstand for dette nedslagsfeltet vil utgjøre fra 50–100 kr pr. år.

Synes ikke statsråden det er urimelig at norske myndigheter skal påføre et lokalsamfunn så store negative miljøkonsekvenser og estetiske konsekvenser for en så relativt liten innsparing som det her er snakk om?

Statsråd Olav Akselsen: Det er dessverre slik at kostnadene ved jordkabel er atskilleg dyrare enn ved luftspenn, elles kunne desse problema ofte vore løyste på ein mykje enklare måte. Men det finst eit system som gjer at ein òg kan påleggja kabling der ein ut frå ei samla vurdering finn at det er den beste måten å gjera dette på. Då tar ein sjølvsagt omsyn til kostnadene dette vil medføra for utbyggjarane, men ikkje minst tar ein omsyn til dei negative verknadene eit eventuelt luftspenn vil ha. Den prosedyren vil òg bli følgd i denne saka.