Stortinget - Møte tirsdag den 4. juni 2002 kl. 10

Dato: 04.06.2002

Dokumenter: (Innst. S. nr. 173 (2001-2002), jf. St.prp. nr. 52 (2001-2002))

Sak nr. 1

Innstilling frå finanskomiteen om Folketrygdfondet - endring av Reglementets 9

Talere

Votering i sak nr. 1

Torstein Rudihagen (A) (ordførar for saka): Denne saka har sin bakgrunn i at Folketrygdfondet i januar søkte om mellombels dispensasjon til å sitje med eit ansvarleg lån. Det vart søkt om dispensasjon fordi reglementet for Folketrygdfondet ikkje eksplisitt opnar for at Folketrygdfondet kan investere i ansvarlege lån. Det er reglementets § 5 som regulerer kva for finansielle instrument som Folketrygdfondet kan investere i. Det var i samband med restruktureringa av gjelda i Kværner at Folketrygdfondet vart sitjande med eit ansvarleg lån – ei restrukturering som fondet fann det nødvendig å vere med på.

Det er Stortinget som etter folketrygdlova gir føresegner om Folketrygdfondet, og Finansdepartementet vurderer det slik at Regjeringa ikkje har heimel eller fullmakt til å gi dispensasjon i tilfelle som dette. Finansdepartementet foreslår derfor at reglementet for Folketrygdfondet § 9 blir endra slik at Kongen kan dispensere frå § 5 i slike særlege tilfelle.

Ein samrøystes komite meiner at Kværner-saka viser at Regjeringa bør få fullmakt til å gi dispensasjon i slike særlege tilfelle, og at Stortinget blir orientert om bruk av fullmakta ved første høve. Komiteen sluttar seg derfor samrøystes til forslaget.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstillet:

I reglement for Folketrygdfondet skal § 9 lyde:

Kongen kan gi nærmere regler om fondsforvaltningen og treffe nærmere bestemmelser til utfylling og gjennomføring av reglene. Kongen kan i særlige tilfeller dispensere fra § 5.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.