Stortinget - Møte mandag den 3. mars 2003 kl. 12

Dato: 03.03.2003

Dokumenter: (Innst. S. nr. 145 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 7 (2002-2003))

Sak nr. 2

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv om vurdering av miljøvirkningene av visse planer og programmer

Talere

Votering i sak nr. 2

Hallgeir H. Langeland (SV) (ordførar for saka): Det er ein samla komite som går inn for dette EU-direktivet, som går ut på at ein skal få konsekvensutgreiingar for planar og program innan sektorar som jordbruk, skogbruk, fiske, energi, industri, transport, avfallshandtering, vassressursforvaltning, telekommunikasjon, turisme og arealplanlegging. Dette er etter komiteen si meining eit konstruktivt forslag som vil bidra til å betra beslutningsgrunnlaget for politikarane. Saksordføraren finn dessutan grunn til å minna om at ein i Kiev i mai skal underteikna ein protokoll som omfattar miljø- og helsevurderingar av planar og program.

Lat meg nytta høvet i samband med denne saka til å seia noko om EØS-problematikken generelt, for me har jo eit ja til EU-fleirtal her på Stortinget som klagar over at ein ikkje har røysterett i Brussel.

No kan ein jo seia at Noreg med 1 pst. av befolkninga i eit eventuelt EU vil ha avgrensa innverknad. Men det som irriterer SV, er at ja-sida her i huset seier ja til absolutt alt som kjem frå Brussel. Dei brukar altså ikkje den røysteretten som dei har gjennom EØS-avtalen.

Seinast var det miljøvernministeren som pressa gjennom – med ni mot åtte røyster i Regjeringa – direktivet om patent på liv. Der kunne altså Børge Brende hatt ei anna haldning, og Regjeringa kunne stått samla bak å gå imot dette direktivet. Men nok ein gong: Ja-sida seier ja. Det same har me sett når det gjeld matsminke, barnemat og likestilling i forhold til at vi ønskjer å ha ein meir offensiv likestillingspolitikk, noko me ikkje får lov til, og det blir òg godteke av stortingsfleirtalet. Det blir òg godteke at me ikkje får operera med den arbeidsgjevaravgiftspolitikken som me ønskjer oss.

Det er to måtar å gjera dette på. Den eine måten er sjølvsagt det som ja-sida ønskjer seg, nemleg å koma inn i EU og forhåpentlegvis tru at ein har nokon innverknad der. Det andre er å kvitta seg med ein husmannskontrakt som innfører meir marknadsstyring og dårlegare politikk på svært mange område i dette landet.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet i sak nr. 2.

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komiteens beslutning om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv om vurdering av miljøvirkningene av visse planer og programmer.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.