Stortinget - Møte onsdag den 28. mai 2003 kl. 10

Dato: 28.05.2003

Dokumenter: (Innst. S. nr. 211 (2002-2003), jf. Dokument nr. 8:95 (2002-2003))

Sak nr. 4

Innstilling frå finanskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene John I. Alvheim, Harald T. Nesvik og Øystein Hedstrøm om at det innen utgangen av 2003 legges frem forslag om endring av merverdiavgiftslovgivningen slik at det ikke kreves merverdiavgift på vederlag for utleie av utstyr og tjenester som ytes mellom selvstendig næringsdrivende tannleger i samme praksis

Talere

Votering i sak nr. 4

May Britt Vihovde (V) (ordførar for saka): Bakgrunnen for denne saka er eit forslag frå John I. Alvheim, Harald T. Nesvik og Øystein Hedstrøm om at det blir gjort endringar i meirverdiavgiftslova, slik at det ikkje blir kravt meirverdiavgift på vederlag for utleige av utstyr og tenester som blir ytte mellom sjølvstendig næringsdrivande tannlegar i same praksis.

Då tenestemomsreforma blei innført 1. juli 2001, blei omsetning av alle tenester avgiftspliktig med mindre anna er særskilt bestemt. Men ved handsaminga av tenestemomsreforma blei det i meirverdiavgiftslova § 5 uttrykkeleg gjort unntak for meirverdiavgift på helsetenester. Unntak er nærare presisert i forskrift av 15. juni 2001, forskrift nr. 119, om avgrensingar av meirverdiavgiftsunntaket for helsetenester.

Det vil ved større endringar av våre avgiftssystem alltid koma tilfelle som det vil oppstå tvil om skal vera inne i systemet eller utanfor. Den saka vi handsamar i dag, er vel eit såkalla grensetilfelle, og det ville medført mykje meirarbeid for sjølvstendig næringsdrivande tannlegar å finna ut kva som er avgiftspliktig, og kva som ikkje er det. Dei ekstra kostnadene som dette ville gitt, både i auka administrasjon og avgift til staten, ville kunna medført at pasienten blei den som til slutt betalte. Det kan òg stillast spørsmål ved om meirinntektene til staten ville dekkja administrasjon av ordninga.

Ein samla komite meiner at det er lite føremålstenleg at tannlegepraksisar må inn i meirverdiavgiftssystemet fordi ein heilt marginal del av verksemda er avgiftspliktig. Ein samla komite er glad for at finansministeren har sett i gang eit arbeid med tanke på å få eit unntak for tenester som blir ytte mellom sjølvstendig næringsdrivande tannlegar i same praksis.

Men det er òg andre sjølvstendig næringsdrivande helsepersonell som organiserer seg på same måten som tannlegane. Det kan t.d. vera fysioterapeutar, kiropraktorar og tannpleiarar. Komiteen meiner at innføring av særordningar for einskilde grupper næringsdrivande er uheldig, og at det må setjast klåre avgrensingar for eit slikt fritak. Finansministeren har i sitt svarbrev til komiteen sagt at han vil koma tilbake med forslag om unntak i samband med statsbudsjettet for 2004 .

Det har etter at komiteen la fram innstillinga si, blitt stilt spørsmål ved om det er storleiken på tannlegepraksisen som vil vera avgjerande for om ein skal få unntak eller ikkje, dette med bakgrunn i ein merknad frå komiteen om at det er lite føremålstenleg at ei rekkje mindre tannlegepraksisar må inn i meirverdiavgiftssystemet fordi ein heilt marginal del av verksemda er avgiftspliktig.

Som Venstre-representant vil eg seia at Venstre er mest oppteke av små og mellomstore bedrifter, også i denne saka, men det har ikkje vore meininga til saksordføraren å avgrensa dette etter storleiken på praksis. Eg vonar difor at merknaden blir tolka som det han var meint som, og som eg oppfattar at ein samla komite også har meint å få fram, nemleg at det vil skapa så mykje meirarbeid å finna ut av kva som er avgiftspliktig, og at dette meirarbeidet sjølvsagt vil gi større belastningar for sjølvstendig næringsdrivande, òg dei mindre.

Det er ein samla komite som står bak innstillinga, til stor glede for tannlegepasientar og tannlegar, og det har vore meininga å rydda opp i noko som kunne gitt meir moms på helsetenester.

Per Erik Monsen (FrP): Bare noen korte bemerkninger i sakens anledning.

Dette er en sak som er blitt aktualisert gjennom en fortolkning fra Skattedirektoratet fra 1. juli 2002, hvor det ble gitt uttrykk for at merverdiavgiftslovgivningen må forstås slik at vederlag for utleie av tannlegeutstyr og pasientportefølje og goodwill som utveksles mellom tannleger i samme praksis, er merverdiavgiftspliktig.

Helt siden 1970 har det vært merverdiavgift på leie av utstyr. Men myndighetene har valgt ikke å kreve inn slik avgift for leie mellom tannleger, fordi det ikke var samsvar mellom proveny og ressursene som måtte brukes for å administrere ordningen.

Det er også avgiftsteknisk meget komplisert å skulle beregne avgift for hver enkelt av de delytelsene som foregår mellom tannlegene. Vi er derfor fornøyd med at det er enighet mellom komiteen og finansministeren om at det er lite formålstjenlig at små tannlegepraksiser, og for så vidt også noe større, må inn i avgiftssystemet fordi en helt marginal del av virksomheten er avgiftspliktig.

Dette er ingen stor sak, men den er som mange andre små saker vi behandler, viktig for dem det gjelder. En opprydding i reglene i forbindelse med budsjettet for 2004 vil være til glede ikke bare for de berørte tannleger, men også for pasientene, som til sjuende og sist hadde måttet betale denne ekstra kostnaden.

Til slutt vil jeg bare si at det er gledelig at alle partier har latt avgiftspolitiske kjepphester ligge og har hatt en pragmatisk holdning i denne saken, slik at vi nå kan få en fornuftig løsning. Det må jo være et minstekrav at en avgift, ikke minst en rent fiskal avgift, har et positivt proveny.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

Inge Lønning gjeninntok her presidentplassen.

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde innstillet:

Dokument nr. 8:95 (2002-2003) – forslag fra stortingsrepresentantene John I. Alvheim, Harald T. Nesvik og Øystein Hedstrøm om endring av merverdiavgiftslovgivningen slik at det ikke kreves merverdiavgift på vederlag for utleie av utstyr og tjenester som ytes mellom selvstendig næringsdrivende tannleger i samme praksis – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.