Stortinget - Møte torsdag den 11. mars 2004 kl. 10

Dato: 11.03.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 141 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 32 (2003-2004))

Sak nr. 10

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om kraftutbygging av Kjøsnesfjorden

Talere

Votering i sak nr. 10

Presidenten: Etter ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver gruppe og 5 minutter til statsråden.

Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til tre replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av Regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Ingmar Ljones (KrF) (ordførar for saka):Når vi i dag har til førehaving Kjøsnesfjorden Kraftverk AS sin søknad om løyve til å utføra reguleringar og overføringar i Jølstervassdraget og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk, avsluttar vi samstundes ei sak som grunneigarar på sju gardsbruk i Kjøsnesfjorden starta for meir enn 50 år sidan. Dei har arbeidd truge og målmedvite for å kunna byggja ut vasskrafta på eigedomane sine. Dei har hatt mange kontaktar både til lokale og ikkje minst til sentrale styresmakter, og målbore verdien av kraftutbygginga både ved utarbeidinga av Samla Plan, då planen vart utarbeidd første gongen ved St.meld. nr. 63 for 1984-1985, og seinare ført vidare og teken til behandling i Stortinget i samband med Samla Plan i 1993 på grunnlag av St.meld. nr. 60 for 1991-1992. Grunneigarane har vist både pågangsmot og tolmod, og då saka om opprettinga av Jostedalsbreen nasjonalpark med utgangspunkt i St.meld. nr. 25 for 1987-1988 vart vedteken, var det ein føresetnad at nasjonalparken ikkje skulle vera til hinder for kraftutbyggingsprosjektet.

Saman med entreprenørselskapet Veidekke ASA skipa grunneigarane i 1996 selskapet Kjøsnesfjorden Kraftverk AS og inviterte det lokale energiselskapet Sunnfjord Energi AS til å vera med på eigarsida. Etter fire år med planlegging og konsekvensutgreiingar sende selskapet i år 2000 søknad med fire ulike alternativ om konsesjon for bygging av kraftverket. Selskapet søkte primært om utbygging etter alternativ 2, som årleg ville gi om lag 230 GWh ny kraft.

Ei synberr ulempe ved utbyggingsalternativ 2 var at det skulle byggjast veg opp gjennom Søgnesandsdalen. Olje- og energiministeren gjorde det tidleg klårt at eit så stort naturinngrep som ein veg i Søgnesandsdalen ville representera, ikkje kunne aksepterast. Selskapet tok også denne utfordringa og la eit justert alternativ 2 til grunn, der anleggsvegen er lagd i tunnel, slik at Søgnesandsdalen kunne vernast mot vegframføring. Olje- og energiministeren kunne då etter ei samla vurdering gå inn for utbygging etter det justerte alternativ 2.

Når eg tek med dette historiske attersynet, er det for å visa at vegen fram til den positive tilrådinga og vedtaket i Stortinget i dag ikkje har vore verken rett eller slett.

Vi må ta innover oss at denne kraftutbygginga vil skje i nærleiken av og til dels innanfor nasjonalparken og føra med seg varige inngrep i naturen. Dei mest synberre inngrepa vil bli ved Trollavatnet og, ved redusert vassføring, i Sægrova, Lundeelva og Søgnesandselva.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå SV, meiner likevel at omsynet til Jostedalsbreen nasjonalpark ikkje kan vera avgjerande for om konsesjon kan gjevast eller ikkje. Det same fleirtalet i komiteen meiner føremonene ved ei regulering av Trollavatnet og Langevatnet, overføring av bekkeinntaka som det er søkt om, og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i samsvar med det justerte alternativ 2 utan anleggsveg i Søgnesandsdalen er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser i vassdraget. Ei slik løysing er i samsvar med NVE si subsidiære tilråding. Utbyggingsplanane for kraftverket har hatt brei politisk tilslutnad både i Jølster kommune og i fylkeskommunen.

Opplevinga av landskapsbiletet der turløypa går opp gjennom Søgnesandsdalen, vil etter det justerte alternativ 2 ikkje bli skipla som følgje av vegutbygging, og det er stilt krav om minstevassføring i Lundeelva. Både Jølster kommune og Jølster Reiseliv og Service har halde fram at anleggsvegen burde vera open for trafikk etter at utbygginga var avslutta. Dette ville ha ført til at utbyggingskostnadene hadde blitt om lag 45 mill. kr høgare. Dette alternativet er difor ikkje vurdert nærare.

Utbygginga vil eliminera flaumskadar i Sægrova og Søgnesandsdalen. Den flaumdempande effekten av utbygginga vil vera svært verdfull for dei som opplever flaum i elvane som ein fare for liv og helse og som eit trugsmål mot bygningar, jordbruksområde, bruer og vegar.

Etter fleirtalet si vurdering vil utbygginga etter det justerte alternativ 2 føra med seg relativt små inngrep sett i høve til mengda energi som vil bli produsert.

Eg vil takka komitemedlemmene for godt samarbeid i denne saka og ta opp komiteen si tilråding.

Reidar Sandal (A): Utbygging av vasskrafta i Kjøsnesfjorden er ei stor og viktig sak. Saka har ein god del å seie for energitilførselen ved at denne utbygginga vil gi ein årsproduksjon på 228 GWh. Prosjektet vil auke leveringstryggleiken i eit utsett område, og vi vil få eit redusert nettap. Energipolitisk er dette tunge argument for ei utbygging.

Når Stortinget i dag gir klarsignal for utbygging, blir det sett punktum for ei lang historie. I meir enn 50 år har det vore arbeidd for å få til ei kraftutbygging i området. Opphavleg har saka vore driven fram av lokale interessentar. I sluttfasen har Kjøsnesfjorden Kraftverk AS og Sunnfjord Energi AS vore dei dominerande aktørane.

Ei sentral innvending mot utbygginga har vore at utbygginga grip inn i Jostedalsbreen nasjonalpark. Det er eit faktum at det utbyggingsalternativet som er valt, vil redusere nasjonalparken med 1,5 km2. Eg vil heller ikkje sjå vekk frå den innvendinga at utbygginga vil føre til ein del inngrep i landskapet i eit sårbart område. Det kan sjølvsagt gi noko redusert oppleving av variasjon i naturen frå fjellet og ned mot Kjøsnesfjorden. I ei samla vurdering av saka har desse miljøomsyna ein viktig plass. Dei skal og bør leggjast vekt på.

Miljøargumenta har vore grundig vurderte. Eit breitt fleirtal i energi- og miljøkomiteen har komme til at argumenta som taler for ei utbygging, er sterkare enn argumenta for vern. Det synet deler eg så avgjort.

Dei utgreiingane som er gjorde, viser at dei negative følgjene av ei utbygging er moderate i forhold til den energiproduksjonen som ein oppnår. Konsekvensane for fisk og fiske, for vegetasjon, dyreliv og forureining vil vere heller små. Når det derimot gjeld naturvern og tradisjonelt friluftsliv, vil følgjene vere klart negative. Det er likevel eit faktum at lite av dei tekniske installasjonane vil bli synleg. I hovudsak blir desse plasserte inne i fjellet. For arbeids- og næringslivet i regionen vil dei positive konsekvensane vere klart dominerande. Det er også hovudgrunnen til at prosjektet har fått så brei tilslutning frå lokale og fylkeskommunale styresmakter.

Eg vil gi honnør til konsesjonssøkjaren og til olje- og energiministeren fordi dei kvar på sin måte har vist evne og vilje til å arbeide seg fram til ei balansert løysing. Sjølv om behandlinga av saka har teke mykje tid, er i alle fall resultatet blitt klart tilfredsstillande.

Folk som bur i området som utbygginga vil få følgjer for, har poengtert at det vil bli langt tryggare å bu og arbeide i bygda. Når vi får utbygging av energien i Kjøsnesfjorden, vil det i stor grad dempe faren for flaum og redusere risikoen for ras. Kvardagen blir dermed langt tryggare for dei som bur i området.

Kjøsnesfjorden ligg i Jølster kommune, ein av dei mange kommunane som i det daglege slit med å få midlar nok til å finansiere velferdstiltak for innbyggjarane sine. Ei kraftutbygging vil gi kommunen ei årleg inntekt på ca. 8,5 mill. kr i form av skattar og avgifter. I tillegg kjem midlar til næringsfond. Dette vil sjølvsagt representere ein ny kvardag for dei som styrer kommunen, og for dei som skal ta imot velferdstenester. På denne måten syter vi for at fellesskapen får bruke ressursane sine på ein byggjande og framtidsretta måte.

Eg er sikker på at utbygginga av energien i Kjøsnesfjorden også vil medverke til at busetjinga kan bli sikra, og at det kan bli lagt eit godt grunnlag for turisme og aktivitetar som er med på å halde oppe kulturlandskapet i området. Det er avgjort positivt.

I denne saka ser vi eit godt eksempel på at nye verdiar blir skapte i eit lokalsamfunn – verdiar som er fornybare, og som kjem både lokalsamfunnet og storsamfunnet til nytte. Det vil Sosialistisk Venstreparti ikkje vere med på. Ei slik negativ haldning er det all grunn til å merke seg.

Ei viktig sak finn si endelege løysing i dag. Det er eg svært tilfreds med. Mange har lagt ned eit omfattande arbeid med saka. Eg vil gi ros til dei som har hatt tru på prosjektet, og som har stått heile distansen.

Øyvind Halleraker (H): Dette er en stor dag for folk i Jølster, som i mange år har arbeidet sammen med Sunnfjord Energi AS for å få realisert Kjøsnesfjorden kraftverk.

Vi husker også at vår tidligere kollega, Magne Aarøen, som dessverre gikk bort så altfor tidlig, var en ivrig talsmann for denne utbyggingen og de positive virkningene den vil ha for bygdelagene rundt Jølstravatnet.

Moderne teknologi muliggjør i dette tilfellet et skånsomt utbyggingsprosjekt, basert på det såkalte takrenneprinsippet, med bekkeinntak og lange fjelltunneler.

Saksordfører Ljones har på en utmerket måte redegjort for prosjektet og for komiteens innstilling. Dette prosjektet dreier seg om å utnytte en lokal ressurs etter ønske fra – nærmest enstemmig – kommune og fylkesting, hvor faktisk også SV inngikk i flertallet.

Lokale myndigheter er selvsagt også opptatt av Kjøsnesfjordens naturkvaliteter for rekreasjon og visuelle storslåtthet, men har likevel funnet fram til en skånsom løsning, som i stor grad ivaretar dette. Kraftutbyggingen bidrar også til flomsikring og reduserer risikoen for ras, som jo har gått på livet løs langs Kjøsnesfjorden flere ganger.

Kommune og fylke tilføres betydelige inntekter ved utbyggingen, noe som ikke er uvesentlig i et perspektiv hvor vi ønsker større grad av lokalt selvstyre og disponering av egne ressurser til beste for lokalsamfunnet. Jeg er overbevist om at lokale og regionale politiske myndigheter, herunder SV-ere, vurderer fordeler, ulemper og konsekvenser av en slik utbygging på en minst like god måte som vi i denne salen. Det er dessuten de som skal fortsette å leve og bo i området, for ikke å si leve av naturressursene lokalt, som folk har gjort i dette landet i uminnelige tider.

Et annet viktig aspekt ved utbyggingen av Kjøsnesfjorden kraftverk som jeg vil trekke fram, er forsyningssikkerheten i Nordfjord og Sunnfjord. Gjennom denne utbyggingen får regionen 56MW i ny magasinbasert effekt, som vil minske dagens usikkerhet i et utsatt område på vestsiden av Jostedalsbreen. For næringslivet og den enkelte forbruker vil dette også bety lavere nettleie, som i dette området faktisk ligger 10 øre over landsgjennomsnittet.

Avslutningsvis: Denne saken er et godt eksempel på at Regjeringen og stortingsflertallet mener alvor med å sikre nasjonen ny kraft. De siste to årene har denne regjeringen lagt fram flere prosjekter med dobbelt så mye utbygd vannkraft som Arbeiderpartiet gjorde de sju–åtte første årene på 1990-tallet.

Denne gangen dreier det seg om 230 GWh ny, ren og fornybar energi, til glede for både brukere lokalt og nasjonens kraftbalanse.

Inge Lønning hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Øyvind Vaksdal (FrP): La meg først av alt, i likhet med foregående talere, få utrykke min tilfredshet med at et stort flertall i Stortinget i dag etter alt å dømme vedtar kraftutbyggingen i Kjøsnesfjorden.

Det er faktisk en stund siden Stortinget støttet opp om et kraftutbyggingsprosjekt av denne størrelse – altfor lenge, etter min mening. Gjennom de siste åtte–ti år har samtlige vannkraftprosjekter enten blitt kraftig redusert eller avslått i sin helhet. Eksempler på dette er utbyggingen av Øvre Otta, Saltfjellet/Svartisen og sist, men ikke minst, Sauda-utbyggingen, der man sa nei takk til 0,5 TWh ren, ny kraft uten naturinngrep av betydning. Der sa man altså nei takk til en kraftmengde som er mer enn det dobbelte av det vi behandler i dag.

Gjennom hele denne tiden har man politisk grepet aktivt inn og hindret en nødvendig produksjonsøkning av strøm. Fremskrittspartiet har advart mot konsekvensene av dette, og de samme advarslene er òg kommet fra bl.a. NVE og Statnett – men alt dessverre til ingen nytte.

Det sier seg selv at med en jevn økning i strømforbruket uten at det blir produsert mer strøm, må det gå galt, og det har det også ettertrykkelig gjort. Forrige vinters strømkrise med fare for utkobling og rasjonering viste hvor galt det går når man aktivt griper inn og hindrer kraftutbygging. Denne politiske inngripen var også den direkte årsaken til den eksplosjonsartede utviklingen i strømprisen vi hadde, som tvang tusenvis til å gå den tunge veien til sosialkontoret for å få hjelp med strømregningen.

Selv om jeg i denne saken er enig i Regjeringens konklusjon, finner jeg likevel grunn til å stille spørsmål ved handlemåten, som virker svært så inkonsekvent. Da vi nylig behandlet Sauda-utbyggingen, hadde vi en positiv innstilling fra NVE. Det var i den saken nesten ikke naturinngrep av betydning. Der opplevde vi at Regjeringen satte faginstansen NVEs syn til side og halverte utbyggingen.

I denne saken setter man for så vidt også NVEs syn til side og går for utbygging, til tross for at det her faktisk er noen naturinngrep. Jeg har problemer med å henge med i svingene her, for Regjeringens håndtering av dette henger kort og godt ikke sammen. Jeg hadde derfor satt stor pris på om statsråden i sitt innlegg kunne gi oss en forklaring på dette.

Jeg finner også NVEs innstilling i denne sak noe spesiell. Jeg var i den tro at NVE skulle foreta faglige vurderinger av slike prosjekter og vurdere eksempelvis kraftmengde opp mot eventuelle naturinngrep. I denne sak opplever vi derimot at NVE legger til grunn politiske signaler fra Stortingets behandling av stortingsmeldingen om vannkraften og kraftbalansen og fra Sem-erklæringen.

Og så skriver NVE at

«det er viktig å påpeke behovet for politisk vurdering av vektleggingen av behovet for ny kraft i forhold til miljøhensyn».

Jeg synes derfor NVEs opptreden i denne sak er oppsiktsvekkende, for å si det forsiktig.

Jeg vil bare for ordens skyld til slutt minne om at Fremskrittspartiet ikke stod bak den negative holdning til ytterligere kraftutbygging som kom til utrykk da Stortinget behandlet meldingen om vannkraften og kraftbalansen. Men vi tok til orde for både opprusting og utvidelser av eksisterende kraftverk, i tillegg til nye vannkraftverk der dette ikke medfører alvorlige konsekvenser for naturen.

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg tek opp forslaget frå SV og ber om at forslaget blir sett opp mot innstillinga.

Lat meg først få takka Høgre og Arbeidarpartiet for rørande omsorg i forhold til at SV og miljøbevegelsen i denne saka er imot utbygging. Blant anna er utgangspunktet at me då sørgjer for at kommunane ikkje får dei inntektene og den stimulansen dei treng i kvardagen, bl.a. Jølster kommune. Då er vel heller utfordringa til dei partia, regjeringspartia og Arbeidarpartiet, som no har fleirtalet i forhold til budsjett, å sørgja for at kommunane får ein økonomi som gjer at dei slepp å pressa fram utbyggingar i strid med viktige natur- og miljøverninteresser.

Sem-erklæringa seier følgjande:

«Hensynet til kommende generasjoners naturopplevelser tilsier en restriktiv holdning til videre vassdragsutbygging.»

Det høyrest jo flott ut, og det skulle ein tru ville ha konsekvensar i den praktiske verkelegheita. Men i denne saka seier NVE at dei har forstått dei politiske signala, ut frå det eg no las, som at dei skal gå imot utbygging av Kjøsnesfjorden.

Likevel vel altså Regjeringa å gå inn for denne utbygginga, trass i dei faglege råda ein har bede om – og fått. Då er spørsmålet og utfordringa frå SV si side, som heile tida konsekvent har tilbode Regjeringa fleirtal for dei beste miljøløysingane: Kva er det som no kjem til å skje, når me snart får Vefsna og Bjerkreim? Vil me få den same haldninga der? Vil ein ikkje ta imot den invitasjonen som SV til kvar tid gjev til fordel for ei meir restriktiv vassdragsutbygging, i samsvar med det som står i Sem-erklæringa?

SV tilbyr òg fleirtal for forslag som kan gje oss 20 TWh ny kraft innan 2010. I dag har me lagt fram eit forslag om bioenergi. Tidlegare har me lagt fram ei rekkje forslag som vil skaffa nok energi på ein naturvennleg måte inn i den norske marknaden. Blant anna ved å rydda opp i PCB-armaturproblematikken i offentlege bygg kan ein skaffa kraft.

Kjøsnesfjorden er altså ein samla miljøbevegelse pluss SV av mange grunnar imot skal byggjast ut, ikkje berre fordi ein øydelegg – eg heldt på å seia – dei flotte måleria som Nicolai Astrup har teikna og måla frå området, eller fordi det renn bekkar der som vil forsvinna. Det er mange grunnar til å gå imot dette.

Om ein f.eks. er litt aktuell og ser kva National Geographic beskriv som verdas beste turistmål, er det bl.a. norske fjordar. Det er fleirtalet no med på å øydeleggja ved å gå til dette inngrepet som ein no gjer, i Kjøsnesfjorden. Her er ein på litt farlege vegar: Tenkjer ein på turistmålet, må ein òg tenkje på at om me skal få turistar hit, må me bevare dei naturkvalitetane me har.

Dette er òg eit inngrep i sjølve nasjonalparken, og det er verkeleg bekymringsfullt. Når ein no går laus på område ein trudde var verna – faktisk bevegar ein seg inn i nasjonalparkane – då er det fare på ferde. Kva då med alle dei nasjonalparkane som Børge Brende opprettar? Kan ein i neste runde berre gå inn og gjera inngrep i dei, sånn som ein gjer her i Jostedalen? Dette er ikkje bra, og det skaper kanskje ein presedens for kommande saker. Det som er sikkert, er at ein tek vekk viktige naturkvalitetar i dette området, og dermed svekkjer ein opplevingsverdien, som SV og mange miljø- og naturorganisasjonar har peikt på.

SV går altså ikkje inn for å gje denne konsesjonen. Me går til faginstansen, som ein pleier å vera veldig ivrig etter å lytta til – eg siterer:

«NVE meiner føringane i St.meld. nr. 37 (2000–2001) om vasskrafta og kraftbalansen og Sem-erklæringa om auka vektlegging av miljøomsyn i den framtidige forvaltninga av vassdragsressursane tilseier eit endra syn på dei vurderingane ein gjorde i samband med handsaminga av prosjektet.»

SV er heilt einig med faginstansane i denne saka, og det forundrar oss at ikkje regjeringspartia og Regjeringa sluttar seg til det. Då hadde dei hatt fleirtal.

Presidenten: Presidenten vil bemerke at det vel må bero på en misforståelse at malerier eller andre kunstverk vil bli skadet gjennom utbyggingen. Det er meget sjelden at utbygging har tilbakevirkende kraft.

Statsråd Einar Steensnæs: Stortinget skal i dag samtykke i at Kjøsnesfjorden Kraftverk får tillatelse til å foreta kraftutbygging i Jølstervassdraget ved Kjøsnesfjorden.

For Regjeringen har det vært viktig å komme fram til en utbyggingsløsning som reduserer inngrepene i natur og miljø. Alternativet som nå er valgt, utgjør en betydelig mer miljøtilpasset utbygging enn det prosjektet som framgikk av Samlet Plan. Departementet har også gjennom dialog med utbygger fått til en løsning som begrenser de tekniske inngrepene i Søgnesandsdalen ved at anleggsveien til reguleringsmagasinene legges i tunnel. Sett i forhold til mengden energi som vil bli produsert, medfører utbyggingen ved Kjøsnesfjorden relativt små fysiske inngrep.

Deler av utbyggingen vil bli foretatt i randsonen til Jostedalsbreen nasjonalpark. For Regjeringen har det vært avgjørende at Stortinget ved opprettelsen av nasjonalparken forutsatte at opprettelsen ikke skulle være til hinder for kraftutbyggingsprosjektet ved Kjøsnesfjorden. Jeg er tilfreds med at komiteens flertall har sluttet seg til Regjeringen her.

Kraftutbyggingsprosjektet ved Kjøsnesfjorden vil gi et betydelig bidrag på om lag 230 GWh pr. år til landets energiproduksjon, og samtidig styrke den lokale leveringssikkerheten. Stortinget gav i fjor sin tilslutning til Regjeringens forslag til ytterligere utbygging i Saudafjellene. Som det framkommer av St.meld. nr. 18, Om forsyningssikkerheten for strøm, har Regjeringen bare de siste to årene gitt konsesjon for utbygging av nye vannkraftprosjekter med en produksjonskapasitet på ca. 1,2 TWh pr. år. Det er derfor ikke riktig, som komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet hevder, at det ikke er politisk vilje til å få til ny vannkraftutbygging.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet påpeker også det de anser som en inkonsekvent praksis i vannkraftsaker, slik også representanten Vaksdal sa det i sitt innlegg i dag, ved at Regjeringen i Sauda-saken og i denne saken fraviker NVEs innstillinger.

I de aller flest vannkraftsaker legger Regjeringen NVEs faglige innstilling til grunn for sine avgjørelser. Den endelige vurdering av NVEs innstilling er det imidlertid opp til departementet å foreta. For å sikre riktige avgjørelser må derfor departementet i saker som vekker stort samfunnsmessig engasjement, foreta en bred politisk vurdering. Det er derfor vi sitter i departementet. I enkelte tilfeller kan dette føre til et annet resultat enn det NVE har innstilt på. Det bør ikke overraske noen. I denne saken har for øvrig også NVE påpekt behovet for en politisk vurdering av forholdet mellom utbygging og vern. Det er dette politiske skjønnet som er utøvd i denne saken.

Regjeringen har tillagt den store lokale og regionale oppslutningen om prosjektet betydelig vekt. Jølster kommune har under hele prosessen engasjert seg sterkt for utbyggingen. Jeg må tilstå at jeg sjelden har sett slik oppslutning om en kraftutbygging fra distriktet som i denne saken.

En fordel for Jølster kommune er selvsagt at prosjektet gir økte inntekter fra konsesjonsavgifter, næringsfond og beskatning, i tillegg til økt sysselsetting og verdiskaping i anleggsperioden. Verdt å merke seg i denne spesielle saken er at befolkningen langs Kjøsnesfjorden opplever flomstore elver som en trussel mot bebyggelse, jordbruksareal og infrastruktur. Utbyggingen av Jølstervassdraget vil føre til at faren for store skadeflommer nesten blir borte, og dermed være et bidrag for å sikre bosettingen i området.

Jeg vil også ha nevnt at Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden allerede er regulert for kraftproduksjon. Med den utbygging som nå vedtas, vil produksjonen i nedenforliggende kraftverk øke med om lag 5 GWh pr. år.

Kjøsnesfjorden er for meg et eksempel på at det fortsatt er politisk vilje til å få til en samfunnsmessig riktig vannkraftutbygging med betydelig kraftproduksjon og moderate inngrep. Jeg er derfor svært tilfreds med at Stortinget i dag vil gi sin tilslutning til utbyggingen.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Øyvind Vaksdal (FrP): Som jeg sa i mitt innlegg tidligere, er jeg godt fornøyd med utfallet av denne saken, selv om saksgangen synes å være noe merkelig og Regjeringens handlemåte svært så inkonsekvent. Jeg registrer at statsråden åpenbart har lagt merke til kritikken fra vår side.

Det virker som om Regjeringen og NVE har byttet rolle her, slik at det nå er NVE som driver politikk, samtidig som Regjeringen, iallfall tilsynelatende, foretar de faglige vurderingene. Jeg vil derfor spørre statsråden om departementet har bidratt til et slikt rollebytte ved å sende politiske signaler til NVE. Og hvis ikke, er Regjeringen komfortabel med en slik situasjon og med et slikt rollebytte?

Statsråd Einar Steensnæs: Jeg må nok si at jeg synes det er pussig, for å bruke et mildt uttrykk, at Fremskrittspartiet også i denne saken, hvor de faktisk er enig med Regjeringen i en vannkraftutbygging, klarer å ta fram de mest mistrøstige og pessimistiske tonene. På en gledens dag for alle bygder i Sogn og Fjordane og for kommunene rundt Jølstravatnet, får en et innlegg som nærmest skulle indikere at nå senker nattemørket seg langsomt og sikkert ned over Sogn og Fjordane. Det er godt gjort!

Faktum er jo at i denne saken er de fleste, om ikke alle, partier i Sogn og Fjordane enige om at dette er et fornuftig tiltak. Jeg registrerer at SV på Stortinget har et annet syn, men dette er faktisk et bærekraftig, sikkert prosjekt.

Med hensyn til NVE er jeg helt sikkert på at de har den uavhengige, faglige integritet, som de ivaretar, og at de ut fra beste faglige skjønn gir sine anbefalinger til departementet. Men det må gå an å gjøre et politisk skjønn. Det er derfor vi sitter i departementet, og det er derfor Stortinget har anledning til å gi sitt syn til kjenne.

Presidenten: Presidenten vil minne statsråden om at det også er mulig å lete etter ting man kan ha glede av å ergre seg over.

Hallgeir H. Langeland (SV): Det var godt sagt.

Eg håper ikkje Steensnæs oppheld seg for mykje i mørket, men at han trivst ute i lyset, og at han kanskje vil sjå det lyset SV held opp, i forhold til kva for politikk han bør velja i framtida.

Det er nemleg litt rart, det som skjer i dag. Som eg sa i mitt innlegg, meiner NVE at i saka om vasskraft og kraftbalanse, og i Sem-erklæringa, er det så strenge føringar – altså dei føringane som Regjeringa og Steensnæs sjølve har lagt opp til – at dei seier at dette må dei gå imot på det grunnlaget. Og så kan ein òg lesa heilt tydeleg at det skal vera ein meir restriktiv politikk, men det er det altså ikkje i dag. Det må Steensnæs forklara meg.

Dessutan vil eg gjerne høyra om den liberaliseringa ein no ser i forhold til kraftpolitikk og utbyggingspolitikk, vil ha konsekvensar for kommande vassdragsutbyggingar, jf. Bjerkreim og Vefsna.

Presidenten: Som en oppmuntring til statsråden på vei opp til talerstolen kan presidenten minne om at i en bok som statsråden kjenner, står det om lysets barn.

Statsråd Einar Steensnæs: Representanten Langeland minner om et viktig forhold ved all kraftutbygging, og det er at det er av stor viktighet at en balanserer slike utbyggingsplaner mot de viktige hensyn en skal ta når det gjelder miljø og naturinngrep. Det er gjort grundig i denne innstillingen, bl.a. ved at vi gjennom en dialog med kraftutbygger har avvist det prinsipale forslaget som utbygger ønsket seg, og har fått styret med på å sende en revidert søknad, hvor en vei gjennom Søgnesandsdalen har blitt lagt i tunnel for å spare terrenget og gjøre inngrepet minst mulig synlig. Jeg er godt fornøyd med den dialogen.

Det andre jeg vil minne om, er at det ved behandlingen av nasjonalparken ble gjort klart unntak når det gjaldt et eventuelt kraftutbyggingsprosjekt i Kjøsnesfjorden, at anlegging av nasjonalparken ikke skulle være til hinder for en kraftutbygging.

Endelig vil jeg påpeke at også SV i Sogn og Fjordane, så langt jeg forstår, har vært positivt til prosjektet. Alt dette til sammen har gjort at jeg er trygg på at Regjeringens konklusjon og flertallets tilslutning er basert på solid, god praksis.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk.

Flere har heller ikke bedt om ordet til sak nr. 10.

(Votering, se side 2224)

Den reglementsmessige tiden for formiddagens møte er omme. Presidenten vil nå heve møtet, og nytt møte settes kl. 18.

Votering i sak nr. 10

Presidenten: Under debatten har Hallgeir H. Langeland satt frem et forslag på vegne av Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringa om å lage ei tiltakspakke som kan realisere det energisparepotensial på 5,3 TwH i prosessindustrien, som PIL og ENOVA har peikt på.»

Det vil bli votert alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstillet:

I

Stortinget samtykkjer i at Kongen gir Kjøsnesfjorden Kraftverk AS løyve til regulering av Trollavatnet og Langevatnet og til overføring av diverse bekkeinntak for bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk på dei vilkåra som det er gjort greie for i St.prp. nr. 32 (2003-2004).

II

Stortinget samtykkjer i at Kongen gir Kjøsnesfjorden Kraftverk AS løyve til erverv av fallrettar i Jølstervassdraget for bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Sosialistisk Venstreparti bifaltes innstillingen med 77 mot 14 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 20.03.07)