Stortinget - Møte mandag den 3. desember 2007 kl. 10

Dato: 03.12.2007

Dokumenter: (Innst. S. nr. 44 (2007-2008), jf. Dokument nr. 3:1 (2007-2008))

Sak nr. 2

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjoner behandlet av Stortinget

Talere

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Etter ønske fra kontroll- og konstitusjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden begrenses til 40 minutter og fordeles med inntil 5 minutter til hvert parti og inntil 5 minutter til statsråden.

Videre vil presidenten foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker etter de enkelte innlegg, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Lodve Solholm (FrP) [10:09:55]: (leiar i komiteeen og ordførar for saka): Riksrevisjonen følgjer normalt opp forvaltningsrevisjonar tre år etter at sakene er handsama i Stortinget. Dersom det ikkje er synlege forbetringar etter tre år, blir sakene følgde opp igjen det påfølgjande året.

Dokumentet frå Riksrevisjonen omhandlar totalt ni forvaltningsrevisjonar. Åtte av sakene er avslutta, og komiteen deler Riksrevisjonen si vurdering av at det er forsvarleg å avslutte handsaminga no.

Når det gjeld undersøkinga av effektiviteten i planlegging og styring av felles forvaltningssystem i Forsvaret, viser komiteen til at den vidare oppfølginga må skje gjennom den årlege rekneskapsrevisjonen.

Undersøkinga av inntektssystemet for kommunane viste at det m.a. har skjedd feil i innrapporteringa av psykisk utviklingshemma, og at dette førte til at nokre kommunar fekk for lite tilskot, mens andre kom urettmessig godt ut. Komiteen føreset at Kommunal- og regionaldepartementet aktivt informerer kommunane om gjeldande kriterium, slik at kommunane får det tilskotet dei har krav på.

Riksrevisjonen har avslutta undersøkinga av oppfølginga og tilsynet i barnevernet. Komiteen vil vise til at Riksrevisjonen har sett i gang ein forvaltningsrevisjon av Bufetat, og føreset at denne rapporten vil omhandle dei viktigaste problemområda i høve til barnevernet.

På bakgrunn av resultatet frå Riksrevisjonen si undersøking av statlege kjøp av persontransporttenester frå NSB føreset komiteen at Riksrevisjonen følgjer utviklinga i NSBs persontransport og informerer Stortinget på eigna måte.

Når det gjeld undersøkinga av Kripos, registrerer komiteen at dei iverksette tiltaka synest å ha retta opp dei viktigaste svakheitene rapporten peikar på.

Riksrevisjonen har avslutta undersøkingane som gjeld effektiviteten i norsk bistand til Mosambik. Komiteen vil på generelt grunnlag streke under viktigheita av at kontrollen med norsk bistand blir prioritert.

Når det gjeld undersøkinga av innfordringa i skatteetaten og toll- og avgiftsetaten, legg komiteen til grunn at Riksrevisjonen følgjer innkrevjingsarbeidet og restansesituasjonen i etatane gjennom den årlege rekneskapsrevisjonen.

Når det gjeld Riksrevisjonen si undersøking som gjeld bevaring og sikring av samlingane ved fem statlege museum, varslar Riksrevisjonen ein ny forvaltningsrevisjon på området for å undersøkje om det har skjedd forbetringar. Komiteen er tilfreds med at det er sett i gang ei ny undersøking av bevaringa og sikringa av samlingane ved dei statlege musea, og vil understreke vårt felles ansvar for å sikre kulturskattane for ettertida.

Den eine saka som blir følgt opp vidare, gjeld undersøkinga av toll- og avgiftsetatens kontroll med verksemda, Dokument nr. 3:7 for 2003-2004. Riksrevisjonen gir uttrykk for bekymring over at ressursbruken på kontrollen med verksemda synest å gå ned. Komiteen er tilfreds med at Riksrevisjonen følgjer saka vidare, og føreset at Stortinget blir informert på eigna måte.

Til slutt: Dokument nr. 3:1 frå Riksrevisjonen vekkjer kanskje ikkje så stor merksemd, men eg vil likevel understreke at rapporten og oppfølginga av forvaltningsrevisjonar er viktig i høve til Stortinget si kontrolloppgåve.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

(Votering, se side 895).

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstilt:

Dokument nr. 3:1 (2007-2008) – Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjoner behandlet av Stortinget – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.