Stortinget - Møte torsdag den 11. desember 2008 kl. 10

Dato: 11.12.2008

Dokumenter: (Innst. S. nr. 92 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 24 (2008–2009))

Sak nr. 2 [10:02:57]

Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 mv. under Samferdselsdepartementet

Sak 1,2, 3 og 4 ble behandlet under ett. Se referat fra sak nr. 4.

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Per Sandberg på vegner av Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti

  • forslag nr. 2, frå Per Sandberg på vegner av Framstegspartiet

Det blir votert over forslag nr. 1 frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen sørge for nødvendige endringer i lov- og regelverk slik at dersom det skal svares merverdiavgift for anleggsarbeid innenfor samferdselssektor, skal denne først betales når anlegget tas i bruk.»

Votering:Forslaget frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti blei med 58 mot 42 røyster ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 22.19.11)

Komiteen hadde tilrådd:

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter
1313Luftfartstilsynet
 1Driftsutgifter, blir auka med12 000 000
frå kr 153 000 000 til kr 165 000 000
1320Statens vegvesen
23Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med191 000 000
frå kr 7 061 500 000 til kr 7 252 500 000
29Vederlag for OPS-prosjekt, kan overførast, kan nyttast under post 23 og post 30, blir auka med175 000 000
frå kr 285 000 000 til kr 460 000 000
30Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31, post 60 og post 72, blir auka med36 000 000
frå kr 5 785 300 000 til kr 5 821 300 000
1330Særskilde transporttiltak
70Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes, blir auka med125 000 000
frå kr 287 900 000 til kr 412 900 000
1350Jernbaneverket
23Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med75 000 000
frå kr 3 489 600 000 til kr 3 564 600 000
30Investeringar i lina, kan overførast, kan nyttast under post 23, blir auka med38 600 000
frå kr 2 372 900 000 til kr 2 411 500 000
Inntekter
4300Samferdselsdepartementet
96 (ny)Aksjar, blir løyvd med667 000
4313Luftfartstilsynet
 1Gebyrinntekter, blir auka med12 000 000
frå kr 101 300 000 til kr 113 300 000
4320Statens vegvesen
 1Salsinntekter m.m., blir auka med120 000 000
frå kr 140 800 000 til kr 260 800 000
 2Diverse gebyr, blir auka med44 0000 000
frå kr 255 500 000 til kr 299 500 000
 3Refusjonar frå forsikringsselskap, blir auka med48 000 000
frå kr 41 700 000 til kr 89 700 000
4322Svinesundsforbindelsen AS
90Avdrag på lån, blir redusert med9 300 000
frå kr 24 000 000 til kr 14 700 000
4350Jernbaneverket
 1Køyrevegsavgift, blir redusert med8 200 000
frå kr 21 800 000 til kr 13 600 000
 2Sal av utstyr og tenester mv., blir auka med70 000 000
frå kr 108 300 000 til kr 178 300 000
4380Post- og teletilsynet
 1Diverse gebyr, blir auka med4 638 000
frå kr 174 500 000 til kr 179 138 000

II

Stortinget samtykkjer i at:

  • 1. Samferdselsdepartementet kan gi Luftfartstilsynet fullmakt til å inngå avtale om å leige lokale som pådrar staten forpliktingar på inntil 15 mill. kroner ut over det som kan dekkjast innafor gjeldande løyvingsnivå under kap. 1313 Luftfartstilsynet, post 1 Driftsutgifter, frå og med budsjettåret 2011.

  • 5. Samferdselsdepartementet i 2008 kan overføre inntil 35 mill. kroner til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen til II punkta 1 og 5 blei samrøystes vedteken.

Vidare var tilrådd:

  • 2. Bompengeselskapet får løyve til å vidareføre dagens ordning med å krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygging av E6 Øst på endeparsellane Nidelv bru–Grillstad i Trondheim kommune og Værnes–Kvithammar i Stjørdal kommune fram til Stortinget har behandla proposisjon om å utvide prosjektet.

Framstegspartiet har varsla at dei ønskjer å røyste imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen til II punkt 2 blei vedteken med 77 mot 24 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 22.19.54)

Vidare var tilrådd:

  • 3. Bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygginga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband i tråd med vilkåra i St.prp. nr. 24 (2008–2009) og Innst. S. nr. 92 (2008–2009).

  • 4. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga for utbygginga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband.

Presidenten: Det blir votert alternativt mellom innstillinga og forslag nr. 2, frå Framstegspartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen sørge for at prosjektet rv 714 mellom Vikstrøm og Stråmyra finansieres fullt ut med statlige midler.»

Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen til II punkta 3 og 4 og forslaget frå Framstegspartiet blei tilrådinga vedteken med 78 mot 23 røyster.(Voteringsutskrift kl. 22.20.25)