Stortinget - Møte onsdag den 1. april 2009 kl. 10

Dato: 01.04.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Arne Sortevik (FrP) [11:32:32]: «Gjennom svar på skriftlig spørsmål nr. 891 for 2008–2009 har finansministeren svart at Finansdepartementet ikke har utarbeidet framskriving av utviklingen av bilavgiftene. Anslaget for 2009 er på ca. 60 milliarder kr. En nøktern framskriving antyder at staten i NTP-perioden vil kunne få over 700 milliarder kr i inntekter fra biltrafikken. I Regjeringens forslag til NTP for 2010–2019 er det satt av 219 milliarder kr til veiformål. Behovet er omtrent tre ganger så stort.

Hva vil statsråden gjøre for at en større andel av statens inntekter fra biltrafikk skal brukes til veiformål de neste ti år?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:33:29]: Avgifter frå den norske bilparken, anten det er i form av eingongsavgifter, drivstoffavgifter eller årsavgifter, inngår i dei totale statlege skatte- og avgiftsinntektene og vert ikkje øyremerkte til særskilde føremål.

Representanten Sortevik burde likevel ikkje vere i tvil om at samferdsleministeren heile tida arbeider for å auke løyvingane til samferdsle. Regjeringa har sidan 2005 fleire gonger vist vilje og evne til å prioritere opp samferdsle. Regjeringa har i statsbudsjetta for 2006–2009 totalt sett overoppfylt nivået føresett i NTP 2006–2015. Regjeringa si vilje til auka satsing på samferdsle er ytterlegare vesentleg forsterka gjennom framlegginga av NTP 2010–2019, som inneber ei historisk satsing på både veg og jernbane.

Så når representanten Sortevik spør kva statsråden vil gjere for at ein større del av staten sine inntekter frå biltrafikk skal brukast til vegformål dei neste ti åra, er svaret at Regjeringa har lagt fram ein nasjonal transportplan som legg opp til å bruke 100 milliardar kr meir på samferdsle dei neste ti åra enn det som låg inne i førre plan.

Eg gler meg òg over at samferdsle har kome høgt på den politiske dagsordenen – det har både eg og representanten Sortevik medverka til – og det er viktig for å sikre løyvingar til sektoren.

Det er òg viktig å ha ei regjering som gjer det ein seier ein skal gjere, og som gjer det innanfor ansvarlege økonomiske rammer, der ein òg skal sikre andre sektorar, og der ein skal ta høgd for å halde orden i norsk økonomi.

Arne Sortevik (FrP) [11:35:06]: Takk for svaret.

Ambisjonen deler vi – det er helt riktig som statsråden sier – men vi har vel et litt ulikt syn på både virkemidler og de økonomiske rammene som kan brukes og er nødvendig.

I Regjeringens forslag til NTP for perioden 2010–2019 heter det under kapittel 6 om alternativ finansiering av infrastruktur, brukerbetaling:

«Selv om det kan være ønskelig å redusere brukerbetalingen ut fra et effektivitetssynspunkt, vil dette skape store finansielle problemer.»

Kan statsråden beskrive de finansielle problemene ved å redusere brukerbetaling? Er dette skrevet før eller etter at finanskrisens virkninger var kjent for Regjeringen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:35:55]: Nasjonal transportplan gjekk i trykken etter at finanskrisa hadde slått innover det norske folk og land. Det står uansett fast at Nasjonal transportplan er ein plan som ikkje er ein motkonjunkturplan i høve til finanskrisa. Rammene i Nasjonal transportplan skal haldast i gode og dårlege tider. Han skal gjelde ti år fram i tid, og det er teke høgd for at han skal følgjast opp uavhengig av konjunkturar, sjølv om det for det enkelte år sjølvsagt kan vere variabelt om ein underoppfyller eller overoppfyller, alt etter korleis den totale økonomiske situasjonen er, som alle ansvarlege regjeringar må halde seg til. Men poenget er at rammene totalt sett òg skal oppfyllast, slik som me har gjort for den nasjonale transportplanen som gjeld i denne perioden.

Det som er skrive, er skrive med vitende om at me akkurat no har ei finanskrise. Det har Regjeringa møtt med mange milliardar i ekstra løyvingar, men me håpar at dei tidene etter kvart vil verte avløyste av ein ny vekstperiode i norsk økonomi.

Arne Sortevik (FrP) [11:37:04]: Igjen takker jeg for svaret.

Det bilistene vet at de kan forholde seg til, er at staten kommer til å kreve inn i overkant av 700 milliarder kr i kommende tiårsperiode. Det de også vet at de kanskje må forberede seg på, er at de skal begynne å betale hele 60 milliarder kr mer i bompenger.

Hva er den store finansielle ulykken om staten hadde brukt litt mer av det store overskuddet staten vil sitte igjen med gjennom inntekter fra biltrafikken, og således gjort det unødvendig å belaste både næringsliv og bilister helt generelt med en ekstraregning på 60 milliarder kr i neste tiårsperiode?

Jeg gjentar, for dette er viktige tall: Staten henter inn 700 milliarder kr, bruker 220 milliarder kr på veiformål og krever bilistene for 60 milliarder kr i særskatt. Er det nødvendig?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:38:08]: Det er ei avsporing av debatten å dra inn eit avgiftssystem som er forankra gjennom mange tiår i norsk politikk. Det er sjølvsagt òg ei avsporing at eit parti som vil bruke meir pengar til absolutt alt, er det partiet som vil kutte avgifter og skattar på absolutt alt. Det er noko som kvar og ein av oss greier å forstå, at det går ikkje i hop dersom ein kuttar inntektssida og aukar utgiftssida dramatisk. For det er ein dramatisk auke dei vil ha på både helse, omsorg, samferdsle og forsvar, på alle viktige samfunnsområde skal alle utgifter aukast dramatisk – med unntak av landbruk, distriktspolitikk og u-hjelp, som er område der dei er villige til å kutte lite grann, men det vert lite i forhold til den enorme veksten dei skal ha på andre. Folk flest skjøner at dette ikkje går i hop. Det har ikkje truverde. Derfor håper eg folk ser at det løner seg å ha ei regjering som gjer det ein seier ein skal gjere, og som får fart på samferdslepolitikken i dette landet.