Stortinget - Møte onsdag den 11. november 2009 kl. 10

Dato: 11.11.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Kari Storstrand (FrP) [11:33:19]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Daglig transporteres barn i skolebuss som ikke har belter. Belter er påbudt i bil, og det er uakseptabelt at barn ikke sikres med belte i skolebussene.

Vil statsråden sørge for at barn blir sikret med belter i skolebussene?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:33:45]: Eg er oppteken av at alle skuleelevar, uavhengig av kva fylke dei veks opp i, skal ha ein trygg og forsvarleg veg til skulen. Eg meiner likevel at det ikkje vil vera formålstenleg å innføra eit statleg påbod om bilbelte til alle skuleelevar i skuleskyss.

Lat meg fyrst visa til gjeldande regelverk om krav til montering av bilbelte i buss. Kjøretøykategorien buss med meir enn 22 passasjerplassar er delt inn i tre bussklassar avhengig av bruksområde, og klasseinndelinga er avgjerande for krav om bilbelte. Buss klasse 1 blir i all hovudsak nytta til transport i by og tettbygd strøk. Buss klasse 3 blir brukt til langruter og som turbussar, mens klasse 2 er ein mellomting mellom turbussar og bybuss. I Noreg er det innført krav om montering av bilbelte på utsette plassar for buss klasse 3 registrert etter 1. april 1991. Krav om montering av bilbelte vart frå 1. oktober 1999 utvida til å gjelda alle sitjeplassar i buss klasse 3 og buss klasse 2. Buss klasse 1 er, med referanse til bruksområdet, ikkje omfatta av krav til bilbelte verken for førar eller for passasjerar. Desse tekniske krava er like i heile EØS-området.

Det enkelte transportselskapet vurderer sjølv kva slag typar bussar som skal trafikkera dei ulike rutene. Fylkeskommunane kan likevel fastsetja krav om bruk av ein særskild bussklasse i konsesjonsvilkåra for den enkelte ruta. Fylkeskommunen og kommunen kan gjennom avtalar med transportørane oppretta eigne transporttilbod for skulebarn og stilla særskilde krav om sikring, som f.eks. tilgjengeleg bilbelte i buss brukt i skulebarntransport. Fylkeskommunen har dermed stor fridom ved utforminga av kollektivtilbodet og til å stilla ytterlegare krav til det materiellet som blir nytta.

SINTEF har, etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet, kartlagt skuleskysstilbodet til fylkeskommunane og utført ein risiko- og ulykkesanalyse knytt til slik transport. Rapporten «Sikkerhet knyttet til transport av skolebarn i buss» vart lagd fram for departementet i mai 2008. Rapporten viser at skulebarn i liten grad blir skadde som passasjerar i buss, og at skadane som oppstår, er lite alvorlege. Ut frå tal henta frå ulykkesregisteret til politiet er det i rapporten rekna at to barn i grunnskulealder er blitt alvorleg skadde under skuleskyss i buss i løpet av perioden 2002–2006. Dette er to barn for mykje. Rapporten viser òg at fleire av fylkeskommunane arbeider aktivt med trafikktryggleik og skuleskyss ved å stilla krav om sitjeplass til skuleelevane og ved andre reglement.

Kari Storstrand (FrP) [11:36:53]: At det er innført regler for bilbeltebruk på nyere busser, hjelper jo egentlig svært lite, for det er som regel gamle busser som blir benyttet til skoleskyss.

Bilbeltebruken er vel kanskje det enkelttiltaket som har bidratt mest til å redusere omfanget av hardt skadde og drepte i trafikken. Det er klare og strenge regler for sikring av last og varer under transport, men den største verditransporten som daglig utføres her i landet, er transporten av ungene våre. Det er det mest verdifulle vi har, og her stilles det ikke krav til sikkerhet. Vil statsråden fremme nødvendig forslag til endringer i lovverket, slik at det blir forbud mot å frakte skolebarn i buss uten belter?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:37:45]: Eg deler spørjaren si bekymring når det gjeld å sikra barn trygg skuleskyss.

Dersom ein ser på dei bussane som i dag er i bruk, som er registrerte før 1. oktober 1999, og som ikkje er pålagde å ha bilbelte, kan ein faktisk, dersom ein skal ettermontera belte, rekna med at det totalt vil kosta 760 mill. kr. Eg meiner vi kjem lenger med å bruka midlane på andre trafikktryggleikstiltak enn eit slik pålegg, særleg i lys av at fylkeskommunane no har eit kraftig engasjement for å sikra alle skulebarn.

Kari Storstrand (FrP) [11:38:49]: Som bussjåfør kjenner jeg selv den frykten veldig mange sjåfører sitter med hver bidige dag, frykten for at andre personer skal bli skadet eller liv gå tapt. Vi vet jo at så enkle tiltak som bilbelte kan redusere omfanget av skader og dødsfall betraktelig. Slik jeg tolker statsråden, vil jeg nesten påstå at dette er en ansvarsfraskrivelse.

Spørsmålet er da: Vil statsråden fortsatt fraskrive seg ansvaret for en sikker transport av skolebarn?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:39:29]: Eg synest det er fint å få så direkte ein bussjåfør si vurdering, særleg fordi bussjåførane er ei av fleire grupper som nettopp sørgjer for at transporten vanlegvis er trygg.

Når det gjeld dei reknestykka som er sette opp, er det sjølvsagt teoretisk mogleg å ettermontera belte. Men eg trur vi må ha ein kombinasjon av å bruka betydelege midlar på andre tiltak og å stimulera ytterlegare dei vurderingane som likevel må gjerast lokalt – kva busstype som skal brukast, eventuelt kva anna materiell – når vi skal vareta trafikktryggleiken.

Eg fråskriv meg ikkje det ansvaret som eg har, men eg synest det er mest formålstenleg at det er kommunane og fylkeskommunane som her har det avgjerande ordet.