Spørsmål 9
Fra representanten Bjørn Lødemel til miljø- og utviklingsministeren:
«Konsesjon på dei planlagde 420 kV kraftlinjene mellom Ørskog og Fardal og i
Hardanger er for tida under klagehandsaming. Dersom kraftlinjene blir bygde i samsvar
med konsesjonane, vil det kunne få alvorlege konsekvensar i forhold til miljø.
Kraftlinjene vil mellom anna berøre UNESCO sitt verdsarvområde, unike fjordlandskap
som er kåra til verdas fremste reisemål, og verna område.
På kva slags måte og når vil statsråden involvere seg i desse sakene for å sørge for
at dei miljømessige sidene blir varetekne?»