Stortinget - Møte torsdag den 16. desember 2010 kl. 10

Dato: 16.12.2010

Dokumenter: (Innst. 123 S (2010–2011), jf. Dokument 8:4 S (2010–2011))

Sak nr. 9

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande og Abid Q. Raja om trasévalg og teknologiske løsninger for kraftlinjen på strekningen Ørskog-Fardal

Talere

Votering i sak nr. 9

Presidenten: Etter ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden begrenses til 40 minutter og fordeles med inntil 5 minutter til hvert parti og inntil 5 minutter til statsråden.

Videre vil presidenten foreslå at det gis anledning til replikkordskifte på inntil 5 replikker med svar etter innlegget fra statsråden innenfor den fordelte taletid.

Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Oskar J. Grimstad (FrP) [14:13:03]: (ordførar for saka): I føreliggjande representantforslag blir det fremma eit forslag om at Statnett på ny utgreier ulike alternative traséval og teknologiske løysingar på dei mest sårbare strekningane på Ørskog–Fardal-linja, for så å be eit uavhengig utval å vurdere dei alternative trasévala og teknologiske løysingane på dei mest sårbare strekningane på omtalte strekning.

Grunnen er at Norges vassdrags- og energidirektorat i juni 2009 vedtok å gi Statnett konsesjon for bygging og drift av ein 420 kV kraftleidning mellom Ørskog og Sogndal. Vedtaket innebar at leidningen skulle byggjast som luftleidning på heile strekninga. Vedtaket blei påklaga frå mange hald, og Olje- og energidepartementet fekk oversendt klagesaka frå NVE i oktober 2009. Same månaden blei det halde departementssynfaring og møte langs heile den påklaga traseen.

For fleire delstrekningar har Statnett vurdert, utgreidd og omsøkt ulike traséalternativ. NVE har under si behandling av konsesjonssaka bedt Statnett om fleire tilleggsutgreiingar og tilleggsøknader på bakgrunn av betydelege protestar langs den 280 km lange leidningstraseen. Lat meg berre understreke den tverrpolitiske einigheita det er om at denne tilførselslinja er det umåteleg viktig å få realisert. Ja, planane er langt på overtid om ein skal leggje til grunn fråsegn om tidspunkt for fullføring av nettopp denne linja, for den var opphavleg tenkt ferdig i 2011. Kapasitetsmangel på straumforsyninga til Midt-Noreg har gitt området rekordhøge straumprisar og ein har mått investere i to såkalla mobile gasskraftanlegg til ein pris mellom 2 og 3 mrd. kr. Eg skal ikkje bruke mykje tid på ein ny presentasjon av behovet for denne lina, det er dokumentert gjennom tallause debattar i denne salen.

Dei mest kontroversielle strekningane som står att etter klagebehandlinga, er Jølster, Naustdal og Flora kommunar og Førdedalen i Bremanger kommune. Der blir det utgreidd og vurdert trasear etter innspel frå dei nemnde kommunane.

I Møre og Romsdal er det strekninga Ørsta–Ørskog som er mest omstridd, og der har ein no bedt Statnett omsøkje og utgreie sjø- og jordkabelalternativet Store Standal til Ørskog. I tillegg er det såkalla saneringsalternativet omsøkt, der Framstegspartiet peikar på at denne løysinga i langt sterkare grad enn tidlegare vil foreine miljøomsyn, forsyningssikkerheit og økonomi.

Slik saka no står med konsesjonsbehandling og vidare utgreiing av dei ulike alternativa, er det førebels uavklara kva løysing ein vel å leggje seg på. Representantforslaget har derfor på mange område fått medhald, om enn ikkje når det gjeld ønsket om eit uavhengig utval, slik det er fremma forslag om.

Avslutningsvis vil eg anbefale komiteens fleirtalstilråding.

Bjørn Lødemel (H) [14:16:31]: Saka om den nye 420 kV kraftlinja mellom Ørskog og Fardal har vore ei stor og viktig sak på Nordvestlandet i fleire år. Linja har møtt sterk motstand i mange kommunar og mange bygdelag. Linjenettet i Sogn og Fjordane er svært dårleg. Derfor har det også vore eit krav om å få på plass større kapasitet på linjenettet i fylket vårt.

Det er svært viktig å få forsterka linjekapasiteten mot Midt-Noreg, og det hastar. Midt-Noreg er eit område med stort underskot på straum, og som vil ha eit aukande kraftunderskot i åra som kjem.

Sist vinter opplevde forbrukarar og næringsliv i Trøndelag og Møre og Romsdal svært høge straumprisar. Dette er svært alvorleg for regionen, både for hushaldningane som slit med å betale straumrekninga, og for bedrifter som må stanse drifta på grunn av høge prisar.

Mykje tydar på at denne situasjonen vil gjenta seg denne vinteren. Dessverre har regjeringa forsømt seg i fleire år når det gjeld å sikre kraftforsyninga til Midt-Noreg. Likevel – det er tverrpolitisk semje om at ein må ha større kapasitet til Midt-Noreg.

Sjølv om det no er i sluttfasen av konsesjonshandsaminga av Ørskog–Fardal, blir det stadig kasta fram nye alternative trasear. Vi har merka oss at olje- og energiministeren så seint som i november bad Statnett om å søkje konsesjon for sjøkabel på strekninga mellom Hjørundfjorden og Ørskog. Høgre meiner dette er positivt, og Høgre har faktisk pressa på for å få gjort dette for fleire år sidan.

På ein slik bakgrunn kan det vere interessant å diskutere kven som har ansvaret for framdrifta i denne saka. Er det dei som ikkje ønskjer denne linja inn i sine nærområde, eller er det raud-grøne politikarar som ikkje har hatt vilje eller evne til å få alle kort på bordet tidleg i prosessen?

Høgre har gjennom fleire år etterlyst ein offensiv nettpolitikk som kunne gje eit sterkare linjenett der det også blir teke større omsyn til dei negative konsekvensane store luftspenn har for natur og miljø. Ikkje minst gjeld dette ved nærføring til busetnad og viktige rekreasjonsområde for folk.

Høgre har ved fleire høve kravd ein handlingsplan for å møte kraftkrisa i Midt-Noreg. Tidlegare senterpartistatsråd Odd Roger Enoksen lova på Stortingets talarstol at ein slik plan skulle kome i 2006, og kraftlinja Ørskog–Fardal ville vere ein viktig del av ein slik plan.

Tidlegare senterpartistatsråd Åslaug Haga uttala i 2007 at det skulle lagast nye retningslinjer for nettpolitikken før ein tok avgjerd i sakene om kraftlinjene Ørskog–Fardal og Sima–Samnanger. Ingen av desse løfta er haldne.

Passive raud-grøne politikarar har kasta vekk mange år i arbeidet med å få på plass ein nettpolitikk som kunne gje eit sterkare og sikrare nett, og som i tillegg kunne skape tillit til dei prosessane og avgjerdene som skal takast med utbygging av nettet.

I desse dagane ser vi konfliktane som rasar mellom naboar og nabokommunar i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. I avisa Firda kunne vi den 9. desember lese på framsida at 600 personar i Førde er i kamp for sitt nærområde.

Det har lenge vore kraftige protestar mot traseen som går inn mot sentrum i Naustdal. På same måten er det ønske om å få utgreidd eit alternativ med sjøkabel over Nordfjorden vest for Eid sentrum. Her får Eid kommune klar beskjed om at no er det ikkje lenger tid til å utgreie fleire alternativ, sjølv om dette kunne vere eit reelt alternativ.

Det er sterk motstand mot bygging av store kraftlinjer mange stader i landet. Det betyr etter mitt syn at dagens politikk på dette området er forelda. Det vi har sett frå energistatsråden siste tida, passar bra med det Høgre har kravd i lang tid. Vi får full gjennomgang av kraftlinjesaka i Hardanger med fire ekspertutval, vi får nye vurderingar av dei mest kritiske punkta på strekninga mellom Ørskog og Fardal, og ikkje minst blir det søkt om konsesjon for sjøkabel på delar av strekninga mellom Ørskog og Fardal. Det betyr at Høgre har fått gjennomslag for viktige saker som vi har pressa på for tidlegare.

Så får raud-grøne politikarar vere så vaksne at dei tek det fulle og heile ansvaret for at det har teke så lang tid å få dette på plass, og at dei dermed også tek ansvaret for den kraftkrisa vi ser i Midt-Noreg i dag.

Presidenten: Presidenten lurer på om representanten Lødemel har tenkt å ta opp forslaget som står i innstillingen.

Bjørn Lødemel (H) [14:20:48]: Ja, eg tek det opp.

Presidenten: Da har representanten Bjørn Lødemel tatt opp det forslaget han refererte til.

Snorre Serigstad Valen (SV) [14:20:57]: Midt-Norge har et akutt behov for bedret kraftsituasjon. Det har vi diskutert mye. Og det er behov for et bedre overføringsnett i store deler av landet. Dette gir kontroversielle naturinngrep, og blant de mest omstridte sakene finner vi strekningen Ørskog–Fardal. Det har vært svært mange protester mot linjen i høringsrunden.

Jeg er derfor fornøyd med det utfallet som denne saken har fått til nå, der olje- og energiministeren har bedt Statnett om å søke nye konsesjoner og utrede alternative løsninger på enkelte traseer. Det er en klok og god løsning.

Så skulle en også tro at Høyre var fornøyd med en slik løsning med tanke på representanten Lødemels høye profil i saken over lang tid. Representanten Lødemel har drevet valgkamp nesten ene og alene på motstand mot denne linjen og på krav om sjøkabel på hele strekningen Ørskog–Fardal, og har vært veldig tydelig på det også i sine innlegg i Stortinget, i sine spørsmål til statsråden og i sine tallrike medieutspill i stortingsvalgkampen i Sogn og Fjordane i fjor.

Så begynner glideflukten. Den 8. juni kunne vi lese på NRKs sider: «Lødemel bakkar ut», og at Høyre likevel ikke vil kreve sjøkabel. Så kan en reflektere over hva Lødemels velgere i hjemfylket måtte mene om det. Så kommer en kontrabeskjed igjen. Den 31. august har Høyre ombestemt seg enda en gang. Da melder Sogn Avis: «Erna krev kabling», for da har Erna Solberg vært med representanten Lødemel på besøk for å se på traseen. Og så igjen: Når vi behandler denne saken i komiteen – med tanke på et krav om kabling skulle en jo tro at Høyre i det minste var med på å vedlegge forslaget protokollen, med de intensjonene Venstre har med å fremme forslaget – hvem er det som ikke bifaller forslaget? Det er Høyre. Forvirringen er jo komplett. Hva er det egentlig Høyre mener om kabling og ulike traséalternativer Ørskog–Fardal? Og hva er det egentlig representanten Lødemel mener? Mente han alvor da han lovte å kjempe for kabling hele veien? Har han ombestemt seg og mener nå at regjeringens løsning er den klokeste? I så fall bør jo også representanten være ærlig nok til å innrømme at regjeringen ikke har gjort en dum jobb i denne saken.

Erling Sande (Sp) [14:23:36]: (leiar i komiteen): Realisering av kraftlinja mellom Ørskog og Fardal, eller Ørskog og Sogndal der trafoen no ligg, er heilt sentral i arbeidet med å sikre Midt-Noreg krafttilgang. Men ikkje berre det: For det er sånn at desse kraftlinjene kan føre straum begge vegar, og vi veit at også på Vestlandet kan krafttilgangen bli utfordra av for lite nedbør. Så er det viktig å understreke at skal ein ha nye industrietableringar, nytt forbruk, anten her eller der, må det vere sikker tilgang på straum, stabil tilgang på straum. Ikkje minst er denne linja òg avgjerande viktig for å utløyse det fornybarpotensialet som ligg i denne landsdelen, og som eg registrerer at representantar frå ulike parti bruker å rekne inn i den framtidige fornybarproduksjonen som Noreg kan få opp.

Så har det langs denne planlagde linjetraseen vore ei rekkje innspel frå kommunar, frå lokalsamfunn og frå privatpersonar. Det har vore prosessar. Det er innspel som no blir grundigare vurderte i regi av Statnett, både dei som blei nemnde av føregåande talar, og også andre tiltak, mindre justeringar og avbøtande tiltak, fordi vi alle er opptekne av å finne trasear for kraftlinjene som tek omsyn til busetjing og miljø. Så er det viktig for oss å understreke at det positive arbeidet må halde fram, at dialogen og prosessane no må vere gode i sluttfasen av behandlinga, og at ein held fram slik som regjeringa og statsråden har teke sikte på: å vere i dialog med dei kommunane som får denne linja innom.

Så spør eg meg om følgjande etter desse to debattane. Viss det er sånn at alle i denne salen understrekar viktigheita av linjene, og understrekar, i alle fall når det gjeld denne konkrete linja, at ho må byggjast kjapt, står jo det i grell motstrid til det som blei sagt frå enkelte representantar i valkampen. Sjølv ikkje min gode kollega representanten Lødemel, som bygde store delar av sin valkamp på nettopp å samle motstand mot bygging av denne linja langs denne eller tilsvarande trasear, er lenger imot linja. Faktisk er det sånn at i innstillinga er han den som går lengst i å avvise det forslaget som her ligg på bordet, trass i at delar av det allereie er vareteke av regjeringa. Så står han her og seier: Vi har hatt fullt gjennomslag for Høgre. Skal tru om ikkje ein og annan miljøvernar/naturvernar, i alle fall i mitt eige heimfylke, som forvillar seg til for fyrste gong å gje stemma si til Høgre på grunn av denne linjemotstanden, stiller litt spørsmål ved det. Fullt gjennomslag for Høgre – det er direkte i motstrid til det som var uttalt frå Høgre i Sogn og Fjordane under valkampen og i tida før det. Ein hadde eitt alternativ, og det var kabling på heile strekkja, mens det var dei andre partia som lyfta fram traséendringa og avbøtande tiltak som eit alternativ. Vel, fullt gjennomslag for Høgre er ord som må stå for representanten Lødemel si rekning. Eg vil tru at mange, i alle fall i mitt heimfylke, har eit anna inntrykk.

Line Henriette Hjemdal (KrF) [14:27:51]: Det er tre hovedmåter å bedre energitilgangen til Midt-Norge på. Det er for det første økt linjekapasitet, det er økt produksjon av ren fornybar energi i området og det er energieffektivisering. Når det gjelder energieffektivisering, er Enovas kasse – nå har det blitt 16. desember – tom for i år. Kristelig Folkeparti har jo da tatt til orde for at vi bør bevilge mer penger i saken som vi skal debattere i salen her i morgen, nettopp til dette, og vi har også ønsket å bevilge mer penger i 2011 nettopp til energieffektiviseringstiltak i husholdninger.

Det andre punktet er økt produksjon av ren fornybar energi i regionen. Da vet vi at en del vindkraftkonsesjoner er gitt og en del andre prosjekter er under etablering. Men det vil være av stor betydning at staten stiller opp med penger for å ta rensekostnadene for et gasskraftverk i Midt-Norge, slik at vi også kan bruke denne energikilden.

Men den viktigste energikilden som kan gjøre noe med kraftsituasjonen i Midt-Norge, er å øke linjekapasitet, dvs. få på plass Ørskog–Fardal. Derfor er det et krav fra Kristelig Folkepartis side at denne linjetraseen bør være ferdig senest i 2015.

I innstillingen har det nok skjedd en feil fra Kristelig Folkepartis side. Vi er ikke forslagsstiller sammen med Høyre når det gjelder forslag nr. 1. Vi støtter komiteens tilråding i denne saken.

Borghild Tenden (V) [14:30:32]: Først vil jeg takke alle som har bidratt.

Jeg skal ikke bruke mye tid, for det har vært en lang dag. Som saksordføreren sa, har vi fått mye medhold.

Linjen Ørskog–Fardal er først og fremst begrunnet i behovet for mer overføringskapasitet i Midt-Norge fra kraftoverskuddet i Sogn og Fjordane. I tillegg vil kraftlinjen bedre forsyningstryggheten i Sogn og Fjordane og lokalt på Sunnmøre. Venstre er også kjent med at planer om ny fornybar kraftproduksjon i Sogn og Fjordane vil gjøre det nødvendig med ny kraftledning. Jeg vil understreke at Venstre er svært positive til Ørskog–Fardal, og ønsker derfor ikke at man skal komme i den samme situasjonen som ved Sima–Samnanger.

Forslagsstillerne er kjent med at flere av delstrekningene på strekningen Ørskog–Fardal er lite problematiske, men vil understreke at kraftledningen på enkelte strekninger vil innebære et betydelig inngrep i naturen. På disse strekningene er naturen unik, både i nasjonal og i internasjonal sammenheng, med særpreget kulturlandskap og urørt natur. Det synes åpenbart at noen av disse strekningene vil skape betydelige konflikter.

Venstre er opptatt av at det er fremdrift i dette prosjektet. Noe av intensjonen med forslaget er oppfylt gjennom de oppdragene Olje- og energidepartementet allerede har gitt Statnett etter at dette forslaget ble levert inn, og gjennom de tilbakemeldingene Statnett har gitt departementet. Men Sima–Samnanger viste med all tydelighet at dersom en foreslått trasé er konfliktfylt, og de ulike partene ikke har tillit til de utredninger som foreligger, så gir det grobunn for betydelig frustrasjon. Resultatet ser man jo nå, det kan bli store forsinkelser. Derfor mener Venstre at man i dette prosjektet bør være føre var, og sørge for at det er full tillit til de ulike utredninger som ligger til grunn for konsesjonsforslagene.

Statsråd Terje Riis-Johansen [14:32:48]: Kraftledningen fra Sunnmøre til Indre Sogn er det svært viktig å få på plass, av to årsaker. For det første er Midt-Norge et område med underskudd på kraft og vil i de nærmeste årene ha økende kraftunderskudd. Innmatingskapasiteten mot Midt-Norge må derfor forsterkes. Dagens overføringskapasitet inn mot regionen er rett og slett ikke tilpasset det forbruket som Midt-Norge vil ha framover.

For det andre er det nødvendig å få transportert ut mer fornybar energiproduksjon fra vind- og vannkraft både i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal. Kraftframføringa mellom Ørskog og Fardal er en forutsetning for at mye av denne fornybarproduksjonen kan bli realisert.

Vi må ha klart for oss at behandlingen av denne kraftframføringssaken hele veien har vært svært omfattende og åpen for nye innspill fra forskjellig hold. For flere ulike delstrekningers vedkommende har Statnett vurdert, utredet og omsøkt forskjellige traséalternativer. NVE har under sin behandling av konsesjonssaken sørget for at Statnett har utarbeidet flere tilleggsutredninger og lagt fram tilleggssøknader. Dette innbefatter også ulike kabelløsninger. Det er derfor en grundig og bred prosess som allerede har funnet sted gjennom planleggingsarbeidet i Statnett og saksbehandlingen i NVE.

Etter at klagesaken ble oversendt til departementet, har vi sørget for at det blir foretatt ytterligere utredninger og lagt fram flere konsesjonssøknader fra Statnett, i tråd med forslaget fra representantene.

I desember 2009 ba departementet Statnett om å utrede og vurdere fordeler og ulemper ved to alternativer for den nordligste delen av kraftledningen. Alternativene er en sjøkabel fra Ørskog med ilandføring ved Store-Standal i Ørsta kommune og et saneringsalternativ med ny trafostasjon i Sykkylven kommune. Ny trafostasjon i Sykkylven og sanering av dagens 132 kV-ledning ville legge til rette for å benytte eksisterende trasé for ny 420 kV-luftledning.

Departementet mottok i februar i år Statnetts utredning av disse to alternativene. På det grunnlaget ba vi Statnett søke om saneringsalternativet. Søknad for dette alternativet ble oversendt fra Statnett til NVE i oktober. Etter å ha gått igjennom klager og andre innspill i saken har jeg funnet det nødvendig å be Statnett om ytterligere utredninger og konsesjonssøknader for alternative løsninger på tre enkeltstrekninger for denne kraftframføringa mellom Sunnmøre og Sogn.

Det gjelder for det første sjø-/jordkabelalternativet mellom Ørskog og Store-Standal i Ørsta kommune, for det andre et alternativ lenger øst for det konsesjonsgitte i Jølster, Naustdal og Flora kommuner, og for det tredje ytterligere et alternativ som i større grad enn konsesjonsgitt løsning unngår inngrep i Førdedalen i Bremanger kommune.

Konsesjonssøknader på disse nye alternativene vil sikre at disse kan vurderes på en fullverdig måte opp mot konsesjonsgitt trasé når de endelige beslutningene skal tas. Samtidig har jeg varslet at regjeringa tidligst mulig vinteren 2011 vil fatte delvedtak for andre strekninger, slik at framdriften i arbeidet med denne viktige ledningen opprettholdes.

Forslagsstillerne går inn for at det nedsettes et eksternt utvalg som skal trekke de overordnede konklusjonene. Jeg kan ikke se at det i denne saken er grunnlag for å innhente vurderinger fra eksterne utvalg. Jeg vil peke på at det er foretatt grundige vurderinger av alternative løsninger for kraftframføring på mange strekninger mellom Sunnmøre og Indre Sogn. Med de tilleggsutredningene og tilleggssøknadene som vi nå har bedt Statnett om, vil denne saken ha et meget godt beslutningsgrunnlag. Konsesjonsbehandlingen gir etter min mening på en god måte den åpenhet og det innsyn i forvaltningen som forslagsstillerne etterspør.

Presidenten: Det blir åpnet for replikkordskifte.

Oskar J. Grimstad (FrP) [14:36:57]: I Møre og Romsdal er vi for så vidt ikkje så godt vande når det gjeld lovnader som har vore gitt av denne regjeringa, jamfør debatten som no går om Molde sjukehus. Men ok, vi skal leggje det til sides så lenge.

Som nemnt i mitt innlegg var den opphavlege fullføringa av linja Ørskog–Fardal sett til 2011. Når ser statsråden at Møre og Romsdal kan ha gleda av å få tilført straum gjennom Sogndal/Fardal-linja?

Statsråd Terje Riis-Johansen [14:37:31]: Hvis en velger de konkrete løsningene som er raskest gjennomførbare på denne traseen, ser jeg for meg at det er mulig i 2015.

Bjørn Lødemel (H) [14:37:59]: Eit av dei områda som i dag er til diskusjon i forhold til alternativ trasé, er områda i Naustdal, Førde og Flora. Der er det fleire kommunar som er inne i biletet når det gjeld å diskutere den lufttraseen som går der. Korleis blir det jobba med den saka og den biten av traseen Ørskog–Fardal?

Statsråd Terje Riis-Johansen [14:38:25]: Når det gjelder den konkrete strekningen som representanten Lødemel spør om, har jeg bedt Statnett om å se på muligheter innenfor et geografisk område for å finne løsninger som går utenom Naustdal sentrum. I det gis det muligheter for å komme med konsesjonssøknader med tanke på et alternativ til det som nå foreligger. I det ligger det ikke noen forhåndskonklusjon fra min side om at det vi nå ber om, er det som det blir konkludert med. Men det gir oss en mulighet til å ha flere alternativer å velge blant, og sånn sett sørge for at det vedtaket som blir gjort, også er et vedtak som har tilstrekkelig legitimitet, og at det har vært en prosess og utredning som det bør være grunn til å være fornøyd med.

Ketil Solvik-Olsen (FrP) [14:39:31]: Statsråden sier at det tidligste en linje kan være på plass, er i 2015. Da har denne regjeringen klart å utsette det med bare fire år – det er for så vidt ikke så verst. Men når statsråden samtidig i sitt innlegg sier at kraftforsyningsunderskuddet i regionen vil være økende de neste årene, må en spørre om han i denne prosessen har vurdert å stimulere til økt kraftproduksjon i denne regionen – også med tanke på den debatten vi nettopp hadde – øke egenproduksjon av kortreist kraft der en vet at det er et betydelig potensial i å bygge ut gasskraftverk.

Regjeringen selv har nettopp fornyet konsesjonen til Skogn, en har diskutert om en skal ha et dedikert gasskraftverk på Aukra, men lagt det vekk, en har hatt prosjektene på Tjeldbergodden, som en har skrinlagt. Men en har også Industrikraft Møre, som har et levende prosjekt som en har et stort ønske om å realisere, men en har behov for avklaringer om rammebetingelsene rundt CO2-rensing.

Statsråd Terje Riis-Johansen [14:40:36]: Det er feil at det ikke er noen avklaring rundt CO2-håndtering i Fræna. Det foreligger et konsesjonsvedtak, men samtidig også en konklusjon som går på at CO2 må håndteres, og det kommer det ikke til å være noen statlig involvering i. Så det er en avklart situasjon.

Når det gjelder Skogn, er det også der gitt en konsesjon som det er mulig å nyttiggjøre seg. Så langt har det ikke vært gjort. Men nå er nettopp konsesjonen forlenget, så der gis det mulighet for det.

Når det gjelder produksjon av såkalt kortreist kraft for øvrig, har det vært realisert gode prosjekter i regionen de siste årene, både som følge av satsing innenfor småkraft og gjennom Enovas støtteprosjekter som i hvert fall er igangsatt. Så vet vi at de grønne sertifikatene som nå kommer på plass, vil bidra til bedret lønnsomhet i dette og legge grunnlaget for forsterket produksjon også utover det.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

De talerne som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Bjørn Lødemel (H) [14:42:03]: Først vil eg gjerne rette opp ein feil. Det er slik at Høgre vil støtte tilrådinga frå komiteen. Det har skjedd eit eller anna gale der.

Så vil eg litt tilbake til den diskusjonen som har vore, og ikkje minst til påstanden frå Snorre Serigstad Valen sist vi diskuterte denne saka. Han hevda at eg er den mest uttalte motstandaren av ny linjekapasitet inn mot Midt-Noreg, og at eg kjempar mot ein krafttilførsel til den regionen. Det er etter mitt syn løgnaktige påstandar. Eg har aldri kjempa mot kapasitet inn mot Midt-Noreg. Vi har diskutert løysinga.

Eg har jobba mykje med Ørskog–Fardal i mi tid som ordførar i Hornindal. Ein av traseane var planlagd gjennom min heimkommune. Eg har kjent frykta og avmakta på kroppen då vi såg korleis ei 420 kV kraftlinje ville rasere bygda vår. Det har òg vore med på å prege meg i mitt arbeid. Derfor vil eg tilbakevise at dette skal vere eit valkampstunt frå mi side.

Eg forstår godt korleis dei føler det i Naustdal, i Ålfoten, på Nordfjordeid, i Sykkylven – eller i Hardanger, for den saks skuld. Eg har jobba i fleire år for å få ei fullverdig utgreiing av sjøkabelalternativet på kysten av Sogn og Fjordane, med påkoplingspunkt på kysten, og sjå dette i samanheng med oppgradering av eksisterande kraftnett. Eg meiner at Sogn og Fjordane som eit av dei viktigaste kraftproduserande fylka burde ha ambisjonar om å ha god kapasitet både mot Europa og mot installasjonane i Nordsjøen. Det har det ikkje vore vilje til frå ulike lokale eller sentrale raud-grøne politikarar eller energistatsrådar.

Eg må innsjå at slike visjonære løysingar er altfor avanserte for raud-grøne politikarar, og at det derfor ikkje er aktuell politikk her og no. Men eg må seie at det skal bli interessant å sjå tilbake om 10–15 år, om ikkje større vilje til å satse på sjøkablar og påkoplingspunkt langs kysten hadde vore både framtidsretta og fornuftig.

Når representanten Sande reagerer på at eg kallar det som no skjer, for fullt gjennomslag, siktar eg til at det endeleg blir søkt om konsesjon for sjøkabel, iallfall for delar av strekninga. Det er heilt nytt. Det er første gang det har skjedd, og mi glede over det er det eg kallar fullt gjennomslag. Då siktar eg til at det blir søkt om konsesjon for sjøkabel frå Hjørundfjorden til Ørskog.

Så har det vore mykje snakk om valkamp og mi rolle i valkampen når det gjeld kablar. Eg har vist til kvifor eg har jobba for ei slik løysing. Men det var mange som dreiv valkamp i 2009, og mange raud-grøne politikarar reiste rundt på Nordvestlandet og snakka om at dei ville ha sjøkabel. Men det som tok kaka, var faktisk det som stod i Bergens Tidende 10. september 2009:

«SP vil ha kabel i Hardanger. Jeg har bedt NVE utrede kabelløsning mellom Sima og Samnanger. Det betyr at jeg vil ha kabel».

Det sa olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Presidenten: Er det riktig som presidenten oppfattet det, at mindretallsforslaget ble trukket?

Bjørn Lødemel (H) (fra salen): Det er riktig!

Presidenten: Da foreligger det ikke noe mindretallsforslag.

Hvis presidenten oppfattet også dette riktig, brukte representanten Lødemel uttrykket «løgnaktige påstandar». Det er i tilfelle et uparlamentarisk uttrykk.

Snorre Serigstad Valen (SV) [14:45:27]: Jeg har kun sitert fra medienes dekning av valgkampen i Sogn og Fjordane og debatten rundt Ørskog–Fardal.

Så er det til det siste representanten Lødemel sa, det å legge til at forskjellen mellom denne saken og Sima–Samnanger-saken er at statsråd Terje Riis-Johansen har stått ved sitt ord, og nå utreder han jo kabel i Hardanger.

Med det innlegget representanten Lødemel nå holdt, mener jeg han egentlig bar mer stein til Høyres byrde, og at han bidrar til en generell forvirring i salen. Og dette er viktig, fordi denne saken var en av de avgjørende sakene i valgkampen i Sogn og Fjordane, og dette vil velgerne i Sogn og Fjordane og i andre deler av landet der man står foran store kontroversielle linjeprosjekter, være interessert i.

I 2009 driver Høyre valgkamp på sjøkabel hele veien. Så annonserer Høyre den 8. juni i år i NRK at de ikke ønsker sjøkabel likevel. Den 31. august har de igjen snudd, og da er Erna Solberg med på laget og krever kabling, mens man nå, i komitéinnstillingen, plasserer seg lengst unna intensjonene i Venstres forslag ved ikke å bifalle forslaget. Det bidrar til forvirring, og det må bety en av to ting. Enten betyr det at representanten Lødemel har blitt lurt av partiledelsen i Høyre – han er blitt dolket i ryggen, og at det er Erna Solberg som har snudd og ikke lenger ønsker kabel i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal – eller så betyr det at representanten Lødemel har snudd. Det vil Høyre-velgerne i Sogn og Fjordane være interessert i å få vite: Hva er det som har skjedd som gjør at Høyre i denne saken har snudd to ganger i år, før de ender opp i komitéinnstillingen på helt motsatt side av der de drev valgkamp? Det er noen her som ikke er helt redelige, og jeg tror det er noen andre enn meg.

Erling Sande (Sp) [14:47:35]: Lat meg fyrst få uttrykkje glede over at Høgre no – slik eg oppfattar det – har trekt det forslaget dei sjølve fremma i starten av debatten. Det trur eg viser at desse debattane har ein viktig funksjon, også når det gjeld utfallet av sakene heilt mot innspurten.

Så antyda representanten Lødemel i sitt fyrste innlegg at Høgre hadde vore ein sterk pådrivar for linja, også for framdrifta i tid, og at det var raud-grøne politikarar som hadde somla, og som hadde gjort at linja kom seinare enn nødvendig. Det igjen er ein påstand som er heilt forskjellig frå, heilt ulik, det den same Lødemel proklamerte i valkampen, der han tvert om gav uttrykk for at vi har masse tid, vi kan køyre mange store utgreiingar, vi kan setje dette på vent og få fram kunnskap om ny teknologi når det gjeld linjer. Desse standpunkta går ikkje i hop. Eg kan ha respekt for at representanten jobbar for ei anna løysing, men då må ein vere såpass ærleg at ein seier at det betyr at linja blir forseinka. Så kan eg ha respekt for at ein jobbar for ei anna løysing og ikkje ynskjer linja, men då er det einaste logiske å fremje forslag i denne salen der ein foreslår å skrinleggje prosjektet eller i beste fall utsetje det. Men det har ikkje representanten Lødemel gjort. Eg tenkjer at det kanskje kan vere greitt å vere ærleg på det overfor sine eigne veljarar, i sitt eige valdistrikt, at vel sa ein noko i valkampen, men ein har altså ikkje følgt det opp gjennom forslag i denne salen.

Ketil Solvik-Olsen (FrP) [14:49:34]: I denne debatten, som i den forrige om en generell kraftlinjepolitikk, men med utgangspunkt i Hardanger, gjør jeg meg den refleksjon at regjeringen hevder at det haster med å få på plass linjene, men med en gang en prøver å diskutere heller å løse kraftforsyningsutfordringene lokalt, skygger en unna. Når en utfordrer energiministeren på tiltak med hensyn til f.eks. gasskraftverk i Midt-Norge, er det ikke en finger som skal løftes, ikke en krone som skal brukes. En har gitt konsesjon til Skogn og skryter av at den nettopp ble forlenget, men i full visshet om at den aldri kommer til å bli realisert, fordi det ikke er gass, og fordi en vet at det ikke er lønnsomt med den lokaliseringen. Lokalisering av gasskraftverk er like viktig som lokalisering er for stort sett enhver annen næringsvirksomhet en driver. Det handler om å ha kundegrunnlag, og det handler om å ha ressursgrunnlag for å få lønnsomhet i det.

Men i Fræna er det noen som har kundegrunnlag og ressursgrunnlag og investorer og hele pakka, som er villige. Du kan stå på tomta og høre det knitre i statens master, og du kan stå og se lysene fra Ormen Lange på Aukra – ergo: en perfekt plassering. Og det er en perfekt plassering ikke bare når det gjelder infrastruktur, men når det gjelder hvor du trenger kraft. Men svaret fra energiministeren er altså at nei, de har fått konsesjon med krav om CO2-rensing, men regjeringen skal ikke bidra med en krone for å hjelpe dem med å realisere CO2-rensing. Og alle vet at da blir det heller ikke realisert et gasskraftverk.

Dette er jo egentlig trist. Jeg har medfølelse med representanten Snorre Serigstad Valen, som iallfall har vist vilje – fra et regjeringsparti – til å komme Fræna i møte, og har sagt at jo, staten skal ta regningen for CO2-renseanlegget, men forutsetningen til SV er en dobling av CO2-avgiften. Jeg er ikke enig i forutsetningen, men jeg er i hvert fall glad for at han har vist vilje til å diskutere hvordan en skal få realisert lokal kraft. Den viljen avviste energiministeren fullstendig i denne debatten – mye tydeligere enn i de tidligere debattene. Det er et varsko om at denne regjeringen har så mange politiske indre dragninger at det ikke går an å finne de raske, gode løsningene. En skal altså kable seg ut av ethvert problem, ikke få fram volum kraftproduksjon.

Det er veldig hyggelig at den politiske sekretæren til energiministeren har vært i NRK og debattert og skrytt av at man i Midt-Norge hadde kommet fram med ni nye småkraftverk. I Stortingets spørretime i går avviste statsministeren at de to mobile gasskraftverkene ville ha noen innvirkning av betydning på kraftsystemet. De representerer tross alt 100–150 småkraftverk. Det da å skryte av ni stykker i den sammenheng, når statsministeren sier at 100–150 tilsvarende ikke betyr noe, er ikke noe annet enn å kaste blår i øynene på velgerne. Derfor håper jeg at statsråden fra denne debatten kan ta med seg en vilje internt i regjeringen til å bruke den amerikanske ambassaden og bekjempe regjeringens politikk for å få til noe som virker.

Siri A. Meling (H) [14:52:51]: Jeg forstår på temperaturen i innleggene til representanten Serigstad Valen og representanten Sande at det falt både Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet tungt for brystet at Høyre fikk en representant inn på Stortinget fra Sogn og Fjordane. Det er imidlertid vi fra Høyre veldig glad for, bl.a. fordi det er et viktig bidrag i forhold til å synliggjøre problemstillinger som er viktig for Distrikts-Norge. Representanten Lødemel gjør en solid innsats på det området, sannsynligvis til stor irritasjon for bl.a. representanten Sande.

Representanten Lødemel har hatt et engasjement på dette området, uten tvil, også gjennom valgkampen. Det er klart at hans fokus og bidrag i forhold til å løfte en problemstilling hvor en i større grad skal kunne ivareta naturhensyn og estetikk i kombinasjon med å sikre strømforsyning, er et viktig bidrag i den offentlige debatten.

Jeg har bare lyst til å gjenta det som er Høyres innfallsvinkel i disse spørsmålene. Infrastruktur for strømforsyning er viktig for å opprettholde en stor grad av forsyningssikkerhet og være sikret energileveranser til både husholdninger og industri. Det gjelder også disse linjene og det å styrke kapasiteten inn mot Midt-Norge. Samtidig er vi opptatt av at vi skal ha gode lokale prosesser, hvor lokalsamfunnet blir hørt, hvor vi kan ivareta naturverdier, estetiske verdier, og også hvor vi, der det er mulighet for det, kan være en pådriver for teknologiutvikling og det å få frem nye løsninger.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 9.

(Votering, se side 1983)

Votering i sak nr. 9

Presidenten: Til denne saken var det satt fram et forslag inntatt i innstillingen, men forslaget er nå trukket.

Komiteen hadde innstilt:

Dokument 8:4 S (2010–2011) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande og Abid Q. Raja om trasévalg og teknologiske løsninger for kraftlinjen på strekningen Ørskog–Fardal – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.