Stortinget - Møte mandag den 16. juni 2014 kl. 10

Dato: 16.06.2014

Dokumenter: (Innst. 272 S (2013–2014), jf. Dokument 16 (2013–2014))

Sak nr. 4 [11:17:55]

Innstilling fra justiskomiteen om årsrapport til Stortinget fra Stortingets utvalg for rettferdsvederlag

Talere

Votering i sak nr. 4

Hadia Tajik (A) [11:18:16]: (leiar for komiteen og ordførar for saka): Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga vederlagsordning. Gjennom denne blir det gjeve oppreising til mange menneske som i barndomen vart utsett for urett frå samfunnet si side, menneske som staten hadde ansvaret for å gje omsorg til. I staden vart dei utsette for vald og overgrep. Ingen pengar – uansett beløp – kan gje desse menneska barndomen tilbake, men gjennom denne ordninga gjev samfunnet menneska ein viss oppreising for den uretten dei har vore igjennom. I dette ligg det òg ei symbolsk handling, ei verdibasert handling, nemleg å visa at samfunnet ser dei, at Stortinget ser dei, at det òg ligg ei oppreising i dette.

I dag behandlar me årsrapporten for 2013. Talet på mottekne søknadar under denne ordninga i 2013 viser at inngangen av saker fortsatt går noko ned. I fjor var det to utval i arbeid, men dei signaliserer at frå 2014 vil det vera berre eitt utval i arbeid, på grunn av nettopp den lave inngangen til nye saker. Komiteen vil derfor understreka viktigheita av at personar som ordninga er tiltenkt, søkjer om rettferdsvederlag – primært av omsyn til oppreisinga dette kan gje til den einskilde, men sekundært fordi det meir presist viser omfanget av dei som har kome særleg uheldig ut, og kor det føreligg kritikkverdige forhold frå det offentlege si side.

Det er ein samla komité som understrekar viktigheita av rettferdsvederlagsordninga og av at rettferda skal skje fyllest.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde innstilt:

Dokument 16 (2013–2014) – årsrapport til Stortinget fra Stortingets utvalg for rettferdsvederlag – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Lise Christoffersen (A) (fra salen): I de voteringene vi nå har hatt, har vi vært 105 som har avgitt stemme, og vi skal være 103. Det er noen skarpe voteringer senere i dag.

Presidenten: Da ber presidenten om at innpiskerne teller over antall representanter i salen.

Lise Christoffersen (A) (fra salen): Arbeiderpartiet har 33, som vi skal ha.

Presidenten: Greit. Da håper presidenten at vi har riktig antall representanter i salen.