Stortinget - Møte torsdag den 19. juni 2014 kl. 9

Dato: 19.06.2014

Dokumenter: (Innst. 244 S (2013–2014), jf. Dokument 8:52 S (2013–2014))

Sak nr. 14 [18:28:48]

Innstilling frå næringskomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Pål Farstad og Terje Breivik om en helhetlig gjennomgang av rammebetingelsene for enkeltpersonforetak

Talere

Votering i sak nr. 14

Presidenten: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden begrenses til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlem av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det gis anledning til replikkordskifte på inntil tre replikker med svar etter innlegg fra medlem av regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Ove Bernt Trellevik (H) [18:29:53]: (ordførar for saka): Komitébehandlinga av forslag fremja av stortingsrepresentantane Pål Farstad og Terje Breivik viser at det er brei einighet på Stortinget om at rammevilkåra for dei minste bedriftene og føretaka er viktige.

Det er slik at velferdssamfunnet i framtida vil vera heilt avhengig av at næringslivet er nyskapande og konkurransedyktig. Gode rammevilkår for etablering og drift av ny verksemd er viktig.

OECD uttalte i mars i år:

«For å opprettholde vekst i levestandarden idet petroleumsproduksjonen faller, trengs en blomstrende gründerkultur for å oppdage og utnytte muligheter og tiltrekke seg risikovillig kapital og andre ressurser».

Regjeringa arbeider med å sikra gode generelle rammevilkår for næringslivet, og dei er godt i gang med forenkling. Mykje av dette arbeidet vil ha positive konsekvensar for enkeltpersonføretaka og småbedriftene. Vidare skal Scheel-utvalet sitt arbeid om eit vekstfremjande skattesystem leggjast fram til hausten.

Komiteen meiner likevel at det er behov for ein gjennomgang av rammevilkåra for enkeltpersonføretak, nettopp av omsyn til enkeltpersonføretaka sin eigenart og deira potensial, slik at dei i større grad kan bidra til vekst og verdiskaping i framtida.

Aksjeselskapsforma er den mest brukte selskapsforma i Noreg. Aksjelovens reglar er difor av stor betydning for næringsdrivande i landet.

Hovudtyngda av aksjeselskapa er små og mellomstore bedrifter. Ein må difor sjå til desse selskapa sine behov og sørgja for at reglane i aksjeloven er godt tilpassa desse selskapa.

Sjølv om aksjeloven skal vareta og balansera fleire og til dels motstridande interesser, bør ein sikra at reglane ikkje legg unødvendige byrder på selskapa.

I regjeringsplattforma kan vi lesa at regjeringa vil utvikla og forenkla regelverk for små og mellomstore bedrifter. Høgre har såleis i tillegg til representantforslaget frå Venstre foreslått at regjeringa vurderer om det bør innførast eit regelverk som etablerer små bedrifter som erstatning for personlege selskap som ei eiga juridisk eining.

Eit eksempel på ei slik organisering kan være eit mikro-AS. Det bør vera ei selskapsorganisering som har dei fordelane eit aksjeselskap har, men som samtidig har rammevilkår og krav som gjer det så enkelt som mogleg å drifta eit slikt selskap.

Tanken om å laga ein eigen aksjelov for småbedrifter eller mikroaksjeselskap har vore diskutert før. Revisorforeningen foreslo i 2009 å innføra mikroaksjeselskapet som eia eiga selskapsform med tilhøyrande enklare aksje- og rekneskapslovgjeving.

I EU vart mikrorekneskapsdirektivet vedteke i 2012. Det gav selskap med omsetjing under 5,6 mill. kr moglegheit til å gå i gang med ein rekneskap etter forenkla reglar med svært få noteopplysningar.

Desse selskapa treng heller ikkje utarbeida årsberetning. Dette direktivet er enno ikkje innlemma i EØS-avtalen, men det er god grunn til å tru at så vil skje.

I siste stortingsperiode var det fleire Dokument nr. 8-forslag som inneheldt dagens tema, som Arbeidarpartiet og Senterpartiet då stemte imot, men som dei i dag støttar. Det synest eg er veldig, veldig flott. Det gjev regjeringa eit godt mandat til å foreslå endringar i lovar og rammevilkår som kan styrkja dei minste føretaka si innovasjonsevne og konkurransekraft.

Eg viser hermed til innstillingas forslag til vedtak, som ein samla komité støttar.

Ingrid Heggø (A) [18:33:45]: Langsiktig sysselsetjing og velferd er uskiljande knytte til verdiskaping og innovasjon.

Velferdssamfunnet vil i framtida vera heilt avhengig av at næringslivet er både nyskapande og konkurransedyktig, i tillegg til at vi treng skatteinntektene. Ein viktig del av ein god næringspolitikk er å føra ein forsvarleg økonomisk politikk og gje næringslivet stabile, gode og føreseielege rammevilkår.

Arbeidarpartiet vil berømma Venstre for dette initiativet til å setja fokus nettopp på rammevilkåra for småbedriftene. Forenkling er eit viktig verkemiddel for nettopp småbedriftene.

Trond Giske som næringsminister sette fokus på forenkling, og regjeringa Stoltenberg sette eit ambisiøst mål om å forenkla næringslivet sine byrder med 10 mrd. kr innan 2015. Resultatet var at etter to år var det sett i verk forenklingstiltak for over 5 mrd. kr, og forenklingsarbeidet var såleis i rute ved regjeringsskiftet.

Eg synest det er veldig bra at næringsministeren i brevet til komiteen framhever nettopp tiltaka som vart gjorde av regjeringa Stoltenberg, med bl.a. å redusera kravet til aksjekapital for aksjeselskap frå 100 000 kr til 30 000 kr og gje moglegheit til fråvalg av revisor for selskap som har under 5 mill. kr i omsetjing. Dette har gjeve betydelege kostnadsreduksjonar for bedriftene våre.

Men eg har merka meg at regjeringa Solberg ønskjer å sjå til Sverige, og har varsla at det skal setjast ned eit regelråd etter svensk modell. Sverige har nesten tre gonger så mange føretak som Noreg. Svenskane har i perioden 2006–2012 redusert administrative kostnader for 6,8 mrd. kr. Regjeringa Stoltenberg har på ein tredel av denne tida redusert kostnader for over 5 mrd. kr.

Så eit godt råd til Solberg-regjeringa: Lær av regjeringa Stoltenberg og den handlekraftige næringsministeren Trond Giske. Handlekraft og konkrete tiltak er viktigare enn å etablera nye statlege råd og utval.

Det same gjeld den varsla gjennomgangen av Innovasjon Norge, som vart evaluert og debattert i denne sal så seint som i perioden 2011–2012. Også på dette området er det behov for handling og ikkje fleire utgreiingar frå regjeringa.

I dag fekk regjeringa òg servert forenklingstiltak for rundt 9 mrd. kr. Bruk kreftene på å setja i verk mange av desse tiltaka, ikkje på å byggja opp eit nytt byråkrati.

Eg er glad for at komiteen er samd i at det er behov for ein heilskapleg gjennomgang av vilkår og rammevilkår for enkeltpersonføretak med sikte på forbetringar på alle område. Det er sett i gang fleire gode tiltak, men av omsyn til enkeltpersonføretaka sin eigenart og deira potensial er det viktig å få denne heilskaplege gjennomgangen.

Vi er òg alle samde om at hovudgrepet for å få til fleire nyetableringar og vekstbedrifter er å sikra vesentleg betre tilgang til risikovillig og kompetent kapital for gründerane og nyskapande vekstbedrifter.

Hovudtyngda av aksjeselskapa, som er den mest brukte selskapsforma i Noreg, er små og mellomstore bedrifter. Regelverket for AS kan på enkelte felt vera meir orientert mot større selskap, det må berre innrømmast. Eit mikro-AS vil vera ei selskapsform som sameiner fordelane med aksjeselskapet og behovet som dei aller minste bedriftene har for at rammevilkåra er så enkle som mogleg. Det økonomiske ansvaret vert avgrensa til den kapitalen som ligg investert i selskapet, og omfattar ikkje personane som har oppretta selskapet.

Bruk av allmenne rekneskapsprinsipp vil òg gjera skattemyndigheitene si kontrolloppgåve enklare og sikrare. Men ein må òg her finna balansegangen mellom naudsynt rapportering og dokumentasjonskrav og eit mikro-AS som vert så enkelt som i det heile mogleg.

Difor ber komiteen regjeringa vurdera om og korleis det kan utviklast eit lovverk som etablerer småbedrifta som ei eiga juridisk einheit, og at utgreiing bør definera rammevilkår som er spesielt tilpassa dei små bedriftene.

Vi ser fram til å få framlagt denne utgreiinga og å kunna få ein god diskusjon i denne salen som vil føra til eit blomstrande gründerliv der gründerane får moglegheit til det dei er best til, nemleg å skapa nye bedrifter og arbeidsplassar.

Jørund Rytman (FrP) [18:38:30]: For meg, som i ca. åtte år – men da som medlem av finanskomiteen – sammen med mine medrepresentanter i Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har kjempet for dette og flere ganger blitt nedstemt av Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet, er det med stor tilfredshet jeg kan stå her i dag – etter stortingsvalget i fjor, hvor det ble et nytt flertall i Stortinget – og registrere at alle disse fire partiene også nå er enige om at det skal foretas en helhetlig gjennomgang av rammevilkår for enkeltpersonforetak. Det som er enda mer fornøyelig, er at det nå er en enstemmig næringskomité som står bak dette – altså at det er tverrpolitisk enighet. Så får vi sikkert om noen minutter se om Sosialistisk Venstreparti, som ikke er representert i komiteen, fortsatt er imot, eller om de er for. Vi kan iallfall uansett konstatere at det er et bredt flertall i Stortinget bak dette.

Tilsvarende representantforslag har med andre ord vært diskutert her i Stortinget flere ganger de senere år, bl.a. i forbindelse med representantforslag fra Venstre, Dokument 8:85 S 2009–2010, der man også ba om en «helhetlig gjennomgang av vilkårene for enkeltpersonforetak» – også da helhjertet støttet av Fremskrittspartiet.

Dette var noe vi i Fremskrittspartiet foreslo knapt ett år før i form av et representantforslag, Dokument nr. 8:74 for 2008–2009, om å få en sak om «bedre regler for næringsdrivende og gründere som driver enkeltpersonforetak». Jeg vil også minne om representantforslaget i Dokument 8:50 S for 2009–2010 fra Fremskrittspartiet om at «det skal utarbeides en stortingsmelding om rammevilkår for små og mellomstore bedrifter». Det er også andre forslag, bl.a. fra Høyre, som de senere år har handlet om å bedre rammevilkårene for næringsdrivende, som har vært oppe til behandling og blitt debattert her i Stortinget, men som har blitt nedstemt. I dag blir det annerledes.

Nå som det skal foretas en helhetlig gjennomgang, deriblant om skattemessige betingelser, håper og ber jeg også i denne sammenheng om at regjeringen spesielt vurderer investeringsfond for enkeltpersonforetak – dette fordi det for enkeltpersonforetak kan være en utfordring at overskudd skattlegges fortløpende som personinntekt, mens en aksjonær kun skattlegges ekstra ved utdelingstidspunktet.

Det må tas med i betraktningen at andre nordiske land har fått på plass lignende ordninger. Mange interesseorganisasjoner, som f.eks. NHO, Bedriftsforbundet, Gründerforeningen, Norskog, Norges Skogeierforbund, Norges Bondelag osv., har tatt til orde for akkurat dette. Disse har bl.a. påpekt at enkeltpersonforetak kom dårlig ut av skattereformen i 2006, der skattebyrden ble økt.

I forbindelse med at Venstre har fremmet dette representantforslaget, synes jeg det er bra at næringskomiteen har tatt forslaget godt imot. Men jeg vil bemerke at vi faktisk er på offensiven og har bedt regjeringen utrede enda mer som vil gagne landets gründere. Jeg snakker da om forslaget der vi ber regjeringen vurdere om det bør utvikles et regelverk som etablerer småbedriften som en egen juridisk enhet, der det bl.a. skal tas hensyn til småbedriftenes behov for enklere regler, som ikke medfører unødvendige administrative byrder, og likebehandling når det gjelder sosiale rettigheter, skatter og avgifter. Det har Norge anledning til.

Jeg viser til Europa-parlamentets og Rådets direktiv om årsregnskaper for visse selskapsformer når det gjelder mikroforetak. Det skjedde en endring for noen år siden som innebærer at medlemsstatene gis adgang til å unnta mikroforetak fra plikten til å utarbeide årsregnskap. Det er opp til det enkelte EØS-landet å avgjøre hvorvidt unntaket for såkalte mikroselskaper er ønskelig ut fra nasjonale hensyn.

Direktivet har til hensikt å legge til rette for å redusere de administrative byrdene for mikroforetak. Direktivet legger derfor opp til forenklede rammebetingelser for mikroforetakene. For å sikre at det foreligger tilstrekkelig beskyttelse for eventuelle investorer bør mikroselskapene etter direktivet imidlertid fortsatt være underlagt plikter som følger av nasjonal lovgivning for å holde oversikt over forretningstransaksjoner og selskapenes finansielle stilling.

Dette direktivet er veldig EØS-relevant og akseptabelt.

Hvilke foretak som er regnskapspliktige, framgår av regnskapsloven. Regnskapsloven åpner ikke for at mikroforetak som definert i direktivet, kan unntas fra plikten til å utarbeide årsregnskap.

Man er avhengig av at regjeringen ser nærmere på dette, og vi kan være glad for at næringskomiteen nå gir grønt lys for at alt dette utredes.

Line Henriette Hjemdal (KrF) [18:43:42]: Først har jeg lyst til å rette en takk til Venstre, som har tatt opp dette viktige forslaget.

De små og mellomstore bedriftene er enormt viktige for verdiskapingen og velferden i landet vårt. En bedre tilrettelegging for disse bedriftene vil gi enorm avkastning i form av arbeidsplasser, verdiskaping og velferd.

Nye og etablerte bedrifter er helt sentralt. Uten dem stanser Norge. Det er de gode ideene fra enkeltpersoner som genererer de framtidige verdiene i landet vårt. Derfor må vi hegne om dem, og vi må løfte fram dem som tør satse. Ved å støtte opp om de innovative og gründerne, investerer vi i framtiden.

Enkeltpersonforetakene har lenge kommet dårligere ut når det gjelder skatt, sosiale rettigheter og tilgang på kapital. Dette er en skjevhet det er behov for rette opp i for å sikre at ikke terskelen for å satse, blir for høy.

Kristelig Folkeparti har som mål at Norge skal være ett av de mest nyskapende landene. Innovasjon er da veldig viktig. Vi vet at innovasjon er en viktig drivkraft for utvikling av samfunnet. Utvikling av nye og innovative ideer er ofte nyttig for flere bedrifter enn dem som utvikler ideene.

Det er også sånn at utvikling av ideer ofte innebærer større risiko enn det man kanskje har tilgjengelig i sine investorer. Derfor er det også viktig å ta fatt og se på systemer rundt dette.

Videre vet vi at små og mellomstore bedrifter ofte står for halvparten av verdiskapingen i norsk næringsliv. De er innovative, de er omstillingsdyktige, men det er krevende for dem å overleve og vokse. Fem år etter oppstart er det bare 30 pst. av bedriftene som fortsatt er aktive. Gjentatte ganger har vi fått høre følgende fra bedriftene om krav til myndighetene: Gi oss mindre firkantet arbeidsliv, smartere skatt, enklere hverdag og smartere samhandling mellom det offentlige og næringsliv.

Vi er glad for den gjennomgangen som nå er varslet fra regjeringen. Vi støtter helhjertet opp om forslaget Venstre har fremmet, og komitéinnstillingen vi nå har til behandling, for vi mener dette er viktig for et framtidig innovativt næringsliv i Norge.

Geir Pollestad (Sp) [18:46:29]: Senterpartiets velkjente slagord er å ta hele landet i bruk. For oss handler det om å gi folk mulighet til å bo og leve der de vil, men også om politikk som gjør at vi kan utnytte ressursene som finnes i landet for å skape verdier.

Vår næringspolitikk bygger på et samspill mellom det private initiativ og også en aktiv innsats fra det offentlige – stat, fylke og kommune – for å legge til rette for å utløse ny aktivitet.

Senterpartiet mener det skal være enklest mulig å drive næringsvirksomhet i Norge, uavhengig av valg av selskapsform. Når vi vet at det store flertallet av norske bedrifter er små bedrifter, er det viktig og positivt at en samlet komité står bak forslagene i dag.

Det ble gjort mye godt forenklingsarbeid under den forrige regjeringen. Fritak for revisjonsplikt og redusert krav til aksjekapital er de to viktigste. Vi ønsker selvsagt også nye tiltak velkommen. Vi har i dag fått en meny fra Norsk regnskapsstiftelse å velge fra. Jeg håper det kan fanges opp i arbeidet som nå skal gjøres.

Vi har imidlertid merket oss at langt fra det meste av det som kommer fra regjeringen, virker positivt for næringslivet. Det er særlig næringslivet i distriktene som framstår som denne regjeringens hoggestabbe. Jeg kan nevne:

  • den historiske økningen i dieselavgiften

  • innføring av kontinuitetsprinsippet ved generasjonsskifter – som rammer mange enkeltpersonforetak hardt

  • at regjeringen i høst foreslo kutt i SIVA, som det heldigvis ikke ble noe av

  • en svekkelse av permitteringsregelverket

Dette er noen eksempler på at denne regjeringen vender blikket utover i landet når kutt skal foretas.

Senterpartiet vil ha en annen retning på politikken. Den debatten må vi ta når gjennomgangen og vurderingene vi ber om i dagens sak, er ferdig.

Det avgjørende for Senterpartiet er følgende:

  • Det sosiale sikkerhetsnettet for selvstendig næringsdrivende må styrkes.

  • Skattesystemet må fange opp at personlig eierskap innebærer større risiko og ansvar for den enkelte.

  • Den offentlige innsatsen for å støtte opp under gründere må ta opp i seg at Norge er et mangfoldig land med store forskjeller mellom regionene. Senterpartiet er opptatt av at forenklingstiltakene faktisk skal være reelle.

I tillegg er vi opptatt av å dyrke gründerånden, også gjennom folks utdanningsløp.

Jeg oppfattet helt klart at det er en politisk virkning av forslagene som komiteen går inn for. I sitt svarbrev sier statsråden at hun løpende vil ta tak i problemstillingene som er sentrale for mange selvstendig næringsdrivende. Nå ber Stortinget regjeringen foreta en samlet gjennomgang og komme tilbake til Stortinget med den. Vi ser fram til å få den saken til behandling.

Pål Farstad (V) [18:49:54]: Norge trenger flere gründere, flere som vil starte for seg selv, flere som tar sjansen på å lykkes. Det er derfor vi fra Venstre har fremmet dette representantforslaget og er godt fornøyd med at vi har fått gjennomslag for alle vesentlige punkter i forslaget.

Gründeren har vært og er viktig for å drive Norge framover. Det er ikke de største og etablerte bedriftene som løfter oss over i en ny tid med nye løsninger – det er gründere og småbedrifter som har kommet med nye ideer, nye produkter. Det er de som har drevet Norge framover i betydelig grad. I et Norge der petroleumsnæringen er så dominerende for økonomien og næringslivet, er det spesielt viktig at vi legger godt til rette for at flere vil og tør starte for seg selv.

For å opprettholde vekst i levestandarden når petroleumsproduksjonen faller, trenger Norge en blomstrende gründerkultur. Det er nødvendig for å oppdage og utnytte muligheter og tiltrekke seg risikovillig kapital og andre ressurser. I en tid der oljeinntekter trygger velferd og velstand, er det et paradoks at nettopp denne tilstanden synes å ha blitt det største hinderet for gründeren og innovatøren. Vi tar verdiskapingen for gitt, og realpolitikken fokuserer i all hovedsak på fordeling og bevilgning. Forståelsen av langsiktig sysselsetting og velferd knyttet til skaping av nye bedrifter har altfor liten plass.

Dessverre stimulerer ikke dagens system interessen for å starte for seg selv. Snarere tvert imot: I enkeltpersonforetak bærer den selvstendig næringsdrivende personlig den økonomiske risikoen for virksomheten. Vedkommende har bl.a. svakere rettigheter til sosiale ordninger. Slik kan det ikke fortsette, fordi det bremser snarere enn fremmer nyetableringer, som er nødvendig for å sikre en bærekraftig utvikling i norsk næringsliv.

Venstre vil ha et nyskapende Norge. Vi ønsker at flere starter egen bedrift. Forbedringer i vilkårene for å starte og drive egen virksomhet er nødvendig om vi skal få dette til. Stikkord for oss har vært, og er: skattemessig likebehandling, skattefri etter- og videreutdanning, forenklinger i regelverk, reduksjon i skjemaveldet, et målrettet statlig virkemiddelapparat, treffsikre støtteordninger og tilgang på kapital gjennom skattestimulans for investorer som kan tenke seg å investere i nye virksomheter.

Jeg vil takke saksordføreren og den øvrige komiteen for et godt og konstruktivt samarbeid i behandlingen av saken. Jeg synes det er gjort en god jobb i næringskomiteen i forberedelsen av saken og forventer nå at regjeringen arbeider raskt for å få på plass ordninger som gjør det attraktivt å starte for seg selv, og som stimulerer til nyetableringer. Norsk økonomi og norsk velferd trenger flere bein å stå på. Nå må det handles. Vi er utålmodige.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [18:53:41]: No får de høyre om SV støttar tilrådinga eller ikkje. Det blir spennande.

Sjølvstendig næringsverksemd er mest attraktivt for gründerar, for bedrifter der familien i hovudsak er arbeidskrafta, eller for bedrifter som har få tilsette. Når ein har stor risiko, mange tilsette og bedrifta begynner å vekse, er det mange som bestemmer seg for å danne aksjeselskap. Vi må ha selskapsformer som er av ulik karakter, tilpassa fasar, storleikar eller retning, men det skal alltid vere attraktivt å starte opp noko nytt og vere gründer. Entreprenørånda skal vere ein del av det norske. Difor vil eg gje honnør til forslagsstillarane for å reise representantforslaget.

Samtidig er vi vel alle einige om at det er utfordringar. Den raud-grøne regjeringa gjorde fleire grep som styrkte dei sosiale rettane, bl.a. svangerskapspermisjonar, foreldrepengar osv., men det er framleis ein del som står att – som forhold knytte til sjukdom, yrkesskadar og arbeidsløyse – som er verd å sjå på. SV støttar derfor tilrådinga.

Samtidig må vi passe på at ikkje enkeltpersonføretak avløyser det vanlege tilsetjingsforholdet i arbeidslivet. Det er enkelt å sjå mange enkeltpersonføretak i samband med sosial dumping. Det er ei viss utvikling der ulike selskap som f.eks. vikarbyrå eller mediehus i Noreg i dag gjer seg nytte av enkeltpersonføretak i staden for å ha eigne tilsette, eventuelt driv utleige av slik arbeidskraft. Ein slik overgang til enkeltpersonføretak gjer det vanskelegare å følgje opp helse, miljø, tryggleik, personalutvikling og kompetanseutvikling, og ikkje minst skapar det eit utrygt arbeidsliv.

Det er entreprenørånda vi vil dyrke, ikkje ei spekulering i folks arbeid. Trygge arbeidsplassar skapar også betre arbeidarar. Ei utgliding fører til at fleire vil måtte kome med lua i handa, med dei konsekvensane det har for sjølvkjensle, initiativ og skaparkraft. Vi treng difor å dyrke dei gode enkeltpersonføretaka med gode rammer, og så må vi strupe dei dårlege enkeltpersonføretaka. Det er stordom SV vil ha, ikkje småleg spekulasjon. I representantforslaget er ikkje den problemstillinga tatt opp, og eg oppfordrar regjeringa til å ta det med vidare. SV kjem til å vere ei vaktbikkje i det spørsmålet.

Så til merknaden om mikro-AS: Vi synest ideen er god. Regelverket er litt slik at det er enklast for dei som er størst. Dette kan eigentleg seiast å vere ei problemstilling generelt i Noreg. Vi ser det t.d. på andre område som krav til rapportering frå kommunar, organisasjonar, forskarar osv. Noreg kan aldri bli best på å vere stor. Vi er rett og slett for små til det. Den norske stordomen må byggjast på å vere best som små. Da må vi lage ordningar for små aktørar og ikkje alltid ville ønskje at det vesle skal bli stort.

Ei familiebedrift som produserer fantastisk gode tørka reinhjarte i Finnmark, treng ikkje å ha verdsherredøme og masse tilsette som mål. Det kan vere greitt at dei finn sin vesle nisje, treff ganane i Brooklyn eller Upper West Side i New York og lever livet vidare som ei lita, men sterk bedrift. Difor vil eg veldig gjerne vere med, og eg las med interesse merknaden om mikro-AS, men eg har nokre spørsmål om han, for eg forstår han ikkje.

Ideen om mikro-AS er at ein skal ha den same risikoen som aksjeselskap – det er verdiane som står i selskapet, som skal vere det ein utfordrar, ikkje verdiane som personen eig. Ein skal òg ha rapportering av økonomiske forhold som i aksjeselskap, sånn at skattemyndigheitene skal ha kontroll og gjere det enklare og sikrare. Ein skal også ha den same fleksibiliteten som aksjeselskap har – det berre føreset eg ut frå andre, tidlegare forslag frå folk som er i salen – til å kunne ta ut pengar. Det einaste unntaket frå aksjeselskap er da at rapporteringa i samband med årsmeldinga skal gjerast enklare.

Da er spørsmålet: Er det berre revisjonen som er forskjellen på mikro-AS og makro-AS? Og viss det er slik, har vi ikkje kome opp med noko veldig banebrytande. Eg kunne gjerne fått litt «input» på det.

SV støttar tilrådinga, og vi er veldig spente på kva regjeringa finn på i den saka.

Statsråd Monica Mæland [18:59:00]: Små og mellomstore bedrifter utgjør en stor andel av bedriftene i norsk økonomi – de aller fleste bedriftene i Norge er små og mellomstore. For å øke konkurransekraften til norske arbeidsplasser er det viktig at disse bedriftene har gode og forutsigbare rammevilkår. Regjeringen jobber derfor for at bedrifter, gründere, eiere og ansatte skal bruke mer tid på å skape verdier og beholde mer av de verdiene de skaper.

I tråd med Sundvolden-erklæringen arbeider vi med konkrete forslag til hvordan rammevilkårene kan forenkles og bedres, samtidig som viktige samfunnshensyn ivaretas.

Regjeringens mål er å redusere næringslivets kostnader ved å etterleve lover og regler med 15 mrd. kr i året før utløpet av 2017.

I regjeringens politiske plattform har vi bl.a. slått fast at vi vil utvikle et forenklet regelverk for små og mellomstore bedrifter, videreutvikle Altinn og ha som prinsipp at informasjon kun skal rapporteres én gang, og gjøre flere offentlige tjenester tilgengelige på nettet.

Representantene peker i sitt forslag på ulike problemstillinger og saksområder som spesielt angår enkeltpersonforetak. Regjeringen er allerede godt i gang med forenklingstiltak som vil komme små bedrifter til gode. Vi har startet en gjennomgang av grunnlaget for gebyrene i Brønnøysundregistrene og en gjennomgang av Innovasjon Norge. Med tanke på vilkårene for enkeltpersonforetak finner vi det hensiktsmessig å løfte noen av disse hensynene inn i andre prosesser som pågår eller vil iverksettes, bl.a. gjennomgangen av virkemiddelapparatet og forenklingsarbeidet. Det skyldes et stort mangfold av forhold knyttet til enkeltpersonforetak.

Når det gjelder sosiale rettigheter, er jeg helt enig i at det bør lages en oversikt over relevante ordninger for å belyse hvordan disse samlet sett fungerer for enkeltpersonforetak. Her er det naturlig at andre berørte departementer også involveres.

Når det gjelder skattemessige forhold, vil jeg understreke at likebehandling i bare deler av skattesystemet ikke nødvendigvis er i småbedriftenes interesse. I stedet må skattesystemet betraktes helhetlig, noe Scheel-utvalget er opprettet for å gjøre. En vurdering av hvordan enkeltpersonforetak kommer ut skattemessig, og eventuelle forslag til endringer, må derfor avvente Scheel-utvalgets innstilling.

Jeg vil imidlertid starte en innledende vurdering av om det kan la seg gjøre å utvikle et fornuftig regelverk som etablerer småbedriften som en egen juridisk enhet og definerer rammebetingelser som er spesielt tilpasset små bedrifter. De forhold forslagsstillerne er særlig opptatt av, vil tas i betraktning, og det naturlige spørsmålet er hvilke reguleringer som faktisk er nødvendig for disse minste selskapene. Dette vil også gagne enkeltpersonforetakene.

Store bedrifter med store administrative enheter vil ofte enklere kunne tilpasse seg gjeldende bestemmelser og rammebetingelser enn de små. Jeg er derfor enig med representantene i at det er viktig å ha et spesielt fokus på små bedrifter når regler og rammebetingelser utformes. Jeg er samtidig opptatt av at eventuelle tilpasninger ikke må gå på bekostning av den nytten kreditorene og aksjeeierne har av de ordnede forholdene som et felles lovkrav gir oss. Vi har et stort rom for forbedringer, og vi er i gang med arbeidet.

Marit Nybakk hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Ingrid Heggø (A) [19:02:52]: Eg har eit veldig enkelt spørsmål: Eg lurer på kvifor regjeringa vil byggja opp byråkratiet med å innføra eit regelråd?

Statsråd Monica Mæland [19:03:07]: Prinsippet er ikke å bygge opp et byråkrati; prinsippet er å følge nøye med for at hver regel som innføres, hver forskrift som innføres, faktisk er nødvendig. Vi vet jo at forenklingsarbeid er krevende. Vi skal altså forenkle, vi skal avskaffe regler og forskrifter, men hele tiden kommer det til nye. Og det å ha et uavhengig råd som gjennomgår dette, og som gir råd og anbefalinger, tror jeg er lurt. Så har vi ikke sagt at vi skal kopiere den svenske modellen; vi har sagt at vi skal gjøre det på vår måte, på en fornuftig og effektiv måte.

Geir Pollestad (Sp) [19:03:50]: Jeg vil bare utfordre statsråden på å si litt mer om hvordan regjeringen ser for seg at de vil komme tilbake til Stortinget med de vedtakene som ligger i denne saken. Vil en komme tilbake med en samlet sak om enkeltpersonforetak og mindre foretak, eller vil en komme fortløpende med disse? Og hvis det blir slik som jeg mener ville være det beste, at en kommer med en samlet sak som berører alle disse områdene, for å hindre at de blir oppsplittet – hvilken tidsramme ser statsråden da for seg?

Statsråd Monica Mæland [19:04:31]: Jeg tror faktisk vi må gjøre begge deler, for vi må jobbe fortløpende med dette. Arbeidet kan ikke stoppes opp av at vi avventer Scheel-utvalgets innstilling. Så jeg tror vi må både jobbe fortløpende og melde fra til Stortinget om det arbeidet som gjøres, og gjøre en mer samlet vurdering når vi har fått noen av de sakene som jeg her har redegjort for er i gang. Gjennomgang av virkemiddelapparatet er en annen slik sak.

Så jeg tror vi må gjøre begge deler, og vi er utålmodige, så vi er i gang med arbeidet og kommer til å levere dette så fort vi kan.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [19:05:15]: Eg lurer litt på korleis ministeren ser for seg «mikro-AS»? For eg reknar med at det har vore ein dialog mellom komiteen og ministeren på dette området, og at når ein no har ein einstemmig komité bak det, at ministeren har begynt å gjere seg opp ei meining om det.

Så da er mitt enkle spørsmål: Kva ser ein for seg at forskjellen vil vere mellom mikro- og makro-AS og enkeltpersonføretak?

Statsråd Monica Mæland [19:05:50]: Jeg har ikke gjort meg opp noen oppfatninger av disse tingene. Vi overtok i Nærings- og fiskeridepartementet ansvaret for selskapsretten ved nyttår. Jeg er opptatt av at slike lover og regler utformes på en grundig og klok måte, fordi det har en så enorm betydning. Så vi har sagt at dette er noe vi vil gjennomgå. Dette er en idé som har vært oppe flere ganger og som vi vil se nærmere på, og vi må komme tilbake til utformingen av det.

I tillegg er det slik at EU har innført et mikroregnskapsdirektiv, slik andre har vært inne på, for regnskap for små selskaper, og finansministeren har sagt at de vurderer hvordan innretningen av dette skal være på norsk side. Så dette må vi rett og slett komme tilbake til.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Ove Bernt Trellevik (H) [19:06:53]: Debatten vitnar om at det er eit samla storting som er oppteke av at me skal ha gode rammevilkår for bedriftene våre, spesielt for små og mellomstore bedrifter og ikkje minst for dei nyskapande entreprenørane som er ute i samfunnet.

Me fekk òg nokre kommentarar undervegs her. Torgeir Knag Fylkesnes stilte spørsmål under debatten, men òg under replikkordskiftet med statsråden, og fekk svar der.

Når det gjeld organiseringa av mikroselskap, ser eg òg for meg at dette kravet til aksjekapital er ei sak som regjeringa vil vurdera. Så ser eg fram til at Scheel-utvalet kjem med sine tilrådingar. Det er slik i dag at mange sjølvstendige næringsdrivande beklagar seg over at dei betaler mykje meir skatt som sjølvstendig næringsdrivande enn dei ville ha gjort viss dei hadde vore i eit aksjeselskap. Så eg håpar at dette er ein del av det som Scheel-utvalet vil kikka på, og som me kan få ut av dette. I tillegg til det er det både avskrivingsreglar og andre ting som det kan vera lurt å sjå på, og som er ein forskjell mellom det å driva eit selskap og det å vera sjølvstendig næringsdrivande, ettersom eg forstår.

Det var dei avklaringane. I tillegg har eg lyst til å koma med ein liten presisering og det gjaldt mitt eige innlegg: Der sa eg sa at det måtte utviklast eit regelverk som etablerer små bedrifter som erstatning for personlege selskap, og då tenkte eg ikkje at dette med å vera sjølvstendig næringsdrivande og ha eit personleg selskap skulle fasast ut, men at det må koma i tillegg. Det var berre ei presisering frå mi side.

Terje Breivik (V) [19:08:50]: Både innlegget og replikken til representanten Heggø viser at ho og Arbeidarpartiet har misforstått litt kva gjeld regelråd. No svarte ministeren eigentleg eksemplarisk godt på svært avgrensa taletid, men eg har likevel eit behov for å supplera litt. Det dette er snakk om, er jo eit næringslivets forenklingsorgan som kjem i tillegg til alle andre forenklingstiltak og det arbeidet som eg oppfatta at næringsministeren og regjeringa er i gang med, og som eigentleg fortset det arbeidet som førre regjeringa skal ha honnør for at dei gjorde. Men hovudhensikta til eit slikt forenklingsorgan er jo, som ministeren starta på å seia, å gå systematisk igjennom alt som vert laga av nye lover, reglar, føresegner – you name it – av statsapparatet, som influerer på næringslivet sin kvardag. Regelrådet har kompetanse, både fagleg og juridisk, til å seia at viss hensikta med den regelen ikkje står i høve til meirarbeidet og meirkostnadane dette påfører næringslivet, kan dei senda det tilbake til regjeringa og seia: Sorry, dette er ikkje godt nok, her må dei gjera jobben på nytt.

Erfaringane frå Sverige viser at ein sender tilbake så mange som 40–50 og opp til 60 pst. av sakene, noko som viser kor nødvendig det er å ha ei næringslivets vaktbikkje også når det gjeld det som vert produsert av nye lovar og reglar.

Så har eg lyst til, når eg likevel har ordet, seia som ein av forslagsstillarane, at eg er veldig fornøyd med debatten elles og ikkje minst med utfallet av saka. Eg er òg veldig fornøyd med det eg oppfattar som ei felles haldning og forståing for at dei minste føretaka og enkeltmannsføretaka nødvendigvis har nokre utfordringar som ikkje alle andre har, under paraplyen: Det som er bra for dei små, er nesten alltid og utan unntak òg bra for dei store. Det er ikkje nødvendigvis motsett.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 14.

Votering i sak nr. 14

Komiteen hadde innstilt:

I

Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av enkeltpersonforetaks rammevilkår som skattemessige betingelser, sosiale rettigheter, forenklingstiltak, tilgang på kapital og det offentlige virkemiddelapparatets innretning og innsats, med sikte på å senere fremme konkrete forslag til forbedringer.

II

Stortinget ber regjeringen vurdere om det bør utvikles et regelverk som etablerer småbedriften som en egen juridisk enhet, og i tilfelle hvordan det kan gjøres. I tillegg bes det om at rammebetingelser som er spesielt tilpasset små bedrifter, defineres. Stortinget ber om at det i vurderingen særlig tas hensyn til de små bedriftenes behov for enkle regler som ikke medfører unødvendige administrative byrder, og til likebehandling når det gjelder sosiale rettigheter, skatter og avgifter.

III

Dokument 8:52 S (2013–2014) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Pål Farstad og Terje Breivik om en helhetlig gjennomgang av rammebetingelsene for enkeltpersonforetak – vert lagt ved protokollen.

Presidenten: Det voteres over I og II.

Votering:Komiteens innstilling til I og II ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over III.

Votering:Komiteens innstilling til III ble enstemmig bifalt.