Minnetale over tidligere stortingsrepresentant Berit Ås
Presidenten [10:00:20 ]: Vyrde medrepresentantar!
Den 14. september 2024 gjekk Berit Ås bort
i ein alder av 96 år. Med henne mista Noreg ein av sine mest markante,
klokaste og modigaste røyster – ein pioner for likestilling, rettferd
og kunnskapsbasert politikk.
Berit Ås vaks opp i Fredrikstad, i ein heim
der kunnskap og utdanning stod i høgsetet, der begge foreldra hennar
var lærarar. Ås viste tidleg engasjement mot maktmisbruk då ho som
femåring arrangerte basar til inntekt for Dyrebeskyttelsen, og som
skulejente organiserte ho – med stort alvor – ein demonstrasjon
mot rektor for at ungane skulle få lov til å leika hauk og due i
skulegarden. Ho lærte tidleg at røysta hennar hadde kraft, og at
ho kunne forandra noko, og ho viste kva demokrati kunne utretta.
Ås vart ei av vår tids viktigaste røyster for
kvinnekamp og likestilling, og ho var ein av dei første som kopla
forsking og politikk slik at det gjorde ein konkret forskjell i
livet til folk. Som nyutdanna psykolog jobba ho tidleg med kjønnsperspektiv,
og hennar første store forskingsprosjekt handla om ulikskapar i
ulykker, samtidig som ho sette kunnskap for å betra trafikksikkerheita
ut i live gjennom lokalpolitikken i Asker. Ho var ein av våre første
trafikksikkerheitsforskarar, og arbeidet hennar på feltet er viktig
den dag i dag.
Berit Ås var aktiv i lokalpolitikken i Asker
og blei varaordførar etter «kvinnekuppet» i 1971, der ho var ein
av initiativtakarane. Kvinner ville inn i kommunestyra for å løfta
viktige velferdssaker, som barnehage, førskule og trafikksikkerheit
for mjuke trafikantar opp på den politiske agendaen. Dette var saker
som ikkje blei prioriterte i eit mannsdominert kommunestyre, og
som var heilt essensielle for at kvinner skulle kunne ta lønna arbeid og
delta på like vilkår i samfunnet.
Ås var landets første kvinnelege partileiar,
først i Demokratiske sosialistar, frå 1973, og så første leiar for
Sosialistisk Venstreparti, i 1975, og ho var stortingsrepresentant
frå 1973 til 1977.
Ho har vore eit forbilde for andre kvinner
i politikken heile livet. Arbeidet hennar med hersketeknikkane har
vore uvurderleg for å setja ord på noko særleg kvinner møter i politikken,
og for å bevisstgjera oss på korleis me behandlar kvarandre. Ho
gav oss eit viktig verktøy for å forstå makt, motmakt og mekanismane
som verkar i det stille. Mange har kjent seg igjen i hennar skildringar og
funne styrkje til å stå imot.
Ås var ikkje berre folkevald og akademikar.
Ho via livet sitt til noko større enn seg sjølv – til fredsarbeid, kvinnefrigjering
og rettferd, både her heime og internasjonalt. Ho var ei sentral
kraft i både fredsrørsla og kvinnerørsla i Noreg og i verda. Ho
leia den norske avdelinga av kvinnenes internasjonale fredsaksjon
frå 1960 til 1966, og ho var stiftar og leiar av Kvinneuniversitet
på Løten, no Likestillingssenteret.
Ås hadde eit langt og aktivt liv i politikken
og akademia, med mange publikasjonar og viktige bøker. Hun blei
utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1977 og mottok
mange utmerkingar for eit viktig akademisk liv, med æresprofessorat
i USA, Danmark og Sverige. Ho har vore ein inspirator og vil inspirera
stadig nye generasjonar.
Me lyser fred over minnet til Berit Ås.
Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.
Presidenten [10:05:12 ]: Representantane
Anette Trettebergstuen , Siv Mossleth , Mona Nilsen ,
Rigmor Aasrud , Marian Hussein og
Ingjerd Schie Schou , som har vore permitterte,
har igjen teke sete.
Følgjande innkalla vararepresentantar tek no
sete:
For Vest-Agder: Jorunn Gleditsch Lossius
For Akershus: Anita Patel ,
Tore Grobæk Vamraak , Kari Mette Prestrud og Rita Hirsum Lystad
For Buskerud: Lavrans Kierulf
For Hordaland: Charlotte Spurkeland
For Møre og Romsdal: Jan Steinar Engeli Johansen og Gunnhild Meringdal
For Nordland: Trine Fagervik
For Oslo: Eirik Lae Solberg
For Rogaland: Marte Eide Klovning
For Sør-Trøndelag: Jan Grønningen og
Maren Grøthe
For Vestfold: Camilla Maria Brekke
For Østfold: Bjørnar Laabak og
Lars Vegard Fosser
Frå den møtande vararepresentanten for Rogaland, Hadle
Rasmus Bjuland , ligg det føre søknad
om fritak frå å møta i Stortinget i dagane 6. og 7. mai under representanten
Olaug Vervik Bollestads permisjon, av velferdsgrunnar.
Etter forslag frå presidenten blei samrøystes
vedteke:
Søknaden vert handsama straks og vedteke.
Vararepresentanten, Anne Kristin Bruns ,
blir innkalla for å møta i permisjonstida.
Presidenten [10:06:22 ]: Anne Kristin
Bruns er til stades og vil ta sete.
Val av setjepresident
Presidenten [10:06:36 ]: Presidenten
vil gjera framlegg om at det blir valt ein setjepresident for stortingsmøtet
i dag, og ser det som vedteke.
Presidenten vil tilrå Ingjerd Schie Schou.
– Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten reknar Ingjerd Schie
Schou som samrøystes vald som setjepresident for stortingsmøtet
i dag.
Før sakene på møtekartet blir tekne opp til
handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i Stortinget måndag
26. mai blir sett kl. 10.00 – ikkje kl. 12, som tidlegare annonsert.
Det blir også votering den dagen kl. 15.
Vidare vil presidenten opplysa om at møtet
i dag held fram utover kl. 16.00, og i dag er det votering ved slutten
av møtet.