Representantforslag frå stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel, Elisabeth Aspaker, Olemic Thommessen, Svein Harberg og Siri A. Meling om å leggje til rette for å prøve ut ulike modellar for grunneigarstyrt forvalting av verneområde eller område som vert vurdert verna

Til Stortinget

Privat eigedomsrett ein viktig verdi

Den private eigedomsretten er djupt rotfesta i norsk kultur og hjå det norske folk. Eigedomsretten gjev ei personleg interesse for å forvalte eigedomen i eit langsiktig perspektiv, og at verdiane på den måten vert haldne i hevd i generasjonar. Det er på same tid brei semje om at eigedomsretten må ha sine grenser, og at det i visse tilfelle er naudsynt å krevje at eigaren seier frå seg eigedomen eller råderetten over eigedomen når sterke samfunnsinteresser tilseier det.

Det er allmenn aksept for plikta til å ta vare på miljøet slik at komande generasjonar kan ha like stor glede og nytte av naturen som menneskja som lev i dag. I denne samanheng står forvaltinga av landet sine areal sentralt. Noreg er eit vakkert land, med store naturverdiar. Dei fleste av desse ligg i distrikts-Noreg, og utviklinga og vedlikehaldet av naturverdiane har skjedd gjennom varsam lokal bruk.

Det biologiske mangfaldet er utvikla naturleg over lang tid og gjennom kulturpåverknad. Forslagsstillarane vil ta vare på det biologiske mangfaldet for komande generasjonar, og meiner det vert gjort best gjennom ein kombinasjon av vern og berekraftig bruk. Skal ein sikre det biologiske mangfaldet, må ein også sikre områda der artene lever. Forslagsstillarane vil difor framleis verne område med urørd natur gjennom oppretting av naturreservat, nasjonalparkar og landskapsvernområde. Oppretting og utviding av verneområde er eit ansvar statlege styresmakter har etter naturmangfaldlova.

Konflikt ved statleg vern og forvalting

På same tid er det grunn til å sjå nærare på ulike modellar for korleis verneområda vert forvalta og å være kritisk til måten staten utøver si forvalting i verneområda på. Dei siste10 åra har råderetten over store areal og verdiar vorte overført frå lokale styresmakter og grunneigarar til statlege styresmakter. Dette er eit brot på ein lang tradisjon der lokalsamfunn og enkeltmenneskje sjølv tek vare på område og verdiar. Ein opplever at denne prosessen fører til konflikt og ei form for tillitskrise mellom mange lokalsamfunn og grunneigarar på den eine sida, og sentrale styresmakter på den andre. Med statleg vern og forvalting opplever ein:

  • Tap av eigedomsrett.

  • Umyndiggjering og innskrenka råderett.

  • Byråkratisk detaljstyring.

  • Demokratisk underskot.

  • Manglande dialog mellom staten og grunneigarane/brukarane.

Mange stader ser ein at når staten tek over ansvaret for verneområde som tidlegare har vore forvalta av private grunneigarar, så fører det til at grunneigarane trekk seg tilbake og forfallet startar. Det er ingen tente med, verken grunneigarane eller naturverdiane.

Eit døme på slike konfliktar ser ein i Ormtjernkampen – Skaget nasjonalpark i Valdres. Grunneigarane i Skrautvål sameige, Steinsbygda sameige og Ton og Lenningen utmarkslag i Nord-Aurdal og Etnedal kommunar har i alle tider teke vare på naturområda på ein god måte. Sjølvråderetten har gjeve dei makt til å stå imot styresmaktene sine planar om kraftutbygging og storstilt hytteutbygging. Skjøtselen har alltid gått i retning av å verne naturen, drive jakt og fiskepleie og ta vare på støls- og hyttedrift. No opplever desse sameigene at staten «takkar for innsatsen» ved å ønskje å ta råderetten frå dei og innlemme området i Ormtjernkampen – Skaget nasjonalpark.

Mange protestar frå lokalmiljøet understrekar at konsekvensen ved eit statleg vern vil gå på kostnad av ulike former for husdyrbruk, mellom anna beiting, støling og andre aktivitetar knytte til både primærnæring og lokalt engasjement. Næringane er i grenseland for det lønsame i dag, og meir byråkrati, tap av eigedomsrett og statleg innblanding kan føre til at fleire gjev opp. Tidlegare drift av området har tilsvara mange tital, til dels uløna stillingar, sidan mykje av aktiviteten som finst er tufta på engasjement og dugnadsånd. Dette frivillige engasjementet forsvinn når staten overtek forvaltinga av området.

Grunneigarstyrt forvalting

Forslagsstillarane er ikkje i tvil om at grunneigarstyrt forvalting er eit langt betre alternativ for alle partar. Skrautvål sameige har, gjennom brev til dåverande miljøvernminister Erik Solheim, føreslege eit alternativ til statleg vern – den såkalla «Fullsennmodellen» med grunneigarstyrt forvalting. Dette alternativet kunne halde oppe grunneigarengasjementet og danna grunnlaget for ei vidare forvalting som tok vare på områda på ein fullt ut forsvarleg måte.

Grunneigarstyrt forvalting må byggje på:

  • Lokalkunnskap og ansvar

  • Dugnadsånd

  • Demokrati

Forslagsstillarane meiner at miljø- og arealforvalting i langt større grad må byggje på lokalt sjølvstyre og respekt for eigedomsretten. Omsynet til enkeltpersonar og lokalsamfunn må takast betre vare på. Samanhengen mellom bruk og vern av natur er viktig. Aktiv næringsverksemd er i dei fleste tilfelle det same som forsvarleg naturforvalting. Dette er bygd på tillit til at grunneigarane forvaltar sin eigedom ut frå prinsippet om fridom under ansvar.

Forslagsstillarane ønskjer difor at styresmaktene prøver ut ulike modellar med grunneigarstyrt forvalting. Den eine modellen er der grunneigarstyrt forvalting kan kome i staden for statleg vern. Den andre modellen er der statlege styresmakter vedtek oppretting og utviding av verneområde, men der dei aktuelle grunneigarane sjølv står for forvaltinga gjennom avtaler med miljøstyresmaktene med rammer for kva slag aktivitet som kan tillatast i verneområde. Slike forsøksprosjekt bør ha ei lengd på minimum 5 år, og deretter ei evaluering og tilbakemelding til Stortinget.

I ein forvaltingsmodell med grunneigarstyrt forvalting får demokratiske og inkluderande sameiger i oppgåve å utforme ei tidsrett, sosial, kulturell, økonomisk og økologisk berekraftig forvalting. Denne skal vere i dialog med miljøstyresmaktene. Døme på kva ein slik forvaltingsplan kan handle om:

  • 1. Sikre livs- og berekraftig bruk og pleie gjennom landbruksverksemd, jakt, fiske og vern av bufe, noko som er ein føresetnad for å ta vare på det verdifulle kulturmiljøet og biologisk mangfald i området.

  • 2. Sikre eventuelle leveområde for trua arter gjennom frivillig vern av nøkkelbiotopar.

  • 3. Vere eit langsiktig styringsreiskap som også opnar for innsyn for styresmaktene og interesseorganisasjonar slik at kontroll med sameiga i praksis vert mogleg.

Ein slik modell vil ta omsyn til naturen og område som er spesielt sårbare for inngrep. Sameiga vil ved gjennomføring av prosjektet rådføre seg med faglege kompetente miljø, for å overføre meir kompetanse til brukarane og folk som vitjar området, i tillegg til at praktiske røynsler vert ført tilbake til det akademiske miljøet. Dette vil for framtida byggje større kunnskap om vern av området og grunnverdiane i området, og vil vekse seg sterkare i komande generasjonar.

Gjennomføring av ein slik forvaltingsmodell vil kunne føre til:

  • Framleis stort engasjement frå grunneigarar og bygdefolk, og truleg redusert «eksport» av ungdom til sentrale strøk.

  • Hindre ei større vernekonflikt.

  • Styrka bruks- og verneverdi gjennom å arbeide mot gjengroing, og vedlikehald av kulturlandskapet – gjerder, beitemark, ferdsleårer m.m. Rydding av gytebekker og viltpleie.

  • Stor glede for ålmenta ved å sjå levande bygder, vern av arbeidsplassar og støtte til framtidig matvareproduksjon i bygdene.

  • Eit svært godt styresett både når det gjeld eigarstruktur og lokaldemokrati.

  • Moglegheit for innsyn for lokale og sentrale styresmakter.

  • Mindre byråkrati.

  • Framleis sikring av det biologiske mangfaldet og utvikling av kulturlandskapet i samsvar med dagens og framtida sitt jordbruk, jakt, fiske og friluftsliv.

  • At storsamfunnet kan få glede av dette også i andre deler av landet der ein ser at verneverdiane er i forfall når engasjement frå lokalbefolkninga ikkje lenger er til stades.

Forslag

På denne bakgrunn legg ein fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa setje i verk forsøksprosjekt med ulike modellar for grunneigarstyrt forvalting av område som vert verna eller som vert vurdert verna, og på ein eigna måte melde tilbake til Stortinget om erfaringane med dette etter avslutning av forsøksperioden.

8. mai 2013