I Stortingets møte 15. juni 2015 ble det gjort
slikt
§ 1 Virkefelt
Denne lova gjeld leverandørar av kassasystem som nemnt
i § 2 bokstav e. Lova fastsett krav til kassasystem mv. som blir
tilbode for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt
i bokføringslova § 2.
§ 2 Definisjonar
I denne lova tyder
a) kontantsal: sal av varer og tenester der kjøparen si
betalingsplikt overfor seljar blir gjort opp ved levering, ved bruk
av betalingskort eller kontantar som betalingsmiddel. Sal over internett
eller ved oppkrav blir ikkje rekna som kontantsal,
b) betalingskort: debetkort, kredittkort og faktureringskort,
c) kontantar: andre betalingsmiddel enn betalingskort,
d) kassasystem: kassaapparat eller anna elektronisk system
for registrering av kontantsal og utskrift av salskvittering,
e) leverandør av kassasystem: produsent eller importør som
enten sjølv eller gjennom forhandlar sel eller tilbyr kassasystem
mv. for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt
i § 1, og forhandlarar og andre som tilpassar kassasystem for dei
bokføringspliktige,
f) ID-nummeret til kassasystemet: ein unik identifikator
for kassasystemet.
§ 3 Krav til kassasystem
(1) Eit kassasystem skal vere innretta slik at det enkelt
kan vurderast om det er i samsvar med føresegner gitt i medhald
av lova. Opplysingar om modell, type og versjon av kassasystemet,
med ID-nummeret til kassasystemet, skal vere lett tilgjengeleg.
(2) Det skal finnast ei systemskildring av oppbygginga
til kassasystemet og alle funksjonane i systemet. Systemskildringa
skal følgje med kassasystemet ved sal, utleige eller utlån.
§ 4 Bistand og plikt til utlevering av programvare mv.
(1) Leverandørar av kassasystem skal gi skattekontoret
naudsynt bistand til innsyn i kassasystemet.
(2) Skattekontoret kan krevje å få utlevert programvare,
servicenøklar, servicemanual, programmeringsverktøy og programmeringsmanual
mv. for kassasystemet frå leverandøren av kassasystemet. Det skal
fastsetjast ein frist for oppfylling.
§ 5 Produktfråsegn
(1) Leverandøren av eit kassasystem skal levere ei produktfråsegn
til skattekontoret om at kassasystemet oppfyller krava i § 3 og
krava i føresegnene gitt i medhald av lova. Produktfråsegna skal
leverast før kassasystemet blir tilbode for sal, utleige eller utlån
og ho skal oppdaterast ved nye versjonar av kassasystemet.
(2) Ved sal, utleige eller utlån skal produktfråsegna følgje
med kassasystemet.
§ 6 Utbetring av manglar mv.
(1) Blir ein leverandør av kassasystem merksam på at eit
kassasystem ikkje tilfredsstiller krav etter forskrift gitt i medhald
av lova, skal leverandøren utan ugrunna opphald melde frå om dette
til skattekontoret og utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet
frå marknaden.
(2) Dersom skattekontoret avdekkjer eller blir merksam
på manglar som nemnt i første ledd, kan leverandøren bli gitt ein
frist for å utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet frå marknaden.
§ 7 Tvangsmulkt
(1) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje
har retta seg etter pålegg om å utlevere programvare mv. etter § 4
andre ledd innan den fastsette fristen, ei dagleg laupande tvangsmulkt
fram til utlevering skjer. Tvangsmulkta utgjer eitt rettsgebyr per dag,
jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd.
(2) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje
har retta seg etter pålegg om å utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet
frå marknaden etter § 6 andre ledd innan den fastsette fristen,
ei dagleg laupande tvangsmulkt fram til utbetring skjer. Tvangsmulkta
utgjer ti rettsgebyr per dag, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd.
(3) Samla tvangsmulkt kan ikkje overstige ein million kroner.
(4) Vedtak om tvangsmulkt blir retta mot styret i selskap,
samvirkeføretak, foreining, innretning eller organisasjon og blir
sendt kvart medlem i rekommandert brev. Tvangsmulkta kan inndrivast
så vel hos medlemane av styret som hos selskapet, samvirkeføretaket,
foreininga, innretninga eller organisasjonen.
(5) Vedtak om tvangsmulkt kan klagast inn til Skattedirektoratet
innan tre veker.
(6) Tvangsmulkta blir overførd til statskassen.
§ 8 Brotsgebyr
(1) Dersom leverandøren av kassasystemet ikkje har levert
produktfråsegn etter § 5, eller kassasystemet ikkje oppfyller krava
i § 3 eller i forskrift gitt i medhald av denne lova, kan skattekontoret
påleggje leverandøren av kassasystemet brotsgebyr.
(2) Brotsgebyr blir ikkje pålagt når leverandøren har følgt
føresegna i § 6 første ledd. Dette gjeld likevel ikkje dersom melding
om feilen kan reknast som framkalla ved kontrolltiltak som er eller
vil bli sett i verk, eller ved opplysningar som skattekontoret har fått
frå andre.
(3) Brotsgebyret utgjer 30 rettsgebyr, jf. rettsgebyrloven
§ 1 andre ledd. Ved ytterlegare feil i same type kassasystem innan
tolv månader etter at førre brotsgebyr blei pålagt, utgjer brotsgebyret
60 rettsgebyr.
(4) Vedtak om brotsgebyr kan klagast inn til Skattedirektoratet
innan tre veker.
(5) Brotsgebyret blir overførd til statskassen.
§ 9 Forskriftsheimel
Skattedirektoratet kan gi forskrifter som utfyller føresegnene
i denne lova, og fastsetje ytterligare krav når det er naudsynt
av omsyn til pliktig rekneskapsrapportering eller skatte- og avgiftskontroll.
§ 10 Iverksetjing
Lova tek til å gjelde 1. januar 2017.
Olemic Thommessen |
president |