Vedtak til lov om endringar i inndelingslova og kommuneloven (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

I Stortingets møte 7. juni 2016 ble det gjort slikt

vedtak til lov om endringar i inndelingslova og kommuneloven (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

I

I lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) skal desse endringane gjerast:

§ 29 nr. 4 skal lyde:

  • 4. Bestemmelsene gjelder ikke for kommunale eller fylkeskommunale foretak, jf. kapittel 11. Bestemmelsene i § 30 nr. 4, §§ 31, 31 a, og § 32 nr. 3 og §§ 36 til 38 a kommer likevel til anvendelse.

§ 32 nr. 3 skal lyde:

  • 3. Saklisten til møtet og andre dokumenter som ikke er unntatt fra offentlighet, skal være tilgjengelig for allmennheten. Møte i folkevalgte organer skal kunngjøres på hensiktsmessig måte. Dette gjelder også møter som det må antas vil bli helt eller delvis lukket etter § 31.

§ 60 nr. 1 bokstav c, d og ny bokstav e skal lyde:

  • c. kommunestyret eller fylkestinget etter § 48 nr. 4 har vedtatt at et regnskapsmessig underskudd skal fordeles ut over det påfølgende budsjettår etter at regnskapet er framlagt,

  • d. kommunen eller fylkeskommunen ikke følger vedtatt plan for dekning av underskudd, eller

  • e. departementet har fattet vedtak etter inndelingslova § 16 a.

§ 62 nr. 2 skal lyde:

  • 2. I kommuner eller fylkeskommuner med parlamentarisk styreform kan kommunestyret eller fylkestinget selv delegere sin myndighet etter bestemmelsene i dette kapitlet til kommunerådet eller fylkesrådet. Myndigheten til å treffe vedtak om å opprette eller nedlegge kommunalt eller fylkeskommunalt foretak kan ikke delegeres. Kommunerådet eller fylkesrådet kan videredelegere sin myndighet til enkeltmedlemmer av rådet, hvis ikke kommunestyret eller fylkestinget selv har bestemt noe annet.

§ 68 nr. 2 skal lyde:

  • 2. Styrets leder innkaller til styremøte. Innkallingen skal skje med rimelig varsel, og inneholde en sakliste.

§ 70 nytt femte punktum skal lyde:

Kommunerådet eller fylkesrådet kan videredelegere denne myndigheten til enkeltmedlemmer av rådet hvis ikke kommunestyret eller fylkestinget selv har bestemt noe annet.

II

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) skal desse endringane gjerast:

§ 3 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Departementet kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering, dersom området har ein mindre del av innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke som skal leggjast til andre kommunar eller fylke etter andre ledd bokstav b.

Ny § 16 a skal lyde:

§ 16 a Robek-status ved samanslåing

Dersom éin eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane som skal slåast saman, oppfyller vilkåra i kommuneloven § 60 nr. 1, kan departementet fram til samanslåinga blir sett i verk, bestemme at den nye kommunen eller fylkeskommunen skal følgje krava om godkjenning og kontroll i kommuneloven § 60 nr. 1 og 2. Dette gjeld berre dersom kommunen eller fylkeskommunen ikkje kan ventast å dekkje inn meirforbruk frå før samanslåinga innan to år, og det etter departementet si vurdering er behov for godkjenning og kontroll.

Ny § 16 b skal lyde:

§ 16 b Kommunesamanslåing og forkjøpsrett til aksjar

Når aksjar skiftar eigar frå ein kommune til ein annan kommune eller frå ein fylkeskommune til ein annan fylkeskommune som følgje av samanslåing eller deling etter denne lova, gjeld ikkje reglane i aksjeloven § 4-15 andre og tredje ledd og § 4-19 første ledd.

§ 17 andre ledd bokstav d og ny bokstav e skal lyde:

  • d) reglar om fristar og vilkår for å krevje inn eigedomsskatt

  • e) reglar om den inneverande kommunestyreperioden og om samansetjing av kommunestyret, slik at kommunane kan velje kommunestyret i den nye kommunen av og blant kommunestyra sjølve og korte ned kommunestyreperioden for dei som ikkje blir valde. Dei same unntaka kan gjerast for fylkestinga.

§ 25 nytt fjerde punktum skal lyde:

Departementet kan gjere unntak frå kravet om slikt felles møte.

Noverande fjerde punktum blir nytt femte punktum.

§ 26 første ledd skal lyde:

Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar og ved deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga eller delinga. Nemnda bør spegle av innbyggjartalet i dei enkelte kommunane eller fylkeskommunane. Det skal likevel vere minimum tre medlemmer i nemnda frå kvar kommune eller fylkeskommune. Fellesnemnda blir valt av og blant medlemmene i kommunestyret eller fylkestinget. Også medlemmer av kommunerådet eller fylkesrådet kan veljast. Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde organ gjeld elles tilsvarande.

III

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei einskilde føresegnene til ulik tid.

Olemic Thommessen
president