Lov om endringer i lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett

År 2001 den 29. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov om endringer i lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett

I

I lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett vert gjort følgjande endringar:

§ 2 a skal lyde :

Barn under 18 år, som ikkje får norsk borgarrett etter §§ 1 eller 2, får norsk borgarrett etter faren såframt han har teke på seg farskapen i samsvar med reglane i lov 8. april 1981 nr 7 om barn og foreldre § 4 eller farskapen er fastsatt ved dom, og faren var norsk borgar då barnet vart fødd. Dersom faren døydde før barnet vart fødd, men hadde teke på seg farskapen, eller farskapen seinare vert fastsett ved dom, er det avgjerande om faren var norsk borgar då han døydde. For farskap som fylgjer av utanlandsk lov gjeld reglane i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre § 67.

Det er eit vilkår at den eller dei som har foreldreansvaret for barnet, gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta Kongen fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeven inn dersom det har fylt 12 år.

§ 8 skal lyde:

Norsk borgar som er født i utlandet, misser den norske borgarretten når han fyller 22 år såframt han før den tid aldri har budd i riket og heller ikkje har hatt tilhald her som tyder på samhøyrsle med Noreg, såframt han då ikkje vert utan borgarrett i noko land. Men søkjer ein slik borgar, før han fyller 22 år, om å få ha retten, kan Kongen eller den han gjev fullmakt la søkjaren få brev på det. Reglane i leden her gjeld ikkje såframt han har misst den norske borgarretten etter § 9 a andre leden første punktum.

Misser nokon norsk borgarrett etter denne paragrafen, misser likeeins borna hans den norske borgarretten som dei har frå han, såframt barnet då ikkje vert utan borgarrett i noko land.

II

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Jorunn Ringstad Olav Gunnar Ballo
president sekretær