Skriftleg spørsmål fra Rita Tveiten (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:201 (1999-2000)
Innlevert: 14.02.2000
Sendt: 14.02.2000
Svart på: 21.02.2000 av fiskeriminister Lars Peder Brekk

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Kva vil fiskeriministeren gjera for å styrkja testingskapasiteten for blåskjell og kvalitetssikra analysemetodane slik at desse vert harmoniserte i høve til EU-praksis?

Grunngiving

Fleire blåskjellsdyrkarar slit med å koma i gong med hausting og sal ettersom testar tatt av same parti skjell, syner ulikt resultat. Dette heng saman med at analysane er utførte i Noreg og i Danmark. Dette er ein uhaldbar situasjon som kan skapa unødvendige hindringar for ei næring med eit stort potensiale og som er i startfasen.

Lars Peder Brekk (Sp)

Svar

Lars Peder Brekk: I St.prp. nr. 1 (1999-2000 under kap. 1023 post 71 - "Tilskudd til utviklingstiltak" går det fram at det skal øyremerkast 5 mill. kroner til offentleg innsats på skjel i år 2000 - til overvakingsprogram, kvalitetskontroll og sjukdomsspørsmål. Dette er ein auke på 3,5 mill. kr frå 1999. Hovudsatsinga vil bli retta mot kvalitetskontroll, for å sikre at skjel som vert bydd fram og eksportert er helsemessig trygge.

I Noreg vert musetestar for innhald av algegift i skjel i dag berre utført ved Noregs veterinærhøgskule. Ein del av midlane for år 2000 vil difor verte nytta til å få utført musetestar ved eit laboratorium til. På denne måten vil ytterlegare analysekapasitet og kompetanse bli bygd opp i Noreg.

Eg er kjend med at behovet for offentleg innsats på området har auka etter at St.prp. nr. 1 (1999-2000) vart lagd fram sist haust. I Næringskomiteen si innstilling til budsjettforslaget vart Fiskeridepartementet invitert til å komme attende i revidert budsjett, om andre finansieringsløysingar ikkje kan finnast til desse oppgåvene. Fiskeridepartementet vil følgje opp dette.

Den godkjende referansemetoden for testing av marine algegifter er bruk av biologisk metode. Algegiftene ein testar for er i hovudsak PSP og DSP (diarégifter). I tillegg testar ein for andre typar gifter, der den reelle effekten på mennesket er meir ukjend. Analyseresultat kan variere når ein arbeider med biologiske metodar, særleg når ein nyttar forsøksdyr til testane. Det finst variasjonar i analyseresultat på testing i ulike land. I hovudsak ser det ut til å komme av noko ulik praksis i forhold til korleis ein vektlegg undersøkinga av dei andre typar gifter som kan førekomme i tillegg til PSP og diarégiftene. Noreg har lagt seg på ein praksis, jf tilrådingane frå EUs referanselaboratorier, der ein også testar for desse andre gifttypane. Dette heng saman med at algegiftbildet i fleire norske fjordområde er komplisert. Det kan også sjå ut som om enkelte norske fjordområde har eit meir komplisert algegiftbilde enn mange område i EU.

Noregs veterinærhøgskule er Noregs referanselaboratorium på området marine algegifter, og representerer Noreg i det internasjonale arbeidet på området, blant anna i utval med EUs referanselaboratorier. Problemstillinga som kjem fram i Dykkar brev, vil Noreg ta opp i desse internasjonale utvala.

Internasjonalt blir det ikkje sett andre grenseverdiar for desse stoffa før det føreligg meir dokumentasjon om giftene. Dette er eit viktig område for Noreg, jf det kan synast som om algegiftbildet i enkelte område i Noreg er komplisert med omsyn på desse giftene. Det er i denne samanhengen at det er viktig å bygge opp den kjemiske analyse-kapasiteten, noko som krev investeringar i utstyr ved Noregs veterinærhøgskule. Fiskeridepartementet fann ikkje dekning for dette innanfor budsjettet for i år, men arbeider for at dette kan få prioritet framover, jf Næringskomiteen si innstilling til budsjettforslaget. Departementet vil derfor komme attende til dette i samband med revidert budsjett.

Mattryggheit er avgjerande for å etablere norske skjel i den internasjonale marknaden. Enkelte område og lokalitetar i Noreg har synt seg å ha eit meir komplisert algegiftbilde enn andre. Ein kan ikkje analysere bort innhald av algegift i skjel, og auka prøvetaking frå slike lokalitetar vil ikkje alltid gje som resultat at skjela kan omsetjast. I staden må Noreg baseres seg på eit utviklingsarbeid for å få kartlagt giftene og effektane av desse, og utvikle betre analysemetodar for sikre resultata av dei ulike typane algegifter som kan førekomme.