Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:352 (2000-2001)
Innlevert: 24.04.2001
Sendt: 25.04.2001
Svart på: 02.05.2001 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Bjoa Montesorriforening søkte i juni 2000 om å få godkjent Bjoa Montesorriskole som støtteberettiga etter privatskulelova. Søkjaren tar sikte på starte undervisninga fra hausten 2001, men har enno ikkje fått svar frå departementet.
Kva er årsakene til at det tar så lang tid å få avgjort ein søknad om oppretting av ein skule etter anerkjente Montesorriprinsipp?

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Som representanten Løvik opplyser, søkte Bjoa Montessoriforeining i juni månad 2000 om godkjenning av Bjoa Montessoriskule etter privatskulelova.
Det er viktig at departementet bruker tilstrekkeleg tid på behandlinga av søknader om godkjenning av nye skular etter privatskulelova. Eg vil særleg vise til at elevane skal sikrast ein kompetanse som svarer til den som blir gitt i offentleg skule. Søknader om godkjenning etter privatskulelova reiser generelt også mange prinsipielle og juridiske problemstillingar som må løysast undervegs i prosessen. I tillegg vil eg peike på at departementet i løpet av det siste året har fått ei rekkje søknader om godkjenning etter privatskulelova. Det tek derfor noko tid å vurdere søknadene.
Som eg tidlegare har opplyst i Stortinget, har departementet som mål at behandlinga i samband med godkjenning av nye skular ikkje skal ta særleg lengre tid enn eitt år, når søknadene oppfyller dei fastsette krava om kvalitet og inneheld alle nødvendige opplysningar. Dette har også Bjoa Montessoriforeining fått melding om. Eg viser til brev til foreininga datert 15. juni 2000 og 6. desember 2000.
Eg kan stadfeste at søknaden frå Bjoa Montessoriforeining vil bli behandla etter den ovannemnde målsetjinga.