Skriftleg spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:288 (2002-2003)
Innlevert: 05.02.2003
Sendt: 06.02.2003
Svart på: 12.02.2003 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Importørar og produsentar av elektriske og elektroniske produkt er lovpålagd gjennom EE-forskrifta å delta i eit system for innsamling og sanering av avfall samt å rapportera årleg til SFT. Forsvaret omfattas av EE-forskrifta, men har etter tre års sakshandtering ikkje makta å etterleva miljøkravet.
Vil statsråden sørgje for at Forsvaret straks oppfyller lovpålagde plikter?

Grunngiving

Elektrisk og elektronisk avfall inneheld til dels store mengder tungmetall som kan vera skadelege for helsa og miljøet. Verksemder som importerar slike produkt kan anten laga sitt eige system for innsamling og slutthandsaming av EE-avfall, eller delta som medlem i eit returselskap i den kollektive landsdekkande ordninga. Den kollektive ordninga finansieras gjennom eit miljøgebyr for produkt som importeras til Noreg. Forsvaret er ikkje medlem av nokon av dei tre etablerte returselskapa. Likevel har fleire hundre tonn EE-avfall frå Forsvaret blitt fasa inn i retursystema og slik påførd medlemsbedriftene betydelege kostnader. Sakshandsaminga i Forsvaret viser at alle forsvarsgreiner og Forsvarets overkommando har vært klar over sine plikter sidan 1999. Forsvaret har jamvel på eit tidleg stadium fått avklart frå SFT at dei i denne samanhengen påleggast dei same pliktane som sivile bedrifter og organisasjonar.

Kristin Krohn Devold (H)

Svar

Kristin Krohn Devold: Forsvaret er kjent med EE-forskrifta som pålegg alle importørar og produsentar av elektriske og elektroniske produkt til å ta del i eit system for innsamling og sanering av kasserte elektroprodukt og dette miljøkravet aktar Forsvaret å sjølvsagt å rette seg etter.
Mykje av Forsvaret sitt elektriske og elektroniske materiell som i dag vert destruert vert av tryggingsomsyn alt handsama på særskilde måtar. For andre typar utstyr har Forsvaret arbeida for å få på plass ei returordning slik at vi kan oppfylle pliktene som er pålagt i lova.
Eg er derfor svært glad for å kunne opplyse at Forsvaret sitt operasjonssenter for rammeavtaler (FRAM Senter) nettopp har inngått ein avtale som tilfredsstiller krava i forskrift om kasserte elektriske og elektroniske produkt (EE-forskrifta) som tok til å gjelde i juli 1999.
Avtalen blei inngått den 31. januar 2003 med RENAS AS som er eit returselskap stifta av elektrobransjen for å handsame ei ordning for innsamling, gjenvinning og sluttbehandling av kasserte næringselektroprodukt. I tida som kjem skal det haldast møter mellom RENAS AS og FRAM Senter med sikte på å setje avtalen ut i livet for alle avdelingane i Forsvaret.