Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til sosialministeren

Dokument nr. 15:296 (2003-2004)
Innlevert: 23.01.2004
Sendt: 23.01.2004
Svart på: 30.01.2004 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Meiner statsråden det er viktig med tiltak for å stimulera fleire uføretrygda til å engasjera seg i friviljug lagsarbeid og politiske verv i sine eventuelle "gode periodar"?

Grunngiving

I samband med lokalvalet i haust har det i nokre kommunar og fylkeskommunar vore reist spørsmål ved dagens ordning når det gjeld godtgjersle til uføretrygda folkevalde. Eg ber statsråden gi ein oversikt over kor mange uføretrygda som er lokale folkevalde, samt kor mange som hadde hatt i utsikt godtgjersle som overstig 1 G dersom dei etter regelverket kunne motteke det. Eg ber henne også vurdera om høve til bruk av skjøn kan gi det lokale trygdekontoret rom for å fråvika dagens reglar på dette området og kva positiv effekt det kan ha på breiare rekruttering av folkevalde. Eg ser gjerne at ho også vurderer kor vidt ei slike endring kan medføra større forståing for funksjonshemma og kronisk sin kvardag.

Ingjerd Schie Schou (H)

Svar

Ingjerd Schie Schou: Når det har gått eitt år sidan tidsbegrensa uførestønad eller uførepensjon blei tilstått, kan mottakaren ha inntekt opp til eit grunnbeløp ved sida av ein 100 pst. yting i løpet av kalenderåret (friinntekt). Denne ventetida på eitt år gjelder ikkje for personar med omsorgsløn frå kommunen, politiske tillitsverv eller tillitsverv i friviljuge organisasjonar. Desse uførepensjonistane kan følgjeleg ha inntekt opp til eitt grunnbeløp frå desse verva ved sida av full yting frå fyrste dag.
Folkevaldes godtgjersle for sitt arbeid som folkevalt er å anse som fordel vunne ved arbeid og reknas som pensjonsgjevande inntekt. Det er etter mi meining ikkje viktigare at uførepensjonistar tek del i politisk arbeid enn at dei gjer anna nyttig arbeid. Høve til å ha ei inntekt på opp til 56 861 kr ved sida av full pensjon er gunstig og vil kunna stimulere til innsats både som politikar eller til anna arbeid.
Inntektsgrensa på eitt grunnbeløp er klår og det er ikkje rom for skjønn i denne vurderinga. Dersom ein opnar for avvik frå inntektsgrensa i enkelte høve, blir det nødvendig med retningslinjer for denne vurderinga for å unngå forskjellsbehandling. Ein slik skjønnsvurdering vil likevel kunne føre til forskjellsbehandling og komplisere saksbehandlinga. Det er dessutan lettare å informere om ei klår grense som stønadsmottakar kan halda seg til. Etter mi meining bør praksis vera den same for alle tilfelle som har inntekt ved sida av uførepensjon. Eg kan heller ikkje sjå nokon grunn til at trygdekontoret skal kunne fråvike inntektsgrensa berre for uførepensjonistar med godtgjersle frå politiske verv.
Det har ikkje vært mogeleg å få nokon oversikt over kor mange uføretrygda som er lokale folkevalde. Difor er det heller ikkje mogeleg å seie noko om kor mange som har godtgjersle over eitt grunnbeløp. Kommunanes Sentralforbund har ikkje slike opplysningar. Rikstrygdeverket har statistikk over pensjonsgjevande inntekt til uførepensjonistar, men ikkje opplysningar om kva slags aktivitet som ligg bak inntekta. For tidsbegrensa uførestønad er det lagt opp til nye IT-rutinar og ein kan då ta ut opplysningar om inntekta. Opplysningar om politiske eller friviljuge verv er slått saman i det nye registeret.