Skriftleg spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:218 (2013-2014)
Innlevert: 18.12.2013
Sendt: 18.12.2013
Rette vedkommende: Kultur- og kirkeministeren
Svart på: 23.12.2013 av kultur- og kirkeminister Thorhild Widvey

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Det bør vere mogeleg for alle innbyggjarar i Noreg å følgje eit viktig arrangement som OL på TV. For dei som ikkje høyrer er det viktig med teksting eller teiknspråkoversetjing. TV2 har senderettane til OL i Sotsji.
Korleis vil regjeringa sikre at OL blir den same opplevinga for døve som for andre?

Grunngiving

"OL samlar Noreg til eit rike", sa kringkastingssjefen i 1994. Samstundes slo alle døve og folk med hørselshemming over på SVT 1 for å få med seg innhaldet. I ettertid har NRK fått både teiknspråkkanal og teksteavdeling, og betre klart å inkludere døve og folk med hørselshemming i demokratiet og i den folkefesten OL-sendingar utgjer. I år står vi i fare for at tilbodet om OL-sendingar for døve og folk med hørselshemming forsvinn, og at desse nok ein gong må gå til svensk TV for å kunne følgje med på OL.

Thorhild Widvey (H)

Svar

Thorhild Widvey: Eg meiner det er svært viktig at døve og folk med hørselshemming får tilgang til TV-program. Frå 1. januar 2013 fastsette Stortinget konkrete krav til teksting i kringkastingslova. Krava gjeld NRKs rikssendingar og alle kommersielle TV-kanalar med ein sjåarandel på meir enn fem prosent. Etter desse reglane skal kommersielle TV-kanalar tekste alle ferdigproduserte program mellom kl. 18.00 og 23.00. For direktesendingar i same tidsrom krev reglane teksting berre dersom det er teknisk og praktisk mogleg. Det er Medietilsynet som kontrollerar at tekstekrava i kringkastingslova blir oppfylte. Medieklagenemnda handsamar klager på reglane. Ettersom både Medietilsynet og Medieklagenemnda er uavhengige av departementet i slike saker, ønskjer eg ikkje å kommentere einskilde tilfelle.
Eg har like fullt ansvar for regelverket. Då tekstekrava blei lovfesta, oppmoda departementet kringkastarane til å tekste så mange program som mogleg og meir enn det lova set krav om.
Departementet uttalte vidare at lovfestinga berre var første steg på vegen mot ein meir universell utforming av TV-tilbodet, men at det må bli utvikla tekniske løysingar som reduserer kostnadene for kringkastarane før det vil bli aktuelt å utvide tekstekrava.