Skriftleg spørsmål fra Terje Aasland (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:222 (2018-2019)
Innlevert: 24.10.2018
Sendt: 25.10.2018
Svart på: 31.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Terje Aasland (A)

Spørsmål

Terje Aasland (A): Kan statsråden garantere for at Go Ahead etter anbudskonkurransen må gi et tilbud på en slik måte at antall stoppesteder og frekvens blir opprettholdt på dagens nivå eller forbedret?

Grunngiving

Etter at regjeringen har valgt å konkurranseutsette togtilbudet på flere togstrekninger. Britiske Go Ahead har vunnet konkurransen om å få kjøre tog på Sørlandsbanen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det korte svaret på spørsmålet er: Ja.
Ettersom konkurransen er vunne med utgangspunkt i betre pris, men også med forbetra rutetilbod er det viktig å merke seg at tilbodet frå Go-Ahead er basert på at eksisterande rutetilbod skal videreførast det første driftsåret på Jærbanen, Sørlandsbanen og Arendalsbanen. Både antal avganger og stoppmønster blir uendra i perioden desember 2019 – desember 2020.
Frå desember 2020 og resten av avtaleperioden har ny togoperatør lagt til grunn fleire forbetringar i sitt pristilbod. På Jærbanen blir det ein ekstra morgonavgang for pendlarar samt ein auke frå timefrekvens til halvltimefrekvens laurdagar og søndagar. På Sørlandsbanen blir det ein avgång ekstra kvar veg slik at togtilbodet blir 2 time frekvens på kvardagar. Det er satt krav til ny togoperatør at eventuelle forslag til endringar i stoppmønster skal skje i dialog med fylkeskommunen samt at endringar skal være godkjende av Jernbanedirektoratet. Dette følgjer samme prosess som i dagens trafikkavtale med NSB.
Go-Ahead er forplikta til å levere togtilbodet inkludert nevnte forbetringar, i heile avtaleperioden. I trafikkavtalen med Go-Ahead er det malus dersom leveransen ikkje samsvarer med det rutetilbodet som er lagt til grunn i pristilbodet.