Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:353 (2018-2019)
Innlevert: 12.11.2018
Sendt: 13.11.2018
Svart på: 19.11.2018 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Nye Nav Vestland vil vera ein realitet frå januar 2019. Nav har teknologi til fjernleiing , men krev likevel fysisk flytting av tilsette. Dette kan føre til at eit godt og innovativt miljø forvitrar og vert øydelagt, istadenfor at Nav nyttar dei muligheitene som fins til fjernleiing.
Vil statsråden ta initiativ for å sikre at viktig kompetanse ikkje går tapt som følgje av avgjerda om å flytte funksjonane i den nye fylkeseininga i NAV Vestland til Bergen?

Grunngiving

Frå første januar 2019 vert Nav Sogn og Fjordane og Nav Hordaland slege saman til ei eining. Det er bestemt at leiinga av denne eininga skal ligge i Bergen. Dei tilsette i Nav Sogn og Fjordane har fått tilbod om å følgje stillingane sine til Bergen, men dette krev at dei flyttar frå Leikanger til Bergen. Dette heng saman med at det ikkje er mogleg å drive fjernleiing av tilsette i Nav. Det er oppsiktsvekkande at det ikkje går an å leie tilsette på Leikanger frå Bergen på trass av at Nav har gjort store investeringar i mobilitetsløysingar til alle tilsette.
Dette klarar nemleg nye Vestland fylkeskommune heilt greitt. Direktoratet for forvaltning og IKT har gode erfaringar med å leie sine folk frå Oslo. På same måte klarar Skatteopplysninga å leie tilsette over heile landet frå Leikanger, Fylkesmannen klarar å leie folk i den nye regionen, og Statens vegvesen klarar å styre regionvest frå sitt regionkontor same staden. Nav Sogn og Fjordane har spesielt gode resultat på arbeidet dei gjer. Dei er innovative og har utvikla modellar som vert teke i bruk i andre fylke. Då må ein ikkje øydelegge dette gode miljøet, men ta i bruk eksisterande teknologi.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Arbeids- og velferdsdirektøren er gjennom arbeids- og velferdsforvaltningslova gitt formell makt til å fastsetje organisering av Arbeids- og velferdsetaten. Direktøren kan såleis avgjere korleis oppgåvene skal organiserast, kvar dei ulike einingane skal lokaliserast og fordelinga av ressursar mellom dei ulike einingane. Meld. St. 33 (2015-2016) NAV i en ny tid – for arbeid og aktivitet trekk opp retningsliner for korleis arbeids- og velferdsforvaltninga skal utviklast dei næraste åra.
Samtidig skal avgjerdene vere i tråd med lokaliseringspolitikken til regjeringa. I samband med dette lyt ein også sjå til Stortinget si avgjersle om nye regionar og kommunar. Det er ei målsetjing å skape ei balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar i heile landet, samtidig som det skal sikrast god kvalitet i dei statlege tenestene, effektiv bruk av ressursane til fellesskapet og ei forsvarleg omstilling for dei det gjeld.
Arbeids- og sosialdepartementet bestemte i juni 2017 lokalisering av hovudkontora i dei nye regionane. For NAV Vestland vart hovudkontoret lagt til Bergen. Arbeidet med å etablera nye regionar er meir enn berre å slå saman to fylker og tilhøyrande fylkeskontor. Det nye hovudkontoret skal ha ei anna og meir strategisk innretting og rolle.
For å kunne svare på spørsmålet om lokaliseringar av framtidige arbeidsplassar i NAV Vestland, har eg innhenta opplysningar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. For NAV Vestland sin del er det viktig å merke seg at ein i tillegg til hovudkontoret, skal etablere ni regionar i det nye fylket. Utviklinga av desse regionane skal føregå i nært samarbeid med kommunane, og eit berande prinsipp er at så mange oppgåver og funksjonar som mogleg, skal flyttast ut av noverande fylkeskontor og spesialeiningar og til dei nye regionane. Med dette ynskjer ein å skape robuste fagmiljø og gode samarbeidsløysingar.
Eg har fått opplyst frå direktoratet at Arbeids- og velferdsetaten framleis har eit betydeleg tal på arbeidsplassar i Leikanger, til dømes innanfor økonomitenester og kontaktsenter. NAV Vestland legg til grunn at ein søkjer å behalde kompetanse frå heile fylket når ein no innplasserer tilsette i den nye verksemda. For å kompensera noko for at oppgåvene til fylkes-kontoret blir lagde til Bergen i NAV Vestland vart ein i forhandlingane med dei tillitsvalde einige om å opprette ein eigen drifts- og forvaltningseining i Leikanger. Denne eininga skal ta hand om dei stadsuavhengige oppgåver knytt til tiltakspengar, tilleggsstønader, arbeidsretta tiltak, førebyggings- og tilretteleggingsstilskot og bedriftshelsetenestehonorar.