Skriftleg spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1561 (2018-2019)
Innlevert: 05.05.2019
Sendt: 06.05.2019
Svart på: 14.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Har statsråden tenkt å følge opp sine lovnader rundt E8 i Ramfjorden, og ikke minst Stortingets vedtak?

Grunngiving

Statsråden har tidligere signalisert at det skulle komme en avklaring rundt reguleringsplan og trasèvalg av E8 i Ramfjorden innen årskifte 2018/2019. Nå virker det som statsråden ikke har tenkt til å gjøre noe med prosjektet som ligger i nasjonal transportplan i første periode, det leser vi av en artikkel i ITromsø 4. mai.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil vise til at E8 Sørbotn-Laukslett (Ramfjorden) er prioritert i Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 i første seksårsperiode.
Samstundes har det vore ein omfattande kostnadsauke i planlegginga av dette prosjektet etter at NTP vart lagt fram. Samferdselsdepartementet styrer kostnadane i enkeltprosjekt etter dei kostnadsmåla som blei lagt til grunn i arbeidet med NTP, såkalla styringsmål. På bakgrunn av kostnadsauka i prosjektet meiner eg det er naudsynt å gå nokre ekstra rundar for å sjå nærare på tiltak som kan bidra til å redusere kostnadane. Eg legg opp til at kostnadane skal reduserast sånn at prosjektet kjem innafor styringsmålet som er fastsatt. Det er dette departementet arbeidar med å sjå på no.
Eg står fast ved prioriteringa i NTP 2018-2029 om at prosjektet E8 Sørbotn-Laukslett skal startas opp i første seksårsperiode, og vil kome attende til den vidare framdrifta så snart departementet har handsama saka. Representanten kan være trygg på at eg er oppteken av å få kontroll på kostnadane i prosjektet, slik at det let seg realisere så raskt som råd. Lågare kostnadar kan også kome bilistane til gode gjennom reduserte bompengar.
Eg legg også til at i møte med fylkesråden for samferdsel frå Senterpartiet gav fylkeskommunen klart uttrykk for at det var berre ei utbygging i vestre trase som var ei god nok løysing for fylket. Dette er som kjent eit anna alternativ enn det som ligg til grunn i NTP.