Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samfunnssikkerhetsministeren

Dokument nr. 15:2090 (2018-2019)
Innlevert: 14.08.2019
Sendt: 14.08.2019
Rette vedkommende: Finansministeren
Til behandling

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Meiner statsråden at brann- og redningstenesta burde få fritak frå avgifter når dei kjøper ein bil som utrykkingskøyretøy?

Grunngiving

Når brann- og redningstenesta skal kjøpe ny bil som framskutt eining til bruk på akutte helseoppdrag, kan det vera ønskjeleg med lågast mogleg vekt grunna køyreeigenskapane. Men, for å få avgiftsfritak må dei visst kjøpe eit sløkkesystem som fort veg 150-200 kg til å ha i bagasjerommet. Dette sløkkesystemet skal vera både kostbart og så tungt at det kan gjere bilen vanskeleg å køyre under utrykking. Ifølgje ein brannkonstabel blir sløkkesystemet lite brukt då det «ikkje duger til stort anna enn å sløkke kaffibål». Dette siste kan eg ikkje uttale meg om, men det høyrast uansett ut som ganske firkanta reglar om det er slik at brann- og redningstenesta må kjøpe tungt, dyrt ekstrautstyr - som dei heller ikkje nyttar - til å ha i bilen for å fylle krava for avgiftsfritak for ein utrykkingsbil. Eg ønskjer derfor å høyre om ikkje det burde vera nok at bilen er kjøpt som utrykkingskøyretøy.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Svaret er enno ikkje tilgjengeleg