Skriftleg spørsmål fra Cecilie Myrseth (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2163 (2018-2019)
Innlevert: 25.08.2019
Sendt: 26.08.2019
Svart på: 29.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Cecilie Myrseth (A)

Spørsmål

Cecilie Myrseth (A): Hva blir de økonomiske konsekvensene for kollektivsatsingen i Tromsø kommune med den bompengeskissen som regjeringspartiene nå er enige om?

Grunngiving

Samferdselsdepartementet har inngått avtale med Troms fylkeskommune og Tromsø kommune om tildeling fra Belønningsordningen for bedre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområdet («Belønningsordningen») for året 2019. I avtaleteksten heter det at «Denne belønningsavtalen utelukker ikke muligheten til å kunne inngå byvekstavtale før belønningsavtalen utløper. Ved inngåelse av en byvekstavtale før denne avtalen løper ut, vil byvekstavtalen erstatte denne belønningsavtalen.» Som det fremgår av Prop. 114S (2018-2019) er det foreslått lokalt finansieringstilskudd på omsetning av drivstoff i Tromsø frem til 31. juli 2022. Hvilke andre økonomiske forutsetninger vil man lokalt måtte legge til grunn for å kunne inngå en byvekstavtale med staten nå?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget har nyleg slutta seg til eit forslag frå Samferdselsdepartementet om å forlenge innkrevjinga av drivstoffavgifta i Tromsø. Vidare har Samferdselsdepartement inngått ein belønningsavtale for Tromsø for 2019. Dette har kome i stand etter at Tromsø fylkeskommune og Tromsø kommune har søkt Samferdselsdepartementet om dette.

Når det gjeld økonomiske føresetnader for ein eventuell byvekstavtale, vil eg vise til at Statsministeren nyleg (23. august) har presentert eit bompengeforlik mellom regjeringspartia. I dette opplegget går det mellom anna fram at staten legg meir pengar på bordet for reduserte bompengar, lågare billettprisar og betra kollektivtrafikk, og at belønningsmidlane for Tromsø skal vidareførast på 2019-nivå fram til eit vidareutvikla nullvekstmål er fastsett (seinast i 2021).

I forliket blir det vidare slått fast at ved handsaming av eit eventuelt framtidig forslag til bypakke for Tromsø, kjem eit videreutvikla nullvekstmål til anvending før regjeringa tek stilling til pakka. Før pakka kan leggast fram for Stortinget må det kunne dokumenterast at inntektene frå pakka faktisk kan finansiere samtlege prosjekt som ligg i pakka. Prosjekta må framgå i prioritert rekkefølgje.

Vidare legg eg til grunn ein fylkeskommunal/kommunal eigenandel på minimum 20 pst. av investeringar på fylkeskommunale eller kommunale investeringsprosjekter i nye bypakker.

Bompengar kan ikkje finansiere eigenandelen. Den konkrete utforminga av ordninga skal bli utgreidd nærare, men kjem til anvending før nye bypakker skal leggjast fram.

Ein eventuell bypakke for Tromsø vil vere ein del av ein framtidig byvekstavtale.

Eg vil kome nærare attende til Tromsø kommune og Troms fylkeskommune med føringar for vidare arbeid så raskt som råd.