Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:2314 (2018-2019)
Innlevert: 20.09.2019
Sendt: 23.09.2019
Besvart: 30.09.2019 av kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva planar har regjeringa for markeringa av 200-årsjubileet for starten av utvandringa til Amerika, og er det planar om å setja ned ein jubileumskomité?

Begrunnelse

Det er vanleg å rekne at utvandringa til Amerika starta då seglskuta «Restaurationen» i 1825 gjekk frå Stavanger til New York.
Utvandringa til Amerika er ein viktig del av vår historie og eit jubileum er ein god sjanse til å gje folk i Noreg meir kunnskap om saka.
Landsmøtet i Historielaget skal ha sendt eit brev der dei ynskjer at det vert oppnemd ein jubileumskomité.

Trine Skei Grande (V)

Svar

Trine Skei Grande: Kulturdepartementet har motteke brev frå Anno museum, der Norsk utvandrermuseum inngår som ei avdeling, om å markera at det i 2025 er to hundre år sidan sluppen "Restauration" sigla frå Stavanger med kurs for Sambandsstatane. Denne hendinga vert gjerne rekna som startpunktet for den organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Det går fram av brevet at utvandrarmuseet samhandlar med ei lang rekkje aktørar for å førebu eit jubileum i 2025, og Kulturdepartementet vert i denne samanhengen oppmoda om å nemna opp ein "nasjonal komité".
Dei siste to hundre åra har om lag ein million menneske utvandra frå Noreg, av desse om lag 80 pst. til Sambandsstatane. Fleire millionar nolevande amerikanarar ættar frå norske innvandrarar. Med det omfanget denne migrasjonen har hatt, er det utan tvil rimeleg å førebu ei høveleg markering i 2025.
Eg er difor glad for dei initiativa som er tekne frå ymse hald, og som det ser ut til kan verta samordna gjennom utvandrarmuseet. Kulturdepartementet vil i nær framtid invitera initiativtakarane til eit møte for å få nærare informasjon, som eit ledd i den vidare førebuing av saka.