Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2341 (2018-2019)
Innlevert: 27.09.2019
Sendt: 27.09.2019
Besvart: 04.10.2019 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Statsråden sier til Khrono 10. september at hun vil "sjå nærare på kva som ligg bak" at studenter anten ikkje takkar ja eller ikkje møter opp til tildelt studieplass, som kjem fram i ei ny OECD-rapport. I tillegg synar rapporten at fleire av studentane gjennomførar raskare enn snittet ellers.
Korleis og når vil eventuelt statsråden sjå nærare på årsaka til at studentar ikkje takkar ja eller takkar ja til studiar utan å møte opp og kvifor fleire fullførar bachelorstudia raskare enn OECD-snittet?

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Spørsmålet frå representanten Knutsdatter Strand gjeld tal frå OECD-publikasjonen Education at a Glance 2019. Den syner mellom anna at 29 pst. av dei som søkte opptak til høgare utdanning i Noreg i 2016 ikkje nytta seg av studieplassen dei fekk tilbod om. Noreg skil seg ut med langt høgare del enn dei andre OECD-landa som har tal for dette. Utfordringa med ein så høg del som ikkje brukar studieplassen dei har fått tilbod om, er til dømes at universiteta og høgskulane må treffe rett nivå på overbookinga, slik at dei ikkje tek opp for mange eller for få samanlikna med talet på tilbydde studieplassar. I tillegg skapar det ein utrygg situasjon for søkarane til høgare utdanning, særleg for søkarane som er kvalifiserte og står på venteliste.
Per i dag har vi ikkje systematisk kunnskap om søkarane som får tilbod om studieplass utan å nytte den. Vi må derfor skaffe kunnskap om denne gruppa og sjå på kva som kjenneteiknar desse søkarane, og kva dei gjer i staden for å studere. Eg vil i haust undersøke moglegheitene for å få ut meir informasjon om desse søkarane frå ulike datakjelder og kostnadene med det. Samordna opptak vil trulig kunne skildre søkarane ut frå variablar som til dømes kjønn, alder, bustad, karakterpoeng, tilleggspoeng og søknadsprioritet (førsteval eller ikkje). Det er viktig å prøve finne ut om dei systematisk skil seg frå dei som får tilbod og nyttar studieplassen. Gjennom Samordna opptak vil det truleg også vere mogleg å få svar på i kva grad desse søkarane søker på nytt seinare år, og om dei då nyttar ev. nytt tilbod om studieplass. Statistisk sentralbyrå sit truleg på registerdata som kan svare på om desse søkarane i staden for å studere er i arbeid eller er i andre delar av utdanningssystemet i Noreg. Lånekassa vil trulig ha informasjon om nokre av desse heller studerer i utlandet.
Eg vil i denne samanhengen understreke at høgare utdanning i Noreg skal vere tilgjengeleg for dei som ønsker det og er kvalifiserte. Høgare utdanning er eit gode både for samfunnet og den einskilde. Behovet for høgt utdanna arbeidskraft vil berre auke framover.
Det er ikkje gitt at system for opptak til høgare utdanning i andre land er betre i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Til dømes har Finland utstrekt bruk av omfattande og kostnadskrevjande opptaksprøver, som søkarar gjerne tar om igjen år etter år. Søkarane må rett nok investere langt meir i søkeprosessen enn i Noreg, og dei som kjem inn brukar då også stort sett studieplassane dei har fått tilbod om. Eg er, som eg tidlegare har uttalt, positiv til at universitet og høgskular prøver andre metodar for opptak, men vi må søke å unngå altfor kostbare løysingar.
Education at Glance 2019 syner også at norske fulltidsstudentar på bachelornivå fullfører raskare enn snittet for bachelorstudentar i OECD-landa med slike data. Det er gledeleg. Representanten Knutsdatter Strand spør når og korleis eg vil sjå nærare på årsakene til at norske bachelorstudentar fullfører raskare enn snittet. Eg kan ikkje sjå at det er tenleg å gå nærare inn på årsakene til dette, og meiner utgreiingskapasiteten bør nyttast der det er problem vi vil løyse. Sjølv om norske studentar gjennomfører raskare enn OECD-snittet, veit vi at det stadig er rom for betring, og Meld. St. 16 (2016-2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning lanserte ei rekke tiltak for å betre kvaliteten i studia. Derimot veit vi at studentane i Noreg har høgt fråfall og frå tidligare forsking veit vi ein del om årsakene til kvifor studentane sluttar før avlagt grad. Fråfall er ei problemstilling departementet arbeider med og følger utviklinga på. Vidare arbeider departementet no med stortingsmeldingar om internasjonal studentmobilitet og arbeidsrelevans i høgare utdanning. Begge desse meldingane skal også medverke på kvar sin måte til høgare kvalitet på utdanningane. Heller enn å sjå på årsakene til at fullføringa i Noreg er betre enn i ein del andre land, må departementet og sektoren arbeide saman for å styrke kvaliteten i høgare utdanning. Det er her innsatsen må leggast inn. Det vil vonleg gi seg utslag i enno betre fullføringstal på sikt.