Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:375 (2019-2020)
Innlevert: 22.11.2019
Sendt: 25.11.2019
Svart på: 06.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden gjera greie for tidslinja og kommunikasjonen som har vore mellom prosjektledelse, Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet i samband med avgjera om å avlyse konkurransen på E 02 Kvitsøy-kontrakta i Rogfast?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I denne saka, som i andre saker, vert departementet holdt orientert om ulike vurderingar som underliggande etater gjer på ulike tidspunkt. Korleis dialogen mellom lokal prosjektleiing og Statens vegvesen er gjennomført for dette prosjektet har eg ikkje kjennskap til. Det er gjennom styringslinjene som går frå departementet til Statens vegvesen Samferdselsdepartementet vert holdt orientert om ulike saker.
Konkurransen om Kvitsøy-kontrakten på prosjektet E39 Rogfast vart kunngjort for prekvalifisering i oktober 2018. Konkurransen vart gjennomført etter forhandla prosedyre i forskrift for offentleg anskaffing. Det var i alt fem aktørar som søkte om å bli prekvalifiserte, og dei tre best kvalifiserte vart inviterte til å delta i konkurransen. Første tilbod vart leverte inn i april 2019. På dette tidspunktet vart to av tilbydarane avviste, og vidare forhandlingar vart derfor gjennomført med ein tilbydar.
Ved innlevering av første tilbod vart det klart for Statens vegvesen at det var fare for at konkurransen måtte avlysast på grunn av at tilbodet var høgare enn budsjettet for konkurransen. Dette vart kommunisert til den tilbydaren som deltok vidare i konkurransen. I brev datert 12. juni 2019 frå Statens vegvesen med tertialrapportering per 30. april 2019 vart Samferdselsdepartementet orientert om at det var fare for kostnadsauke ut over føreliggande prognose for sluttkostnad.
Endeleg tilbod vart innlevert i juli 2019.
Etter grundige vurderingar konkluderte Statens vegvesen med at fastsett kostnadsramme for prosjektet også ville bli overskriden. Statens vegvesen avlyste derfor konkurransen 20. september 2019. Avgjerda vart teken av Statens vegvesen som byggherre.
Samferdselsdepartementet vart orientert før avgjerda vart gjort offentleg kjent. Dette skjedde same dag, dvs. 20. september 2019.
Basert på denne vurderinga har Statens vegvesen no sett i gong eit arbeid for å vurdere kostnadsreduksjonar som gjer det mogleg å realisere prosjektet innanfor kostnadsrammene som er fastsett av Stortinget. Departementet vil halde seg orientert om dette arbeidet.