Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:863 (2021-2022)
Innlevert: 11.01.2022
Sendt: 12.01.2022
Svart på: 18.01.2022 av olje- og energiminister Marte Mjøs Persen

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden forklare korleis regjeringa inkluderar og tar med viktige næringar slik som fiskeri, havbruk, og andre viktige næringar som er avhengig av våre kyst og havområder, inn i regjeringa sine planar for etablering av mulig havvind?

Grunngiving

Det er mykje diskusjon for tida ikring havvind og etablering av dette, utan at konsekvensane ikring dette og kva havvind kan medføre negativt for både miljøet og ikkje minst overfor andre viktige næringar.
Fiskerinæringa har med rette ytra skepsis til etablering av havvind i våre kyst og havområder, og er redde for at dette kan bli etablert utan at "det blå spisskammerset" blir lagt stor nok vekt på og hensyntatt.
På landjorda er potensialet til matproduksjon rimelig godt utnytta og ein kan ikkje forvente stor vekst innan landbasert matproduksjon. Derimot i havet er berre ca 20 % av potensialet for matproduksjon utnytta. Havet er på mange måtar verdas matfat i framtida. Fiskeri- og havbruksnæringa er av Norges viktigaste næringar og står for ein svært stor del av norsk eksport og har tusenvis av arbeidsplassar. Derfor er det lite lurt å bygge ned disse ressursane på nokon som helst måte, og skape konfliktar. Etablering av havvind må grundig utgreiast, der alle berørte partar må takast reelt grundig med i prosessane ikring dette.

Marte Mjøs Persen (A)

Svar

Marte Mjøs Persen: Omsynet til fiskeri, sjøtrafikk og andre næringsinteresse til havs har vore sentralt i arbeidet med utpeiking av område og strategisk konsekvensutgreiing, og det vil også vere eit viktig omsyn i konsesjonshandsaminga.
Eg er oppteken av å legge til rette for god sameksistens og legg difor stor vekt på tidleg dialog mellom dei ulike brukarane av havet. Ei utbygging av vindkraft til havs vil bandlegge areal. Før det kan gjevast konsesjon til vindkraftverk til havs må det gjennomførast prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar som er på offentleg høyring. I desse prosessane kan alle næringar og interessentar komme med innspel slik at eventuell annan aktivitet i området kan takast omsyn til.
Det er i dag noko fiske innanfor dei to opna områda. Vindkraftverk til havs kan hindre fiske der vindkraftverket blir etablert. På Utsira Nord er det reke- og krepsefiske, medan det på Sørlige Nordsjø II er mest fiskeaktivitet i gyteområda for tobis. Tobis er ein fisk med særleg viktig funksjon i økosystemet i Nordsjøen, og gyteområdet for tobis er rekna som særleg verdifulle og sårbare område, såkalla SVO-areal. I opninga av Sørlige Nordsjø II blei det sett vilkår om at “ved aktivitet i SVO-areal må ein rekne med vilkår for å unngå skade på dei særleg verdifulle og sårbare miljøverdiane“.
Dei areala som er opna har rom for fleksibilitet i plasseringa av vindkraftverket slik at det kan takast omsyn til andre næringar i den konkrete plasseringa. Havenergilova med forskrift har også føresegn om skadebot for fiskarar viss verksemda etter lova legg beslag på eit fiskefelt.