Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2088 (2021-2022)
Innlevert: 18.05.2022
Sendt: 19.05.2022
Svart på: 24.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Samferdselsministeren har hevda at ikkje noko vegprosjekt er kutta av regjeringa så langt.
Kan samferdselsministeren forklare kvifor regjeringspartia og SV stemte imot at Rv 15 Strynefjellet skal starte opp i fyrste 6 års perioden av NTP, og jamf. Statens vegvesen sin gjennomføringsplan som syner fyrst gjennomføring i perioden 2028-2033?

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Representanten stiller spørsmål om kutt av vegprosjekt. Innleiingsvis vil eg påpeike at mi forståing er at kutt inneber å stoppe/forskyve eksisterande planar, men det betyr ikkje å nekte påskunding av ein plan.
Når det gjeld det konkrete prosjektet gjorde eg greie for regjeringa sitt syn i debatten i Stortinget. Som eg sa i mitt innlegg, er prosjektet ikkje namngitt i Meld. St. 20 (2020–2021)
Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP). I NTP er det dermed ikkje lagt til grunn at prosjektet startar opp i fyrste seksårsperiode i NTP. Som eg òg nemnde i stortingsdebatten, er det etter gjeldande praksis opp til Statens vegvesen sjølv å vurdere kva for prosjekt dei skal setje i gang planlegging av etter plan- og bygningslova innanfor rammene som er fastsett i NTP. Statens vegvesen sin gjennomføringsplan inneheldt eit planleggingsprogram som viser kva for prosjekt som skal planleggast etter plan- og bygningslova. Som det går fram der er rv. 15 Strynefjellet omtalt med forventa planaktivitet i 2024.
Eg vil dessutan vise representanten til innlegga som vart haldt då saka vart debattert i Stortinget.