Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:6 (2022-2023)
Innlevert: 02.10.2022
Sendt: 03.10.2022
Besvart: 11.10.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Mange bedrifter slit no med akutte likviditetsproblem fordi høge straumutgifter kjem på toppen av tappa eigenkapital og økonomisk etterslep etter korona-pandemien.
Kva muligheter ser statsråden for å framskunde utbetalingar til bedrifter som kjem inn under den nye straumstøtteordninga, og vurderer regjeringa andre verkemiddel for å hjelpe bedrifter m a i reiselivs- og serveringsbransjen som slit med likviditet som følgje av denne «doble skvisen», og ikkje kjem inn under straumstøtteordninga?

Begrunnelse

Sjølv om statsråden heilt sidan januar har opplyst at regjeringa «løpende vurderer» ordningar som kan hjelpe næringsliv som slit med særleg høge straumutgifter, tok det ni månader før eit prinsipielt ja til ei straumstøtteordning vart avklart frå regjeringa si side. Enno er ikkje ei konkret ordning klar for å bli tilgjengeleg for næringslivet.
Næringsdepartementet opplyser i pressemelding dagsett 30. september at den nye energistøtteordninga ikkje vil opne opp for søknader før i midten av november, og statsråden har gjennom media opplyst at utbetalingar først vil kunne skje før oppunder jul.
Samtidig ser vi no ein urovekkande auke i tal konkursar, spesielt i dei bransjane som vart hardast råka av koronaepidemien. Mange av desse bedriftene er i utgangspunktet levedyktige, men har blitt tappa for eigenkapital og inntekter gjennom koronaepidemien, og opplever no ei «dobbelt belasting» i form av høge straumutgifter.
Eitt døme – blant mange – er kafé- og cateringselskapet Funky Fresh Foods i Oslo, som sist veke måtte gå til skifteretten og seie opp 28 tilsette på grunn av at bedrifta ikkje tålte dobla straumrekning på toppen av ein frå før tappa likviditet gjennom pandemien. Denne type bedrifter kunne til dømes ha blitt hjelpt med å forlenge «koronapåfyllet» til norske kommunar sine næringsfond, og/eller forlenga utsetjing av statlege krav om innbetaling av moms og arbeidsgivaravgift på grunn av den ekstraordinære situasjonen.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Ekstraordinære tilhøve har ført til uvanleg høge straumprisar det siste året. Dette har ført til auka kostnader for både bedrifter og hushald. Eg har stor forståing for at situasjonen kan opplevast som krevjande, også i lys av at vi har lagt bak oss to år med pandemi som var tøffe for deler av næringslivet.
Regjeringa har i Prop. 142 S (2021-2022) og i forslag til statsbudsjett for 2023 føreslege fleire tiltak som på kort og lang sikt skal hjelpe bedrifter med å handtera dei auka straumprisane. Det klart viktigaste tiltaket i møte med høye og ustabile kraftprisar er regjeringas forslag til endringar i skattereglane som skal gjere det gunstigare å tilby betre fastprisavtaler. Vi tar sikte på at Stortinget kan vedta forslaget slik at det kan tre i kraft frå nyttår.
Regjeringa har òg føreslege ei ny energitilskotsordning for straumintensive føretak, som representanten syner til. Det er ei rammestyrt ordning administrert av Enova. Bedrifter med minst 3 prosent straumintensitet kan søke om tilskot til å betale straumrekninga og til å investere i energitiltak. Bedrifter som gjennomfører energikartlegging vil kunne få dekket inntil 25 prosent av straumprisen over 70 øre for månedene oktober-desember 2022, mens bedrifter som i tillegg veler å investere i enøktiltak vil kunne få inntil 45 prosent av straumprisen over 70 øre. I tillegg kommer enøk-støtte på inntil 50 prosent av investeringskostnaden. Dette vil i stor grad dreie seg om tiltak som ikkje støttes i dag, som energistyringssystem, etterisolering og solcellepanel.
Regjeringa har vidare lagt frem ei lånegarantiordning som inneber at staten garantere for 90 prosent av beløpet i nye banklån til bedrifter som står overfor en akutt likviditetsmangel som følge av høye straumutgifter. Lånegarantiordninga vil opne i november 2022 og vare til utpå våren 2023, viss EFTAs overvakingsorgan (ESA) godkjenner ordninga.
Når vi skal nytte skattebetalarane sine pengar til å gje støtte til bedrifter gjennom energitilskotsordninga, må vi sørgje for at den har gode mekanismar for å fange opp svindelforsøk, og at den treff dei bedriftene den skal treffe. Samstundes må ordninga kunne handtere ei stor mengd søknader innanfor eit kort tidsrom utan at tekniske løysingar bryt saman. Å lage ei slik ordning tek nødvendigvis noko tid. Det er likevel viktig at me tek oss den tida som trengst, slik at ordninga ikkje får uheldige konsekvensar eller fører til sløsing med skattebetalaranes pengar.
For straumintensive bedrifter som slit med likviditetsproblem kan lånegarantiordninga som regjeringa har føreslege, vere aktuell å nytte seg av før tilskot frå energitilskotsordninga vert utbetalt. Regjeringa har i Prop. 142 S (2021-2022) signalisert at lånegarantiordninga ventast å opne i november 2022. For øvrig kan støtte ikkje gjevast under nokon av dei to ordningane før budsjettvedtak er fatta av Stortinget og ordningane er godkjende av Eftas overvakingsorgan (ESA).
Samstundes som at mange bedrifter opplever utfordringar, går det godt i norsk økonomi. Aktiviteten i økonomien er høg, sysselsettinga har auka kraftig det siste året, rekordmange er i arbeid og ledigheita er låg. I en slik situasjon må vi leggje vekt på ein politikk som ikkje aukar risikoen for overoppheting av økonomien. Difor har vi innanfor ei ansvarleg økonomisk ramme målretta tiltaka mot straumintensive bedrifter som er mest berørt av straumprisaukene. Dette har vi gjort i tett samarbeid med partane i arbeidslivet.