Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:17 (2022-2023)
Innlevert: 04.10.2022
Sendt: 04.10.2022
Besvart: 07.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over dei statlege årlege kostnadane som er på ferjeruta E-39 Volda- Folkestad?

Begrunnelse

E-39 ferjestrekninga mellom Volda og Folkestad har også eit fastlandssamband som er under planlegging. Dette er Voldsfjordkryssinga.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Sambandet Volda - Folkestad går via rv. 651 og er ein del av ferjekontrakten «Sunnmørspakken» - som består av Festøya - Solavågen og Volda - Folkestad. Kontraktsperioden er frå 2020 til 2029. I tillegg er det opsjon om forlengd driftsperiode på inntil 18 månader. Opsjonsperioden er ikkje tatt med i tala under.
Den gjennomsnittlege årlege sambandskostnaden i kontrakt er om lag 39 millionar (2022 kr) - inngåtte endringsordrar er inkludert i talet. Den årlege inntekta i perioden er berekna til om lag 11 millionar (2022 kr), eks. mva. Det årlege statlege tilskotet blir difor på om lag 28 millionar (2022 kr) for ferjestrekninga Volda - Folkestad.
Kostnader for drift og vedlikehald av tilhøyrande kaier er ikkje inkludert i beløpa.