Spørjetimespørsmål fra Ingrid Heggø (A) til statsministeren

Om det skal stillast krav om samanslåing av nettselskap før ein greier ut og innfører utjamning av nettleige, med bakgrunn i uttala til NRK Sogn og Fjordane om at kraftsektoren må drivast meir effektivt før ein kan diskutere kraftutjamning

Datert: 23.05.2019
Svart på på vegner av: Statsministeren
Svart på: 29.05.2019 av olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I Nordfjordeid uttalte statsministeren til NRK Sogn og Fjordane at kraftsektoren må drivast meir effektivt før ein kan diskutere kraftutjamning.

Kan statsministeren forklare om den uttala som kom i Nordfjordeid, er ei forklaring og forståing av ordlyden i ny regjeringsplattform dit hen at det skal stillast krav om samanslåing av nettselskap før ein greier ut og innfører utjamning av nettleige?


Les heile debatten