4.1 Sammendrag

Oppheving av Nemnda for teknisk sprit

Omsetning og denaturering av sprit til teknisk og vitskapeleg bruk er regulert i spritlova. For å kjøpe sprit som er omfatta av denne lova, må ein ha løyve frå Finansdepartementet. Denne fullmakta er delegert til Nemnda for teknisk sprit. Bakgrunnen for desse reglane er omtalt i punkt 4.1 i proposisjonen.

Toll- og avgiftsetaten har i dag den kompetansen som er nødvendig for det arbeidet som Nemnda utfører. Vidare blei spritkontrollen administrativt lagt til toll- og avgiftsetaten frå 2001, og departementet meiner at det er betre at forvaltninga av spritregelverket høyrer under eit forvaltningsorgan. Ei overføring av dei oppgåvene som Nemnda utfører til toll- og avgiftsetaten vil gjere at saker om teknisk sprit vil bli behandla i tråd med andre saker som ligg under etaten, og dermed følgje dei sakshandsamingsreglar som gjeld for forvaltninga elles.

Spritlova § 3 tredje ledd gjev Finansdepartementet fullmakt til å delegere oppgåvene som nemnt i § 3 første ledd til Nemnda. Denne "kan-fullmakta" tilseier at Nemnda kan bli avvikla utan endring av § 3 tredje ledd. Departementet er likevel av den oppfatning at ei oppheving av spritlova § 3 tredje ledd gjer eit ryddigare regelverk.

Overføring av oppgåvene frå Nemnda til toll- og avgiftsetaten vil medføre ei auking av driftsbudsjettet til toll- og avgiftsetaten med i alt 50 000 kroner årleg. Dette er om lag den bevilling som Nemnda til no har motteke.

Departementet viser elles til at vi vil sjå nærmare på heile området teknisk sprit, med sikte på å sende eit forslag på høyring i 2002.

Endring av spritlova § 6

I samband med høyringa av forslaget om avvikling av Nemnda for teknisk sprit, påpeikte ein av høyringsinstansane at spritlova § 6 første ledd ikkje er i samsvar med den faktiske rettstilstand. Grunnen til dette er at regelen gjer uttrykk for at spritkontrollørane kan bli utpeika av Vinmonopolet dersom departementet gjev fullmakt til det. I dag har ikkje Vinmonopolet lenger noko med dette å gjere, og regelen er derfor misvisande. Departementet foreslår derfor å endre spritlova § 6 første ledd andre setning i samsvar med gjeldande rettstilstand.

Forslag om oppheving av lov om skjenking på bevertningssteder av alkoholhaldige drikkevarer

Lov 24. juni 1931 nr. 22 om avgift av skjenking på bevertningssteder av alkoholhaldige drikkevarer regulerer eventuell avgift til statskassen på skjenking på bevertningsstader av øl med over 2,5 volumprosent alkohol. Lova er ikkje i bruk i dag, og har ikkje vore det dei siste åra. Departementet viser til at lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter gjer tilstrekkeleg heimel til å vedta avgifter til statskassen. Vidare viser vi til at det kommunale bevillingsgebyret har heimel i alkohollova. Det er difor ikkje behov for ein eigen lov om avgift på skjenking av alkoholhaldige drikkevarer på bevertningsstader.

Forslaget har vore sendt på høyring. Ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot forslaget. Departementet foreslår derfor å oppheve lova.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til forslaget om opphevelse av spritloven § 3 tredje ledd, endring av spritloven § 6 første ledd og opphevelse av skjenkeavgiftsloven.