7. Prøving av og klage over vedtak som er gjort i verts­kommunen

7.1 Sammendrag

Når interkommunale organ blir tildelt kompetanse til å utøve den myndigheita som i dag ligg til kvar enkelt kommune, må rettstryggleiken til innbyggjarane sikrast for at dette skal vere forsvarleg.

Dei interkommunale organa som departementet gjer framlegg om vil vere å rekne som forvaltningsorgan etter forvaltningslova. Forvaltningslova og dei allmenne ulovfesta forvaltningsrettslege prinsippa vil derfor gjelde for verksemda til ein vertskommune. Departementet har likevel funne det nødvendig å føreslå nokre spesialreguleringar når det gjeld klage over enkeltvedtak etter forvaltningslova § 28, klage til statleg klageinstans i medhald av særlovgivinga og lovlegskapskontroll etter kommunelova § 59.

Dei allmenne reglane for domstolskontroll vil gjelde overfor vedtaka til ein vertskommune. I ein situasjon der ein vertskommune har fått delegert myndigheit til å ta avgjerder og utøve ei verksemd på vegner av andre kommunar, vil det likevel kunne bli spørsmål om det er vertskommunen eller den kommunen som har delegert myndigheita, som er rett saksøkt. Slik departementet ser det, vil det vere mest tenleg at spørsmålet blir avgjort ut frå ei konkret vurdering av den aktuelle saka, og at det ikkje blir føreslått spesialregulering av dette.

Departementet kan ikkje sjå at reglane om klage til Sivilombodsmannen reiser særskilde problemstillingar ved interkommunalt samarbeid om myndigheitsutøving.

Når det gjeld klage over vedtak som er gjort i vertskommunen, blir det føreslått i proposisjonen at den respektive heimkommunen skal vere klageinstans for vedtak som er gjort i vertskommunar utan ei felles nemnd.

Ved klage over vedtak som er gjort i vertskommunar med ei felles politisk nemnd, føreslår departementet at det bør etablerast ei eiga klagenemnd.

Departementet føreslår vidare at administrasjonen i vertskommunen skal vere underinstans i ein vertskommunemodell utan nemnd. Tilsvarande blir det føreslått at felles nemnd skal vere underinstans i ein vertskommunemodell med felles nemnd.

Det blir ikkje gjort endringar der det etter særlovgivinga er etablert ei ordning med statleg klageinstans.

Det blir føreslått å lovfeste kven som skal vere underinstans også når statlege instansar skal avgjere klager. Etter framlegget frå departementet skal, som ved intern klage etter forvaltningslova § 28, administrasjonen vere underinstans i ein vertskommunemodell utan nemnd, og felles nemnd skal vere underinstans i eit vertskommunesamarbeid med felles nemnd.

Det er i proposisjonen gjort framlegg om at tre eller fleire medlemmer av kommunestyret i samarbeidskommunen kan leggje ei avgjerd som er teken av organ i vertskommunen på vegner av samarbeidskommunen, fram for departementet (fylkesmannen) til kontroll av om avgjerda er lovleg, jf. lovframlegget § 28 h. Dette er likt for begge dei to vertskommunemodellane.

7.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til departementets vurderinger og forslag.