Innleiing
I proposisjonen vert
det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel
under programområde 9 Arbeid og sosiale formål, programområde 29
Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda,
samt enkelte av inntektene for 2016.
Dei reviderte overslaga
for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2016 bygger i hovudsak
på tal frå rekneskap per 30. september 2016.
Det vert fremja forslag
om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde
9 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 37,6 mill.
kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål,
folketrygda med 796,3 mill. kroner og å redusere løyvingane under
programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 693 mill. kroner. Samla
gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om at løyvingane under
utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir sette ned med 1 526,9
mill. kroner.
Det vert fremja å
redusere løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under
inntektskapitla med 207,4 mill. kroner.