Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig. Den statlege frivilligheitspolitikken

Dette dokument

Innhald

Til Stortinget

1. Innleiing

1.1 Samandrag

Frivilligheitspolitikken til regjeringa går ut på å bidra til at frivilligheita kan realisere sine eigne mål og si eiga innovasjonskraft. Gjennom enkle og ubyråkratiske tilskotsordningar og open dialog skal politikken leggje til rette for brei deltaking, høg aktivitet og sterke fellesskapar. Moglegheiter for alle og fridommen til å leve eigne liv kan sikrast berre gjennom eit rettferdig og berekraftig velferdssamfunn der evner og innsats tel meir enn bakgrunn og opphav.

Sivilsamfunnet er ein føresetnad for ei opplyst offentlegheit, og dermed ei investering i demokratiet og danninga. Frivilligheita er ein stad for innverknad og samfunnsdeltaking.

Det er eit mål for staten å leggje til rette for ein aktiv og berekraftig frivillig sektor som held ved lag og aukar innsatsen og aktiviteten sin. Klare frivilligheitspolitiske mål på prioriterte område skal bidra til dette.

Stortingsmeldinga presenterer desse måla og dei overordna tiltaka som må til for å nå dei.

Del I – Frivilligheit for alle?

1. Frivilligheitshistoria i Noreg

1.1 Samandrag

I meldinga blir det gitt ei kort skildring av frivilligheitshistoria i Noreg.

Historia om frivilligheita i Noreg er historia om korleis menneske har funne saman for å løyse arbeidsoppgåver, hjelpe kvarandre, danne felles meiningsfrontar og ha sosiale fellesskapar. Gjennom tidene har dette ført til meir eller mindre organiserte fellesskapar, og fleire og fleire menneske har blitt i stand til å organisere seg. Parallelt med den tradisjonelle medlemsorganiseringa er eigenorganisering, dugnadsarbeid og lause tilknytingsformer enno viktige element i det norske sivilsamfunnet. Ut av det tradisjonelle organisasjonslivet har nye former for frivilligheit vakse fram.

2. Den statlege frivilligheitspolitikken – innhaldet og rammene i meldinga

2.1 Samandrag

2.1.1 Innleiing

Kapittelet gjennomgår ulike tilnærmingar til omgrepet frivilligheit, kva konsekvensar dette har for frivilligheitspolitikken, og dermed kva som blir teke opp i denne meldinga.

For regjeringa er det viktigaste at frivilligheita skaper engasjement, fellesskap, integrering og kulturell og demokratisk bevisstheit.

Regjeringa vil medverke til at frivilligheita veks fram nedanfrå, fri frå politisk styring og med utvikling på eigne premissar.

2.1.2 Frivilligheit og frivillig sektor

Samfunnsrolla til frivillig sektor kan ikkje fullt ut overtakast av den offentlege eller den marknadsbaserte sektoren.

For det første utgjer frivillig sektor ein sosial arena som består av organisasjonar og aktivitetar som deltakarane er med på å skape og etablere sjølve.

For det andre løyser sektoren samfunnsoppgåver med verdiar og profilar som er viktige alternativ til det offentlege og kommersielle tilbodet.

For det tredje speler frivillige organisasjonar ei samfunnsrolle gjennom å vere kanalar for deltaking i politikkutforminga, styrking av sivile rettar og utvikling av normer og verdiar når samfunnet endrar seg. Frivilligheita er derfor viktig som ein demokratisk infrastruktur der dei som tek del, får erfaring i å vere aktørar i eit demokrati.

Meldinga tek opp statens politikk for å støtte opp om at Noreg har ein stor og mangfaldig sektor som fyller alle desse rollene, og som held fram med å vere noko anna enn staten og marknaden.

2.1.3 Den statlege frivilligheitspolitikken

Frå fleire hald er det ytra ønske om å definere kva som er frivillige organisasjonar og frivillig sektor. Blant frivillige organisasjonar sjølve er det ulike tilnærmingar til omgrepet frivilligheit og identiteten som frivillig.

Regjeringa anerkjenner det mangfaldet som utgjer sivilsamfunnet og frivilligheita, og ser det ikkje som si oppgåve å definere kva som er sivilsamfunnet, og kva som er ein frivillig organisasjon.

Likevel har staten vore med på å definere sektoren særleg gjennom grunnlegginga av Frivilligheitsregisteret og satellittrekneskapen for ideelle og frivillige organisasjonar. Vidare avgrensar staten målgrupper og målsetjingar i tilskotsordningane sine og er dermed indirekte med på å definere sektoren.

Dette er ein konkret definisjon av kva staten ønskjer å støtte, men det er ikkje ein definisjon av kva frivilligheit er.

Innramminga regjeringa har valt for stortingsmeldinga, er dei kriteria som ligg til grunn for registrering i Frivilligheitsregisteret med eit søkjelys på den ubetalte, felles innsatsen og samværet som skjer i meir eller mindre organiserte former. Dette fører med seg ei avgrensing opp mot aktivitetar som har eit sosialt formål, men som ikkje primært blir drivne av ubetalt innsats.

Ein sterk frivillig sektor med brei deltaking og mangfaldige aktivitetar er eit mål i seg sjølv – uavhengig av kva dei frivillige engasjerer seg i. Dette målet skal ein nå gjennom å sikre ei heilskapleg og robust forvalting av dei midlane fellesskapen har til frivillig innsats, ved å gjere det enkelt å leggje til rette for aktivitet og deltaking, og ved å samordne statens samarbeid med sektoren. Dei overordna rammevilkåra skal bidra til at frivilligheita finst og held fram med å ta ansvar på alle samfunnsområde.

3. Frivilligheita i Noreg anno 2018

3.1 Samandrag

Kapittelet gir ein gjennomgang av frivilligheita i Noreg anno 2018 som eit grunnlag for dei politiske tiltaka som følgjer i resten av meldinga.

Sjølv om velferdsstaten er solid, er det knapt noko samfunnsområde der det ikkje også er ei frivilligheit som bidreg. Dette skjer i samspel med det offentlege eller næringslivet, men ofte på initiativ frå frivilligheita sjølv.

Å byggje opp om ei sterk, sjølvstendig og mangfaldig frivilligheit er derfor eit mål i seg sjølv. Dette målet kan illustrerast gjennom to perspektiv på rolla til frivilligheita: frivilligheita som arena og frivilligheita som aktør.

Forskinga viser at det har skjedd store endringar i måten norsk frivilligheit er organisert på dei siste tiåra.

Medlemskap og demokratisk oppbygging er ikkje i same grad som før med på å skape sterke band mellom den frivillige og organisasjonen. På den andre sida veks talet på frivillige, og merksemda til organisasjonane har i mange sektorar skifta frå verving av medlemmer til rekruttering av frivillige.

Medlemskap står enno sterkt i den norske frivilligheita. Den norske befolkninga er i gjennomsnitt medlem av to organisasjonar – eit nivå som har halde seg stabilt. Sjølv om det er ein tendens til at færre er medlemmer i fleire organisasjonar, er mange engasjerte som frivillige i organisasjonar som dei ikkje er medlem i. Barne- og ungdomsfrivilligheita ser ikkje ut til å oppleve den same fallande tendensen som andre demokratisk oppbygde medlemsorganisasjonar. Frå 2006 til 2017 auka talet på medlemmer i denne delen av frivilligheita med 100 000.

Organisasjonsmangfaldet i Noreg har auka dei siste 30 åra. Det er ulike endringar som pregar utviklinga på lokalnivå og nasjonalt nivå. Lokalt blir talet på organisasjonar redusert på fleire område, som innanfor helse og opplysning, mens det skjer ein betydeleg vekst i nærmiljøorganisasjonar som velforeiningar og grendelag. Kultur- og idrettsorganisasjonar utgjer enno tyngdepunktet.

På nasjonalt nivå er det enkeltståande organisasjonar utan lokale ledd og avdelingar som aukar. Den største auken har skjedd i rettigheits- og støtteorganisasjonar for sjuke og personar med nedsett funksjonsevne og i organisasjonar for marginaliserte grupper. Det har også skjedd ein kraftig vekst i hobby- og fritidsorganisasjonar.

Endringa i organisasjonslandskapet er også ei følgje av nye måtar å engasjere seg på. Sosiale medium og andre interaktive verktøy fører til nye former for engasjement. Det endrar måten menneske dannar grupper og samhandlar på, og det gjer det mogleg for nye grupper å engasjere seg.

Samtidig ser vi framveksten av nye former for initiativ som er inkluderte i sivilsamfunnsomgrepet, som ofte har eit sosialt formål, men som ikkje alltid gjer bruk av frivillig, ubetalt innsats. Sosialt entreprenørskap er eit slikt eksempel. Desse kombinerer eigenskapar og verkemiddel både frå sivilsamfunnet og marknaden, og mange av dei sosiale entreprenørane er i praksis frivillige organisasjonar.

Noreg ligg på topp internasjonalt i frivillig deltaking. I den nyaste befolkningsundersøkinga som blei lagd fram i august 2018, svarer 63 pst. at dei har vore med på frivillig arbeid i løpet av dei siste 12 månadene.

Omfanget av frivillig innsats gir også eit betydeleg utslag i omrekninga til bruttonasjonalprodukt.

Kultur og fritid er det feltet flest engasjerer seg frivillig i, og idretten er størst innanfor denne grupperinga.

Frivillig arbeid er ofte knytt til sosiale kjenneteikn og ressursar. Personar som har høg utdanning, stabil tilknyting til arbeidslivet og høg inntekt, deltek i større grad enn dei som har færre slike ressursar, både i organisasjonslivet og i samfunnet elles.

Sjølv om dei med høg utdanning deltek meir enn dei med låg utdanning, så har skilja blitt mindre over tid. Om ein har barn eller ikkje, har blitt ein viktigare faktor når ein skal grunngi om ein gjer frivillig arbeid eller ei.

Eit særtrekk ved den norske frivilligheita er at det for første gong er ein like høg prosentdel kvinner og menn som er med på frivillig arbeid. Samtidig bruker menn enno meir tid enn kvinner på frivillig arbeid, men desse forskjellane har blitt litt reduserte over tid.

Minoritetsbefolkninga deltek i mindre grad enn majoriteten, men forskjellen kan i stor grad tilskrivast sosioøkonomiske faktorar.

3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Trond Giske, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, frå Høgre, Marianne Haukland, leiaren Kristin Ørmen Johnsen og Tage Pettersen, frå Framstegspartiet, Silje Hjemdal og Morten Wold, frå Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Grunde Almeland, og frå Kristeleg Folkeparti, Jorunn Gleditsch Lossius, viser til Meld. St. 10 (2018–2019), Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig, som har som mål å auka deltakinga i frivillige organisasjonar og frivillig arbeid, å sikra frivilligheita sitt sjølvstende, og at staten skal leggja til rette for ein aktiv og berekraftig frivillig sektor.

Komiteen heldt open høyring i saka den 19. februar 2019.

Komiteen er samd i at frivilligheita er avgjerande for eit fritt og demokratisk samfunn for alle, med fungerande fellesskap. Mange av dei viktigaste velferds- og fellesskapsinstitusjonane me har i dag, var opphavleg komne på og drivne av frivillige. I dag står «dugnad» framleis sentralt i nabolag og lokalsamfunn landet over. Men frivilligheita er òg organisert. Komiteen meiner at frivillige organisasjonar skapar aktivitet der folk bur, fyller fritid og kvardag med meining, er relevante og lyfter saker som ikkje alltid står på politikarane sin dagsorden. Dei frivillige organisasjonane fyller dei hola som staten ikkje rekk å fylle, og vert sjølve bygde nedanifrå.

Frivilligheita tek ulike formar i dagens samfunn. Ho femner vidt, men er òg spesialisert. Ho er ute i friluft og på mobilen. Alle variantane av frivilligheit har det til felles at dei er ubetalte. Komiteen viser til at det kan vera vanskeleg å definera kva «frivilligheit» er, men at regjeringa har lagt kriteria for registrering i Frivilligheitsregisteret til grunn for det dei omtalar som «frivilligheit» i meldinga.

Komiteen peiker på at regjeringa skriv i meldinga at frivilligheita skal vera ein del av samfunnet i endring. Det blir vist til at frivilligheita både er arena og aktør, og at det bør fortsetja slik. Komiteen er samd i at Noreg fortsatt treng frivilligheita, og at det er ei naudsynt oppgåve å finne måtar å halda aktiviteten og relevansen ved like på.

Noreg ligg i verdstoppen når det kjem til frivillig deltaking, og det er like høg deltaking blant menn og kvinner. Komiteen peiker likevel med bekymring på tala i meldinga som viser at minoritetsbefolkninga deltek i mindre grad enn majoriteten, og at barn frå familiar med lav inntekt deltek mindre enn dei som har foreldre med høg inntekt og utdanning.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, er glade for at regjeringa har lagd fram ei melding som er tydeleg på at frivilligheita er avgjerande for demokratiet og fellesskapet vårt, og at ho skal vera sjølvstendig og byggast nedanifrå. Tiltaka i meldinga er meinte å styrka nettopp desse funksjonane, og å gjera det enda enklare å drive frivillige organisasjonar og tilbod i lokalsamfunna – på føreseieleg vis.

Fleirtalet meiner frivilligheita er ei styrke for samfunnet, fordi ho samlar, inkluderer, formidlar vidare, bygger opp, tenkjer nytt, gjev helse og spreier glede og meining. Me treng frivilligheita slik me treng dei offentlege og private tenestene og tilboda. Ho er viktig i liva til enkeltpersonar, men løner seg òg reint samfunnsøkonomisk. Frivilligheita er mangefasettert og lokalt relevant, og derfor må ho vera friast mogleg. Statlege krav må vera så enkle å følga at òg dei små og ressurssvake organisasjonane får det til. Det er staten si rolle å leggja til rette for frivilligheita i alle sine former, ikkje strupa ho.

Fleirtalet er samde med regjeringa i at eit mål for frivilligheita framover må vera å inkludera enda fleire, og å senka tersklane for deltaking.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at frivillige organisasjoner bidrar til fellesskap, læring og inkludering. Frivilligheten gir mennesker mulighet til å møtes, til å engasjere seg, og til å oppleve å høre til et fellesskap. Den motvirker ensomhet, fremmer folkehelse, bidrar til gode oppvekstsvilkår og livskvalitet blant eldre. Frivilligheten skaper gode lokalsamfunn. Derfor trenger frivilligheten anerkjennelse og gode arbeidsbetingelser gjennom samarbeid med myndighetene, forutsigbare rammevilkår og minst mulig byråkrati. Hverdagen må gjøres mest mulig enkel for at organisasjonene skal kunne drive, og også rekruttere, til det som er deres formål. Disse medlemmer viser også til komiteens høring om stortingsmeldingen, der organisasjonene sto sammen i sitt syn på behovet for en regelstyrt momskompensasjonsordning, som grunnlag for økt aktivitet og medlemsvekst.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet mener at det er et stort potensial i samfunnet for å forebygge mer. Vi vet at fysisk aktivitet gir oss bedre helse og reduserer sykdom, vi vet at sosiale fellesskap styrker livskvaliteten og den psykiske helsen, og vi vet at trygge fellesskap for barn og unge styrker muligheten for en trygg oppvekst. Alt dette bidrar til bedre rom innenfor velferdsstaten og velferdstjenestene. Satsing på frivilligheten er derfor en investering, sannsynligvis en av de mest lønnsomme investeringene vi kan gjøre. Disse medlemmer ønsker en politikk hvor vi vektlegger forebygging mye sterkere, og lar det også være styrende for vår frivillighetspolitikk.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti understreker at mye av tilretteleggingen for frivilligheten skjer lokalt. Det er kommunene som best kjenner de lokale frivillige organisasjonene og kan legge til rette med lokaler, anlegg og støtte. Derfor er en god kommuneøkonomi svært viktig for frivilligheten. Bevilgningene og tilretteleggingen for frivilligheten er sårbar når kommuneøkonomien er for trang. Disse medlemmer viser til sine respektive partiers alternative budsjetter, hvor kommuneøkonomien er kraftig styrket sammenliknet med regjeringens opplegg.

Disse medlemmer understreker at uten frivilligheten ville Norge ha stoppet opp. I tillegg til verdien frivilligheten tilfører samfunnet, som kan måles i årsverk og verdiskaping, er frivilligheten og sterke sivilsamfunn viktig i seg selv som demokratiskoler og arenaer for deltakelse. Derfor er disse medlemmers mål en fri og sterk frivillighet med lave terskler for å delta.

Disse medlemmer mener det er avgjørende at frivilligheten skal være fri. Lag og foreninger må selv identifisere hva de ønsker å jobbe med, og hvordan. Frivilligheten kan bidra til å nå viktige mål, men må selv ha anledning til å velge hvilke og på hvilken måte. Frivilligheten selv sier dagens finansering i dag er vridd slik at det i stadig større grad er lagt opp til at frivilligheten skal løse nasjonale og lokale mål for at myndighetene skal nå spesifikke mål. Lag og foreninger får lite frie midler, og må derfor i stadig større grad tilpasse seg ulike prosjektordninger. Dette fører til at frivilligheten får mindre rom til å være nyskapende og vise vei for nye områder. Disse medlemmer viser til at mange, små prosjektpotter fører til at betydelige ressurser går med på å søke og rapportere på prosjektmidler. Disse medlemmer mener at frivillighetsmeldingen ikke i tilstrekkelig grad leverer virkemidler for å løse dette. Derfor mener disse medlemmer at de frie midlene til frivilligheten må økes betydelig, og mer flerårig støtte må innføres.

Disse medlemmer viser til at frivillighetens eget hovedkrav er full rettighetsbasert momskompensasjon, og støtter dette kravet. Disse medlemmer viser videre til at med opptrappingsplanen som er varslet i frivillighetsmeldingen, vil det fortsatt være en betydelig avkorting av kompensasjonen.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vektlegger følgende hovedsaker i frivillighetspolitikken:

  • Bedre økonomiske rammebetingelser for frivilligheten. Regelstyrt ordning for momskompensasjon til organisasjons-Norge, i tråd med Frivillighet Norge og LNUs syn, og forslag til opptrappingsplan.

  • Bidra til flere idrettsanlegg gjennom en regelstyrt ordning for momskompensasjon for idrettsanlegg, slik at kommuner og idrettslag likestilles ved utbygging av anlegg, og slik at lag og frivillige får økonomisk forutsigbarhet.

  • Sikre alle mulighet til gratis lån av utstyr for å øke den generelle fysiske aktiviteten blant folk, å styrke inkluderingen og tilrettelegge for en smart ressursbruk. BUAs arbeid med kvalitetssikring av tilbudene må videreutvikles. Det må gis tilgang i alle kommuner og utvikles en plan i tråd med forslaget som ble fremmet ved behandling av Dokument 8:36 S (2018–2019).

  • Gratis/rimelig tilgang på lokaler og arealer er et av myndighetenes viktigste bidrag til å sikre alle tilgang til aktiviteter. Kommune-Norge må oppfordres til å samarbeide med organisasjonene for å gi økt tilgjengelighet til offentlige lokaler.

  • Gi Frivillighet Norge og LNU – som best kjenner organisasjonene og deres mangfold – en aktiv deltakerrolle i de foreslåtte forenklingsrådene for tilskudd til frivillige organisasjoner, forenklingsarbeidet generelt, og i utviklingen av et frivilligkort.

  • Ta vare på Norsk Tippings enerett til pengespill, slå ring om grasrotandelen og motarbeide utenlandske spill som drar pengene bort fra frivilligheten.

Del II – Brei deltaking

1. Senke terskelen for deltaking

1.1 Samandrag

1.1.1 Innleiing

Kapittelet beskriv korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at frivillig sektor held fram med å vere grunnmuren i demokratiet vårt – samansett av enkeltmenneske som får bruke ressursane sine i samspel med kvarandre.

Det er ei utfordring at nokre grupper systematisk fell utanfor frivilligheita. Kapittelet vil derfor også vise til tiltak for å senke terskelen for deltaking og få med fleire av dei som ikkje deltek i frivillig aktivitet i dag.

1.1.2 Kvifor auke deltakinga

Regjeringa anerkjenner den sentrale rolla til frivilligheita som ein arena for inkludering og integrering.

Vi ser tendensar rundt oss no til at trua på demokratiet og dei verdiane vi kanskje har teke for gitt, er i ferd med å forvitre. Parallelt endrar den økonomiske situasjonen vår seg, og vi må vere innovative og omstillingsdyktige for å kunne føre velferdssamfunnet vidare.

Skal vi lykkast med omstillinga av Noreg, må vi også lykkast med å byggje rause, solide og tolerante fellesskapar der det er rom for mangfald og ulike meiningar. Gjennom å vere ein arena for aktivitet og engasjement, med rom for usemje og brytningar, sikrar frivilligheita den felles danninga som gjer menneske i stand til å vere aktive medborgarar i eit demokrati.

Brei deltaking er viktig også i eit folkehelseperspektiv og kan bidra til livskvaliteten til den enkelte.

Høg deltaking i frivillige organisasjonar er også med på å skape robuste lokalsamfunn og er god beredskap.

Samla sett er høg og brei frivillig deltaking derfor eit mål i seg sjølv. Staten skal ikkje leggje seg opp i korleis folk er frivillige. Men staten skal, i samarbeid med dei frivillige organisasjonane, syte for at det finst ei frivilligheit der alle kan finne si interesse, at det er enkelt å bli frivillig, slik at Noreg held fram med å vere det landet i verda som har høgast grad av frivillig innsats.

Frivilligheita er skular i demokrati som alle bør få gå på. Alle frivillige organisasjonar bør derfor strekkje seg for å få med fleire. Særleg gjeld dette å leggje til rette for at dei som ikkje er med i dag, får vere med i den fellesskapen som frivillig aktivitet og frivillige organisasjonar er.

1.1.3 Motivasjon for deltaking

Ønsket om å gjere ein konkret innsats og ønsket om å lære noko er ofte eit argument for å gjere ein frivillig innsats. Det varierer mellom ulike typar frivillig arbeid og mellom aldersgrupper kva som er viktigast.

Mens eldre frivillige seier at motivasjonen deira for å gjere ein frivillig innsats er ønsket om å treffe andre og om å kunne gjere noko nyttig, er unge frivillige i større grad motiverte av å få lære noko og av å få denne kompetansen på CV-en. Engasjement avlar engasjement, og deltaking i frivillige organisasjonar gir ein realkompetanse ved sida av skule og arbeidserfaring. Det er derfor viktig at både skule og arbeidsliv er bevisst på å verdsetje frivillig innsats hos elevar og medarbeidarar og legg til rette for at frivillig innsats finn stad.

1.1.4 Barrierar mot deltaking

Dei vanlegaste grunnane til at folk ikkje deltar i frivillig arbeid, er mangel på tid og interesse, eller at dei har svake nettverk og ikkje blir spurde om å delta. Det varierer mellom aldersgruppene kva som blir opplyst som årsak til manglande deltaking.

For å leggje til rette for ei frivilligheit som femner fleire, er det behov for å utvikle kunnskap og verkemiddel som kan føre til sosial utjamning i arbeidet med frivilligheit og folkehelse.

Dersom ein ikkje jobbar aktivt for å nå ut til fleire, kan frivilligheita i verste fall forsterke forskjellar.

Frivillige organisasjonar må arbeide for å ha aktivitetar for alle som har lyst til å bidra. Dersom ikkje organisasjonar og andre fellesskapar senkar terskelen for deltaking, kan den sosiale og frivillige arenaen fort bli nok eit felt der ein må prestere.

Samtidig må vi anerkjenne at det også finst spesialiserte oppgåver i regi av frivillige organisasjonar som krev eiga opplæring, og der ikkje alle kan bidra med alt.

1.1.5 Rammevilkår for auka deltaking

Statens viktigaste verkemiddel for å auke frivillig deltaking er å bidra til eksistensgrunnlaget til frivilligheita mellom anna gjennom økonomiske tilskotsordningar.

Den statlege frivilligheitspolitikken skal ikkje bidra til å sementere eit organisasjonslandskap, men snarare leggje til rette for at mangfaldet kan vekse fram. Derfor vil regjeringa fokusere på å auke dei store, breie ordningane som ikkje legg for mykje føringar på organisasjonstype eller aktivitetstype, men som skaper grobotn nettopp for mangfaldet. Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga er det fremste eksempelet på dette. Den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar og Frifond er to andre.

Lokale aktivitetsmidlar (LAM), som blei etablert med det målet å styrkje idrettsaktiviteten der han skjer – på lokalt nivå – er eit godt eksempel på betydninga til frie ordningar for deltaking. Ordninga var i 2018 på 367 mill. kroner, ein auke på 30 millionar frå året før.

Ordninga ser ut til å fungere godt fordi det er rom for å gjere lokale prioriteringar og fordelingar av pengane. Det gir eit handlingsrom som gir lokalt ansvar, tillit og fleksibilitet.

Regjeringa vil syte for treffsikre tilskotsordningar til mangfald, inkludering og integrering som er enkle å forstå og nytte seg av.

1.1.6 Tilrettelegging for auka deltaking

Frivillige organisasjonar, KS og regjeringa signerte Fritidserklæringa 7. juni 2016. Målet er eit godt og langsiktig samarbeid for at alle barn og unge, uavhengig av foreldreøkonomien, skal kunne delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med barn og unge på same alder. Erklæringa byggjer på FNs barnekonvensjon, som seier at barnet har rett til kvile og fritid og til å delta i leik og fritidsaktivitetar som passar for alderen til barnet. Barnet skal ha tilgang til eigna og like moglegheiter for kulturelle og kunstnariske rekreasjons- og fritidsaktivitetar.

Mykje tyder på at frivillige organisasjonar i større og større grad finn saman for å løyse felles utfordringar. Dei siste tiåra har det vore ein sterk auke i talet på paraplyorganisasjonar i Noreg, frå rundt 30 i slutten av 1970-åra til over 300 i dag. Forskarane knyter denne veksten til auka differensiering og spesialisering i organisasjonssamfunnet og dermed større behov for koordinering og samarbeid, men også til behovet for saman å utvikle nye verktøy og nye inntektskjelder.

Mange av paraplyorganisasjonane får statleg finansiering både i form av driftsstøtte og i form av meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar. Staten er på denne måten med på å støtte opp om denne kompetansedelinga.

I desember 2015 blei Frivillig.no eit felles digitalt rekrutteringsverktøy for frivillig sektor. Regjeringa støttar Frivillig.no gjennom at den generelle støtta til Frivillighet Norge har auka.

Frivillig innsats og deltaking bidreg til å sikre menneske som står utanfor skule og arbeidsliv, sosial kontakt, arena for meistring og kompetanseheving og rammer i kvardagen. I større og større grad legg arbeidsgivarar også vekt på den uformelle arbeidserfaringa ved tilsetjingar. Dersom fleire deltok som frivillige mens dei stod utanfor det ordinære arbeidslivet, ville det kunne få positive verknader for den enkelte og for samfunnet.

Regjeringa vil understreke at noverande regelverk i stor grad opnar for at sjukemelde og arbeidslause kan delta i frivillig arbeid.

1.1.7 Regjeringa vil

Regjeringa vil:

  • Gjennom breie ordningar gi frivillige organisasjonar økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å rekruttere og bevare eit mangfald av frivillige.

  • Halde fram med å gi støtte til målretta tiltak for å rekruttere menneske som ikkje deltek i frivillig aktivitet.

  • Halde fram med å støtte opp om frivillige initiativ og organisasjonar som fremjar erfaringsutveksling om ulike tiltak, og som fremjar inkludering av dei som ikkje deltek.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til kapitlet om å senke terskelen for deltaking. Komiteen er samd med regjeringa i at det er ei utfordring at nokre grupper systematisk fell utanfor frivilligheita, og at det bør innførast tiltak som motverkar dette. Meldinga stadfestar at høg og brei deltaking er eit mål i seg sjølv, og at frivillige organisasjonar bør strekke seg etter å nå fleire – spesielt barn og unge som ikkje er med ifrå før.

Komiteen peiker på at ulike folk møter ulike barrierar for deltaking i frivilligheita. Det kan vera mangel på tid og interesse, svake nettverk, helse, eller at dei ikkje vert spurde om å delta. Mindre ressurssterke og sosialt integrerte menneske som i utgangspunktet kunne hatt mest nytte av frivilligheita, møter ofte fleire barrierar enn andre. Dette kan vera fordi dei har mindre nettverk, dårlegare helse, eller til dømes ikkje kan møte like høge forventningar om tidsbruk, utstyr eller kompetanse.

Komiteen viser til at regjeringa meiner at økonomiske tilskotsordningar som meirverdiavgiftskompensasjonsordninga, den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar, Frifond og lokale aktivitetsmidlar er blant statens viktigaste verkemiddel for å auke frivillig deltaking. Samstundes vert det understreka at dette ikkje skal vera med på å sementere eit organisasjonslandskap, men leggja til rette for at mangfald kan vekse fram. Komiteen vil òg peike på at det finst målretta ordningar, som Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kor over halvparten av pengane vert kanaliserte gjennom frivillige organisasjonar.

Komiteen viser til at det har vore ein auke i talet på paraplyorganisasjonar i Noreg dei siste femti åra. I tillegg har det felles digitale rekrutteringsverktøyet frivillig.no kome til. Det har i større grad vorte mogleg for sjukemelde og arbeidslause å delta i frivillig arbeid. Komiteen merkar seg at regjeringa ynskjer å halde fram med å støtte initiativ og organisasjonar som fremjar erfaringsutveksling og inkludering av dei som ikkje deltek.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, viser til at meldinga lyfter fram betydinga av Fritidserklæringa, som vart signert i 2016. Ho har som mål at alle barn og unge skal kunne delta jamleg i fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomien til foreldra. Fleirtalet merkar seg at regjeringa vil fortsetja satsinga på denne modellen, som bringar saman kommunar, organisasjonar og privat næringsliv i arbeidet for ei god fritid for alle barn og unge.

Fleirtalet viser til at regjeringa har fleire parallelle satsingar for å inkludere fleire i dei viktige, lokale fellesskapa i samfunnet, heilt ifrå starten. Barn frå familiar med låg inntekt får gå gratis i barnehage i kjernetida ifrå dei er to år gamle, og snart skal det innførast ei tilsvarande ordning for SFO. I Granavolden-plattforma har regjeringa òg skissert eit fritidskort for alle barn frå 6–18 år, som kan dekka deltakaravgift på fritidsaktivitetar. Fleirtalet viser til arbeidet med utforminga av fritidskortordninga og ser fram til at saka kjem til Stortinget.

Fleirtalet peiker på at frivilligheita har eit unikt potensial til å nå alle delar av befolkninga, òg dei som fell utanfor skule, arbeidsliv eller andre meir formaliserte fellesskap. Frivilligheita finst over alt og veks ut av lokale behov og føresetnader. Aktivitetar som er drivne i regi av frivilligheita, gir nye meistringsarenaer og byggjer samhald. Fleirtalet meiner likevel at det framleis er viktig at dei frivillige organisasjonane leiter etter nye måtar å inkludere fleire på, for mange av dei som fell utanfor, har ofte spesielt stor nytte av å delta i desse fellesskapane.

Når det kjem til rammevilkåra for auka deltaking, er fleirtalet glad for at regjeringa er tydeleg på at frie midlar er statens viktigaste verkemiddel. Fleirtalet er opptatt av å sjå heilskapen i tilskota og rammevilkåra til frivilligheita, og vil understreka at det er viktig at frivilligheita i størst mogleg grad skal få disponera pengane sine fritt.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreke betydningen av at alle tilbys å få delta i frivillig aktivitet. Altfor mange går glipp av gleden ved fellesskapet, den erfaringen og kompetansen som frivilligheten byr på. Beskrivelsene i meldingen viser at vi som samfunn, sammen med organisasjonene, har et stykke å gå for å sikre en virkelig inkluderende frivillighet. Disse medlemmer vil vise til at NIF er Norges største fritidsorganisasjon for barn og unge, og at undersøkelser bekrefter at barn og ungdom med innvandrerbakgrunn, og særskilt jenter, i mindre grad er medlemmer av idrettslag enn gjennomsnittet i befolkningen. Disse medlemmer viser også til de funn som ble gjort av Strategiutvalget for idrett, som har levert sine to innstillinger til regjeringen.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sine innledende merknader, med våre hovedbidrag til å senke terskelen for deltaking i frivillige organisasjoner i lokalsamfunnene. Disse medlemmer viser også til Arbeiderpartiets alternative statsbudsjett, der vi prioriterte en sterk forbedring av kommuneøkonomien, og i tillegg

  • tilskudd til flere anlegg med 50 mill. kroner

  • gratis utlånsordninger for sports- og friluftsutstyr gjennom BUA med 105 mill. kroner

  • økte tilskudd til åpne møteplasser for barn og unge i større bysamfunn med 5 mill. kroner

  • kulturkort for ungdom med 40 mill. kroner

  • økt momskompensasjon til organisasjonene med 50 mill. kroner

  • større tilskudd til barne- og ungdomsorganisasjoner med 5 mill. kroner.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til behovet for å øke den generelle fysiske aktiviteten blant folk, å styrke inkluderingen og i tillegg tilrettelegge for en smart ressursbruk. Med dette som mål må alle sikres mulighet til gratis lån av utstyr. BUAs arbeid med kvalitetssikring av tilbudene må videreutvikles.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener det må gis tilgang til dette i alle kommuner, og utvikles en plan i tråd med forslaget som ble fremmet ved behandling av Dokument 8:36 S (2018–2019).

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil også understreke betydningen av å opprettholde spillemonopolet til Norsk Tipping. I tillegg til den viktige betydningen dette selskapet har for å motvirke spilleproblemer og avhengighet, ble det i 2018 fordelt et overskudd på vel 4,7 mrd. kroner. Anslaget til fordeling i 2019 oppgis til 2 735 mill. kroner til idrettsformål, 769 mill. kroner til kulturformål og 769 mill. kroner til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner. I tillegg blir overskuddet fordelt med 7 pst. til grasrotandelen og 6,4 pst. til helse- og rehabiliteringsformål. I alle lokalsamfunn finnes aktivitet som dels har grunnlag i vårt felles tippeselskap. Disse medlemmer vil avvise initiativer til å legalisere internasjonale spillselskaper. I stedet mener disse medlemmer at regjeringen må styrke arbeidet mot de spillselskapene som trekker pengene bort fra frivilligheten, slik at vi opprettholder en trygg spillpolitikk og inntekter for frivilligheten.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen forsterke arbeidet mot utenlandske spillselskaper i Norge, med spesiell vekt på å arbeide mot markedsføringen av ulovlige spill overfor det norske markedet.»

Komiteen viser til at regjeringa har styrkt arbeidet mot speleselskap som truar einerettsmodellen, særleg retta mot marknadsføringa av slike selskap. I mars sende regjeringa eit forslag om forbod mot utanlandsk spelreklame på høyring. Forslaget vert handsama av Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at regjeringen i sin politiske plattform presenterer at de vil innføre et «fritidskort» for alle barn fra 6 til fylte 18 år, som kan benyttes til å dekke deltakeravgift på fritidsaktiviteter etter mønster fra ordningen på Island. Disse medlemmer viser til at ideen ikke er omtalt i meldingen, men at kortet er tatt opp av mange organisasjoner i komitéhøringen. For å sikre at et «fritidskort» vil fungere på beste vis, foreslår disse medlemmer at Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner og Frivillighet Norge involveres direkte i utviklingen.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at LNU og Frivillighet Norge får en aktiv rolle i utviklingen av 'fritidskortet'.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, merkar seg at regjeringa allereie legg til grunn at frivilligheita skal inkluderast for å kunna medverka til dei komande prosessane, og støttar dette. Målet med frivilligheitsmeldinga og tiltaka for betre rammevilkår, mindre byråkrati og stadfestinga av frivilligheita si lokale forankring, sin fridom og sitt sjølvstende er nettopp å gjere det enklare å driva meir frivillig aktivitet. Då er det viktig at dei frivillige organisasjonane inkluderast og får medverka.

Fleirtalet peiker på at regjeringa sitt arbeid med å utforma eit fritidskort som kan dekka deltakaravgift på fritidsaktivitetar for alle barn og unge frå 6 til 18 år, så vidt er i gang. Fleirtalet føreset at sentrale frivillige organisasjonar, som eksempelvis LNU og Frivillighet Norge, vert inkluderte i dette arbeidet.

Del III – Ein sterk og uavhengig sektor

1. Rammevilkår som fremjar frivillig aktivitet

1.1 Samandrag

1.1.1 Innleiing

Kapittelet tek for seg korleis staten gjennom mellom anna breie og ubyråkratiske støtteordningar kan byggje opp under ein sjølvstendig frivillig sektor med brei deltaking og høg aktivitet.

Regjeringa vil støtte opp om frivillig sektor og styrkje rammevilkåra, men det er viktig for sjølvstendet og autonomien til frivilligheita at ho ikkje er avhengig av offentleg finansiering, og at ho framleis hentar mesteparten av inntektene sine frå andre kjelder. Kapittelet beskriv også korleis staten eventuelt kan leggje til rette for at frivillig sektor lettare kan skaffe seg andre inntektskjelder enn tilskot frå det offentlege.

Regjeringa byggjer politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapen. Dette ligg også til grunn for statens økonomiske tiltak for frivillig sektor.

1.1.2 Inntektene til frivillig sektor

Frivillige organisasjonar hentar inntektene sine frå fleire ulike kjelder. Frå 1997 til 2013 har prosentdelen av eigengenererte inntekter som samla sett kjem frå medlemskontingentar, deltakaravgifter og frivillig aktivitet som skal skape inntekter, gått markant ned frå 73 til 58. Private bidrag i form av sponsing, basar, gåver og innsamling auka frå 13 til 14 pst. Dette er i stor grad også eigengenererte inntekter, sidan det er organisasjonane sjølve som må gjere ein innsats for å få desse midlane.

Inntekter frå det offentlege auka frå 8 til 21 pst., og andre, uspesifiserte inntekter auka frå 6 til 7 pst. i den same perioden.

Auken i dei offentlege midla må sjåast i samanheng med bortfallet av automatinntektene til organisasjonane og offentleg kompensasjon som følgje av dette, dessutan auken i meirverdiavgiftskompensasjonsordninga. Frivillig sektors totale driftskostnader auka med om lag 30 pst. frå 1997 til 2013, noko som er eit uttrykk for at frivillig sektor har vakse i økonomisk omfang.

1.1.3 Statlege tilskot til frivillige organisasjonar – eit oversiktsbilete

Statleg støtte til frivillig sektor har to kjelder: statsbudsjettet og overskotet frå Norsk Tipping (spelemidlar). I tillegg kjem ein del av den offentlege støtta til frivillige organisasjonar frå kommunar og fylkeskommunar.

Det er svært mange mottakarar av dei fordelte midlane. Den største ordninga for frivillig sektor, meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar, hadde omkring 23 500 mottakarar i 2017. Omkring 30 000 er registrerte som grasrotmottakarar. Dei andre statlege tilskotsordningane hadde til saman omkring 3 000 tilskotsmottakarar i 2017.

1.1.4 Grunnstøtte til frivillige organisasjonar

1.1.4.1 Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar

Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar tok til å gjelde 1. januar 2010. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet.

Det blir gitt kompensasjon innanfor den ramma som Stortinget har bestemt for det enkelte året.

Ny forskrift for meirverdiavgiftskompensasjonsordninga er gjeldande frå 1. januar 2019. Målet med endringane er å gjere ordninga endå meir treffsikker og bidra til ytterlegare forenkling for organisasjonane.

Ordninga er i praksis ei grunnstøtte til frivilligheita i Noreg. Tildelingane er baserte på driftskostnader med visse frådrag. Dette gir ei god beskriving av frivillig aktivitet som krev kostnader hos den enkelte organisasjon, som dermed har behov for tilskot. Ordninga er enkel og ubyråkratisk og gir organisasjonane tilgang på frie midlar.

Målsetjinga med frivilligheitspolitikken er å styrke frivilligheita og støtte opp om frivillig aktivitet. Regjeringa vil derfor lage ein opptrappingsplan for å styrkja meirverdiavgiftskompensasjonsordninga, slik Stortinget har oppmoda til.

Tiltak:

Regjeringa vil trappe opp støtta til frivillig sektor gjennom meirverdiavgiftskompensasjonsordninga med mål om at ordninga er på 1,8 mrd. kroner i 2021. Regjeringa vil sjå nærare på korleis meirverdiavgiftskompensasjonsordninga fungerer i samanheng med andre tilskotsordningar, med sikte på å nå frivilligheitspolitiske mål.

1.1.4.2 Frifond

Formålet med Frifond-løyvinga er å stimulere den lokale aktiviteten og deltakinga til barn og unge og betre rammevilkåra for medlemsbasert virke på lokalt nivå i regi av frivillige organisasjonar. Frifond består av Frifond organisasjon, Frifond barn og unge, Frifond teater og Frifond musikk.

Løyvinga til Frifond utgjer rundt 200 mill. kroner. Nærare 15 000 lokale lag og grupper med barn og unge får årleg støtte frå Frifond. Midlane blir fordelte av Kulturdepartementet til paraplyorganisasjonane Norsk musikkråd (NMR) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Regjeringa ønskjer å sjå på moglegheiter for endringar og forbetringar av den statlege tilskotsforvaltinga som kan bidra til meir heilskapleg, open, effektiv og føreseieleg frivilligheitspolitikk.

Tiltak:

Regjeringa vil vurdere felles kriterium for tilskot, søknadsskjema og rapporteringsrutinar for å samordne Frifond organisasjon og Nasjonal grunnstøtte, og – om det let seg gjere – med ein felles søknads- og rapporteringsmal.

1.1.4.3 Frifond barn og unge, musikk og teater

Kulturdepartementet meiner at Frifond-ordningane som skal nå frittståande grupper og eigenorganisert aktivitet, i hovudsak fungerer etter intensjonen med ordninga. Mange barn og unge frå heile landet får moglegheit til å drive sin aktivitet. Aktivitetane som er støtta, spenner frå friluftsliv til sirkus og andre framsyningar. Ordningane er i ulik grad knytte til spesielle kulturuttrykk. Diskusjonen om kor tungtvegande kulturtilknytingane i aktiviteten er, bør løftast.

Det har i tillegg vore fremja eit forslag om å reindyrke delar av ordninga som er retta mot kulturaktivitet, og lage eit tydelegare skilje opp mot anna barne- og ungdomsfrivilligheit. Dette er eit innspel som departementet vil vurdere. Departementet ønskjer å støtte opp om desse formåla og samtidig ha ei ryddig og god forvalting av Frifond. Eventuelle endringar må greiast ut i dialog og samarbeid med dei involverte paraplyane og organisasjonane.

Tiltak:

Regjeringa vil sjå Frifond-ordningane retta mot musikk, dans og andre kunst- og kulturuttrykk i samanheng med andre ordningar på kulturfeltet i den kommande barne- og ungdomskulturmeldinga.

1.1.5 Tilskot til frivilligheit som mål i seg sjølv

1.1.5.1 Driftstilskot for handlingsrom

Tilskot til frivillig sektor frå staten skal byggje opp under det sentrale frivilligheitspolitiske målet om ein fri og sjølvstendig sektor.

Tilskota til frivillige organisasjonar har hovudsakeleg to formål: tilskot for å støtte frivilligheit som mål i seg sjølv, og tilskot for at frivillige organisasjonar skal bidra til å oppnå sektormål på ulike samfunnsområde. Nokre ordningar kombinerer desse to formåla.

Tilskot til frivillige organisasjonar frå staten blir stort sett gitt som driftstilskot eller prosjekttilskot.

Kartlegging av tilskot til frivillige organisasjonar i 2017 viser at 53 pst. av tilskotsmidlane blei gitt som driftstilskot i 2017, 35 pst. blei gitt som prosjekttilskot, og dei resterande midlane var ein kombinasjon av driftstilskot og prosjekttilskot eller ikkje kategorisert.

Frivillig sektor peiker på at prosjektmidlar krev meir administrative ressursar i organisasjonane til planlegging og søknader som kan vere forgjeves dersom ikkje søknaden får positivt svar. Aktiviteten blir meir kortsiktig, og uvissa kan gjere det vanskeleg å halde på kompetanse i organisasjonane. Somme meiner at prosjektmidlar også kan føre til målforskyving ved at organisasjonane endrar aktiviteten og ressursbruken sin for å kunne søkje på midlane.

Kulturdepartementets rettleiar i forenkling av tilskotsordningar for frivillige organisasjonar tilrår forvaltarar å vurdere om tilskot kan ytast som driftsstøtte framfor prosjektstøtte, mellom anna fordi dette kan vere ein meir ressurssparande måte å nå måla på.

Tiltak:

Regjeringa vil gi tilskot til frivilligheit som formål på ein måte som underbyggjer eigenarten og den sjølvstendige stillinga som frivillige organisasjonar har. Det skal gjerast ein gjennomgang av tilskot til frivillig sektor med tanke på å vurdere om fleire tilskot kan ytast som driftstilskot.

1.1.5.2 Medlemsdemokrati framleis eit sentralt kriterium for statleg tilskot

Sjølv om frivilligheita endrar seg, vil det vere sentralt i statens grunngiving for støtte til frivillige organisasjonar at dei fungerer som demokratiske organisasjonar. Medlemsdemokrati bidreg til legitimiteten og representativiteten til organisasjonane i utøvinga av sivilsamfunnsrolla. Funksjonen til organisasjonane som «skular i demokrati» er verdifull for Noreg som eit demokratisk samfunn.

Regjeringa meiner det også vil vere legitimt å utvikle ordningar med formål og kriterium som bidreg til å fremje særpreget og samfunnsrollene til frivillige organisasjonar. Dette vil vere ei målsetjing som frivillig sektor og staten deler. Talet på medlemmer og lokallag i ein demokratisk organisasjon vil i denne samanhengen også kunne inngå som kriterium for fordeling av tilskot.

1.1.6 Sikre medverknad gjennom forskriftsfesting av regelverk

Av dei 57 tilskotsordningane som blei kartlagde i samband med arbeidet til ekspertgruppa som gjekk gjennom statlege tilskot til frivillig sektor, var berre ti av regelverka nedfelte i forskrift. Regelverka for dei ulike ordningane fastset rettar og plikter for søkjarar og tilskotsmottakarar og har dermed forskrifts innhald, men har i praksis ein lågare formaliseringsgrad enn forskrifter.

Forskriftsfesting bidreg til at ordningane blir meir føreseielege og tilgjengelege for potensielle tilskotsmottakarar. Også forvaltinga av tilskotsordninga kan bli enklare og dermed mindre ressurskrevjande dersom forskrifta gjer det tydeleg kva for kriterium som er avgjerande for om ein kan eller skal gi tilskot. Forskrifter er meir stabile over tid, noko som igjen gjer tilskot til frivillig sektor meir føreseielege.

Fleire departement er i ferd med å gjennomføre forskriftsfesting av regelverka sine for tilskotsordningar som berre frivillige organisasjonar kan søkje på.

Tiltak:

Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å forskriftsfeste tilskotsordningar retta mot frivillige organisasjonar.

1.1.7 Frivilligheitsregisteret som objektivt inngangskriterium

Regjeringa ønskjer å klargjere kva som er frivilligheitspolitikk.

Retten til å registrere seg i Frivilligheitsregisteret har berre organisasjonar som driv frivillig verksemd. Krav om registrering i registeret vil vere eit objektivt kriterium som bidreg med openheit om målgruppa for ordninga. Slik registrering som inngangskriterium for å få tilskot vil også bidra til å sikre at mottakarane av tilskot til frivillige organisasjonar faktisk er «frivillig verksemd».

Tiltak:

Regjeringa vil gjennomgå tilskotsordningar for å vurdere kva for tilskotsordningar for frivillige organisasjonar som eignar seg for å bruke Frivilligheitsregisteret som inngangskriterium, og implementere dette der det er hensiktsmessig.

1.1.8 Open og kriteriebasert tildeling av tilskot

Større openheit i bruken av skjønnsmessige kriterium og openheit om politisk grunngivne tilskot for å bidra til legitimitet i tilskotsforvaltinga er eit ønske som har kome fram både i innspel frå frivillig sektor og i rapporten frå ekspertgruppa som har vurdert statlege tilskot til frivillig sektor. Ekspertgruppa foreslår at ein avgrensar bruk av enkelttilskot, og at der det er fleire organisasjonar som jobbar på same felt, bør tilskot som ein hovudregel ytast gjennom kriteriebaserte ordningar.

Tiltak:

Regjeringa vil gjennomgå tilskotsordningar for å sikre openheit om skjønnsmessige kriterium og at tilskot i størst mogleg grad blir tildelte frå kriteriebaserte tilskotsordningar.

1.1.9 Andre statlege økonomiske verkemiddel

1.1.9.1 Fritak for skatt

Tilskot er den vanlegaste forma for støtte til frivillig sektor. Støtte blir også gitt gjennom skatte- og avgiftstillempingar – både direkte retta mot organisasjonane sjølve og for å stimulere private givarar.

I utgangspunktet er frivillige organisasjonar som «ikkje har erverv» til formål, fritekne for formues- og inntektsskatt (skattelova § 2-32). Skattefritaket gjeld ikkje formue i og inntekt frå økonomisk verksemd. Dette gjeld også bortleige av fast eigedom som går ut over det å realisere det ikkje-ervervsmessige formålet. Slik inntekt og formue er skattepliktig dersom den årlege omsetninga frå denne økonomiske verksemda overstig 70 000 kroner. For velgjerande og allmennyttige organisasjonar er den tilsvarande beløpsgrensa 140 000 kroner.

Om ein organisasjon er rekna for å ha eit ikkje-ervervsmessig formål etter skattelova § 2-32, er avhengig av ei konkret heilskapsvurdering.

Dei enkelte organisasjonane har sjølve ansvar for å vurdere om dei oppfyller vilkåra for skattefritak. Organisasjonar som er skattepliktige, skal levere skattemelding.

I tråd med auka bruk av Frivilligheitsregisteret som inngangskriterium i ordningar og felles bruk av omgrep i tilskotsordningar vil regjeringa vurdere moglegheita for å bruke Frivilligheitsregisteret som verktøy også i ordninga med skattefritak. Dette skal gjerast gjennom at ein greier ut i kva grad registrering i Frivilligheitsregisteret kan takast inn i vurderinga av om organisasjonen har eit ikkje-ervervsmessig formål og om han kan bli vurdert som allmennyttig og velgjerande.

1.1.9.2 Fritak for arbeidsgivaravgift

Sidan 1998 har det ikkje vore betalt arbeidsgivaravgift for lønt arbeid for velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar for lønnsutgifter som ikkje er knytte til næringsverksemda deira. Men fritaket gjeld berre dersom dei totale lønnsutgiftene til institusjonen eller organisasjonen er under 800 000 kroner (frå 2019), og berre for lønnsutgifter opp til 80 000 kroner (frå 2019) per tilsett.

Finansdepartementet er i ferd med å greie ut om ei lovendring som for eksempel fjernar/hevar gjeldande beløpsgrense for arbeidsgivaravgiftsfritak etter folketrygdlova § 23-2 (8), eventuelt endrar berekningseininga frå organisasjonsnivå til undereiningar som ikkje er eigne rettssubjekt. Noko av målet med dette er å lempe på dei utfordringane som gjeldande reglar fører med seg mellom anna for fleiridrettslaga.

1.1.10 Inntektene til frivilligheita sjølv

1.1.10.1 Innleiing

Meir enn tre fjerdedelar av inntektene til organisasjonane kjem frå andre kjelder enn det offentlege. Eigengenererte inntekter som medlemskontingentar, arrangement, basarar, lotteri, julemarknader, dugnadsinnsatsar og loppemarknader har vore og er enno kjernen i finansieringa til frivillig sektor. Midlar frå næringsliv, pengegivande stiftelsar og gåver er også viktige inntekter.

Ein stor grad av eigenfinansiering i frivillig sektor er avgjerande for å bevare eigenarten til sektoren som ei motvekt til staten og marknaden. Samtidig er det viktig at jakta på inntekter ikkje trengjer unna primæroppgåva til organisasjonane som arena for deltaking og aktivitet. Det er derfor eit mål for den statlege frivilligheitspolitikken å bidra til at frivilligheita kan skaffe seg eigne inntekter.

1.1.10.2 Skattefrådrag for gåver

Prosentdelen av befolkninga som seier at dei gir pengar til frivillige organisasjonar, har auka frå 51 i 1998 til 74 i 2017. Meir profesjonelle innsamlingsorganisasjonar som satsar på rekruttering av fadrar og faste givarar, blir trekte fram som ei hovudforklaring på auken. Auka disponibel inntekt i hushalda er ei anna sannsynleg forklaring. Stadig fleire opplyser at dei føler ei moralsk plikt til å hjelpe frivillige organisasjonar med pengar fordi dei har råd til det.

Sidan år 2000 har det vore mogleg for enkeltpersonar som har gitt ei pengegåve på minst 500 kroner og opp til 50 000 kroner (2019) til visse frivillige organisasjonar og/eller trus- og livssynssamfunn, å trekkje dette frå den skattbare inntekta. Formålet med ordninga er å stimulere befolkninga til å gi gåver til frivilligheita.

I dag er frådragsretten lik for næringsdrivande og privatpersonar. Det finst per i dag ikkje undersøkingar av i kva grad ei auka frådragsgrense vil ha ønskt effekt, nemleg å auke givargleda hos næringslivet. Med bakgrunn i dette går regjeringa ikkje inn for å heve skattefrådragsgrensa for bedrifter. Men det er ønskjeleg å få meir kunnskap om kva tiltak som kan stimulere til auka støtte frå næringslivet til frivillig sektor.

1.1.10.3 Samarbeid med næringslivet og stiftelsar

Det er eit mål for regjeringa å bidra til at frivillig sektor får eit variert inntektsgrunnlag, og at inntektene frå næringslivet aukar.

Pengeutdelande stiftelsar er ei forholdsvis ny, men aukande inntektskjelde for frivilligheita.

Tiltak:

Regjeringa vil i samarbeid med frivillig sektor, pengeutdelande stiftelsar og næringsliv greie ut barrierar og drivarar for auka støtte frå næringsliv og stiftelsar til frivillige organisasjonar, dessutan nye former for samarbeid mellom frivillige organisasjonar og næringslivet.

1.1.10.4 Innsamlingar

Pengeinnsamlingar er eit sentralt verkemiddel for frivillig sektor og gir betydelege frie inntekter til arbeidet til organisasjonane.

Staten har all grunn til å stole på at dei som arbeider frivillig, og som er avhengige av innsamla midlar, er opptekne av å bruke mest mogleg av midlane til formålet. Dei er opptekne av og avhengige av å ha tillit hos befolkninga for å kunne samle inn pengar.

Norges Innsamlingsråd og Innsamlingskontrollen har over fleire år samarbeidd om etiske retningslinjer og bransjenormer for innsamling som byggjer på internasjonale standardar, og som det er brei oppslutning om.

Staten ønskjer å føre vidare den politikken som er på innsamlingsfeltet i dag.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen meiner at gode tilskotsordningar er avgjerande for at frivilligheita skal kunne vekse og halde eit høgt aktivitetsnivå. Offentlege tilskot står for ein viktig del av dei frivillige organisasjonane sine inntekter. Desse tilskota er også viktige for å sikre andre inntekter, då dei ofte er med på å sikre eit grunnlag for organisasjonsdrift. Der ein evner å innrette tilskotsordningar som famnar vidt nok og ikkje vert oppfatta som byråkratiske, vil ein sjå at det veks fram sterke og sjølvstendige frivillige initiativ.

Komiteen viser til at statleg støtte til organisasjonane vert løyvd over statsbudsjettet eller gjennom spelemidlar. Av tilskotsordningane har komiteen merka seg eit særskilt stort engasjement for å auke kompensasjonsgraden i meirverdiavgiftskompensasjonsordninga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, viser her til at regjeringa vil trappe opp momskompensasjonsordninga til 1,8 mrd. kroner i 2021. Samstundes vil regjeringa sjå nærare på korleis ordninga fungerer i samanheng med andre tilskotsordningar.

Komiteen viser til at regjeringa vurderer LNU og NMR si forvalting av Frifond organisasjon og nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar som velfungerande og god. Forvaltarane har spelt inn at ein ser seg tent med felles kriterium for tilskot, søknadsskjema og rapporteringsrutinar for dei to ordningane, samt ein felles søknads- og rapporteringsportal. Komiteen viser til at regjeringa vil vurdere dette.

Komiteen merker seg at frifondordningane retta mot musikk, dans og andre kunst- og kulturuttrykk vil vera tema i den varsla barne- og ungdomskulturmeldinga.

Der er viktig å sikre at frivillige organisasjonar har godt nok økonomisk handlingsrom til stabil og sjølvstendig drift. Komiteen viser til at regjeringa vil gjennomgå tilskot til frivillig sektor med tanke på å vurdere om fleire tilskot kan ytast som driftstilskot.

Komiteen meiner det er viktig for frivilligheita at tilskotsordningane retta mot frivillige organisasjonar i størst mogleg grad vert forskriftsfesta. Dette sikrar medverking og kan bidra til forenkling. Komiteen viser til at regjeringa varslar om at dei vil halde fram med dette arbeidet.

Komiteen er opptatt av at økonomisk stønad til frivillige organisasjonar skal gå til faktisk frivillig verksemd. Frivilligheitsregisteret gjev tryggheit for nettopp dette for dei organisasjonane som har registrert seg der. Registrering kan derfor vera eit godt utgangspunkt for å vurdere om ein organisasjon skal ha tilgang på tilskot. Komiteen viser til at regjeringa vil gjennomgå tilskotsordningar for å vurdere kven av dei som eignar seg til å bruke Frivlligheitsregisteret som inngangskriterium, samt implementere dette der det er føremålstenleg.

Komiteen peiker på at for å sikre legitimitet i tilskotsforvaltninga krev det openheit i bruken av skjønnsmessige kriterium og openheit om politisk grunngjevne tilskot. Komiteen viser til at regjeringa vil gjennomgå tilskotsordningar for å sikre dette, samt sikre at tilskot i størst mogleg grad vert tildelte frå kriteriebaserte tilskotsordningar.

Komiteen merkar seg at det er i gang eit arbeid for å sjå om ein kan nytte Frivilligheitsregisteret som verktøy også i ordninga med skattefritak, samt at Finansdepartementet greier ut ei lovendring knytt til arbeidsgivaravgiftsfritak.

Sjølv om gode offentlege tilskotsordningar er vesentleg, er det er viktig å legge til rette for at frivillige organisasjonar kan sikre seg fleire inntektskjelder. Komiteen viser til at regjeringa vil greie ut barrierar og drivarar for auka støtte frå næringsliv og stiftelsar til frivillige organisasjonar, samt nye former for samarbeid mellom frivillige organisasjonar og næringslivet.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti støtter opp under at frivillige organisasjoner jobber aktivt med å sikre egne inntektskilder. Det er imidlertid viktig at staten bidrar gjennom velfungerende ordninger. Gode ordninger som styrking av momsrefusjonsordningen, enkle tildelings- og rapporteringsprosesser og bedre tilgang til offentligeide bygg og lokaler er tiltak som frigjør tid og ressurser slik at frivillige organisasjoner i større grad kan konsentrere seg om aktiviteter.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, viser til at regjeringa i frivilligheitsmeldinga foreslår ein forpliktande plan for å auka momskompensasjonsordninga til eit historisk høgt nivå på 1,8 mrd. kroner i 2021. Fleirtalet vil presisera at momskompensasjonsordninga er ei ordning som søker å kompensera frivillige organisasjonar for utgiftene dei har til meirverdiavgift. Ei opptrapping av ordninga vil gje dei frivillige organisasjonane moglegheit til å kanalisera meir av pengane sine inn mot aktivitet, og mindre til drift. Fleirtalet viser til at momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar er styrkt med 784 mill. kroner sidan 2013, og i 2019 er på ca. 1,6 mrd. kroner. Fleirtalet peiker òg på at ordninga er enkel og ubyråkratisk, og på denne måten godt eigna til å skalere opp.

Fleire organisasjonar har spelt inn eit ynskje om rett til 100 pst. momskompensasjon. Somme er bekymra for at ei opptrapping av ordninga – sjølv til ei rekordhøgt nivå – vil bety lite om det samstundes vert ein stor auke i talet på organisasjonar som søker om kompensasjon. Fleirtalet oppmodar derfor regjeringa til å følge med på utviklinga og eventuelt foreta ei ny vurdering av momskompensasjonsnivået om søkartalet er mykje høgare enn venta.

Fleirtalet er opptekne av medverknad i arbeidet med å forbetra rammevilkåra for frivillig aktivitet framover. Fleirtalet meiner det er viktig med god dialog med feltet gjennom heile prosessen.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til Stortingets vedtak i juni 2017, der regjeringen ble bedt om en opptrappingsplan for momskompensasjon til frivillige organisasjoner og en utvikling av ordningen som sikrer at midlene kommer organisasjoner som er baserte på frivillighet, til gode. Disse medlemmer viser til at støtten gjennom momskompensasjonen oppleves som svært viktig, og at samtlige organisasjoner tilknyttet Frivillighet Norge, i komitéhøringen, ga uttrykk for betydelig skuffelse over regjeringens forslag til håndtering av dette vedtaket. Disse medlemmer støtter Frivillighet Norges forslag til opptrappingsplan, og fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å omgjøre meirverdiavgiftskompensasjonen til frivillige organisasjoner til en regelstyrt ordning, hvor prosentandelen som refunderes opptrappes jevnlig, slik at den om fire år er på 100 pst.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet peker på at regjeringen viser til at man vil gjennomgå og vurdere felles søknads- og rapporteringsmaler, forskriftsfeste tilskuddsordninger og vurdere tilskuddsordninger knyttet til bruk av Frivillighetsregisteret. Disse medlemmer støtter disse initiativene, men forutsetter at arbeidet gjøres i samarbeid med Frivillighet Norge og LNU som representanter for frivilligheten.

På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen om å involvere Frivillighet Norge og LNU aktivt i alt utviklingsarbeid som omtales som tiltak i Meld. St. 10 (2018–2019).»

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til at komiteen i november 2018 behandlet Dokument 8:229 S (2018–2019) fremsatt av Senterpartiet om innføring av full rettighetsbasert merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner. Dette medlem viser til at en omforent frivillig sektor står bak kravet om full rettighetsbasert merverdiavgiftskompensasjon. Dette medlem mener det er urimelig at frivillige organisasjoner blir sittende igjen med en ekstraregning på 25 pst. av alle utgifter til bruk i den frivillige virksomheten. Staten skal ikke ha frivillig sektor som en inntektskilde – dugnad skal ikke være avgiftsbelagt. Dette medlem vil peke på at regjeringens mål om å øke meirverdiavgiftskompensasjonen til 1,8 mrd. kroner i 2021 langt ifra vil kunne dekke de faktiske mva.-utgifter frivillige organisasjoner har. Ifølge Frivillighet Norges beregninger vil det fortsatt mangle mellom 400–500 mill. kroner for å fullfinansiere ordningen i 2021.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at forenkling er nødvendig for å senke terskelen for å delta i frivillig arbeid. Frivilligheten selv peker på Frivillighetsregisteret som et av de viktigste virkemidlene for forenkling. Disse medlemmer mener frivillighetsmeldingen burde løfte ambisjonene for registeret høyere. Disse medlemmer understreker at Frivillighetsregisteret og offentlige søknadsportaler må snakke sammen.

2. Lokale til frivillig aktivitet

2.1 Samandrag

2.1.1 Innleiing

Utfordringa er todelt: Frivilligheita treng tilgang på nok lokale og på eigna lokale.

Kapittelet beskriv dei statlege verkemidla for å betre tilgangen på lokale for frivilligheita.

At det blir lagt til rette for fleirbruk av offentlege lokale, er heilt avgjerande for frivilligheita. Det er også ein stor fordel for storsamfunnet. Liv i lokala på kveldstid fører til mindre hærverk og større eigarskap til bygningane.

Fordi frivillig aktivitet stort sett skjer lokalt, er det naturleg at det er kommunale bygg som i størst grad er i bruk av frivilligheita. Men det finst også mange bygg som er eigde av staten, som er potensielle øvingslokale og møteplassar.

Universiteta er eitt eksempel. Mykje studentfrivilligheit bruker desse lokala på kveldstid. Men ut over dette er det lite kunnskap om kva andre statlege bygg som kunne dekkje nokre av dei behova for lokale som frivilligheita etterspør.

Det er laga ein database, statenslokaler.no, som gir ei oversikt over alle eigedommar som staten eig. Frå og med 2018 skal også lokale som staten leiger i marknaden, inkluderast i databasen.

Statsbygg har ein eigen nettstad der ein finn informasjon om tilgjengelegheit til offentlege bygningar på ein strukturert måte. Førebels er det berre bygningar forvalta av Statsbygg og Hordaland fylkeskommune som er søkbare.

Tiltak:

Regjeringa vil kartleggje kva for statleg eigde bygg som eignar seg for bruk av frivilligheita, og i kva grad dette skjer allereie.

2.1.2 Frivilligeigde bygg

Frivilligheita sjølv har mykje eigedom og husar i stor grad frivillig aktivitet. Det er ein stor grad av samarbeid lokalt om bruk av frivilligeigde lokale. Det vil vere lokale behov og lokale samarbeid som er avgjerande for god utnytting.

Kommunar er gitt lov til å frita frivillige organisasjonar frå eigedomsskatt etter lov om eigedomsskatt til kommunane § 7. Unnataket blir oftast gitt på bakgrunn av skriftleg søknad, anten éin gong eller kvart år. Regjeringa meiner problemstillingar knytte til utgifter til eigedomsskatt best kan løysast i ein dialog mellom dei konkrete kommunane og organisasjonane.

2.1.3 Tilskot til lokale

2.1.3.1 Innleiing

Det er kommunane og fylkeskommunane saman med frivilligheita sjølv som har dei viktigaste nøklane til betre fysiske møteplassar og tilhaldsstader for frivilligheita. Staten bidreg med medfinansiering for eksempel på idrettsanlegg, men det er kommunane og fylkeskommunane som kjenner dei lokale behova, og som bør vere pådrivarar i å leggje til rette for at den lokale frivilligheita har gode lokale.

I meldinga blir det gjort ein gjennomgang av dei ulike tilskota staten gir til lokale.

2.1.3.2 Tilskot til idrettsanlegg

I 2018 er ordninga til kommunale idrettsanlegg (spelemidlar til idrettsformål) på meir enn 1,4 mrd. kroner. Frå denne ordninga blir det gitt tilskot både til tradisjonelle idrettsanlegg, anlegg for eigenorganisert aktivitet og friluftsliv. For å bidra til at ein endå større del av befolkninga blir fysisk aktive, har regjeringa sett av midlar til tilskotsordninga for nyskapande aktivitetsarenaer. Ordninga skal stimulere kommunar til nytenking og kreativitet når det gjeld utforming av anlegg og friluftsanlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet.

2.1.3.3 Støtte til lokale kulturbygg

Tilskotsordninga til lokale kulturbygg er statlege midlar (spelemidlar til kultur). I 2018 er ordninga på 63,7 mill. kroner. Ordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd. Tilskot kan ytast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.

Staten har fastsett eit overordna regelverk med kriterium og prinsipp for tildeling, mens det er fylkeskommunane som deretter behandlar og fordeler midlar, og som kan fastsetje eigne detaljvilkår for tildelingar i sitt område.

Tiltak:

Regjeringa vil, slik det står i Jeløyerklæringa, vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg og frivilligeigde bygg innanfor ramma av tippenøkkelen.

2.1.3.4 Støtte til andre kulturbygg

Posten Nasjonale kulturbygg på statsbudsjettet gir moglegheit for oppføring av bygg til formål og institusjonar som har eit nasjonalt ansvar eller ein viktig landsdelsfunksjon. I tillegg har vi statlege kulturbygg som blir oppførte av Statsbygg over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett.

2.1.3.5 Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for bygg

I 2010 blei det innført ei rammestyrt ordning for kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.

Formålet med meirverdiavgiftskompensasjonsordninga til frivillige organisasjonar er å leggje til rette for lokal aktivitet og deltaking. Dersom ordninga skal utvidast til å gjelde alle kostnader knytte til nybygg og påkostingar, vil ein betydeleg del av løyvinga gå til dette formålet på kostnad av aktivitetsformål.

Vidare vil eit slikt forslag komme dei store organisasjonane som allereie har ein stor bygningsmasse og/eller har ei omsetning som gjer dei i stand til å investere i nybygg, til gode. Dette vil gå på kostnad av parten til mellomstore og små organisasjonar og bidra til ei skeivdeling av midlar.

På bakgrunn av dette meiner regjeringa at det ikkje finst nok kunnskap til at ein kan utvide meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for idrettsanlegg eller den generelle meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar for nybygg og rehabilitering. Regjeringa meiner samtidig at det er behov for å setje i gang ei kartlegging av organisasjonseigde bygg og rehabiliteringsbehov knytte til desse.

Tiltak:

Regjeringa vil setje i gang ei kartlegging av organisasjonseigde bygg. Dette tiltaket skal sjåast i samanheng med Kulturalliansens kartleggingsverktøy for dei lokala som kulturfrivilligheita nyttar seg av.

2.1.4 Dialog om tilgang til offentlege bygg

Frivillig sektor har i innspel til meldinga teke til orde for nasjonale føringar for utlån og utleige av offentlege lokale til frivilligheita.

Frivillig aktivitet blir driven i lokalsamfunna. Lokale til frivillig aktivitet er oftast eigde og drifta lokalt. Derfor må løysingane også finnast lokalt. Regjeringa meiner det er dei lokale behova og lokalt ansvar som må leggje premissane for korleis ulike kommunar og fylkeskommunar gjennomfører bruk av lokale i praksis.

Regjeringa vil understreke at det er viktig å sleppe barne- og ungdomsfrivilligheita til i skulelokale og andre offentlege bygg der det er mogleg. I november 2018 skreiv kunnskaps- og integreringsministeren og leiaren i LNU eit felles brev til alle kommunar der dei oppfordrar kommunane til å gi barne- og ungdomsorganisasjonane tilgang til skulelokale.

Den einaste lovfestinga av rett til bruk av offentleg eigde lokale til frivillig aktivitet finst i dag i vaksenopplæringslova § 7.

Ut over føresegna i vaksenopplæringslova er det byggeigaren, anten det er stat, fylkeskommune eller kommune, som avgjer om og korleis lokale skal stillast til disposisjon for frivillig aktivitet. Mange kommunar har nedfelt retningslinjer for utlån og utleige av lokala sine.

Gitt at det allereie er ei stor bevisstheit om behovet frivilligheita har for lokale i kommunane, og at det allereie er mange kommunar som har digitale løysingar for utlån og utleige av lokale, ser regjeringa det som mest formålstenleg å oppfordre til meir samarbeid mellom kommunane for å oppnå det som er det overordna målet: å sikre at frivilligheita har tilgang på eigna lokale til aktiviteten sin. Det er kommunane som har oversikt over eigne og eigna lokale, og det vil vere mest effektivt med samarbeid mellom kommunane om dette.

For å leggje til rette for bruk av offentlege bygg for frivilligheita er det viktig å inkludere kveldsbrukarane i planlegging av nye bygg og i renovering av eksisterande bygg.

Medverknaden frå sivilsamfunnet i planprosessar er regulert i kapittel 5 i plan- og bygningslova, jf. § 5-1 Medvirkning. Lokale bør derfor vere eitt av dei punkta som inngår i ein lokal frivilligheitspolitikk. Regjeringa vil også oppfordre til å tenkje fleirbruk når nye bygg blir reiste.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen peiker på at lokale, ein stad å vera, er vesentleg for å gjere det mogleg å drive med frivillig aktivitet. Komiteen er einige med regjeringa i at utfordringa med tilgang på lokale er todelt. Ein må både ha nok lokale og eigna lokale.

Komiteen viser til at ein stor del av utfordringa med tilgjengelege lokale må løysast i den einskilde kommunen. Fleire stader har frivillige organisasjonar store utfordringar med å få gjennomført arrangement. For nasjonale organisasjonar utan særleg lokal forankring er dette spelt inn som ei særleg stor utfordring. Komiteen peiker her på at regjeringa vil oppmoda kommunar og fylkeskommunar å i større grad gjere lokale tilgjengeleg der frivilligheita har behov for det. Samstundes er det fleire statleg eigde bygg som i større grad kan vera aktuelle å opne opp for frivilligheita. Regjeringa foreslår her å kartleggje kva for bygg som eignar seg til slik bruk, samt i kva grad dette allereie er lagt til rette for.

Komiteen viser til eksisterande tilskotsordning til bygg og anlegg og peiker på at regjeringa vil vurdere innretninga og fordelinga av spelemidlar til kulturbygg og frivilligeigde bygg innanfor ramma av tippenøkkelen. Samstundes vil regjeringa sette i gang ei kartlegging av organisasjonseigde bygg.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, støttar seg til regjeringa si oppmoding til kommunar og fylkeskommunar om å la lokale som er ledige kveldar og helger, vera tilgjengelege for frivilligheita. Dette er eit tydeleg signal som er etterspurt og heilt nødvendig, spesielt for dei små, dei unge, og dei med lite ressursar.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, viser til at fleire av høyringsinstansane ynskjer at det vert lagt vekt på at lokala som vert gjorde tilgjengelege òg er eigna for aktiviteten dei skal brukast til. Dette fleirtalet meiner dette bør sjåast i samanheng med regjeringa si varsla kartlegging av dei statleg- og organisasjonseigde bygga. Kva slags fasilitetar lokala har, som internett eller ulike typar utstyr, vil sjølvsagt vera avgjerande for kva slags aktivitetar som kan finna sted der. Eit uttalt mål med frivilligheitsmeldinga er brei deltaking og å fjerna barrierane som finst i dag. I den samanhengen meiner dette fleirtalet at kartlegginga av lokale òg bør sjåast i samanheng med regjeringa sin strategi for likestilling av menneske med funksjonsnedsetting og den varsla handlingsplanen for universell utforming. Dette fleirtalet viser vidare til at det i dag finst ulike digitale verktøy, portalar og appar som frivilligheita i kommunane nyttar for booking av lokale. Ei kartlegging av lokale kan òg inkludera ei kartlegging av desse verktøya, for å leggja til rette for erfaringsutveksling mellom kommunane.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreke at gratis/rimelig tilgang på lokaler og arealer er et av myndighetenes viktigste bidrag til å sikre alle tilgang til aktiviteter. Kommune-Norge må oppfordres til å samarbeide med organisasjonene for å gi økt tilgjengelighet til offentlige lokaler. Disse medlemmer støtter initiativet til kartlegging av muligheter i statlige bygg.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, viser til tiltaket som vert skissera i meldinga, om at regjeringa skal kartlegga organisasjonseigde bygg. Ei slik kartlegging vil gje eit betre grunnlag for å vurdera ein eventuell momskompensasjonsordning på organisasjonseigde kulturbygg.

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til Dokument 8:51 (2013–2014), Dokument 8:102 S (2016–2017) og Dokument 8:229 S (2018–2019), hvor Senterpartiet fremmet forslag om å innføre full momskompensasjon for utgifter knyttet til nybygg, vedlikehold og rehabilitering av organisasjonseide bygg og anlegg.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at det hvert år blir realisert viktige og nødvendige kunstgressbaner, skianlegg, idrettshaller og andre idrettsanlegg takket være idrettslag og -foreninger. Dette er infrastruktur som kommunen ofte ikke har økonomi til å prioritere, men som frivillige organisasjoner påtar seg det økonomiske ansvaret for å realisere. På denne måten profiterer kommunen på idrettslagenes innsats, som gir befolkningen generelt, ofte inkludert skoleelever, tilgang til anlegg som kommunen selv ikke har anledning til å bygge. Det samme gjelder andre typer av organisasjonseide kulturhus og forsamlingslokaler som frivillige organisasjoner eier og drifter.

I dag er det kun spillemiddelberettigede idrettslag og foreninger som kan søke om kompensasjon for kostnader de har til merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Disse medlemmer mener merverdiavgiftskompensasjonsordningen må endres slik at det blir en likebehandling mellom utgifter til idrettsanlegg og andre typer organisasjonseide hus og anlegg. Disse medlemmer registrerer at regjeringen ikke har noen ambisjoner om å rette på denne skjevheten. Disse medlemmer merker seg at regjeringen velger å ikke utvide merverdiavgiftskompensasjonsordningen for idrettsanlegg eller den generelle merverdiavgiftskompensasjonsordningen for frivillige organisasjoner for nybygg og rehabilitering med den begrunnelsen at det ikke finnes godt nok kunnskapsgrunnlag. Disse medlemmer oppfatter dette som et vikarierende argument, og mener det ikke er holdbart.

På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen bedre de økonomiske rammevilkårene for organisasjonseide kulturbygg ved at merverdiavgiftskompensasjon også blir gitt for ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg eller annen fast eiendom.»

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil understreke at tilgang på lokaler er avgjørende for mye frivillig arbeid, kanskje spesielt i barne- og ungdomsfrivilligheten. Derfor er regjeringens oppfordring til kommunene om å stille sine lokaler til rådighet langt fra nok, og dette medlem mener at frivillige lag og foreningers tilgang på kommunale bygg må forskriftsfestes.

Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at frivillige lag og foreninger skal ha tilgang til kommunale bygg for sine aktiviteter og arrangementer.»

3. Det frivillige opplæringstilbodet

3.1 Samandrag

Studieforbunda bidreg til læring og kompetanse som kjem enkeltmenneske og samfunnet til gode. Gjennom studieforbunda blir eit viktig grunnlag lagt for utvikling og kompetansebygging i frivillige organisasjonar og innanfor kultur- og fritidsfeltet.

Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet samarbeider no om ei utgreiing der moglegheitene for å overføre delar av studieforbundsordninga til Kulturdepartementet blir vurderte. Dette blir sett i samanheng med ei eventuell flytting av studieforbund til fylkeskommunen. Både lovmessige og budsjettmessige forhold vil bli greidd ut. Formålet for ordninga(ne) vil òg bli vurdert.

3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen meiner at studieforbunda har ei viktig rolle for å sikre kompetanseutvikling i frivilligheita.

Komiteen merkar seg at Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider om ei utgreiing av organiseringa av studieforbundsordninga.

Del IV – Forenklingsreform

1. Meir aktivitet – mindre byråkrati

1.1 Samandrag

1.1.1 Innleiing

Kapittelet tek for seg tiltaka som regjeringa set i verk for å forenkle og effektivisere statlege tilskot til frivillige organisasjonar.

Målet for arbeidet regjeringa gjer med forenkling av tilskot, er at det skal vere enkelt for frivillige organisasjonar å søkje og rapportere på tilskot frå staten. Innspel frå frivillige organisasjonar, frå forsking og utgreiingar og frå forvaltinga tyder på at det enno er behov for forenklingstiltak for at frivillige organisasjonar skal oppleve at det er enkelt å søkje og rapportere på tilskot frå staten. Regjeringa vil drive forenklinga for frivillige organisasjonar i tråd med måla om oversikt over ordningar, koordinert forvalting og effektive søknads- og rapporteringsprosessar.

1.1.2 Forenklingsbehovet

Frivillige organisasjonar peiker på fleire utfordringar knytte til å søkje og rapportere på tilskot: Regelverka for tilskotsordningane manglar klarspråk, dei har ulik omgrepsbruk, det er høge krav til dokumentasjon både i søknad og rapportering, svara på søknader kjem seint, og utbetaling av tilskot skjer seint. Det er også krav om rask bruk av midlane. Organisasjonane meiner utfordringane krev ekstra ressursar hos organisasjonane og gjer effektiv bruk av tilskotsmidlane vanskeleg.

Mengda av ordningar for frivillige organisasjonar og dei store variasjonane gjer det arbeidskrevjande å søkje tilskot og få tilskot, særleg for dei organisasjonane som søkjer i fleire ordningar.

Kulturdepartementet har henta inn fleire utgreiingar for å belyse forenklingspotensialet i statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar.

Med bakgrunn i innspel frå frivillig sektor og dei rapportane som er henta inn om forenklingspotensialet i statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar, vil regjeringa føre vidare forenklingsarbeidet i tråd med målsetjinga om at det skal vere enkelt for frivillige organisasjonar å søkje og rapportere på tilskot frå staten.

1.1.3 Gjennomførte tiltak

Arbeidet med å forenkle statens samhandling med frivillig sektor har vore i gang ei tid. Forenklingsarbeidet har vore drive i samråd med frivillig sektor.

I tråd med dette er det etablert ei oversikt over søkbare statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar på nettstaden til regjeringa. Oversikta lenkjar vidare til eigne oversikter frå departementa og nettstader til statlege verksemder der ein kan søkje på tilskot frå ordningane.

1.1.4 Fleirårige avtalar for tilskot

Regjeringa skal vurdere korleis fleirårigheit med atterhald om Stortingets årlege løyving kan brukast på ein samordna og formålstenleg måte i fleire tilskotsordningar retta mot frivillige organisasjonar.

Fleirårige avtalar vil først og fremst eigne seg i tilskotsordningar der måloppnåinga ikkje er tidsavgrensa. Dette er typisk for tilskotsordningar som støttar drift i frivillige organisasjonar der frivillig aktivitet og samfunnsrolla til organisasjonane er sentralt i formålet for tilskotsordninga. For å sikre openheit og unngå sementering av kven som får tilskot, bør avtaleperiodane avgrensast oppover, og det må utviklast kriterium for når fleirårige avtalar kan takast i bruk.

Tiltak:

Regjeringa vil gjennomføre eit pilotprosjekt med nokre tilskotsordningar som tek i bruk fleirårige avtalar.

1.1.5 Samordning av omgrepsbruk og gjenbruk av informasjon

Fullstendig straumlinjeforming og standardisering av tilskotsordningane for frivillige organisasjonar er lite formålstenleg sett frå både frivilligheita og staten si side.

Likevel er det rom for å samordne bruk av omgrep, oppbygging av regelverk og oppbygging av søknads- og rapporteringsskjema. Forskriftsfesting av regelverk er eit av tiltaka som regjeringa vil gjennomføre, slik dette er beskrive i kapittel 6.

Samordning fordrar samarbeid.

Tiltak:

Regjeringa vil etablere eit forenklingsråd for tilskot til frivillige organisasjonar.

1.1.6 Rettleiar for forenkling av tilskotsordningar for frivillige organisasjonar

Kulturdepartementets rettleiar for forenkling av statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar vender seg til statlege forvaltarar og gir råd om forenkling i alle fasane i tilskotsforvaltinga.

Tiltak:

Regjeringa vil gjere rettleiaren for forenkling av tilskot til frivillige organisasjonar betre kjend og lettare tilgjengeleg for forvaltarar og frivilligheita mellom anna gjennom å lage eit digitalt dokument som skal oppdaterast jamleg.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen meiner det er eit stort behov i frivilligheita for forenkling. Unødvendig kompliserte og byråkratiske prosessar er ei strukturell hindring som motverkar frivillig aktivitet og deltaking. Alle er tent med at meir av tida går til aktivitet og mindre til administrasjon. Ein viktig føresetnad for dette er enkle søknads- og rapporteringsprosessar knytte til dei statlege tilskota.

Frivillige organisasjonar har sjølve spelt inn behovet for ei omfattande forenklingsreform. Komiteen deler bekymringa for at kompliserte prosessar fører til ei dårlegare utnytting av kvar enkelt krone løyvd til frivilligheita.

Komiteen viser til at regjeringa vil gjennomføre eit pilotprosjekt med nokre tilskotsordningar som tek i bruk fleirårige avtalar. Formålet er å gje organisasjonar føreseielegheit til å planlegge meir langsiktig, bygge kompetanse, effektivisere ressursbruk og sikre betre måloppnåing.

Komiteen merkar seg at regjeringa vil etablere eit eige forenklingsråd som mellom anna skal uttale seg om nye og endra regelverk knytte til tilskotsordningar. I tillegg skal det kunne gi råd om samordning og forenkling. I tillegg vil regjeringa gjere rettleiaren for forenkling av tilskot til frivillige organisasjonar betre kjent. Han skal også gjerast lettare tilgjengeleg gjennom eit dynamisk digitalt dokument.

Komiteen viser til at regjeringa vil prøva ut fleirårige avtalar for enkelte tilskotsordningar. Frivilligheita treng enkle ordningar og meir føreseielegheit.

Komiteen ynskjer mest mogleg aktivitet og meiner det er spesielt viktig at barne- og ungdomsorganisasjonane har gode vilkår. Komiteen ber derfor regjeringa sjå på moglegheita for å gjera det enklare å oppretta bedriftskonto for barne- og ungdomsorganisasjonar, sjølv om kontoinnehavaren ikkje er 18 år. Ein bankkonto er naudsynt for å kunna ta imot tilskot og inntekter frå medlemene, og for alle som har driftsutgifter. Likevel har mange bankar gjort det vanskeleg for unge under 18 år å oppretta bedriftskonto dei siste åra.

Komiteen merka seg i høyringa at det er uvisse når det kjem til fråværsreglementet i vidaregåande skule og kor vidt fråvær knytt til frivillige verv skal reknast som gyldig fråvær eller ei. Fleire opplever at fylka praktiserer reglane ulikt, særleg knytt til avgrensinga av kva slags aktivitet som skal reknast som politisk arbeid eller tillitsvaldsarbeid. Nokre demokratiske organisasjonar opplever også at dei ikkje vert anerkjende, slik at dokumentasjonen av politisk fråvær frå desse organisasjonane ikkje vert akseptert. Komiteen ser derfor fram til at regjeringa skal handsame blant anna desse utfordringane i samband med den komande evalueringa av fråværsgrensa i vidaregåande skule.

Komiteen meiner det er avgjerande at det vert lagt vekt på medverknad i politiske avgjerder om frivilligheita. Det handlar om å ta på alvor at frivilligheita er sjølvstendig og vert bygd nedanifrå

Komiteen meiner at sentrale aktørar i frivillig sektor – som LNU og Frivillighet Norge – bør involverast når innretting og representasjon i forenklingsråd skal avgjerast.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet viser til organisasjonenes uttrykte behov for forenkling og støtter arbeidet med å sikre at organisasjonene kan bruke mer tid til sitt formål, rekruttering og aktivitet. Disse medlemmer forutsetter at Frivillighet Norge og LNU tas inn som deltakere i det foreslåtte forenklingsrådet, og fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sørge for en betydelig reduksjon i byråkratiet for frivilligheten, og om å involvere frivilligheten aktivt i dette arbeidet.»

«Stortinget ber regjeringen om å sørge for at representanter for Frivillighet Norge og LNU tas inn i det foreslåtte forenklingsrådet.»

Komiteens medlem fra Senterpartiet er positiv til at regjeringen planlegger å forenkle søkeprosesser og gjøre dem mindre byråkratiske, samt gjennomføre pilotprosjekt med noen av tilskuddsordningene ved å ta i bruk flerårige avtaler. Dette medlem vil i den forbindelse vise til at Telemark fylkeskommune i 2017 ble tildelt prisen «Årets frivillighetskommune». Prisen deles ut av Frivillighet Norge og KS. Den gis til en kommune eller fylkeskommune som har en frivillighetspolitikk som gir en positiv effekt for frivillige organisasjoner og for lokalsamfunnet. Juryen vektla blant annet at Telemark fylkeskommune hadde lyktes med tiltak som en felles søknadsportal for alle tilskuddsordninger på frivillighetsfeltet – i tråd med rådene fra de frivillige organisasjonene. Søknadsskjemaene ble endret slik at de ble enklere å bruke. Det er også opprettet flerårige partnerskapsavtaler med flere organisasjoner. Dette medlem mener dette er gode tiltak som har overføringsverdi til andre kommuner og fylkeskommuner. Dette medlem vil anmode regjeringen om å se til erfaringene Telemark fylkeskommune har gjort seg gjennom sitt systematiske frivillighetsarbeid. Det gjelder særlig erfaringer med partnerskapsavtaler med frivillige organisasjoner.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknad under kapittel 6.2, hvor dette medlem viser til at frivilligheten selv peker på Frivillighetsregisteret som et av de viktigste virkemidlene for forenkling.

2. Digitalisering

2.1 Samandrag

Kapittelet beskriv korleis digitalisering kan forenkle samhandlinga mellom frivillig sektor og det offentlege og dei moglegheitene og utfordringane som frivilligheita sjølv ser med auka digitalisering.

Regjeringa skal føre vidare drifta av Frivilligheitsregisteret og fortløpande vurdere behovet for vidareutvikling i tråd med arbeidet som blir gjort for å digitalisere tilskotsforvaltinga. Frivilligheitsregisteret vil ha ein viktig og naturleg plass som éin av komponentane i ei slik løysing, på linje med andre felleskomponentar som for eksempel folkeregisteret, ID-porten og Einingsregisteret.

Regjeringa skal arbeide for at Frivilligheitsregisteret i større grad blir teke i bruk som inngangskriterium i tilskotsordningar som rettar seg mot frivillig sektor. Dette føreset ein gjennomgang av kriteria for registrering og Frivilligheitsregisteret for å sikre samanheng mellom formålet i lova og målet med Frivilligheitsregisteret. Det vil også vere nødvendig med ein gjennomgang av forvalting av registeret. I dag er drifta av registeret kopla fri frå forvaltinga av tilskot til frivilligheita. Regjeringa vil i vidareutviklinga av registeret vurdere om det er formålstenleg å i større grad samle ansvaret for registeret og ansvaret for forvaltinga av viktige ordningar for frivillig sektor.

Tiltak:

Regjeringa vil vidareutvikle Frivilligheitsregisteret i tråd med digitalisering av forvaltinga av tilskot til frivillig sektor.

Regjeringa vil vurdere å utvikle ein nettportal med oversikt over alle statlege tilskotsordningar for frivillig sektor, slik at det kan bli lettare for organisasjonane å finne fram til og søkje på tilskot.

2.1.1 Kompetansedeling

Frivillige organisasjonar står overfor auka krav til effektivisering, tilgjengelegheit og digitalisering frå medlemmer, frivillige, det offentlege og andre. Dersom organisasjonane ikkje oppdaterer seg i tråd med utviklinga elles, står dei i fare for å framstå som mindre relevante og få mindre gjennomslagskraft. Det vil binde opp ressursar til administrasjon og tungvinte prosessar dersom organisasjonane ikkje digitaliserer seg, og dei vil bli mindre konkurransedyktige.

Regjeringa meiner det er viktig at frivilligheita dreg nytte av dei ressursane som finst i deira eigne paraplyorganisasjonar og samarbeidsfora for å sikre kompetansedeling. Det vil vere naturleg at dei store organisasjonane med mange tilsette ligg lenger framme enn små organisasjonar når det gjeld digitalisering. Dei største organisasjonane har eit særskilt ansvar for å dele den kompetansen dei har, med mindre organisasjonar. Samarbeidsorgan som Frivillighet Norge og LNU må halde fram med å vere pådrivarar for at kompetanse blir delt innanfor frivillig sektor.

Digitalisering er også eit felt som eignar seg godt for auka samarbeid mellom næringslivet og frivilligheita. Regjeringa vil derfor inkludere digitalisering som eit av temaa for forenklingsrådet som er omtalt i kapittel 9 i meldinga.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen peiker på at digitalisering som fører til innovasjon og effektivisering i både aktivitet, inntektsbringande arbeid og kommunikasjon, er eit gode for frivilligheita. Derfor støttar komiteen regjeringa sin intensjon om å forenkle samhandlinga mellom frivillig sektor og det offentlege gjennom digitalisering.

Komiteen merkar seg at regjeringa vil vidareutvikle Frivilligheitsregisteret i tråd med digitalisering av forvaltinga av tilskot til frivillig sektor. Når tilskotsforvaltinga skal digitaliserast, vil registeret verte ein naturleg del av ei framtidig løysing. Komiteen viser til regjeringa sitt ønske om at Frivilligheitsregisteret i større grad skal takast i bruk som inngangskriterium i tilskotsordningar som rettar seg mot frivillig sektor.

Komiteen viser til at fleire frivillige organisasjonar har påpeikt at det er vanskeleg å ha oversikt over dei ulike statlege tilskota. Eigne system og prosessar for kvar enkelt tilskotsordning gjer det utfordrande og ressurskrevjande å finne fram i og søkje på, særleg for organisasjonar med få eller ingen tilsette. Komiteen viser her til regjeringas forslag om å vurdere å utvikle ein nettportal med oversikt over alle statlege tilskotsordningar for frivillig sektor.

Komiteen er positive til forslaget om å vurdera å oppretta ein nettportal for alle dei statlege tilskotsordningane for frivillig sektor, og meiner det bør prioriterast. Ein heilheitleg portal vil gjera det lettare for potensielle tilskotsmottakarar å orientera seg, finna relevante ordningar og bruka eit minimum av tid på byråkrati. Komiteen meiner det er viktig at ein går i dialog med marknaden for å få innspel og idear til ei slik løysing. Regjeringa bør undersøke kva slags kompetanse som finst i marknaden, og om ho kan løyse behovet for ein slik portal.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreke at hele Norge skal ta del i digitaliseringsskiftet, hvilket betyr at alle må sikres tilgang til trygt, stabilt og raskt nett. Tall fra Nkom sin siste dekningsundersøkelse for bredbånd i Norge viser at det er store forskjeller. I Oslo har eksempelvis hele 98 pst. av husstandene tilbud om høyhastighetsbredbånd på 100 Mbit/s eller mer. På bunnen ligger Oppland, der bare 63 pst. av husstandene har tilsvarende bredbåndstilbud. Disse medlemmer mener disse forskjellene skaper et digitalt klasseskille i vårt samfunn, og det er uakseptabelt.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet viser til sine alternative budsjett for 2019, hvor det ble foreslått 400 mill. kroner mer enn regjeringen til bredbåndsutbygging. Disse medlemmer mener det er helt avgjørende med et godt utbygd bredbånd i hele landet for å sikre at alle får ta del i digitaliseringsskiftet, også i frivillig sektor. Det er selvmotsigende å ha mål om bred deltakelse og digitalisering i den frivillige sektoren, samtidig som man nedprioriterer bredbåndsutbygging i hele landet.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, er samde i at det er viktig med eit godt utbygd breiband i heile landet. Fleirtalet viser derfor til at Noreg ligg i verdstoppen når det kjem til tilbod og bruk av mobil, breiband og internett. Berre sidan 2013 har talet på husstandar som har tilbod om høghastigheitsbreiband, auka frå 63 pst. til 82 pst. Samstundes manglar nesten ingen husstandar grunnleggjande breiband.

Fleirtalet er glade for at regjeringa har høge ambisjonar på feltet, med mål om at 90 pst. av innbyggjarane skal ha breiband for store og raske overføringar av datamengder innan 2020. Fleirtalet peiker på at regjeringa i år har løyvd 150 mill. kroner til frigjering av frekvensressursar, slik at me kan få tidleg utbygging av 5G-nettet og introdusera 5G mobilt breiband så tidleg som mogeleg. Det er naudsynt for å gje befolkninga tenestene dei treng for morgondagen.

Del V – Ein samordna frivilligheitspolitikk

1. Heilskapleg styring og samordning på statleg nivå

1.1 Samandrag

1.1.1 Innleiing

Det finst knapt ein samfunnssektor utan ei eiga frivilligheit. 13 av 15 departement løyver midlar til frivillig aktivitet og frivillige organisasjonar. Sjølv om sektorprinsippet og behovet for fagleg kontakt mellom frivilligheita og fagdepartementa og -etatane tilseier at frivilligheitspolitikken ikkje kan eigast av eitt departement, er det stort behov for koordinering av frivilligheitspolitikken for å sjå heilskapen. Kulturdepartementet er gitt dette koordinerande ansvaret.

Kapittelet inneheld tiltak for ein heilskapleg statleg frivilligheitspolitikk.

1.1.2 Samspel

Frivilligheitserklæringa blei vedteken i 2015 og gir konkrete og praktiske føringar for samspelet mellom det offentlege og frivillig verksemd, samtidig som ho anerkjenner verdien og sjølvstendigheita til frivilligheita.

Frivilligheitserklæringa skal sikre frivillig involvering frå frivillig sektor i politiske prosessar på nasjonalt plan.

Frivillig sektor uttrykkjer at dei er nøgde med at Frivilligheitserklæringa finst, og stiller seg enno bak innhaldet i denne.

Eit grunnleggjande element i den statlege frivilligheitspolitikken er dialog og samspel med frivillig sektor. Regjeringa vil leggje til rette for medverknad frå frivillig sektor i politiske prosessar. Kvart departement skal arbeide for medverknad og openheit med tilhøyrande sektor. Dette gir betre kvalitet på avgjerdene, speglar mangfaldet i samfunnet, gir breiare eigarskap til avgjerdene og bidreg til gjensidig læring og demokratiutvikling.

Sakråd er ein arbeidsmetode som er i bruk i Sverige for at regjeringa og embetsverket skal kunne nytte kunnskap og perspektiv frå frivillige organisasjonar på avgrensa saksområde. Metoden er ei møteform med faste malar for agenda og referat. Styresmaktene initierer sakråd i samband med spesielle saker på gitte samfunnsområde. Modellen eignar seg i saker der det kan vere nyttig med fleire stemmer og eit breiare kunnskapsgrunnlag.

Ein sakrådmodell kan vere relevant i ein norsk kontekst. Han understrekar medverknadsmålet i frivilligheitspolitikken og er eit nyttig verktøy som utviklar dialogen med frivillig sektor under ulike fagdepartement.

I utviklinga av ein sakrådmodell er det viktig å avklare i kva saker denne arbeidsmetoden eignar seg. Sakråd skal ikkje vere eit krav slik for eksempel høyringar er, men eit verktøy som er mogleg for departementa å bruke for å sikre at viktig kunnskap i frivillig sektor blir lagd til grunn der det er formålstenleg.

Frivillighet Norge har foreslått at det blir dedikert eit frivilligheitsår for å setje søkjelys på all den aktiviteten som finn stad i norske lokalsamfunn. Kulturdepartementet vil gå inn for at det blir skipa til eit slikt år i 2022 med tett samarbeid mellom frivillig sektor og offentlege styresmakter.

Tiltak:

Regjeringa vil revidere Frivilligheitserklæringa langs to spor: medverknad og samordning.

Ein modell for sakråd skal utarbeidast av Kulturdepartementet i samråd med departementa og frivillig sektor.

Regjeringa vil setje av 2022 som «frivilligheitsåret».

1.1.3 Forsking og kunnskapsutvikling

Forsking og kunnskapsutvikling er eit sentralt verkemiddel for å nå dei frivilligheitspolitiske måla om brei deltaking, ein sterk og uavhengig sektor, forenklingsreform og ein samordna frivilligheitspolitikk.

Forskingspolitikken til regjeringa er organisert etter sektorprinsippet. Kunnskapsdepartementet har det overordna samordningsansvaret.

Med tanke på oppfølging av dei frivilligheitspolitiske måla betyr dette at departementa skal ha oversikt over det kunnskapsbehovet frivilligheita har innanfor eigne ansvarsområde, systematisk vurdere forsking og kunnskapsutvikling om frivilligheit som verkemiddel for å nå sektorpolitiske mål, bidra til forsking og kompetansebygging om frivilligheit for sektoren, og syte for forsking om frivilligheita for politikkutforming og forvalting.

Regjeringa har lagt fram ein revidert langtidsplan for forsking og høgare utdanning, jf. Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Her er forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor løfta fram både som mål og prioritering.

I samsvar med sektoransvaret for forsking skal departementa følgje opp forsking og kunnskapsutvikling om frivilligheit innanfor eigne ansvarsområde. Regjeringa forventar at universitet, høgskular og forskingsinstitutt som får statlege grunn- og basisløyvingar, følgjer opp prioriteringane i langtidsplanen innanfor eksisterande budsjettrammer, og at Noregs forskingsråd over tid dreier den samla porteføljen sin meir i retning av prioriteringa i langtidsplanen.

Politikken til regjeringa for forsking på frivillig sektor er forankra i dei frivilligheitspolitiske måla.

På same måten som frivilligheitspolitikken blir koordinert av Kulturdepartementet, er det Kulturdepartementet som samordnar forskingspolitikken til regjeringa på feltet sivilsamfunn og frivilligheit. Dette inneber at fagdepartementa har eit sjølvstendig ansvar for kunnskapsinnhenting og forsking på kva betydning og rolle frivillig sektor har på fagområda til departementa.

Formålet til regjeringa med å støtte forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor er å auke og utvikle kunnskapen om kva betydning og rolle i samfunnet sektoren har, bidra til å vidareutvikle frivilligheitspolitikken og styrkje frivillig sektor gjennom forskingsbasert kunnskap. Eit sektorovergripande perspektiv på forskinga blir sikra gjennom hovudforskingstema:

  • perspektiv på deltaking

  • sivilsamfunn og frivillig sektor i endring

  • korleis finansieringsordningar og andre rammevilkår påverkar frivillig sektor

Ein grunnleggjande premiss for frivilligheitspolitikken er at frivilligheita skal vere sjølvstendig. Statens oppgåve er å støtte opp om og leggje til rette for ein aktiv og berekraftig frivillig sektor som held fast på og aukar innsatsen og aktiviteten sin. Det er på denne bakgrunnen eit overordna mål å bidra til forsking og kunnskapsutvikling for frivillig sektor.

God praktisering av sektoransvaret for frivilligheitspolitikken omfattar også at departementa skal ha oversikt over kunnskapsbehovet til frivillig sektor, og at det blir lagt til rette for prosessar som sikrar at forsking og kompetansebygging kjem sektoren til gode. Det er vidare eit departementsansvar systematisk å vurdere frivilligheitsforsking som verkemiddel for å nå sektorpolitiske mål innanfor eigne ansvarsområde, og syte for forsking for politikkutforming og forvalting.

Noregs forskingsråd er det viktigaste organet for å realisere den overordna forskingspolitikken til regjeringa og fordeler årleg rundt 9 mrd. kroner til forsking og innovasjon. Tema som direkte vedkjem sivilsamfunnet og rolla til frivillig sektor, blir i liten grad tekne opp gjennom forskingsprogram og andre ordningar. Men ein ser på potensialet som stort, og auka merksemd rundt desse spørsmåla vil kunne ha stor betydning både for frivillig sektor, departementa og ålmenta.

Tiltak:

Føre vidare Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor med eksisterande overordna formål for forskinga og dei gjeldande forskingstemaa og kjerneoppgåver i senteret knytte til dialog og formidling, drift og utvikling av www.sivilsamfunn.no.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen peiker på at frivilligheita finst i nesten alle sektorar, og at regjeringa derfor foreslår tiltak for ein heilskapleg statleg frivilligheitspolitikk.

Komiteen merkar seg at regjeringa vil leggja til rette for openheit og medverknad og ynskjer meir dialog mellom staten og frivillig sektor. Dette skal bidra til meir demokratiutvikling, læring for begge partar, betre kvalitet på og breiare eigarskap til avgjerdene og til å spegle mangfaldet i samfunnet. Komiteen viser til at regjeringa vil revidera Frivilligheitserklæringa frå 2015 når det kjem til medverknad og samordning, og utarbeide ein modell for sakråd, som kan brukast når regjeringa og embetsverket treng kunnskap frå frivillige organisasjonar på avgrensa saksområde. I tillegg merkar komiteen seg at regjeringa vil setja av 2022 som «frivilligheitsåret».

Komiteen viser til at regjeringas langtidsplan for forsking peiker på frivillig sektor som del av infrastrukturen for offentleg samtale, samfunnsdeltaking og demokrati. Alle departementa har ansvar for å syte for forskings- og kunnskapsutvikling – òg innanfor frivilligheit – på sitt område. Komiteen peiker på regjeringas mål om at det i større grad skal leggjast vekt på forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor i program under Noregs forskingsråd. Forsking og kunnskapsutvikling er ein viktig måte staten kan bidra til frivilligheita på, samstundes som premissen om at ho skal vera sjølvstendig, vert ivaretatt. Komiteen merkar seg derfor òg at regjeringa vil vidareføra Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.

2. Lokal frivilligheitspolitikk

2.1 Samandrag

2.1.1 Innleiing

Frivillig aktivitet skjer i stor grad der menneske lever liva sine – i lokalsamfunna. For å dyrke fram og halde på ei levande frivilligheit er det viktig at kvar kommune har eit gjennomtenkt forhold til si eiga frivilligheit, og at frivilligheita blir sett på som ein naturleg samtale- og samarbeidspartnar for kommunen.

Regjeringa meiner dette samspelet blir best når lokale forhold får vere førande. Kommunane har verkemidla til å utvikle gode lokalsamfunn i samspel med den lokale frivilligheita. Frivilligheit finst i alle sektorar. Det er derfor viktig med lokal politisk forankring av frivilligheitspolitikken.

2.1.2 Samarbeid mellom kommunar og frivilligheit

Sidan 2013 har KS og Frivillighet Norge hatt ei samarbeidsplattform om utvikling av frivilligheitspolitikk i kommunane. Plattforma blei fornya i 2017 og gir ei omtale av korleis kommunane bør leggje til rette for frivillig sektor gjennom økonomiske rammevilkår, fora for samarbeid og medverknad i ulike kommunale prosessar. Nasjonal strategi for frivillig arbeid på helse- og omsorgsfeltet (2015–2020) er eit eksempel på ein nasjonal strategi som grunnlag for samhandlinga mellom statlege og kommunale styremakter og den frivillige aktiviteten både nasjonalt og lokalt. Denne strategien legg grunnlaget for lokale strategiar for frivilligheit på helse- og omsorgsfeltet.

Regjeringa støttar intensjonen bak at alle kommunar skal ha ein frivilligheitspolitikk på lik linje med at staten bør ha ein frivilligheitspolitikk, slik denne meldinga er eit bevis på. Samtidig ønskjer ikkje regjeringa å definere kva den enkelte kommunen eller den enkelte lokale frivilligheita skal leggje inn i ein slik politikk. Det viktigaste for regjeringa er at det i alle lokalsamfunn i Noreg er grobotn for ei levande og mangfaldig frivilligheit.

Regjeringa meiner det skal vere opp til den enkelte kommunen eller fylkeskommunen å velje korleis ulike brukar- og interesseorganisasjonar, inkludert frivillige organisasjonar, blir involverte i utforminga av lokalpolitikken. Regjeringa ønskjer derfor å vere restriktiv når det gjeld å påleggje kommunar og fylkeskommunar fleire faste organ. Det er viktig å syte for at kommunar og fylkeskommunar sjølve kan velje den organiseringa som er tilpassa lokale behov. Omsynet til organisasjonsfridommen til kommunane er eit viktig element i det kommunale sjølvstyret, jf. lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova).

2.1.3 Frivilligsentralar

Frivilligsentralane har heilt frå byrjinga vore eit spleiselag mellom stat, kommune og frivillige organisasjonar.

Det er om lag 425 aktive frivilligsentralar i Noreg i dag. Desse har ulike organisasjonsformer og ulike eigarar. 45 pst. er eigde av kommunar, 28 pst. er organiserte som lag eller foreiningar, 14 pst. som stiftelsar og 13 pst. som samverkeføretak eller anna.

I 2017 bestemte Stortinget at ansvaret for tilskot til frivilligsentralane skulle overførast frå stat til kommune. Det blei vidare bestemt at midla skal fordelast særskilt innanfor rammetilskotet til den enkelte kommunen ut frå talet på etablerte frivilligsentralar i kommunen i 2016. Overgangsordninga skal vare i fire år.

Paraplyorganisasjonen Norges Frivilligsentraler meiner på vegne av sine medlemmer at vedtaket om å overføre ansvaret for frivilligsentralane til kommunane bør reverserast.

Ei målsetjing med å overføre ansvaret for og tilskotet til frivilligsentralane til kommunane var å gi kommunane eit større og meir heilskapleg ansvar for lokal frivilligheitspolitikk. Det er stadig fleire som gjer ein frivillig innsats i Noreg, og det blir stadig oppretta nye frivilligsentralar. Fleire og fleire kommunar har eit bevisst forhold til den lokale frivilligheita, samarbeider godt med denne og driv dermed frivilligheitspolitikk.

Då det statlege tilskotet til frivilligsentralar blei overført til kommunane, blei det klart kommunisert kva staten forventar seg av kommunane for dei pengane som er lagde inn i ramma. Med auka løyving følgjer også ei klar forventning frå staten om at kommunane bruker desse midlane på å styrkje den lokale frivilligheita generelt og frivilligsentralane spesielt.

Tiltak:

Regjeringa vil kartleggje eventuelle endringar i det samla biletet av frivilligheita i kommunane.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til regjeringas intensjon om at frivilligheitspolitikken skal vera lokalt forankra.

Frivillig innsats skjer lokalt, der folk bur, og komiteen merkar seg at regjeringa ynskjer at alle kommunar skal ha ein frivilligheitspolitikk som er utforma utifrå lokale behov og prosessar. Komiteen viser òg til at regjeringa meiner kommunane skal ha fridom til sjølve å velja korleis interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar vert involverte i lokalpolitiske prosessar, og derfor kjem til å vera restriktiv med å påleggja kommunane og fylkeskommunane fleire faste organ.

Komiteen peiker på dei omlag 425 frivilligsentralane som finst i Noreg i dag, som er i ferd med å gå frå statlege til kommunale tilskot. Det har vore ulike meiningar om endringa sjølv om løyvingane til sentralane har auka, og komiteen merkar seg at regjeringa vil kartleggja eventuelle endringar i det samla biletet av frivilligheita i kommunane.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, meiner frivilligheita i sin natur veks nedanifrå. Det er staten si rolle å tilrettelegga for at det er så enkelt som mogeleg å driva frivillig aktivitet, men dei lokale initiativa bør i størst mogeleg grad ha lokalt eigarskap. Derfor er fleirtalet glade for at ansvaret for tildeling av tilskot til frivilligsentralane vart overført til kommunane i 2017. I dag finst om lag 425 frivilligsentralar i 250 kommunar. Dei er hjarta i den lokale frivilligheita – som møteplass og samhandlingsarena. Fleirtalet merkar seg at regjeringa satsar på den lokale frivilligheita og frivilligsentralane, og viser til at tilskotet til frivilligsentralane vert fordelt særskilt innanfor rammetilskotet til kommunane.

Fleirtalet er glade for at regjeringa styrkt løyvinga til frivilligsentralane med 20 mill. kroner i 2017 og ytterlegare 15 mill. kroner i 2018. Fleirtalet er òg svært positive til at kommunar med frivilligsentral får 187 mill. kroner i særskilt fordelte rammetilskotsmidlar i år – ein auke på nesten 50 pst. frå 2016. Fleirtalet vil presisera at innlemming av tilskotet i rammetilskotet ikkje betyr at det vert kutta. Det er den same summen som vert løyvd, og med denne regjeringa har kommunesektoren fått meir pengar kvart einaste år.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreke at det først og fremst er kommunene som utvikler lokale frivillighetstilbud sammen med organisasjonene. På noen områder kan det likevel være behov for at staten bidrar særskilt til utviklingen av en type tilbud.

Disse medlemmer viser til at frivilligsentralene er blitt viktige som møteplasser for ulike typer samvær og meningsfylt aktivitet i lokalsamfunnene. Fra flere hold uttrykkes det nå bekymring over at frivilligsentralene ikke lenger vil bli prioritert pga. økonomiske forhold. Regjeringen sier i meldingen at man med økt bevilgning også forventer at kommunene bruker disse midlene til å styrke den lokale frivilligheten generelt og frivilligsentralene spesielt. Det sies også at man vil kartlegge eventuelle endringer i det samlede bildet av frivilligheten i kommunene.

Disse medlemmer viser til at NOU 2013:4 beskrev hvordan antall fritidsklubber sank etter overgangen fra øremerkede tilskudd til rammetilskuddsfinansiering. Dette ble bekreftet i svar fra Barne- og likestillingsdepartementet til Arbeiderpartiet i mai 2018. Denne utviklingen kan bidra til en bekymring for ivaretakelsen av tilbud både i en oppbyggings- og utviklingsfase og generelt.

Disse medlemmer viser til at opposisjonen har avvist regjeringens forslag om å fjerne posten for frivilligsentraler på statsbudsjettet, og dermed overføringen til kommunenes rammetilskudd. Disse medlemmer ser på frivilligsentralene som en viktig ramme og møteplass i lokalsamfunn landet over, og fremmer følgende forslag for å sikre en fortsatt utvikling og drift av slike:

«Stortinget ber regjeringen om å gjenopprette tidligere post for frivilligsentralene i Kulturdepartementets budsjett.»

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til behandling av Meld. St. 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner, hvor et mindretall gikk imot at tilskuddet til frivilligsentraler skulle innlemmes i kommunenes rammetilskudd. Dette medlem minner om at det framkom vesentlige innvendinger mot regjeringens opplegg da forslaget ble lagt frem. Frivilligsentraler er ingen lovpålagt oppgave og er derfor svært utsatt når kommunale budsjetter blir for trange.

3. Økonomiske og administrative konsekvensar

3.1 Samandrag

Tiltaka og føringane i meldinga kan innfriast først og fremst ved auka samarbeid og samordning mellom staten og frivillig sektor og mellom dei ulike forvaltningsorgana. Fleire av tiltaka som er foreslått, kan føre til meir effektive løysingar og mindre byråkrati både i statsforvaltinga og i dei frivillige organisasjonane.

Meldinga handlar om statens frivilligheitspolitiske verkemiddel. Det er derfor ikkje foreslått tiltak knytte til regionreforma. Det er heller ikkje tiltak i meldinga som pålegg kommunar eller fylkeskommunar nye oppgåver eller auka utgifter.

Dei forvaltingsmessige endringane som blir presenterte i kapitla 6, 7, 8, 9 og 10, vil regjeringa kunne gjennomføre utan behov for ekstra ressursar.

Gjennomføring av opptrappingsplan for meirverdiavgiftskompensasjonsordninga presentert i kapittel 6 og digitalisering av tilskotsforvaltninga presentert i kapittel 10 er sentrale tiltak i meldinga. Regjeringa vil komme tilbake til gjennomføring av desse tiltaka i budsjetta dei einskilde åra, og det blir teke atterhald om at tiltaka først kan gjennomførast når det er dekning i budsjettet.

3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har merka seg omtalen i meldinga av økonomiske og administrative konsekvensar.

2. Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen forsterke arbeidet mot utenlandske spillselskaper i Norge, med spesiell vekt på å arbeide mot markedsføringen av ulovlige spill overfor det norske markedet.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen sørge for at LNU og Frivillighet Norge får en aktiv rolle i utviklingen av «fritidskortet».

Forslag 3

Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å omgjøre merverdiavgiftskompensasjonen til frivillige organisasjoner til en regelstyrt ordning, hvor prosentandelen som refunderes, opptrappes jevnlig, slik at den om fire år er på 100 pst.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringen om å gjenopprette tidligere post for frivilligsentralene i Kulturdepartementets budsjett.

Forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet:
Forslag 5

Stortinget ber regjeringen om å involvere Frivillighet Norge og LNU aktivt i alt utviklingsarbeid som omtales som tiltak i Meld. St. 10 (2018–2019).

Forslag 6

Stortinget ber regjeringen sørge for en betydelig reduksjon i byråkratiet for frivilligheten, og om å involvere frivilligheten aktivt i dette arbeidet.

Forslag 7

Stortinget ber regjeringen om å sørge for at representanter for Frivillighet Norge og LNU tas inn i det foreslåtte forenklingsrådet.

Forslag frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 8

Stortinget ber regjeringen bedre de økonomiske rammevilkårene for organisasjonseide kulturbygg ved at merverdiavgiftskompensasjon også blir gitt for ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg eller annen fast eiendom.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 9

Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at frivillige lag og foreninger skal ha tilgang til kommunale bygg for sine aktiviteter og arrangementer.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Meld. St. 10 (2018–2019) om Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig. Den statlege frivilligheitspolitikken – vert lagd ved møteboka.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 30. april 2019

Kristin Ørmen Johnsen

Grunde Almeland

leiar

ordførar