Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 10. januar 1996

Dato:
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 9

Ole Johs Brunæs (H): Jeg skal få lov til å stille følgende spørsmål:

Følger utbyggingen av Gardermobanen fremdriftsplanene, og ligger utbyggingskostnadene i henhold til de vedtatte budsjetter?

Statsråd Kjell Opseth: I St.prp.nr.1 (1995-1996) er det gjort greie for kostnader og lønsemd for utbygginga av Gardermobanen. Som det går fram av St.prp.nr.1, er kostnadene - som tidlegare føresett - rekna til 4,6 milliardar 1992-kroner med ein usikker margin på +/- 20 %. Kostnadene er venta å liggje godt innanfor marginane.

NSB Gardermobanen AS rapporterer kvar månad framdrifta og kostnadsutviklinga for prosjektet i eigen månadsrapport til Samferdselsdepartementet. Denne blir gjennomgått i eige møte. For dei mange og einskilde delar av prosjektet er det slik at nokre ligg føre tidsplanen og andre etter. Det same gjeld for kostnadene. Men i sum er det ikkje kome fram noko som skulle tilseie at utbygginga av Gardermobanen ikkje vil bli gjennomført innanfor planføresetnadene som Stortinget har lagt til grunn. Det vil seie at utbygginga av banen skal vera ferdig og utprøvd til flyplassen opnar den 4. oktober 1998, og at prosjektet skal gje ei avkasting på om lag 8 % over ein 20-årsperiode.

NSB Gardermobanen AS skal som kjent dekkje alle utgiftene med inntekter. Det må difor leggjast vekt på at anlegga blir utførte slik at ein oppnår størst mogleg marknadsdel og lønsemd. Det er dette som no må vere dei overordna styringsmåla for prosjektet, og at styringa ikkje einsidig blir konsentrert om kostnadene, men også om effektive løysingar.

Ole Johs Brunæs (H): Jeg takker statsråden for svaret.

Tidligere er det fremkommet opplysninger om at utbyggingen er noe forsinket på grunn av vanskelige grunnforhold. Det er også opplyst i NRK at tomteinnløsninger er blitt i størrelsesorden 30 mill. kr dyrere enn det man har kalkulert med på forhånd, men det kan jo hende at dette er innenfor rammen allikevel.

Et annet forhold når det gjelder å oppfylle 50 %-dekningen, er tilkomst til banen, og da tenker jeg på Sentralstasjonen og parkeringsforholdene der, som vi har stilt spørsmål om i et brev til statsråden. Spørsmålet er: Hvorledes vil tilbringermulighetene og parkeringsmulighetene bli? Dette er litt på kanten av spørsmålet, men at det er gode tilbringer- og parkeringsmuligheter, er en forutsetning for å kunne oppfylle 50 %-dekningen på banen.

Statsråd Kjell Opseth: Det er rett som representanten Brunæs nemner, at enkelte bitar av Gardermobanen ligg noko etter i tid. Det blir det satsa sterkt på å ta igjen. At ein del element er blitt noko dyrare enn rekna med, er også korrekt, men det ligg som sagt innanfor dei marginane som er tekne inn i St.prp.nr.1 (1995-1996).

Eg vil også gje representanten Brunæs rett i at tilgjenge til Gardermobanen er viktig for å oppnå 50 % kollektivreisande, og det er jo difor det blir satsa så sterkt på dette ikkje berre på Oslo S, men også på andre stasjonar. Det vil bli både bussterminal og parkeringsanlegg i tilknyting til Oslo S.

: