Tilbod for 1.-4. trinn

Stortinget ønskjer å bidra til at dei yngste generasjonane blir aktive deltakarar i demokratiet. Barns første møte med Stortinget skal derfor vere ein spennande, lærerik og god oppleving. Stortinget tilbyr omvisingar gjennom heile skuleåret, frå august til juni.

Elevane får lære Stortinget å kjenne og Grunnlova. Vi snakkar med elevane om Grunnlova og 17. mai, kva Stortinget er og kva som går her føre seg. 

I løpet av omvisinga besøkjer vi fleire av Stortingets viktigaste og flottaste rom. Viss det er stortingsmøte, sit vi ei kort stund på publikumsgalleriet og følgjer møtet. Viss det ikkje er stortingsmøte, går vi inn i sjølve stortingssalen.

Besøket varer i cirka 1,5 timar (inkludert tryggingskontroll). Det må vere minst 10 elevar for å bestille omvising. Det samla talet personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34. Omvisinga er gratis.

Når du har bestilt besøk, vil du få ein e-post med informasjon det er viktig at du set deg inn i.

Bevegelseshemmede

Omvisingene går over tre etasjar. For bevegelseshemma er det mogleg å bruke heis.

Adkomst

Det er haldeplassar for både T-bane, buss, trikk og tog i Stortingets omgåande nærleik. Sjå www.ruter.no for stoppestader nær Stortinget.

Førebuingar

Det er ein fordel om de bruker litt tid på å snakke om Stortinget i forkant av besøket. Bruk gjerne våre undervisningssider der du finn skreddarsydde artiklar og oppgåver for 1.-4. trinn.

Har du spørsmål?

Kontakt oss på e-post: formidling@stortinget.no

Bestille omvising

Stortinget tilbyr førehandsbestilte omvisingar gjennom heile skuleåret, frå slutten av august til midten av juni. 

Frå tysdag 6. august kl. 09.00 kan du bestille omvisning frå slutten av august og 90 dagar frami tid. Nye tider blir deretter fortløpande publiserte kvar dag kl. 08.00.

Ved stor pågang er det ein risiko for at fleire personar kan vende seg på same tidspunkt. Det er den første til å sende inn skjemaet som då vil bli registrert, og som vil få ein e-post som stadfestar førespurnaden. Dersom du ikkje får ei stadfesting på e-post når du har sendt inn skjemaet, har førespurnaden din dessverre ikkje vorte registrert, og ei feilmelding skal visast på sida. Vi jobbar med å utbetre feilen.