Forslagsstillarane
viser til Stortinget si behandling av Innst. 261 S (2019–2020),
jf. Dokument 12:39 (2015–2016). Ved Stortinget si behandling oppnådde
ikkje framlegget om grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga
pengeeining, det nødvendige talet røyster for å bli vedteke.
Noregs grunnlov er
den nest eldste i verda som har vore gjeldande utan avbrot. I novembergrunnlova
av 1814 vart penge- og myntstellet grunnlovfest i paragraf 110.
Denne paragrafen lydde: «Norge beholder sin egen Bank og sit eget
Penge- og Myntvæsen, hvilke Indretninger ved Lov bestemmes». Med
denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell
òg under personalunionen med Sverige. Paragrafen stod slik fram
til 1911, då han vart endra for å grunnlovfesta Statens Reservefond.
Stortinget vedtok
17. april 1875 Lov om Pengevæsenet, der § 1 (Pengeenheten og dens
gullinnhold) fyrste ledd fyrste punktum lydde: «Grundlaget for Rigets Myntsystem
er Guld og Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre».
Noreg endra med dette eining frå spesidalar og skilling til kroner
og øre. I dag er pengeeininga i Noreg lovfest i sentralbanklova
§ 1-9.
Noregs Bank vart
skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni 1816. Stortinget vedtok
i Noregs Bank sitt 200-årsjubileum atter å grunnlovfesta sentralbanken. Grunnlova
§ 120 a slår no fast at «Noregs Bank er sentralbanken i landet».
Forslagsstillarane
viser til Grunnlova § 1 fyrste punktum: «Kongeriket Noreg er eit
fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike». Det å ha ei
eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein sjølvstendig nasjon. Forslagsstillarane
meiner difor Grunnlova bør innehalda føresegner om at Noreg skal
ha si eiga pengeeining. Forslagstillarane meiner at Noreg har hatt
god nytte av å ha si eiga pengeeining og vil vera tent med å halde
på si eiga pengeeining i framtida for å ha full sjølvråderett over
penge- og myntsystemet og kunna bruka det som nasjonalt styringsverkemiddel
i økonomiske kriser.
Det er nærliggjande
å grunnlovfesta ei føresegn om at Noreg skal ha si eiga pengeeining,
saman med grunnlovsføresegna om sentralbanken. Forslagsstillarane
gjer difor framlegg om at grunnlovfesting av at Noreg skal ha si
eiga pengeeining, blir teke inn i §120 a som nytt andre, eventuelt
tredje ledd. Forslagsstillarane framset òg eit alternativ med framlegg
om plassering i ny §120 b.
Forslagsstillarane
ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over
sitt eige penge- og myntstell og tek til orde for å gje pengestellet
konstitusjonelt vern ved å grunnlovfesta at Noreg skal ha si eiga pengeeining.
Sentralbanklova § 1-9 fortel kva denne pengeeininga er.