8.1 Samandrag

8.1.1 Økonomiske konsekvensar

Departementet meiner at forslaga sett under eitt, ikkje bør innebere nemneverdige økte kostnadar. Fleire tryggingssamtalar, samstundes grunngjeving, krav om innsyn og eventuell kostnadsauke i samband med advokatbistand, vil i nokon grad kunne medføre meirkostnadar. Ei sakshandsaming i førsteinstansen som betre tek omsyn til rettstryggleiken kan vege opp for dette, fordi det vil oppstå færre klagesaker.

8.1.2 Administrative konsekvensar

Det er ei målsetting å redusere talet på klareringsstyresmakter utanfor departementa. Dette vil innebere ønskjelege administrative konsekvensar blant anna av omsyn til rettstryggleiken, og er i tråd med intensjonen til lovgivar i samband med vedtakinga av tryggleikslova § 23.

Departementet kan ikkje sjå at lovforslaga kan vere problematiske i forhold til menneskerettskonvensjonar Noreg er bunden av. Ein viser her til at departementet utelukkande foreslår lovendringar som vil betre rettstryggleika til den einskilde i klareringssaker. Konvensjonane legg opp til, og konvensjonsorgana forstår, at omsynet til tryggleiken til riket kan innebere behov for inngrep, bl.a. i retten til privatliv. Den europeiske menneskerettsdomstol har til dømes ikkje stilt krav til grunngjeving for negative klareringsavgjersler dersom det elles har vore tilfreds­stil­lande garantiar (sjå Leander mot Sverige, frå 26. mars 1987). Ein viser i denne samanhengen til vedlegg 2 i rapporten til Lundkommisjonen, der dåverande lagdommar Erik Møse blant anna vurderte dei norske reglane om personkontroll i forhold til krava i Den europeiske menneskerettskonvensjon (Dokument nr.15 (1995-1996) side 606-609). Sjølv om det må leggjast til grunn at det skjer ei utvikling i kva som blir vurdert som akseptabelt på dette feltet, har departementet ikkje haldepunkt for at konvensjonane stiller krav som ikkje er oppfylt i norsk rett i dag.

Departementet kan elles ikkje sjå at lovforslaga får negative konsekvensar i forhold til målsettinga om eit enklare regelverk og ei enklare forvaltning. Tvert i mot synest lovendringane å vere eit bidrag til eit enklare regelverk og ei enklare forvaltning.

8.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har ingen merknader til kapittel 8.