Innstilling fra justiskomiteen om lov om samvirkeforetak (samvirkelova)

Dette dokument

Til Odelstinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om ei allmenn lov om samvirkeforetak. Lovforslaget svarer i hovudsak til forslaget frå Samvirkelovutvalet, jf. NOU 2002:6 Lov om samvirkeforetak. Forslaget frå utvalet har fått brei og solid støtte frå høyringsinstansane.

Eit overordna spørsmål er om det er behov for ei samvirkelov. Etter Justisdepartementets syn er det ei rekke omsyn som tilseier at samvirkeforma blir lovregulert. Departementet vil særleg framheve at ei allmenn samvirkelov kan medverke til å:

  • leggje betre til rette for samvirkeorganisering

  • sikre eigenarten til samvirkeforma

  • setje samvirkeforma og den sosiale økonomi på dagsordenen

  • endre haldningar til samvirkeorganisering og gi samvirkeforma eit statusløft.

Samvirkeforma har fleire særtrekk når det gjeld både formål, medlemsdeltaking, økonomiforhold og verdigrunnlag. Formålet med eit samvirkeforetak er ikkje å oppnå størst mogleg avkasting på investert kapital, men å vareta medlemmane sine interesser som etterspørjarar eller tilbydarar av varer eller tenester. Samvirkeformålet blir realisert ved omsetning mellom foretaket og medlemmane. Samvirkeforma er såleis basert på aktiv brukardeltaking, ikkje på passiv kapitalplassering. I tråd med dette skal utdeling av overskot fordelast på medlemmane etter kor mykje kvar medlem har omsett med foretaket, og ikkje på grunnlag av kapitalandel. Vidare er samvirkeforetak demokratiske organisasjonar som byggjer på eit prinsipp om ope og frivillig medlemskap. Medlemskap er i utgangspunktet ope for alle, og hovudregelen er at kvar medlem har ei stemme på årsmøtet.

Det er spørsmål om det bør utformast ei samvirkelov, eller om ein bør utforme ei lov for dei store samvirkeforetaka og ei for dei små. Slik Justisdepartementet ser det, er det mogleg å utforme ei felles lov som er oversiktleg og lett å lese, og som dekkjer reguleringsbehovet til både dei små og store foretaka. Departementet har derfor utarbeidd forslag til éi samvirkelov.

Departementet drøftar spørsmålet om i kva grad lova bør kunne fråvikast. Departementet meiner det er viktig å ta vare på og styrke mangfaldet innan samvirkesektoren. Ei samvirkelov bør derfor ikkje leggje unødige band på verksemdene. I samsvar med dette er det ved utforminga av lovforslaget lagt stor vekt på å ikkje redusere fleksibiliteten til foretaka i større grad enn det som er nødvendig for å vareta mindretalsinteresser, tredjepersonsinteresser og eigenarten til samvirkeforma.

Departementet drøftar vidare i kva grad samvirkelova bør utformast etter mønster av anna selskapslovgiving, særleg aksjelova. Departementet meiner at det er ein fordel å byggje på den eksisterande selskapslovgivinga, men understrekar samtidig at det overordna formålet med lova er å regulere samvirkeforetaka på ein god måte og å ta vare på eigenarten til samvirkeforma. Løysingar i selskapslovene er berre brukt i den grad det ikkje er trekk ved samvirkeforma som tilseier andre løysingar i samvirkelova.

Ein viktig del av lovarbeidet har vore å utforme ein rettsleg definisjon av samvirkeforetak. Departementet har til liks med utvalet lagt vekt på at definisjonen må peike på særtrekk ved organisasjonsforma, samtidig som den må gi samvirkeomgrepet ei naturleg ramme. Ein legaldefinisjon må dessutan vere klar og presis, sidan den vil vere avgjerande for kva slags samanslutningar som blir omfatta av lova.

Departementet har tatt til orde for reglar som inneber at samvirkeforetak skal kunne stiftast på ein enkel og billeg måte, samtidig som interessene til kreditorane blir varetatt i rimeleg grad.

Departementet drøftar kva slags reglar som skal gjelde i forholdet mellom medlem og foretak. Lovforslaget styrkar prinsippet om frivillig og ope medlemskap og kneset prinsippet om at foretaket må behandle alle medlemmar likt (likskapsprinsippet). Lovforslaget fastset elles at ein medlemskap i eit samvirkeforetak som utgangspunkt ikkje kan gå over til ein ny medlem. Departementet har likevel opna for at foretaket i sine vedtekter kan fastsetje at medlemskap skal kunne gå over med samtykke frå styret, dagleg leiar eller andre. Ein medlem kan stengast ute frå foretaket dersom medlemmen har krenka foretaket ved vesentleg mishald eller når tungtvegande grunnar elles tilseier utestenging. Departementet har ikkje gjort framlegg om andre sanksjonar ved mishald frå medlemmen si side, men dette kan fastsetjast i vedtektene. Mishald frå foretaket si side kan gi medlemmen rett til å melde seg ut av foretaket med umiddelbar verknad og medføre visse økonomiske rettar overfor foretaket. Lovforslaget opnar i tillegg for at ein medlem kan krevje utløysing ved dom, men terskelen for dette er høg.

Departementet meiner det er viktig med reglar som sikrar eit forsvarleg kapitalvern, både av omsyn til kreditorane og av omsyn til medlemmane. Berebjelken i kapitalvernreglane er etter lovforslaget eit krav om at foretaket alltid skal ha ein forsvarleg eigenkapital. Dette kravet er supplert med ei handleplikt for styret dersom kapitalen blir lågare enn det som er forsvarleg.

Kapitaloppbygginga i samvirkeforetak skjer i dag hovudsakleg gjennom innskot frå medlemmane, tilbakehalding av årsoverskot, spareordningar for medlemmane og gjennom ekstern lånekapital. Departementet har til liks med utvalet kome til at ei lov om samvirkeforetak ikkje bør opne for ordningar som gjer det enklare å hente inn ekstern kapital.

Departementet har gjort framlegg om å opne for alternativ bruk av den delen av årsoverskotet som kan delast ut til medlemmane på grunnlag av omsetning med foretaket ("etterbetaling"). Midlar som kan delast ut i form av etterbetaling, kan etter forslaget i staden setjast av til etterbetalingsfond (kollektiv eigenkapital) eller medlemskapitalkonti (individualisert eigenkapital). Hovudformålet med ordningane er at medlemmane ikkje skal kjenne seg tvungne til å ta ut årsoverskotet direkte for å unngå at det blir ein del av den allmenne eigenkapitalen, som medlemmane ikkje har tilgang på. På denne måten blir medlemmane oppmuntra til konsolidering.

Departementet drøftar reglar om organisering og leiing av samvirkeforetak. Departementet gjer framlegg om reglar som byggjer på dei tilsvarande reglane i aksjelovgivinga, men det er gjort enkelte endringar m.a. for å vareta særtrekk ved samvirkeforma. Nokre av reglane i lovforslaget her skil seg også frå aksjelovgivinga på grunn av ønske om å fastsetje ei lov med ei stor grad av vedtektsfridom. Lovforslaget slår fast hovudregelen om ei stemme for kvar medlem. Lovforslaget har også reglar om representasjon for dei tilsette i styret. Vidare gjer departementet framlegg om eit krav om kjønnsrepresentasjon i styra i samvirkeforetak som har meir enn 1 000 medlemmar.

Når det gjeld revisjon er hovudspørsmåla kva slags samvirkeforetak som skal vere revisjonspliktige, og kven som skal kunne utføre revisjonen. Etter gjeldande rett har eit samvirkeforetak eller ei økonomisk foreining med samla driftsinntekter på minst fem millionar kroner revisjonsplikt. Justisdepartementet kan ikkje sjå at det er behov for å endre gjeldande reglar om revisjonsplikt for samvirkeforetak.

Departementet drøftar om det er behov for nokre særlege reglar for samvirkeforetak som inngår i foretaksgrupper. I samvirkeforhold er det to typar foretaksgrupper som er aktuelle: føderativt samvirke og konsern. Karakteristisk for eit føderativt samvirke er at samvirkeforetak på lågare nivå (primærsamvirke) er medlemmar i eit samvirkeforetak på høgare nivå (sekundærsamvirket), som dei i prinsippet eig og styrer. Departementet meiner at reglar om konsern og føderativt samvirke kan medverke til ei tenleg organisering og drift av større samvirkeverksemder, til dømes gjennom reglar som opnar for ein friare kapitalflyt enn det som elles gjeld. Reglane kan også vere med på å sikre eigenarten til samvirkeforma, særleg gjennom reguleringa av føderative samvirke. Departementet meiner vidare at det bør gjelde sams reglar for føderative samvirke og konsern så langt det let seg gjere. Det er viktig at føderativt samvirke og konsern står fram som to likeverdige alternativ.

Etter Justisdepartementets syn er det behov for å leggje betre til rette for omorganiseringsprosessar i samvirkeforhold. Departementet har derfor kome til at samvirkelova bør innehalde reglar om fusjon, fisjon og omdanning som bygger på eit prinsipp om kontinuitet i dei rettslege posisjonane til det overdragande foretaket (kontinuitetsprinsippet).

Departementet drøftar kva slags reglar som bør gjelde ved oppløysing og avvikling av samvirkeforetak. Eit sentralt spørsmål er her om lova bør opne for at nettoformuen ved oppløysing heilt eller delvis skal tilfalle medlemmane. Utgangspunktet i lova vil vere at gjenverande midlar skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål. Departementet har m.a. lagt vekt på at eit forbod mot å fordele nettoformuen på medlemmane vil innebere eit inngrep i vedtektsfridomen etter gjeldande rett. Departementet har også lagt vekt på at utdelingar til medlemmane skal skje i samsvar med samvirkeprinsippa, dvs. etter omsetning. Departementet har i tråd med dette gjort framlegg om at ein bør tillate at nettoformuen ved oppløysing blir fordelt på medlemmane, men berre dersom dette skjer på grunnlag av deira omsetning med foretaket dei siste fem åra, eventuelt eit anna tidsrom som ikkje kan vere under eitt år. Ei slik ordning må ha heimel i vedtektene.

Når det gjeld iverksetjings- og overgangsreglar, går departementet utfrå at ein del eksisterande samvirkeforetak kan ha behov for ei forholdsvis lang overgangsperiode. Det er derfor gjort framlegg om ein generell overgangsperiode på fem år rekna frå iverksetjinga. Ønskjer eit foretak å bli regulert av lova på eit tidlegare tidspunkt, kan årsmøtet vedta dette med fleirtal som for vedtektsendring. For foretak som blir stifta etter at lova er sett i verk, vil lova gjelde fullt utfrå stiftinga.

Departementet tar òg opp konkurransepolitiske og næringspolitiske spørsmål. Eit hovudtema er forholdet mellom allmenn selskapsrettsleg lovregulering på den eine sida, og konkurranselovgiving og sektorspesifikk næringslovgiving på den andre sida. Etter Justisdepartementets syn må den overordna målsetjinga med ei samvirkelov vere den same som for dei andre selskapslovene: å leggje best mogleg til rette for dei som ønskjer å organisere seg på denne måten og å sikre eigenarten til denne organisasjonsforma. Samtidig må ein på forsvarleg vis vareta interessene til kreditorar, tilsette, minoritetsmedlemmar og andre med rettar i foretaket. Konkurransepolitiske og særlege næringspolitiske målsetjingar kan også vere relevante ved utforminga av ei samvirkelov, men slike omsyn er sekundære. Denne typen omsyn er først og fremst relevante når valet står mellom to løysingar som utfrå samvirkerettslege omsyn har like gode grunnar for seg. Utgangspunktet bør i slike tilfelle vere at ein i samvirkelova vel den løysinga som verkar mest konkurransefremjande, eller som er best i samsvar med særlege, næringspolitiske målsetjingar.

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

I kapittel 2 gjer departementet ein oversikt over bakgrunnen for lovforslaget.

1.3 Spørsmålet om lovregulering

Samvirkelovutvalet har i utgreiinga gjort ei brei drøfting av spørsmålet om det er behov for ei samvirkelov. Utvalet gir uttrykk for at ei lov om samvirkeforetak er nødvendig for å sikre eksistensen til og den vidare utviklinga av samvirkeforma.

Dette lovarbeidet representerer det femte forsøket på ei allmenn samvirkelov i Noreg. Ei hovudårsak til at tidlegare lovgivingsforsøk ikkje har lykkast, er at samvirkesektoren har vore imot lovregulering.

Justisdepartementet meiner det er eit klart behov for ei allmenn samvirkelov. Departementet kan i all hovudsak slutte seg til Samvirkelovutvalets drøfting og merknadene frå mange av høyringsinstansane. Høyringa har vist at ønsket om ei allmenn samvirkelov er sterkt både hos instansar innanfor og utanfor samvirket. Dette er i seg sjølv eit moment som talar for at Noreg no bør få si første allmenne samvirkelov.

Det blir i proposisjonen gjort nærmare greie for forskjellige omsyn som tilseier lovregulering.

1.4 Utforminga av lova - nokre lovtekniske spørsmål

Samvirkelovutvalet har i utgreiinga drøfta nokre lovtekniske spørsmål. Utvalet har drøfta om det bør gjelde forskjellige reglar for ulike typar av samvirkeforetak, i kva grad lova skal kunne fråvikast, og i kva grad ei samvirkelov skal utformast etter mønster av eksisterande selskapslovgiving.

Det første spørsmålet er om det bør utformast to samvirkelover, ei for dei store samvirkeforetaka og ei for dei små. Departementet meiner det bør utformast ei samla lov.

Når det gjeld spørsmålet om i kva grad lova bør kunne fråvikast, kan departementet i stor grad slutte seg til det lovutvalet og høyringsinstansane har uttalt. Departementet meiner det er viktig å ta vare på og styrke mangfaldet innan samvirkesektoren. Ei samvirkelov bør derfor ikkje leggje unødige band på verksemdene. I samsvar med dette er det ved utforminga av lovforslaget lagt stor vekt på å ikkje redusere fleksibiliteten til foretaka i større grad enn det som er nødvendig for å vareta mindretalsinteresser, tredjepersonsinteresser og eigenarten til samvirkeforma.

Justisdepartementet er samd med Samvirkelovutvalet og høyringsinstansane i at samvirkelova bør utformast etter mønster av anna selskapslovgiving, særleg aksjelova. Departementet vil samtidig gi uttrykk for at den overordna målsetjinga med ei samvirkelov er å regulere samvirkeforetaka på ein god måte og å ta vare på eigenarten til samvirkeforma. Løysingar i selskapslovene er berre brukt i den grad det ikkje er trekk ved samvirkeforma som tilseier andre løysingar i samvirkelova. På ein del punkt skil derfor lovforslaget seg klart frå det som gjeld i aksjeselskapsforhold, men den systematiske oppbygginga av forslaget er mykje den same som i aksjelova.

1.5 Verkeområdet til lova - samvirkeomgrepet

Samvirkelovutvalet viser til at legaldefinisjonen av samvirkeforetak har ein todelt funksjon: For det første skal definisjonen fastsetje verkeområdet til lova. For det andre skal den tene som ei fellesnemning på samanslutningar som fell inn under lova.

Departementet er samd med utvalet i at samvirkedefinisjonen i aksjelova ikkje er heilt tilfredsstil­lande og derfor ikkje bør førast vidare i ei allmenn samvirkelov. Det er behov for ein klarare og meir utførleg definisjon, som i større grad peiker på det karakteristiske ved samvirkeforma. Departementet meiner at legaldefinisjonen av samvirkeforetak bør innehalde fem hovudelement:

  • eit krav om at det må vere ei samanslutning

  • eit krav om økonomisk hovudformål

  • eit krav om omsetning mellom medlem og foretak

  • eit krav om fordeling av avkasting etter omsetning/bruk

  • ei avgrensing av deltakaransvaret.

Justisdepartementet støttar forslaget frå Samvirkelovutvalet om at lova ikkje berre skal gjelde for samvirkeselskap, men også for økonomiske foreiningar som utøvar kooperativ verksemd. Departementet viser særleg til at dette gir ein klarare og romslegare definisjon enn om ein nyttar selskapsomgrepet som avgrensingskriterium.

Justisdepartementet er samd med Samvirkelovutvalet i at spørsmålet om i kva grad eit samvirkeforetak skal kunne omsetje med andre enn medlemmane, bør vurderast på grunnlag av legaldefinisjonen av samvirkeforetak. Departementet meiner at hovudlinjene etter gjeldande rett bør vidareførast, likevel slik at ein bør opne for omsetning med ikkje-medlemmar i noko større grad enn i dag. Departementet legg særleg vekt på at samvirke skal vere ei samanslutningsform som i prinsippet skal kunne nyttast innanfor store delar av nærings- og samfunnslivet, noko som tilseier at ein ikkje legg for sterke band på høvet til å omsetje med ikkje-medlemmar.

Etter gjeldande rett blir det stilt krav om at ein vesentleg del av omsetninga til samvirkeforetaket må skje med medlemmane. I praksis har det vist seg at ein ved vurderinga også trekk inn andre moment enn medlemmane sin del av omsetninga. For å signalisere at det ikkje er tale om ei reint kvantitativ vurdering, meiner Justisdepartementet at det avgjerande bør vere om ein rimeleg del av omsetninga skjer med medlemmane. Dette er i samsvar med det Samvirkelovutvalet har tatt til orde for.

Det har i praksis vist seg å vere behov for å organisere kooperativ verksemd innanfor nye strukturar, til dømes ved å skilje den økonomiske verksemda frå medlemsverksemda. Justisdepartementet meiner at lova bør gi foretaka ein viss handlefridom på dette punktet. På den måten kan ein leggje til rette for effektiv og rasjonell drift innanfor ramma av ein demokratisk oppbygd organisasjon. Lova bør derfor innehalde visse unntak frå omsetningskriteriet for samvirkeforetak som inngår i konsern eller føderative samvirke. Departementet er samtidig opptatt av at den samla verksemda har eit kooperativt preg. Det er grenser for kor langt ein kan fjerne seg frå omsetningskriteriet utan at samanslutninga misser sin status som samvirkeforetak. Spørsmålet blir dermed kva slags unntak frå omsetningskriteriet som bør aksepterast.

Departementet er samd med Samvirkelovutvalet i at eit samvirkeforetak skal kunne leggje den økonomiske verksemda til eit selskap som foretaket eig åleine eller saman med andre samvirkeforetak. Departementet er også samd i at den økonomiske verksemda bør kunne leggjast til eit sekundærsamvirke eller til eit dotterselskap av sekundærsamvirket.

Til liks med utvalet er departementet skeptisk til å gjere ytterlegare unntak frå omsetningskriteriet. I utgangspunktet bør ein til dømes ikkje opne for at medlemmane av eit primærsamvirke berre kontraherer med eit tertiærsamvirke eller eit selskap som fleire sekundærsamvirke eig i fellesskap. Departementet ser likevel ikkje bort frå at det i framtida kan oppstå eit reelt behov for denne typen konstruksjonar. Av den grunn har departementet valt å følgje opp forslaget frå Samvirkelovutvalet om at Kongen i særlege tilfelle kan gjere meir vidtgåande unntak frå omsetningskriteriet enn dei som følgjer uttrykkeleg av lova. Føresetnaden for å treffe slikt vedtak må vere at foretaksgruppa samla sett byggjer på samvirkeprinsippa, noko som m.a. inneber at dei samvirkeforetaka som inngår i strukturen, fordelar overskot etter omsetning/bruk.

I forhold til andre organisasjonsformer gir ikkje samvirkedefinisjonen i seg sjølv ei tilstrekkeleg klar avgrensing. Departementet meiner derfor at lova bør innehalde enkelte uttrykkelege unntak for visse foretak. Departementet er samd med utvalet i at lova bør innehalde unntak for aksjeselskap, allmennaksjeselskap, bustadbyggjelag, burettslag og gjensidige for­sik­ringsselskap. Det er her tale om samanslutningar som allereie er underlagt selskapsrettsleg lovregulering som har vist seg å fungere tilfredsstillande i praksis.

1.6 Stifting av samvirkeforetak

I utgreiinga drøftar Samvirkelovutvalet kva slags reglar som skal gjelde for stifting av samvirkeforetak.

Justisdepartementet kan i det vesentlege slutte seg til Samvirkelovutvalets forslag til reglar om stifting av samvirkeforetak. Departementet er samd med utvalet i at formålet med reglane m.a. er:

  • å leggje til rette for at stifting av samvirkeforetak skal kunne skje på ein enkel og billeg måte,

  • å skape klarleik omkring stiftingsprosessen, og

  • å gi foretaka eit incitament til å registrere seg i Foretaksregisteret.

I tillegg vil departementet tilføye at eit formål med reglane er å vareta kreditorinteresser i rimeleg grad.

Eit sentralt spørsmål er om lova bør stille krav om at det må liggje føre ein viss minste innskotskapital ved stiftinga. Departementet meiner at omsynet til kreditorane isolert sett kan tale for at det skal gjelde eit krav om minste innskotskapital også for samvirkeforetak. På den andre sida legg departementet vekt på at ei av dei overordna målsetjingane med dette lovarbeidet, er å leggje til rette for samvirkeorganisering. Eit krav om minstekapital tilsvarande det som gjeld for aksjeselskap vil kunne motverke etableringa av nye samvirkeforetak. Departementet viser i samband med dette til at det etter gjeldande rett ikkje er krav om minstekapital, utan at det ser ut til å ha skapt nemnande problem i praksis. Vidare legg departementet vekt på at det i proposisjonen her blir foreslått reglar som vil innebere eit styrka kreditorvern både i samband med stiftinga og under den løpande drifta. Departementet har etter dette kome til at lova ikkje bør stille krav om minste innskotskapital ved stiftinga.

Det neste spørsmålet er om lova bør stille krav om at stiftarane skal utarbeide ein opningsbalanse. Etter gjeldande rett er det ikkje eit slikt krav ved stifting av samvirkeforetak. Etter aksjelova og allmennaksjelova gjeld det derimot eit absolutt krav om utarbeiding av opningsbalanse. Utvalet har foreslått eit meir avgrensa krav til opningsbalanse for samvirkeforetak, nemleg at slik balanse berre skal utarbeidast dersom ein eller fleire av stiftarane skal gjere opp innskotsskyldnaden med andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot).

Departementet meiner at lova bør stille krav om at stiftarane utarbeider ein opningsbalanse, men at dette berre skal gjelde når ein eller fleire av stiftarane skal gjere tingsinnskot. Dersom foretaket berre skal stiftast med kontantinnskot, er det etter departementet sitt syn ikkje behov for å utarbeide opningsbalanse. Ingen av høyringsinstansane har heller gitt uttrykk for at det er behov for å utarbeide opningsbalanse i desse tilfella.

Departementet er samd i forslaget frå utvalet om at ei samvirkeforetak må stiftast av minst to personar, og at foretaket alltid må ha minst to medlemmar. Dette er i samsvar med gjeldande rett.

I følgje forslaget kan medlemmane i samvirkeforetak vere både fysiske og juridiske personar. Dei juridiske personane kan vere både private og offentlege (stat, fylkeskommune, kommune og andre offentlege verksemder). Slik departementet ser det, er det viktig at samvirkeforma ikkje berre står opa for fysiske personar og private samanslutningar, men også for offentlege organ. Etter forslaget er det ingenting i vegen for at eitt og same foretak har både fysiske og juridiske personar i medlemsmassen.

Sjølv om lovforslaget ikkje inneheld eit krav om minstekapital, ser departementet det som viktig at medlemmane faktisk skyt inn den kapitalen dei har teikna. Både omsynet til kreditorane og til kvar einskild medlem tilseier at det blir gitt reglar som medverkar til at innskotsskyldnadene blir gjort opp. Departementet er klar over at eit krav om at innskota skal vere stadfesta, fører til at stiftingsprosessen blir noko dyrare. Departementet har likevel kome til at alle samvirkeforetak skal vere omfatta av eit krav om at eventuelle innskot er stadfesta av revisor eller finansinstitusjon. Dersom nødvendig stadfesting ikkje ligg føre, skal registrering i Foretaksregisteret nektast.

Departementet foreslår at vedtektene skal innehalde opplysingar om korleis årsoverskotet skal fordelast. Etter forslaget frå utvalet skulle vedtektene berre opplyse om foretaket har høve til å foreta etterbetaling. Departementet ser det som ein fordel om medlemmane i samband med stiftinga også tek stilling til om årsoverskotet skal kunne fordelast på andre tillatne måtar, til dømes overførast til etterbetalingsfond.

1.7 Medlemskap i samvirkeforetak

Innmelding i samvirkeforetak

Samvirkelovutvalet drøftar sentrale spørsmål knytt til medlemskap i samvirkeforetak. Utvalet drøftar først spørsmålet om kva slags reglar som skal gjelde ved innmelding, og då særleg i kva grad eit samvirkeforetak skal kunne avslå søknader om medlemskap.

Justisdepartementet meiner at samvirkeprinsippet om ope medlemskap bør kome klart til uttrykk i lova. Prinsippet er berar av grunnleggjande verdiar som likeverd og ikkje-diskriminering og gir samvirkeforma eit inkluderande preg.

Departementet er samd med utvalet i at medlemskap berre skal kunne nektast dersom det er sakleg grunn for det. Samvirkelovutvalet har i utgreiinga gjort utførleg greie for det nærmare innhaldet i kravet til sakleg grunn. Departementet sluttar seg til dei presiseringane utvalet har gjort.

Etter departementet sitt syn er det behov for ein regel som seier at ein søknad om medlemskap skal reknast for godkjent, dersom søkjaren ikkje har fått melding om utfallet av søknaden innan ein nærmare fastsett frist. Dette er naudsynt for at prinsippet om ope medlemskap ikkje skal kunne undergravast. Utvalet har foreslått ein frist på to månader. Departementet meiner at ein frist på to månader varetek interessene til søkjaren og til foretaket på ein rimeleg måte. Det må i vedtektene kunne fastsetjast ein kortare frist. Derimot tilseier omsynet til søkjaren at foretaka ikkje kan stå fritt til å fastsetje lengre fristar.

Samvirkelovutvalet har gitt ei oversikt over medlemsrettar og medlemsplikter i samvirkeforetak. Utvalet har samtidig presisert når rettane og pliktene oppstår og fell bort. Oversikta over rettar og plikter er meint å ha eit pedagogisk formål. Departementet støttar forslaget frå utvalet, men har valt å gjere ei mindre endring.

Departementet ønskjer å opne for at to eller fleire medlemmar skal kunne ha ein medlemskap saman. Sjølv om det er fleire som eig medlemskapen i fellesskap, kan dei likevel berre gi ei stemme på årsmøtet. På same måte bør det vere dersom ein medlemskap til dømes er knytt til eit gardsbruk. Ein medlemskap bør berre gi grunnlag for ei stemme på årsmøtet, uavhengig av kor mange som driv garden.

Utmelding av samvirkeforetak

Etter gjeldande rett kan samvirkeforetaka gå forholdsvis langt i retning av å avgrense høvet til utmelding. For enkelte typar foretak er det ikkje uvanleg med bindingstider på tre og fem år. Ei rekke foretak har utmeldingsfristar på eitt år, og fleire sekundærsamvirke har fristar på to år.

Justisdepartementet meiner at det er behov for å styrke prinsippet om frivillig medlemskap ved å innskrenke vedtektsfridomen på dette punktet. Det er særleg to grunnar til det: Den eine er omsynet til den medlemmen som ønskjer å tre ut. Den andre er konkurransemessige omsyn, og då særleg omsynet til effektiv ressursutnytting. Det er samtidig på det reine at ein rett til å melde seg ut når medlemen sjølv ønskjer det, ikkje kan vere absolutt. I visse tilfelle vil ein vilkårslaus rett til å tre ut kunne ramme foretaket og dei gjenverande medlemmane urimeleg hardt.

Etter forslaget frå utvalet kan ein eventuell umeldingsfrist ikkje vere lengre enn tre månader i eit primærsamvirke. Lovforslaget frå utvalet stiller vidare krav om at det må liggje føre "tungtveiende, saklige grunner" for at foretaket skal kunne fastsetje ytterlegare skrankar for utmeldingsadgangen (til dømes bindingstider). Trass dei innvendingane som har kome, meiner departementet at lovforslaget i tilstrekkeleg grad varetek omsynet til foretaka og til dei gjenverande medlemmane.

Departementet vil presisere at utgangspunktet etter lovforslaget er at vedtektene ikkje kan innehalde føresegner om at utmelding berre kan skje ein gong i året, typisk ved utløpet av rekneskapsåret. Slike vedtektsføresegner føreset at det ligg føre "tungtvegande, saklege grunnar". Det inneber at det berre er foretak som har eit reelt behov for det, som kan ha slike føresegner. Av omsyn til planlegging av verksemda kan det i enkelte foretak vere nødvendig med vedtekter som seier at utmelding berre kan skje ein gong i året. Lovforslaget opnar for at det kan vedtektsfestast at utmelding berre kan skje ein gong i året, dersom dette er nødvendig utfrå planleggingsomsyn.

Det neste spørsmålet er kva slags reglar som skal gjelde for det økonomiske oppgjeret ved utmelding. Det er her to hovudspørsmål. For det første er det spørsmål om medlemmane skal ha eit absolutt krav på å få tilbakebetalt andelsinnskotet ved utmelding, eller om ein i vedtektene skal kunne fastsetje at medlemmane ikkje skal ha ein slik rett. For det andre er det spørsmål om ein i vedtektene skal kunne fastsetje at medlemmar som trer ut, skal ha krav på ein andel av nettoformuen til foretaket.

Departementet meiner at utgangspunktet i lova bør vere at ein medlem skal ha krav på å få tilbakebetalt eit eventuelt andelsinnskot ved utmelding. Etter ei nærmare vurdering har departementet kome til at det også for framtida bør vere mogleg å vedtektsfeste at medlemmane ikkje skal ha ein slik rett. Eit absolutt krav om tilbakebetaling vil i enkelte tilfelle vere yttarst problematisk. Særleg gjeld dette i tilfelle der andelsinnskota i det alt vesentlege har karakter av tingsinnskot, til dømes i eit veglag. Tilbakebetalingskrav kan i slike tilfelle undergrave heile verksemda. Departementet legg også vekt på at det i vedtektspraksis er vanleg at medlemmar som trer ut, ikkje har krav på å få tilbakebetalt andelsinnskotet. Dette kan tyde på at det er eit praktisk behov for slike vedtektsføresegner.

Spørsmålet blir vidare om ein i vedtektene skal kunne fastsetje at medlemmar som melder seg ut, skal ha krav på ein andel i nettoformuen til foretaket. Departementet er samd med utvalet i at hovudregelen etter forslaget bør vere at medlemmane ikkje har krav på ein andel av nettoformuen ved utmelding.

Spørsmålet blir vidare om denne typen vedtektsføresegner likevel bør aksepterast i arbeidssamvirke, slik utvalet har foreslått.

Etter departementet sitt syn er det særleg tre omsyn som kan tale for at arbeidssamvirke skal kunne vedtektsfeste at medlemmane ved utmelding skal ha krav på ein andel av nettoformuen i foretaket. For det første kan ein slik regel vere eigna til å fremje entreprenørskap og sysselsetjing. For det andre skil mange arbeidssamvirke seg frå andre samvirke ved at dei er meir lukka og har ein meir privat karakter. For det tredje er arbeidssamvirka kjenneteikna ved at andelsinnskota gjerne er større enn i andre typar samvirkeforetak.

Departementet legg vekt på at ein unntaksregel for arbeidssamvirke vil vere godt i samsvar med ei av målsetjingane med ei samvirkelov, nemleg å leggje betre til rette for samvirkeorganisering. Ved å opne for vedtekter som gir medlemmane i arbeidssamvirke krav på ein formuesandel ved utmelding, kan ein stimulere til ein type samvirkeorganisering som ikkje er så utbreidd i Noreg i dag. Departementet ønskjer på denne bakgrunn å følgje opp forslaget frå utvalet om ein særregel for arbeidssamvirke.

Overgang av medlemskap

Etter gjeldande rett er hovudregelen at personlege medlemskap i samvirkeforetak ikkje kan avhen­dast. For eigardelar i aksjeselskap, allmennaksjeselskap og ansvarlege selskap er hovudregelen den motsette. På dette punktet er det såleis ein viktig skilnad mellom samvirkeforetak og andre personforetak på den eine sida, og kapitalselskap på den andre. Departementet meiner at desse grunnleggjande skilnadene mellom samvirkeforetaka og kapitalforetaka bør reflekterast i forslaget til reglar om overgang av medlemskap. I samsvar med dette ønskjer departementet å vidareføre regelen om at personlege medlemskap i samvirkeforetak som utgangspunkt ikkje kan omsetjast.

Departementet meiner samtidig at det - som i dag - bør vere ein viss vedtektsfridom på området. Det er eit stort mangfald av samvirkeforetak, og kvart einskild foretak bør ha ein viss fridom til sjølv å fastsetje den ordninga som høver best for den verksemda foretaket driv. Vedtektsfridomen bør likevel ikkje vere absolutt. Slik departementet ser det, bør det ikkje vere mogleg å gjere medlemskap i samvirkeforetak fritt omsetjelege. I eit samvirkeforetak er det viktig at foretaket til ei kvar tid kan føre kontroll med kven som er medlemmar. På denne måten kan ein unngå interessekonfliktar mellom aktive medlemmar som ønskjer best moglege omsetningsvilkår, og passive medlemmar som ønskjer størst mogleg avkasting på investert kapital. Ei nokolunde homogen medlemsmasse vil i mange tilfelle vere ein føresetnad for eit velfungerande samvirke. Ein eventuell overgang av ein medlemskap må derfor gjerast avhengig av at styret samtykkar.

Departementet vil understreke at utgangspunktet etter lovforslaget er at personlege medlemskap ikkje skal kunne pantsetjast. Pantsetjing kan berre skje i foretak som har gjort medlemskapane omsetjelege, og skrankane for avhendingsadgangen vil gjelde også for pantsetjingsadgangen. Dette inneber eit krav om at styret i foretaket må gi samtykke både i samband med pantsetjinga og i samband med ein eventuell tvangsrealisasjon. Vedtektene kan innehalde ytterlegare innskrenkingar i høvet til å pantsetje, til dømes at pantsetjing ikkje skal kunne skje trass i at medlemskapane kan avhendast.

Mishald frå medlemmen si side

Justisdepartementet støttar Samvirkelovutvalets forslag til regulering av situasjonen der ein medlem gjer seg skyldig i mishald overfor foretaket. Departementet er samd i at lova bør innehalde reglar om utestenging, då dette er ein sanksjon som i prinsippet kan vere aktuell i alle samvirkeforetak. Departementet meiner samtidig at foretaka bør ha ein viss fridom til å vedtektsfeste andre sanksjonar utfrå kva som er tenleg i kvart einskild foretak.

Utestenging er ein vidtgåande reaksjon som kan få alvorlege følgjer for den det gjeld. Dette tilseier at vilkåra for utestenging bør vere strenge. I samsvar med det utvalet har foreslått, bør det vere krav om vesentleg mishald eller at andre tungtvegande grunnar tilseier utestenging.

Slik departementet ser det, er det behov for presise føresegner om verknaden av at ein medlem ikkje omset med foretaket. Departementet foreslår derfor at vedtektene kan fastsetje at utestenging skal kunne skje dersom ein medlem ikkje omset med foretaket i ein periode på minst eitt år. Fordelen med slik vedtektsregulering er at ein slepp å gjere konkrete vurderingar av om passiviteten i kvart einskild tilfelle representerer eit vesentleg mishald eller ein tungtvegande grunn for utestenging.

Departementet støttar hovudtrekka i utvalet sitt forslag til reglar om saksbehandling i utestengingssaker. Ein medlem som er stengt ute, kan bringe saka inn for årsmøtet. Medlemmen kan også bringe saka inn for domstolane etter dei allmenne reglane i tvistelova. Det er ikkje naudsynt å bringe saka inn for årsmøtet først. Dersom årsmøtet har gjort vedtak i ei sak om utestenging, kan ein medlem reise søksmål med påstand om at vedtaket er ugyldig.

Mishald frå samvirkeforetaket si side

Etter forslaget frå Samvirkelovutvalet kan vesentleg mishald frå foretaket si side gi ein medlem rett til å tre ut av foretaket med umiddelbar verknad og gi medlemmen visse økonomiske rettar overfor foretaket (m.a. krav på tilbakebetaling av andelsinn­skotet). Paragrafen gir også medlemmen eit visst høve til å krevje utløysing ved dom.

Justisdepartementet støttar forslaget frå utvalet på dette punktet og forslår ei tilsvarande føresegn i lovforslaget. Etter departementet sitt syn inneber forslaget ei rimeleg balansering av omsynet til den krenka medlemmen på den eine sida og omsynet til foretaket og dei gjenverande medlemmane på den andre sida.

Til liks med utvalet meiner departementet at lova ikkje bør innehalde ein regel som gir ein krenka medlem rett til å krevje foretaket oppløyst ved dom.

Medlemsregister

Justisdepartementet støttar forslaget frå utvalet om at alle samvirkeforetak skal ha eit offentleg tilgjengeleg medlemsregister.

Departementet meiner at det er behov for å presisere i lovteksten at medlemmane skal førast inn i alfabetisk orden eller på annan oversiktleg måte. På denne måten får ein markert at innføring i alfabetisk orden er eit slags utgangspunkt etter lova, samtidig som det kjem klart fram at innføring også kan skje på andre oversiktlege måtar. I foretak med fleire hundre eller fleire tusen medlemmar vil kravet om oversiktleg registrering vanskeleg kunne oppfyllast på annan måte enn gjennom registrering i alfabetisk orden.

Når det gjeld spørsmålet om retten til innsyn i medlemsregisteret, er Justisdepartementets prinsipielle haldning at det bør vere full openheit om eigarforholda i norsk næringsliv. I samsvar med dette går departementet inn for at medlemsregisteret skal vere tilgjengeleg for alle.

Det blir foreslått at medlemsregisteret skal vere tilgjengeleg hos foretaket. Den som ønskjer det, kan dermed få innsyn ved å møte opp hos foretaket. Foretaket må som eigar av registeret kunne motsetje seg at det blir tatt bilete av registeret, eller at det blir skanna.

1.8 Økonomiforhold

I utgreiinga drøftar utvalet spørsmål som gjeld finansiering av samvirkeforetak. Eit hovudtema er korleis ein skal dekkje kapitalbehovet til slike verksemder. Utvalet viser til at den kollektive eigenkapitalen utgjer størstedelen av kapitalbasen i norske samvirkeforetak. Det blir også vist til at kapitaloppbygginga i hovudsak skjer gjennom innskot frå medlemmane, tilbakehalding av årsoverskot, spareordningar for medlemmane og gjennom ekstern lånekapital.

Reglane om økonomiforhold i samvirkeforetak har hovudsakleg tre formål: Dei skal vareta dei økonomiske interessene til medlemmane, dei skal gi kreditorane eit forsvarleg vern, og dei skal - til liks med andre reglar i lova - sikre eigenarten til samvirkeforma.

Eit hovudspørsmål er korleis lova best kan medverke til å dekkje finansieringsbehovet til samvirkeforetaka. Meir konkret er det eit spørsmål om det er mogleg å etablere mekanismar i lova som kan medverke til tilstrekkeleg kapitaltilførsel og konsolidering.

Etter Justisdepartementets syn kan det vere tenleg å skilje mellom tre former for finansiering: sjølvfinansiering, ekstern finansiering og finansiering gjennom foretaksgrupper. Med sjølvfinansiering siktar ein til finansiering frå medlemmane i foretaket, anten i form av direkte tilskot eller lån, eller ved tilbakehalding av driftsoverskot. Ekstern finansiering dekker at andre enn medlemmane tilfører kapital gjennom lån eller investeringar. Finansiering gjennom foretaksgrupper inneber at det blir etablert foretak (til dømes heileigde aksjeselskap), som skal medverke til kapitaltilførsel i samvirkeforetaket (morforetaket).

Etter Justisdepartementets syn bør sjølvfinansiering i kombinasjon med ekstern lånekapital vere dei primære finansieringskjeldene i samvirkeforetak. Til liks med utvalet legg departementet til grunn at andelsinnskot, konsolidering av årsoverskot, spareordningar, låneinnskot og ekstern lånekapital normalt vil vere eigna til å dekkje kapitalbehovet til foretaka. Det er likevel god grunn til å vurdere om dei eksisterande finansieringskjeldene bør vidareutviklast eller supplerast med nye kapitalinstrument. Sjølv om dagens ordningar i hovudsak fungerer tilfredsstillande, er det ikkje gitt at dei er optimale, eller at dei vil vere tilstrekkelege til å møte framtidige kapitalbehov. Dessutan kan det også i dag vere situasjonar der dei tilgjengelege finansieringskjeldene ikkje kan syte for tilstrekkeleg kapitaltilførsel, eventuelt at den kapitalen som trengs, blir uforholdsmessig dyr. Dette kan til dømes vere tilfelle dersom eit foretak må gjere større investeringar i samband med ekspansjon eller vidareutvikling av verksemda.

Når det gjeld spareinnskot i samvirkeforetak, meiner departementet at dette også i framtida bør regulerast i banklovgivinga og ikkje i samvirkelova.

Departementet drøftar først om lova bør leggje til rette for ordningar som kan styrke sjølvfinansieringa ved å oppmuntre til konsolidering. Utvalet har her foreslått to ordningar: etterbetalingsfond og med­lems­kapitalkonti. Etter forslaget er etterbetalingsfondet ein del av den kollektive kapitalen i foretaket, medan medlemskapitalkonti er meint å vere ei form for individualisert kapital. Begge ordningane har eit konsolideringsformål, idet dei skal motverke at medlemmane kjenner seg tvungne til å ta ut årsoverskotet kvart år for å unngå at dei elles misser rådvelde over midlane. Ordninga med medlemskapitalkonti styrkar dessutan eigarposisjonen til medlemmane og kan dermed medverke til auka engasjement og større vilje til å tilføre foretaket kapital.

Departementet ønskjer å følgje opp forslaget om å leggje til rette for ei ordning med etterbetalingsfond. Eit slikt fond kan for det første vere med på å dekkje konsolideringsbehovet i samvirkeforetak. For det andre vil eit slikt fond opne for ei meir fleksibel kapitalforvalting.

Departementet ønskjer også å følgje opp forslaget til reglar om medlemskapitalkonti. Ved å introdusere ei form for individualisert eigenkapital blir foretaka utstyrt med eit ekstra kapitalinstrument. Samtidig blir dei økonomiske rettane til medlemmane utvida. Ordninga kan ha ein gunstig effekt med tanke på både kapitaltilførsel og konsolidering. Til liks med ordninga med etterbetalingsfond inneber ordninga ei meir fleksibel kapitalforvalting i samvirkeforetak. Ei ordning med medlemskapitalkonti også vere gunstig i eit konkurranserettsleg perspektiv.

Samvirkelovutvalet har drøfta ulike former for kapitalvern og gjort ei nærmare vurdering av kva slags kapitalvernreglar som bør gjelde for samvirkeforetak.

Justisdepartementet kan i hovudsak slutte seg til utvalet sine vurderingar. Departementet er såleis samd med utvalet i at eit forsvarleg kapitalvern er viktig både av omsyn til foretakskreditorane og av omsyn til foretaket og medlemmane. Vidare er departementet samd i at eit krav om forsvarleg eigenkapital bør vere berebjelken i kapitalvernsystemet, og at styret bør ha ei handleplikt dersom kapitalen blir lågare enn det som er forsvarleg.

Departementet er vidare med utvalet i at det ikkje bør stillast krav om tvungne fondsavsetningar e.l. Dei omsyna som talte for at ein i aksjeselskapsforhold avskaffa ordninga med lovpliktig reservefond, talar også for at ein ikkje bør innføre ei slik ordning for samvirkeforetak. Departementet vil særleg framheve at omsynet til økonomisk effektivitet tilseier at det ikkje blir gitt reglar som legg sterke bindingar på disponeringa av årsoverskot og eventuelle fondsmidlar.

1.9 Organisasjon og leiing

Allment

Utvalet drøftar i utgreiinga kva slags reglar som skal gjelde for organisering og leiing av samvirkeforetak. Utvalet har tatt utgangspunkt i reglane i aksjelova og allmennaksjelova, men har på ein del punkt gjort framlegg om andre reglar for samvirkeforetak.

Justisdepartementet kan i hovudsak slutte seg til dei synspunkta Samvirkelovutvalet har gitt uttrykk for når det gjeld organisatoriske spørsmål. Departementet ser det som ein fordel at lovforslaget på dette punktet blir utforma etter mønster av aksjelovgivinga, samtidig som det blir gjort enkelte tilpassingar for samvirkeforetak.

Årsmøte

Retten til å møte i årsmøtet er ein grunnleggjande medlemsrett. Retten bør etter Justisdepartementets syn kome klart til uttrykk i lova.

Departementet meiner det bør vere mogleg å bruke fullmektigar eller rådgivarar på årsmøtet utan særskilt heimel i vedtektene. Departementet vil peike på at demokratiomsyn tilseier at medlemmar som er avskorne frå å møte, kan la seg representere ved ein fullmektig på årsmøtet. Foretak som ikkje ønskjer å ha ei ordning med fullmektigar eller rådgivarar på årsmøtet, kan fråvike lova i vedtektene.

Etter utvalsforslaget kan berre foretak med meir enn 200 medlemmar ha ei ordning med utsendingar på årsmøtet. Etter departementet sitt syn kan denne grensa setjast til 100 medlemmar utan at ein i for stor grad grip inn i den retten kvar einskild medlem i utgangspunktet har til å møte i årsmøtet. Vidare meiner departementet at landsdekkande samvirkeforetak bør kunne ha eit representativt samansett årsmøte, sjølv om talet på medlemmar er under 100.

Departementet vil opne for at ein utsending kan ha fleire stemmer på årsmøtet. Samtidig ser departementet det som viktig at fordelinga av stemmer på utsendingane er i samsvar med samvirkeprinsippa. Departementet foreslår derfor at dei reglane som gjeld for fordeling av stemmer på medlemmar i primærsamvirke og sekundærsamvirke, skal gjelde tilsvarande ved fordeling av stemmer på utsendingar. Innanfor ramma av desse reglane må kvart einskild foretak velje den løysinga som høver best.

Departementet kan i hovudsak slutte seg til dei reglane om vedtakskrav som utvalet har foreslått. Departementet er samd i at endringar i vedtektene som utgangspunkt skal krevje to tredjedelar av dei stemmene som er gitt.

Styre og dagleg leiar

Departementet er samd med utvalet i at styret skal vere eit obligatorisk organ i alle samvirkeforetak. Styret har ansvar for forvaltinga av foretaket og skal syte for ei forsvarleg organisering av verksemda. Styret skal også føre tilsyn med den daglege leiinga og verksemda i laget elles.

Når det gjeld krav til samansetjinga av styret, sluttar departementet seg til forslaget frå utvalet om at styret skal ha minst tre medlemmar, dersom ikkje vedtektene seier at det berre skal vere to. Departementet meiner at berre myndige personar bør kunne vere styremedlemmar i samvirkeforetak.

Justisdepartementet ser det som viktig at tilsette i samvirkeforetak får ein lovfastsett rett til å vere representert i styret på lik linje med tilsette i andre typar foretak. Ein slik lovfesta representasjonsrett inneber ei styrking og vidareutvikling av bedriftsdemokratiet innanfor samvirkesektoren.

Dersom det er ønskjeleg eller nødvendig med eit nytt styre, tilseier demokratiomsyn at dette blir valt på vanleg måte. Departementet har i den samanhengen foreslått ein særleg regel om at vedtektene i eit primærsamvirke kan fastsetje at styret i sekundærsamvirket skal kunne kalle inn til ekstraordinært årsmøte. På denne måten kan eit sekundærsamvirke initiere val av nytt styre i tilfelle der det eksisterande styret ikkje treff nødvendige tiltak for å bøte på situasjonen.

Departementet har vurdert om dagleg leiar bør vere eit obligatorisk organ i større samvirkeforetak, men har kome til at det ikkje er tilstrekkeleg behov for ein tvingande regel på dette punktet. Departementet har kome til at det bør vere opp til foretaka sjølve å ta stilling til om det er ønskjeleg å tilsette ein dagleg leiar.

Representantskap og kontrollkomité

Etter forslaget frå utvalet er representantskap og kontrollkomité frivillige organ i samvirkeforetak. Ingen av høyringsinstansane har gått imot forslaget.

Departementet foreslår som utvalet at det skal være opp til det enkelte foretak om det ønskjer å ha representantskap og kontrollkomité. Dersom vedtektene fastset at foretaket skal ha slike organ, vil reglane i lovforslaget gjelde med tvingande verknad. Føresetnaden er at det ikkje reelt er tale om ein annan type organ enn det lova regulerer.

Lovforslaget er ikkje til hinder for at eit samvirkeforetak har andre frivillige organ enn representantskap og kontrollkomité, til dømes valkomitéar og saksførebuande organ. Slike organ kan ikkje tildelast mynde som etter lova skal liggje hos årsmøte, styret eller dagleg leiar.

1.10 Kjønnsrepresentasjon i styra

Allment

Utgreiinga frå Samvirkelovutvalet inneheldt inga drøfting av spørsmålet om det bør stillast krav til kjønnsrepresentasjon i samvirkestyra. I 2003 vart det gitt reglar om likestilling i styra i statsaksjeselskap, statsforetak, allmennaksjeselskap o.a. I høyringsbrev gjorde Justisdepartementet framlegg om tilsvarande reglar for samvirkeforetak, bustadbyggjelag og gjensidige forsikringsselskap med meir enn 1 000 medlemmar.

Reglane om kjønnsrepresentasjon i allmennaksjeselskap i allmennaksjelova vart sette i verk 1. januar 2006. På bakgrunn av at fleira av dei omsyna som talte for innføringa av eit slikt krav for allmennaksjeselskapa, gjer seg tilsvarande gjeldande for enkelte samvirkeforetak, meiner departementet til liks med fleirtalet av høyringsinstansane at samvirkelova bør innehalde eit krav om kjønnsrepresentasjon. Slik departementet ser det, vil eit krav om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak kunne ha positive bedriftsøkonomiske verknader.

Departementet drøftar i høyringsnotatet kva slags samvirkeforetak som i tilfelle skal vere omfatta av eit krav om kjønnsrepresentasjon. Høyringa har styrka Justisdepartementet i synet på at kravet om kjønnsrepresentasjon i utgangspunktet berre bør gjelde for samvirkeforetak som utfrå omfanget av verksemda og spreiinga av medlemsinteressene kan samanliknast med allmennaksjeselskap.

Etter Justisdepartementet si oppfatning bør kravet om kjønnsrepresentasjon i alle fall omfatte primærsamvirke med meir enn 1000 medlemmar. Meir tvilsamt er det om det i tillegg bør innførast særreglar for sekundærsamvirke slik at kravet til kjønnsrepresentasjon også vil kunne gjelde for dei. Høyringsinstansane er delte i synet på dette spørsmålet. Justisdepartementet har kome til at det ikkje bør innførast særreglar for sekundærsamvirke.

Særleg om bustadbyggjelag og burettslag

Justisdepartementet gjer framlegg om å innføre eit lovfastsett krav om kjønnsrepresentasjon i styra til bustadbyggjelag med meir enn 1 000 andelseigarar. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre tungtvegande omsyn som talar for at bustadbyggjelaga blir sett i ei anna stilling enn andre samvirkeforetak av tilsvarande storleik. Forslaget har støtte frå alle dei høyringsinstansane som er positive til at det blir innført krav til kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak. Forslaget inneber at dei fleste bustadbyggjelaga vil bli omfatta av ordninga.

Når det gjeld burettslaga, foreslår departementet ikkje å innføre eit tilsvarande krav. Slik departementet ser det, er burettslaga av ein slik privat karakter at det er lite naturleg å underleggje dei eit krav om kjønnsrepresentasjon.

Justisdepartementet meiner òg det bør gjelde eit krav til kjønnsrepresentasjon for gjensidige forsik­ringsselskap på same måte som for samvirkeforetaka.

Høyringa gir brei og solid støtte til at kravet om kjønnsrepresentasjon i styret i samvirkeforetak bør ta utgangspunkt i same prosentkrav som i likestillingslova, det vil seie krav om 40 pst. kjønnsrepresentasjon. Justisdepartementet legg også vekt på at den same grada av kjønnsrepresentasjon gjeld for allmennaksjeselskap og visse statseigde foretak.

Forholdet til reglar om tilsetterepresentasjon i styret o.a.

På bakgrunn av Samvirkelovutvalet sitt forslag til føresegner om rett for dei tilsette til å velje styremedlemmar, drøftar departementet korleis forholdet mellom reglar om tilsetterepresentasjon og reglar om kjønnsrepresentasjon bør regulerast.

Justisdepartementet følgjer opp forslaget i høyringsnotatet og gjer framlegg om separate reglar om kjønnsrepresentasjon for høvesvis dei styremedlemmane som blir valde av og mellom dei tilsette, og for dei eigarvalde ("ordinære") styremedlemmane.

Departementet foreslår vidare eit unntak frå kravet om kjønnsrepresentasjon for tilsetterepresentantane i styret tilsvarande det ein har i allmennaksjelova.

Unntak frå kravet til kjønnsrepresentasjon for "ordinære" representantar som er valde av medlemmane

På bakgrunn av at samvirkeforma har enkelte særtrekk, er det eit spørsmål om det bør opnast for unntak frå kravet om kjønnsrepresentasjon også for dei medlemsvalde styrerepresentantane.

Høyringsrunden har styrka Justisdepartementet i synet på at lova bør innehalde unntak for samvirkeforetak med svært skeiv kjønnsfordeling i medlemsmassen. Departementet har merka seg at eit stort fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaget om ei unntaksføresegn for samvirkeforetak der eitt av kjønna utgjer mindre enn 5 pst. av medlemmane. Departementet foreslår ein slik regel.

Handheving av krav om kjønnsrepresentasjon

Justisdepartementet meiner at reglane om kontroll og handheving av reglane om kjønnsrepresentasjon bør vere dei same som for allmennaksjeselskap. Dette inneber at kontrollen vil finne stad gjennom Foretaksregisterets generelle legalitetskontroll etter loven, og at brot på reglane kan føre til tvangsoppløysing av foretaket. Departementet legg vidare til grunn at brot på reglane også kan føre til tvangsoppløysing av gjensidige selskap.

Justisdepartementet gjer vidare framlegg om ei ny føresegn i foretaksregisterlova om at registeret også skal innehalde opplysingar om kva kjønn styremedlemmane har. Forslaget er i tråd med det som gjeld for allmennaksjeselskapa.

Iverksetjings- og overgangsreglar

Iverksetjinga av ei ordning med kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak, bustadbyggjelag og gjensidige forsikringsselskap må etter Justisdepartementets syn sjåast i samanheng med iverksetjinga av dei andre føresegnene i samvirkelova. For samvirkeforetak som blir omfatta av samvirkelova, foreslår departementet ingen særskilte overgangsreglar når det gjeld reglane om kjønnsrepresentasjon. På bakgrunn av høyringsrunden og forslaget om at Foretaksregisteret skal innehalde opplysingar om foretaket er omfatta av krav til kjønnsrepresentasjon i styret, meiner departementet vidare at det ikkje er behov for ei eiga iverksetjingsføresegn for dei foreslåtte reglane i foretaksregisterlova.

Etter Justisdepartementet sitt syn er det naturleg at bustadbyggjelaga og dei gjensidige forsikringsselskapa blir underlagt same overgangsreglar som allmennaksjeselskapa. For bustadbyggjelag og gjensidige selskap som blir registrerte etter at reglane blir sette i verk, inneber det at krava til kjønnsrepresentasjon skal vere oppfylte frå registreringa. For foretak som er registrerte før iverksetjinga av lova, vil det etter forslaget vere ein overgangsperiode på to år frå iverksetjinga før foretaket må oppfylle krava til kjønnsrepresentasjon i styret.

1.11 Revisjon

Utvalet gir ein presentasjon av dei revisjonsreg­lane som gjeld for samvirkeforetak. Fleirtalet i utvalet har foreslått at alle samvirkeforetak som fell inn under samvirkelova, skal vere revisjonspliktige. Kravet om at revisjonen blir utført av ein statsautorisert eller registrert revisor, skal likevel berre gjelde for foretak som er revisjonspliktige etter revisorlova.

Justisdepartementet kan ikkje sjå at det er behov for å endre gjeldande reglar om revisjonsplikt for samvirkeforetak. Departementet finn heller ikkje grunn til å fråvike regelen i revisorlova om at årsrekneskapen til revisjonspliktige foretak skal reviderast av minst éin registrert eller statsautorisert revisor. Dette er spørsmål som vart vurdert i samband med utarbeidinga av revisorlova, og departementet kan ikkje sjå at det ligg føre tilstrekkeleg tungtvegande grunnar til å endre reglane slik fleirtalet i utvalet har gjort framlegg om.

Departementet har vidare kome til at ein ikkje bør opne for at lovpålagt revisjon blir utført av personar utan revisorfagleg kompetanse. Samtidig meiner departementet at det vil føre for langt om ein skal stille krav om at årsrekneskapen til alle samvirkeforetak blir revidert av registrerte eller statsautoriserte revisorar. Departementet viser i den samanhengen til at dei fleste samvirkeforetak er små foretak som utøvar avgrensa økonomisk verksemd. I slike foretak vil revisjonsbehovet normalt vere forholdsvis lite, og kostnadene og meirarbeidet knytt til revisjonen vil ikkje stå i forhold til det ein oppnår i form av auka kontroll med verksemdene.

1.12 Føderativt samvirke og konsern

I utgreiinga drøftar utvalet kva slags reglar som skal gjelde for samvirkeforetak som inngår i foretaksgrupper. I samvirkeforhold er det to typar foretaksgrupper som er aktuelle: føderativt samvirke og konsern.

Justisdepartementet støttar Samvirkelovutvalets forslag til reglar om konsern og føderative samvirke og delar dei vurderingane som ligg til grunn for forslaget. Departementet har merka seg at det er stor grad av semje mellom høyringsinstansane på dette punktet. Definisjonen av føderativt samvirke og konsern er tatt inn i lovforslaget.

Konsernreglane er velkjende frå selskapslovgivinga. Omsynet til nøytralitet mellom dei forskjellige samanslutningsformene tilseier at også samvirkelova får slike reglar. Dette har også ei lovteknisk side: Lovreglane om dei forskjellige samanslutningsformene bør vere like, dersom ikkje det er særtrekk ved formene som tilseier forskjellig regulering.

Eit særleg spørsmål er om eit samvirkeforetak skal kunne vere dotterforetak i eit konsern. Departementet er her samd med utvalet og høyringsinstansane i at ein slik konstruksjon er prinsipielt uheldig.

Spørsmålet blir vidare om samvirkeforetak som inngår i føderative samvirke, skal kunne yte konserntilskot med skattefrådrag for givar og skatteplikt for mottakar. Samvirkelovutvalet har foreslått at slike foretak skal ha høve til å yte konserntilskot etter reg­lar som tilsvarer dei som gjeld for konsernselskap. Grunngivinga er at dei reglane som skal lette kapitalflyten i konsern, også bør gjelde for føderative samvirke utfrå ein likskapstankegang.

Justisdepartementet har kome til at samvirkeforetak som inngår i føderative samvirke, skal kunne yte konserntilskot med skattefrådrag for givar og skatteplikt for mottakar. Konserntilskot må ytast innanfor dei rammene som følgjer av samvirkelova.

1.13 Fusjon, fisjon og omdanning

Utvalet har drøfta om ei lov om samvirkeforetak bør innehalde reglar om fusjon, fisjon og omdanning og korleis desse reglane i tilfelle bør utformast.

Justisdepartementet meiner at det er behov for reg­lar om fusjon, fisjon og omdanning i samvirkeforhold. Departementet kan i det vesentlege slutte seg til dei vurderingane utvalet har gjort på dette punktet. Departementet legg særleg vekt på at lovregulering av dei nemnde transaksjonstypane kan lette gjennomføringa av omorganiseringsprosessar.

Ved å gi eigne lovreglar om fusjon, fisjon og omdanning kan ein på den eine sida vareta fleirtalet si interesse i å gjennomføre omorganiseringa på ein smidig måte, og på den andre sida sikre eit forsvarleg vern for minoritetsmedlemmane, kreditorane og dei tilsette. Den ulovfesta samvirkeretten har ikkje eigne reglar om desse transaksjonane, og ein må falle tilbake på reglar om oppløysing og nystifting som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til at det er tale om restrukturering av ei igangverande verksemd. Lovregulering kan her gi skreddarsydde løysingar som balanserer dei ulike interessene på ein god måte.

Vedtakskravet ved fusjon og fisjon må sjåast i lys av dei reglane som gjeld for ulike typar vedtektsendringar. Utgangspunktet er at vedtak om fusjon og fisjon blir gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Dersom fusjonen eller fisjonen inneber at medlemmane av det overdragande eller det overtakande foretaket får krav på ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, bør det gjelde eit særleg strengt vedtakskrav.

Til liks med utvalet meiner departementet at samvirkeforetaket ved omdanninga må ha ein eigenkapital som minst svarer til den aksjekapitalen som selskapet skal ha som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Lovteksten er på dette punktet utforma på same måte som omdanningsføresegna i aksjelova. Kravet om forsvarleg eigenkapital i aksjelova og allmennaksjelova kan etter omstenda føre til at det ikkje er tilstrekkeleg at samvirkeforetaket har ein eigenkapital som tilfredsstiller minstekravet i aksjelova og allmennaksjelova.

Departementet er vidare samd med utvalet i at vedtakskravet ved omdanning bør harmonere med dei tilsvarande reglane for fusjon og fisjon. Det inneber at det bør gjelde eit skjerpa vedtakskrav i tilfelle der ei omdanning medfører at medlemmane i samvirkeforetak får tilgang på ein større del av nettoformuen i foretaket. På bakgrunn av innspela frå høyringa har departementet gjort nokre endringar i reglane om meldeplikt overfor Foretaksregisteret med tanke på tilfelle der omdanningsvedtaket må godkjennast av Stiftelsestilsynet.

1.14 Oppløysing og avvikling

Utgreiinga inneheld ei drøfting av kva slags reg­lar som skal gjelde ved oppløysing og avvikling av samvirkeforetak. Utvalet skisserer tre hovudproblemstillingar i denne samanhengen: 1) Når kan eller skal eit samvirkeforetak oppløysast? 2) Korleis skal avviklinga skje? 3) Korleis skal nettoformuen fordelast?

Til liks med utvalet meiner departementet at lova bør innehalde reglar om oppløysing etter vedtak av årsmøtet (frivillig oppløysing) og etter orskurd frå tingretten (tvangsoppløysing). Departementet er samd med utvalet i at lova ikkje bør innehalde ein regel som gir ein krenka medlem rett til å krevje foretaket oppløyst ved dom.

Slik Justisdepartementet ser det, bør lova opne for at nettoformuen ved oppløysing blir fordelt på medlemmane. Departementet ser ikkje grunn til å innskrenke vedtektsfridomen på dette punktet. Føresetnaden må vere at nettoformuen blir fordelt på medlemmane i samsvar med samvirkeprinsippa, dvs. etter omsetning med foretaket. Det må dessutan stillast krav om vedtektsheimel for at dei gjenverande midlane heilt eller delvis skal kunne fordelast på medlemmane. I mangel av vedtektsregulering bør utgangspunktet for primærsamvirke vere at gjenverande midlar skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål. Ved opphøyr av sekundærsamvirke bør utgangspunktet derimot vere at midlane blir fordelt på primærsamvirka, slik at desse kan bruke midlane i den vidare drifta.

Departementet har i lovforslaget gjort framlegg om at Kongen kan gripe inn mot ei føreståande tvangsoppløysing dersom vesentlege samfunnsmessige omsyn tilseier det. Etter departementet sitt syn bør samvirkelova her innehalde same regel om aksjelovene.

1.15 Ymse emne

Erstatning, straff og rettargangsreglar

Utvalsforslaget inneheld reglar om erstatningsansvar for medlemmar og tillitsvalde i foretaket. Reguleringa er svært avgrensa samanlikna med den tilsvarande reguleringa i aksjelova og allmennaksjelova og bustadbyggjelagslova. Utvalsforslaget har berre ei føresegn om ansvarsgrunnlag og ei føresegn om lemping. Forslaget har m.a. ikkje reglar om framgangsmåten for fremjing av krav når foretaket er påført tap, reglar om ansvarsfritak og reglar om forholdet mellom foretaket sitt krav og konkurrerande krav frå medlemmar, kreditorar eller andre.

Justisdepartementet meiner at det er behov for ei meir utførleg regulering av erstatningsspørsmålet, dels for å oppnå innhaldsmessig gode løysingar, dels for å fjerne den rettsuvissa som elles kan oppstå. Departementet har derfor foreslått reglar om erstatning m.m. som er utforma etter mønster av dei tilsvarande reglane i bustadbyggjelagslova, aksjelova og allmennaksjelova.

Både aksjelova, allmennaksjelova og bustadbyggjelagslova inneheld nokre rettargangsreglar. Justisdepartementet meiner det er behov for tilsvarande reg­lar for samvirkeforetak og har derfor gjort framlegg om dette.

Iverksetjings- og overgangsreglar

Samvirkelovutvalet har foreslått at lova skal gjelde frå den tid Kongen fastset. Justisdepartementet støttar Samvirkelovutvalets forslag til overgangsføresegn. Samvirkeforetaka har vore underlagd ulovfesta samvirkerett i over 150 år. Det er då naturleg at dei eksisterande foretaka får god tid på seg til å tilpasse seg eit nytt regelregime. Sjølv om lovforslaget byggjer på dei same prinsippa som den ulovfesta samvirkeretten, vil foretaka ha behov for å gjere vedtektsendringar i større eller mindre grad. Departementet ser det som viktig at foretaka får nok tid til å tilpasse seg den nye lova. Samtidig meiner departementet at foretak som ønskjer å bli omfatta av lova før femårsperioden er ute, må ha høve til det. Til liks med utvalet gjer derfor departementet framlegg om at foretaka skal kunne bli omfatta av lova på eit tidlegare tidspunkt.

Departementet ønskjer ikkje å opne for fritt omsetjelege medlemskap. Forbodet mot å gjere medlemskapane fritt omsetjelege bør ikkje kunne omgåast ved å utferde fritt omsetjelege andelar. Ein må her forstå lovforslaget slik at ein eventuell andel er uløyseleg knytt til medlemskapen. På bakgrunn av høyringa har departementet likevel valt å utforme ein overgangsregel på dette punktet for foretak som har omsetjelege andelar når lova blir sett i verk. Departementet legg særleg vekt på at situasjonen kan bli vanskeleg og konfliktfylt dersom eit foretak som har omsetjelege andelar, skal gå over til eit system utan andelar eller til eit system der eventuelle andelar er uløyseleg knytte til dei einskilde medlemskapane.

Spareordningar i samvirkeforetak

Utvalet gjer greie for spareordningar i samvirkeforetak. Det blir først gitt ein presentasjon av eksisterande spareordningar og av rettstilstanden på området.

Etter Justisdepartementets syn er det grunn til å skilje mellom tre spørsmål: 1) Bør samvirkeforetak ha høve til å ta imot spareinnskot frå medlemmane? 2) På kva slags vilkår skal foretaka i tilfelle kunne utøve innskotsverksemd? 3) Bør eventuelle reglar plasserast i samvirkelova eller i banklovgivinga?

Når det gjeld det første spørsmålet, kan departementet i det vesentlege slutte seg til dei vurderingane utvalet har gjort. Departementet har også merka seg at ingen av høyringsinstansane har gått inn for at samvirkeforetaka skal vere heilt avskorne frå å ta imot spareinnskot frå medlemmane. Departementet legg stor vekt på at ordninga med spareinnskot er ei viktig finansieringskjelde for mange samvirkeforetak. Samvirkeforetak bør etter dette ha høve til å ta imot innskot frå medlemmane også i framtida.

Uavhengig av skyldnadene etter EØS-avtalen ser Justisdepartementet det som ein fordel at innskotsordningane til samvirkeforetaka blir nærmare regulert, ikkje minst av omsyn til innskytarane/medlemmane.

Det siste spørsmålet er om reglane bør plasserast i samvirkelova eller i banklovgivinga. Departementet støttar forslaget frå utvalet om å plassere reglane i banklovgivinga. Sjølv om spareinnskot er ei viktig finansieringskjelde for mange samvirkeforetak, er det tale om ei type verksemd som elles er regulert i banklovgivinga.

Kooperativ organisering innan bank- og finanssektoren

Samvirkelovutvalet drøftar i utgreiinga om verkeområdet for samvirkeforma bør utvidast eller innskrenkast. Under drøftinga av om verkeområdet bør innskrenkast gir utvalet uttrykk for at det må liggje føre tungtvegande grunnar dersom samvirkeforma skal utelukkast frå visse delar av nærings- og samfunnslivet. Utvalet drøftar særskilt om det for framtida skal vere høve til å skipe nye kredittforeiningar. Bakgrunnen er Banklovkommisjonens forslag om at det ikkje lenger skal vere høve til å skipe slike foreiningar.

Justisdepartementet kan i det vesentlege slutte seg til det prinsipielle grunnlaget for dei vurderingane utvalet har gjort av spørsmålet om det skal vere høve til å skipe nye kredittforeiningar. Dette er likevel eit spørsmål der soliditetsmessige, tilsynsmessige og konkurransemessige omsyn må vurderast nærmare. Denne vurderinga vil bli gjort som ledd i Finansdepartementets oppfølging av utgreiingane frå Banklovkommisjonen. Det same gjeld spørsmålet om ein bør opne for organisering av bankar som samvirkeforetak.

Sparebankane har ei organisasjonsform med visse samvirkeelement. Denne forma har lang tradisjon i Noreg. Det må vurderast særskilt om det i tillegg bør opnast for organisering av bankar som samvirkeforetak. Dette blir følgt opp i Finansdepartementet.

Tvisteløysing i samvirkeforhold

Utvalet drøftar om det er behov for eit eige rådgivande tvisteløysingsorgan som kan treffe vedtak i rettstvistar mellom samvirkeforetak og medlemmar.

Justisdepartementet er samd med utvalet i at det ikkje er behov for lovreglar om eit særleg tvisteløysingsorgan i samvirkeforhold. Opprettinga av eit slikt organ bør i tilfelle skje på initiativ frå samvirkeorganisasjonane ut frå ei vurdering av det praktiske behovet for eit tvisteløysingsorgan.

1.16 Konkurransepolitiske og næringspolitiske spørsmål

Enkelte høyringsinstansar har i sine høyringsfråsegner primært konsentrert seg om konkurransepolitiske og næringspolitiske spørsmål. På bakgrunn av høyringa har Justisdepartementet funne grunn til å omtale desse spørsmåla nærmare.

Dei konkurransepolitiske og næringspolitiske merknadene som har kome i samband med høyringa, gir grunn til å reise eit meir grunnleggjande spørsmål om forholdet mellom selskapslovgiving på den eine sida, og konkurranselovgiving og sektorspesifikk næringslovgiving på den andre. Meir presist er det eit spørsmål om i kva grad ein ved utforminga av den allmenne selskapslovgivinga skal leggje vekt på konkurransepolitiske målsetjingar eller næringspolitiske utfordringar innanfor enkeltsektorar. Det visast til proposisjonen for nærmare drøfting av desse spørsmåla.

Justisdepartementets seier i sin konklusjon at forslaget til samvirkelov er konkurransemessig gunstig samanlikna med situasjonen etter gjeldande rett. Ei rekke av reglane i forslaget vil venteleg ha ein gunstig konkurransemessig effekt. Lovforslaget er likevel ikkje primært grunngitt i konkurransemessige omsyn. Denne typen omsyn bør i første rekke varetakast i konkurranselovgivinga og eventuelt også i den sektorspesifikke næringslovgivinga. I den samanhengen nemner departementet at det ikkje er ein del av omsynet bak samvirkelova å avgrense næringspolitiske eller konkurranserettslege verkemiddel av omsyn til samvirket sin eigenart.

1.17 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet gjer i kapittel 17 greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovforslaget. Konsekvensane for både private og for det offentlege blir drøfta. Det blir gjort særskilt greie for dei konkurransemessige konsekvensane av lovforslaget. Analysen viser at lovforslaget kan ha fleire gunstige konkurransemessige effektar og at det ikkje vil ha nokon nemnande negative effektar.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anne Marit Bjørnflaten, Ingrid Heggø, Hilde Magnusson Lydvo og Tone Merete Sønsterud, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Morten Ørsal Johansen, fra Høyre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Saxi, er glad for at Regjeringen nå legger fram ett forslag til lov om samvirkeforetak. Lovforslaget baserer seg i all hovedsak på Samvirkelovutvalgets forslag, jf. NOU 2002:6. Dette forslaget fikk bred støtte i den omfattende høringsrunden som ble gjort, både fra instanser innenfor og utenfor samvirke. Det er femte gang man prøver å få vedtatt en alminnelig lov om samvirkeforetak i Norge.

Komiteen vil påpeke særtrekk med samvirkeformen. Et samvirkeforetak har i likhet med et kapitalselskap, som for eksempel et aksjeselskap, til hovedformål å fremme deltakernes økonomiske interesser. Men mens formålet med et kapitalselskap normalt er å skaffe deltakerne størst mulig avkastning på investert kapital, er formålet med et samvirkeforetak å ivareta medlemmenes økonomiske interesser som tilbydere eller etterspørrere av varer eller tjenester. I et samvirkeforetak blir formålet realisert ved at det omsettes varer og tjenester mellom foretaket og medlemmene. I et kapitalselskap realiseres formålet vanligvis med ervervsvirksomhet rettet mot en ekstern kundemasse. Et sentralt prinsipp i samvirketanken er at hvert medlem har en stemme, uavhengig av hvor stort kapitalinnskudd man har. I et kapitalselskap vil fordelingen av stemmer på eierne være avhengig av størrelsen på kapitalinnskuddene. Samvirkeformen bygger også på at utdeling av foretakets midler skal være basert på hvor mye hvert enkelt medlem har omsatt med foretaket i en nærmere bestemt periode. Utbytte er altså basert på aktiv brukerdeltakelse og ikke på kapitalinnskudd. Dette er noen av særtrekkene ved samvirkeformen som gjør at det er behov for en egen foretakslov i tillegg til den eksisterende selskapslovgivningen. Norge har ca. 4 000 samvirkeforetak som er omfattet av ulovfestet samvirkerett. Bare borettslagene, boligbyggelagene og - i noen grad - de gjensidige forsikringsselskapene er underlagt samvirkerettslige lovregler. Komiteen mener derfor at man nå bør få på plass en alminnelig lov om samvirkeforetak.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil også peke på at virksomheter innen den sosiale økonomi er et satsingsområde i en rekke europeiske land. I EU er begrepet sosial økonomi et godt innarbeidet begrep politisk. Det omhandler aktiviteter som har allmennyttige eller medlemsnyttige formål - og ikke profitt - som sin fremste drivkraft. Organisasjoner og foretak innen den sosiale økonomi har sitt utspring i behovet for samarbeid når markedet eller det offentlige ikke evner å dekke menneskelige behov. Dette kjennetegnes ved sammenslutninger bygget på demokratiske verdier, ett medlem én stemme, og at sammenslutningene er organisatorisk frittstående. Samvirketanken er en viktig del av den sosiale økonomien, og det finnes mange gode eksempler fra andre europeiske land hvor den sosiale økonomien har bidratt til å opprettholde levedyktige lokalsamfunn. Man ser også at samvirkeformen får økt utbredelse innenfor nye områder som helse, omsorg, kunnskapsindustri og kultur.

Komiteen vil påpeke at lovforslaget først og fremst er en lov som skal regulere samvirkeforetak som organisasjonsform. Ved utformingen av andre sentrale selskapslovgivninger som aksjeloven og selskapsloven, har man ikke tatt konkurransepolitiske hensyn utover at man har hatt et ønske om å fremme konkurranseevnen til de foretakene som er organisert innenfor vedkommende selskapsform. Dette prinsippet er også videreført i dette lovutkastet. Utformingen av selskapslovgivning er i Norge basert på at konkurransepolitiske og sektorpolitiske hensyn skal løses gjennom konkurranselovgivningen og sektorlovgivningen. Dette samspillet mellom forskjellige typer lovgivning har vist seg å fungere godt i praksis. Dersom selskapslovgivningen skal være helt fore­taks­nøytral, vil man i praksis bare kunne ha én selskapsform. I et samfunnsøkonomisk perspektiv er det en fordel at lovgivningen tilbyr et visst mangfold av sammenslutningsformer med forskjellige kvaliteter og ulike særpreg. Poenget må være at de forskjellige aktørene selv må finne ut hva som passer best for deres type virksomhet. Komiteen vil understreke viktigheten av at konkurranselovgivningen og sektorlovgivningen som det klare utgangspunkt er foretaksnøytral. Det betyr at konkurranseloven er det beste verktøyet vi har i forhold til å regulere konkurransen, fordi den retter seg mot enkeltforetak uavhengig av selskapsform.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener det er feilaktig å hevde at samvirkeforetak ikke har kapitalavkastning ettersom alle organisasjonsformer, inkludert aksjeselskap, søker å maksimere eiernytte. Avkastning justert for risiko vil normalt være en sentral størrelse i både aksjeselskap og samvirkeforetak, og uten et avkastningskrav vil det være vanskelig å fatte rasjonelle investeringsbeslutninger. Slik sett er det ingen prinsipiell forskjell på målsettingen til et aksjeselskap og et samvirkeforetak, og for mange aksjeselskap vil man kunne finne de samme målsettinger som de man søker å gjøre særegent for samvirkeforetak i Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) og i NOU 2002:6. Det vil således også være fullt mulig å drive samvirkeforetak innenfor rammen av organisasjonsformer som ansvarlig selskap eller aksjeselskap.

Disse medlemmer viser til at departementet i sitt svarbrev til komiteen understreker betydningen av at konkurranseloven er et effektivt verktøy, men konstaterer at regjeringspartiene ved en rekke anledninger har svekket konkurranselovgivningen. Disse medlemmer viser til at Landbruks- og matdepartementet sendte ut forskrift på høring om "konkurranseavgrensende verksemd i skogbruket". Disse medlemmer viser til at skognæringen er preget av få men store aktører som for eksempel Skogeiersamvirket som representerer ca. 75 pst. av virkesmarkedet i Norge, mens Nortømmer og SB skog representerer ca. 15 pst. av markedet. De ulike skogeierandelslagene deler markedet mellom seg regionalt. Disse medlemmer viser til at effekten av den foreslåtte forskriften i kombinasjon med at forslaget til samvirkelov ikke åpner for fondsemisjon, en fastsatt øvre grense på forrentning, samt forbud mot overdragelse av medlemskap kan medføre at Skogeiersamvirkets dominerende posisjon blir ytterligere styrket på bekostning av effektiv ressursutnyttelse og samfunnsøkonomisk effektivitet. Disse medlemmer ber Regjeringen vurdere nærmere lovligheten av unntaket som er foreslått i forslag om konkurranseavgrensende virksomhet i skogbruket i forhold til de forpliktelser som følger av EØS-avtalen. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen vurdere nærmere lovligheten av unntaket som er foreslått i forslag om konkurranseavgrensende virksomhet i skogbruket i forhold til de forpliktelser som følger av EØS-avtalen."

Disse medlemmer har merket seg at departementet legger til grunn at hovedregelen skal være at et medlemskap ikke skal kunne overdras. Disse medlemmer mener at hovedregelen bør være omvendt for å sikre at samvirkenes medlemmer må ta aktivt stilling til spørsmålet. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"§ 20 første og andre ledd skal lyde:

(1) Medlemskap i et samvirkeforetak kan gå over til et nytt medlem for så vidt annet ikke er bestemt i vedtektene. Erverver av medlemskap skal meddele overdragelsen til foretaket.

(2) Når overdragelsen av medlemskap er betinget av samtykke fra styret, daglig leder eller andre som har slik myndighet eller det er fastsatt i vedtektene at erververe skal ha visse egenskaper, skal erververen få melding om avgjørelsen så snart som mulig."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at enkelte høringsinstanser har særlig fokusert på forholdene på melkesektoren. Den nye markedsordningen for melk som skal gi bedre konkurranse, vil ikke bli berørt av dette lovforslaget. Dette kan være et eksempel på at det er mest hensiktsmessig å håndtere sektorpolitiske utfordringer med sektorpolitiske virkemidler.

Komiteen vil også påpeke at de aller fleste eksisterende samvirkeforetak ikke utgjør noe konkurranserettslig problem, fordi de utøver svært begrenset økonomisk virksomhet.

Komiteen vil videre påpeke at økonomiske foreninger og samvirkelag som er stiftet før loven trer i kraft, ikke er underlagt loven før det har gått fem år. Bakgrunn for en så lang overgangstid, er at mange av de eksisterende samvirkeforetakene kan ha behov for en så lang periode fordi samvirkeformen så langt har vært ulovfestet. Foretakene kan imidlertid velge å bli omfattet av loven fra et tidligere tidspunkt, dersom de skulle ønske det.

Komiteen vil også foreslå tre endringer i det fremlagte forslaget. Dette er feil eller mangler som er oppdaget etter at proposisjonen ble fremmet.

Komiteen fremmer derfor følgende forslag:

"§ 163 nr. 3 andre punktum skal lyde:

Andelar kan berre omsetjast til andre medlemmar eller til personar som blir medlemmar ved kjøp av andelar."

I lovforslagets § 26 andre ledd første punktum skal henvisningen til "andre ledd" erstattes med en henvisning til "første ledd".

Skatteloven § 10-50 har blitt endret etter at proposisjonen ble lagt frem, og endringene i lovforslaget § 164 nr. 34 må derfor gjøres i loven slik den nå lyder.

Komiteen vil også påpeke at det i lovforslaget ligger en del endringer i andre lover for å tilpasse den nye samvirkeloven i eksisterende lovverk. Komiteen har ingen ytterligere merknader og anbefaler Odelstinget om å støtte det framlagte forslaget.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er enige i at det er viktig å legge til rette for oppstart av mindre bedrifter, og slutter seg derfor til departementets forslag om ikke å fastsette en minstegrense for innskudd ved stifting av samvirkeforetak, slik det gjelder for aksjeselskap med et minimumskrav på 100 000 kroner. Disse medlemmer er likevel uenige i departementets begrunnelse om at man skal legge særlig til rette for oppstarting av samvirkeforetak. Disse medlemmer mener man burde sørge for tilsvarende forenklede regler ved oppstart av mindre aksjeselskap, slik at man i større grad sikrer likebehandling mellom organisasjonsformer og gjør det enklere å starte opp for alle typer små virksomheter. Disse medlemmer viser i denne forbindelse til forslag i Dokument nr. 8:60 (2005-2006) om å opprette et forenklet regelverk for små aksjeselskap, jf. Innst. S. nr. 194 (2005-2006), der nettopp dette ble foreslått.

Disse medlemmer viser videre til at flere høringsinstanser, særlig de i konkurranse med samvirkeforetak, mener man må tillate normal avkastning på all egenkapital og ikke ha en øvre grense på forrentning. Avkastningsbegrensningen på forrentning av femårige statsobligasjoner tillagt 3 prosentpoeng virker dessuten vilkårlig. Disse medlemmer mener at samvirkeforetakene selv bør kunne velge en normal avkastning på all egenkapital ut ifra risikoen i foretaket. Det er viktig å understreke at et samvirke ikke har medlemmer men eiere, og eierne av en virksomhet må kunne sette det avkastningskravet til en virksomhet som de til enhver tid mener er fornuftig. Disse medlemmer viser også til at konkurransehensyn tilsier bortfall av øvre grense på forrentning. Disse medlemmer mener derfor at det ikke bør settes en tallfestet øvre grense på forrentning av egenkapital.

Disse medlemmer har registrert at departementet ikke åpner for fondsemisjon. Dette har flere høringsinstanser kritisert fordi det ikke gir fleksible ordninger for utbetaling av kapital og overskudd. Slik disse medlemmer ser det, kan da samvirkeforetakene se seg nødt til å foreta store utbetalinger til sine medlemmer i form av høyere priser på det medlemmene leverer. Dette kan innebære uheldige konkurransemessige effekter. Disse medlemmer mener samvirkeforetakene må få anledning til fondsemisjon slik at egenkapitalen kan tilpasses fleksibelt til varierende finansieringsbehov.

Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

"§ 30 første ledd skal lyde:

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal brukast til forrentning av andelsinnskot og medlemskapitalkonti.

§ 30 annet ledd første punktum skal lyde:

Auke av andelsinnskota kan mellom anna skje ved at innskota blir forrenta etter første ledd, eller ved at medlemmane gjer ytterlegare innskot.

§ 1 annet ledd nr. 1 utgår."

Disse medlemmer stiller videre spørsmål ved hvorfor man åpner for vedtektsfestet adgang til utdeling av andel av nettoformuen bare til medlemmer som også er ansatt i virksomheten, og viser til at dette også kan skape problematiske avgrensninger. Dette er dessuten et brudd på likhetsidealet i § 17. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"§ 22 fjerde ledd skal lyde:

(4) Vedtektene kan fastsette at et medlem som melder seg ut, skal ha krav på å få utbetalt sin andel av nettoformuen i foretaket."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, mener at fondsemisjon lett kan føre til at andelsinnskuddene blir forrentet i strid med samvirkeprinsippene. Det kan også føre til at de som er medlemmer på et gitt tidspunkt, og som kanskje bare har vært medlemmer i kort tid, kan skaffe seg tilgang til verdier som hovedsakelig er skapt av andre, både eksisterende og tidligere medlemmer. Det er også en fare for at den økonomiske stillingen til foretaket kan bli alvorlig svekket dersom medlemmene gjennom fondsemisjon øker andelsinnskuddene for så å kreve utbetaling av innskuddene i forbindelse med utmelding av foretaket. Flertallet mener at hvis man åpner for fondsemisjon må man også endre samvirkedefinisjon i § 1 andre ledd. Det vil være svært uheldig om man i sluttfasen av lovarbeidet skal endre selve kjernen i lovforslaget, nemlig definisjonen av samvirkeforetak. Endelig vil flertallet vise til at det bare er et lite mindretall av høringsinstansene som har uttrykt ønske om at loven skal åpne for fondsemisjon, og at disse instansene i all hovedsak representerer foretak som ikke selv vil bli omfattet av en samvirkelov.

Ved behandling av Innst. O. nr. 12 (2006-2007) ble det gjort en skjerping av kravene til kjønnsrepresentasjon i aksjeselskap, og komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre undrer seg over at man gjennom forslaget til samvirkelov stiller et krav om kjønnsrepresentasjon bare for store samvirkeforetak og ikke for små samvirkeforetak.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sine merknader til endringene av aksjeloven, jf. Innst. O. nr. 12 (2006-2007), hvor det ble fremmet alternative forslag som ble nedstemt i Stortinget. Disse medlemmer kan ikke akseptere at bedrifter blir tvangsoppløst på grunn av manglende kjønnsmessig representasjon i styret og mener prinsipielt at andre sanksjonsmidler bør nyttes. Disse medlemmer legger videre til grunn at det ikke er lønnsomt for verken bedrifter eller samfunnet at enkeltmennesker diskrimineres, enten på basis av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsdyktighet, alder, seksuell legning eller på andre grunnlag. Disse medlemmer er derfor glad for at Regjeringen støttet forslag om å utrede en mer generell og overordnet lovgivning hva angår diskriminering uavhengig av grunnlag, jf. Dokument nr. 8:66 (2005-2006) om forslag fra stortingsrepresentantene Erna Solberg, André Oktay Dahl og Olemic Thommessen om generell og overordnet lovgivning hva angår diskriminering uavhengig av grunnlag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ønsker ikke en lovfesting av krav til kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak, og viser til disse medlemmers merknader til endringene av aksjeloven, jf. Innst. O. nr. 12 (2006-2007). Disse medlemmer har alltid vært tilhenger av at det er objektive kvalifikasjoner som skal være avgjørende og ikke kjønn.

Disse medlemmer vil derfor ikke gå inn for å innføre krav til kjønnsrepresentasjon, og fremmer følgende forslag:

"§ 69 utgår."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, kan vanskelig se at et krav om kjønnsrepresentasjon for foretak med over 1 000 medlemmer er noen favorisering av samvirkeforetak så lenge det ikke er krav til dette i et vanlig aksjeselskap, med mindre synspunktet fra mindretallet er at man får et mer kompetent styre med tilnærmet lik fordeling mellom kjønnene. Når kravet på 1 000 medlemmer er satt, så er det med tanke på at de store samvirkeforetakene skal ha samme regler som allmenaksjeselskapene.

Disse samvirkeforetakene vil i likhet med allmennaksjeselskapene ha stor spredning av eierinter­essene. Samvirkefortak med færre medlemmer skal i likhet med aksjeselskapene ikke være underlagt et lovfestet krav om kjønnsrepresentasjon i styrene. Begrunnelsen er at de små samvirkeforetakene har mer til felles med aksjeselskapene enn allmennaksjeselskapene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener også det er viktig å sørge for et enklere regelverk for små virksomheter, og er således positive til en nedre grense for revisjonsplikt. Disse medlemmer viser til at dersom det skulle være nødvendig for et mindre samvirkeforetak ved eksempelvis innhenting av lånekapital, eller trygghet for en part i et forretningsforhold, kan samvirkeforetaket frivillig engasjere revisor for å bekrefte regnskapsopplysningene. Disse medlemmer mener imidlertid det burde gjelde tilsvarende forenklede regler for aksjeselskap, og viser igjen til forslag i Dokument nr. 8:60 (2005-2006) om å opprette et forenklet regelverk for små aksjeselskap, jf. Innst. S. nr. 194 (2005-2006), der dette ble foreslått.

Disse medlemmer viser til at en stor del av innvendingene mot lovfesting av samvirkeforetak går på det konkurransemessige. Disse medlemmer viser til at det er enighet blant høringsinstansene om at de fleste av disse problemene må løses gjennom konkurranselovgivningen og ikke gjennom selskapslovgivningen. Disse medlemmer presiserer viktigheten av at konkurranselovgivningen innrettes, oppfølges og praktiseres slik at man i størst mulig grad forhindrer konkurransevridende effekter som bidrar til samfunnsøkonomisk ulønnsom res­surs­allokering og skadelig opptreden. Disse medlemmer påpeker at man her bør ha et spesielt fokus innenfor landbruksnæringen og relaterte næringer. Disse medlemmer vil også understreke at regel­utformingen i forbindelse med samvirkelovgivningen ikke må innebære en forverring av konkurransesituasjonen for aktører som konkurrerer med et samvirkeforetak.

Disse medlemmer ser det også som svært viktig at man vinner erfaringer med virkningene av lovregulering av samvirkeforetak. Dette er viktig med sikte på raskt å foreta eventuelle nødvendige justeringer i den grad man ser for eksempel ytterligere konkurransedreining i markeder med få og store aktører som gjør det vanskelig for andre aktører å trenge inn i markedet. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om at det gjennomføres en bred evaluering av effektene av lovregulering av samvirkeforetakene, herunder en vurdering av hvorvidt det har skjedd en ytterligere konkurransevridning i markeder med få og markedsdominerende samvirker. Regjeringen bes sørge for at slik evaluering skjer innen tre år etter ikraftredelsen av samvirkeloven."

Disse medlemmer mener en del av lovbestemmelsene i forslaget inneholder svakheter og uklarheter som særlig bør evalueres og eventuelt endres dersom de viser seg å være problematiske i forbindelse med en slik gjennomgang. Disse medlemmer trekker frem følgende punkter:

I lovforslagets § 16 første ledd om medlemsplikter er det uklart hva det innebærer å "etterleve" vedtak i denne sammenhengen.

I lovforslagets § 17 om likhetsprinsippet krever forskjellsbehandling saklig grunn uten at "saklig" er nærmere definert.

Disse medlemmer mener formuleringen i § 20 om overgang av medlemskap er uklar, spesielt i forhold til lovutkastets § 14 om innmelding hvor det fastslås at den som mener samvirkeforetaket kan ivareta vedkommendes økonomiske interesser har rett til å bli medlem.

Disse medlemmer mener videre formuleringene i § 23 om utestengning burde vært ytterligere konkretisert.

Disse medlemmer mener også at § 135 om utdeling til medlemmene og annen disponering av gjenværende midler er uheldig utformet ettersom man bruker begrepet "samvirkeformål" uten at dette er et avklart begrep.

Disse medlemmer foreslår derfor at dette tas ut og fremmer følgende forslag:

"§ 135 fjerde ledd første punktum skal lyde:

(4) Gjenverande midlar utover dette skal gå til allmennyttige formål."

Disse medlemmer legger videre til grunn at like inntekter i utgangspunktet bør beskattes likt og mener derfor at etterbetalinger til medlemmene i et samvirke ikke bør bli fritatt for utbyttebeskatning.

Disse medlemmer legger også til grunn at det vil være problematisk hvis det gis adgang til å vedtektsfeste full deltakelse fra samvirkemedlemmenes side, og da særlig samvirkeforetak med svært dominerende markedsstilling. Disse medlemmer viser til Konkurransetilsynets høringsuttalelser og mener at lovligheten av et slikt vedtektskrav må bygge på at det foreligger sterke grunner eller at det ikke er betenkelig dersom det aktuelle samvirkeforetaket har små markedsandeler.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at endringene for avsetting til felleseid andelskapital i visse samvirkeforetak ble avviklet under regjeringen Bondevik II fra og med inntektsåret 2005. Disse medlemmer viser til at begrunnelsen for endringen var å oppnå en større grad av skattemessig likebehandling mellom ulike typer samvirkeforetak og mellom samvirkeforetak og virksomheter organisert på annen måte. Endringen bidro også til et enklere og mer oversiktlig regelverk og skattesystem i tråd med disse medlemmers hovedmål for skattesystemet. Disse medlemmer mener at denne begrunnelsen fortsatt har gyldighet, jf. merknader i Innst. O. nr. 10 (2006-2007) kapittel 12.1.

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet og Høyre:

Forslag 1

§ 20 første og andre ledd skal lyde:

(1) Medlemskap i et samvirkeforetak kan gå over til et nytt medlem for så vidt annet ikke er bestemt i vedtektene. Erverver av medlemskap skal meddele overdragelsen til foretaket.

(2) Når overdragelsen av medlemskap er betinget av samtykke fra styret, daglig leder eller andre som har slik myndighet eller det er fastsatt i vedtektene at erververe skal ha visse egenskaper, skal erververen få melding om avgjørelsen så snart som mulig.

Forslag 2

§ 22 fjerde ledd skal lyde:

(4) Vedtektene kan fastsette at et medlem som melder seg ut, skal ha krav på å få utbetalt sin andel av nettoformuen i foretaket.

Forslag 3

§ 30 første ledd skal lyde:

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal brukast til forrentning av andelsinnskot og medlemskapitalkonti.

§ 30 annet ledd første punktum skal lyde:

Auke av andelsinnskota kan mellom anna skje ved at innskota blir forrenta etter første ledd, eller ved at medlemmane gjer ytterlegare innskot.

§ 1 annet ledd nr. 1 utgår.

Forslag 4

§ 135 fjerde ledd første punktum skal lyde:

(4) Gjenverande midlar utover dette skal gå til allmennyttige formål.

Forslag 5

Stortinget ber Regjeringen vurdere nærmere lovligheten av unntaket som er foreslått i forslag om konkurranseavgrensende virksomhet i skogbruket i forhold til de forpliktelser som følger av EØS-avtalen.

Forslag 6

Stortinget ber Regjeringen om at det gjennomføres en bred evaluering av effektene av lovregulering av samvirkeforetakene, herunder en vurdering av hvorvidt det har skjedd en ytterligere konkurransevridning i markeder med få og markedsdominerende samvirker. Regjeringen bes sørge for at slik evaluering skjer innen tre år etter ikraftredelsen av samvirkeloven.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 7

§ 69 utgår.

4. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om samvirkeforetak (samvirkelova)

Kapittel 1 Innleiande føresegner

§ 1 Verkeområde

(1) Lova gjeld for samvirkeforetak.

(2) Med samvirkeforetak er meint ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte, og der

1. avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, anten blir ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemmane på grunnlag av deira andel i omsetninga med samanslutninga, og

2. ikkje nokon av medlemmane har personleg ansvar for skyldnadene til samanslutninga, udelt eller for delar som til saman utgjer dei samla skyldnadene.

(3) Eit samvirkeforetak ligg også føre dersom interessene til medlemmane som nemnt i andre ledd, blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som samvirkeforetaket eig åleine eller saman med andre samvirkeforetak, medrekna eit sekundærsamvirke etter § 4 andre ledd. Det same gjeld dersom interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som sekundærsamvirket eig åleine. Kongen kan ved enkeltvedtak i særlege tilfelle godkjenne at det ligg føre eit samvirkeforetak også om interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med andre samanslutningar enn dei som er nemnde i dette leddet.

(4) Lova gjeld ikkje for:

1. aksjeselskap

2. allmennaksjeselskap

3. bustadbyggjelag

4. burettslag

5. gjensidige forsikringsselskap

6. dottersamvirkeforetak.

§ 2 Høve til å fråvike lova

Føresegnene i denne lova kan fråvikast når det er særskilt fastsett i lova eller følgjer av samanhengen.

§ 3 Ansvarsavgrensing o.a.

(1) Medlemmane heftar ikkje overfor kreditorane for foretaksskyldnadene.

(2) Medlemmane har ikkje plikt til å gjere innskot i foretaket, om ikkje den einskilde medlemmen har vedtatt dette skriftleg ved teikninga av medlemskap eller ved særskilt avtale. Ei plikt til å gjere innskot må vere avgrensa beløpsmessig eller på annan måte. Kravet til vedtaking etter første punktum gjeld ikkje for plikt etter vedtektene til å betale andelsinnskot.

(3) Skjerpingar i plikta til å gjere innskot kan berre skje med samtykke frå den einskilde medlemmen eller ved vedtektsendring etter § 54 andre og tredje ledd.

§ 4 Føderativt samvirke

(1) Eit sekundærsamvirke utgjer saman med to eller fleire primærsamvirke eit føderativt samvirke.

(2) Eit samvirkeforetak er eit sekundærsamvirke dersom alle medlemmane er samvirkeforetak, eller dersom dei medlemmane som er samvirkeforetak, har avgjerande innverknad over foretaket. Andre samvirkeforetak er primærsamvirke.

(3) Eit sekundærsamvirke som er medlem i eit anna sekundærsamvirke, skal i rettsforhold mellom desse reknast som eit primærsamvirke.

§ 5 Konsern

(1) Eit morforetak utgjer saman med eitt eller fleire dotterforetak eit konsern.

(2) Eit samvirkeforetak er eit morforetak dersom det på grunn av avtale eller vedtekter eller som eigar av aksjar eller andelar har avgjerande innverknad over eit anna foretak. Eit samvirkeforetak skal alltid reknast for å ha avgjerande innverknad dersom foretaket:

1. har så mange aksjar eller andelar i eit anna foretak at dei representerer fleirtalet av stemmene i det andre foretaket, eller

2. har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemmane i styret til det andre foretaket.

(3) Eit foretak som står i forhold som nemnt i andre ledd til eit morforetak, er eit dotterforetak. Eit samvirkeforetak etter § 1 i lova her kan ikkje vere dotterforetak.

(4) Ved fastsetjinga av stemmerettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemmar skal ein rekne med rettar som morforetaket og dotterforetaka til morforetaket har. Det same gjeld rettar som høyrer til nokon som handlar i eige namn, men for rekninga til morforetaket eller dotterforetaket.

§ 6 Elektronisk kommunikasjon

(1) Dersom ein medlem uttrykkeleg har godtatt det, kan foretaket bruke elektronisk kommunikasjon når det skal gi meldingar, varsel, informasjon, dokument og liknande etter denne lova til medlemmen, om ikkje noko anna følgjer av lova her.

(2) Når ein medlem skal gi meldingar o.a. etter denne lova til foretaket, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten foretaket har fastsett for dette formålet.

§ 7 Fastsetjing av fristar

(1) Fristar som er rekna i veker, månader eller år, endar på den dag i den siste veka eller den siste månaden som etter sitt namn eller tal svarer til den dagen då fristen startar. Har ikkje månaden dette talet, endar fristen på den siste dagen i månaden.

(2) Endar ein handlingsfrist på ein laurdag, heilagdag eller dag som etter lovgivinga er likestilt med heilagdag, blir fristen forlenga til nærmast følgjande vyrkedag.

Kapittel 2 Stifting av samvirkeforetak

§ 8 Stifting av foretaket

(1) Eit samvirkeforetak kan stiftast av minst to personar og må alltid ha minst to medlemmar. Blir det færre medlemmar, skal foretaket oppløysast.

(2) Både fysiske og juridiske personar kan vere stiftarar. Umyndige kan ikkje vere stiftarar.

(3) Stiftarane daterer og skriv under eit stiftingsdokument. Når alle stiftarane har skrive under stiftingsdokumentet, er medlemskapane teikna og foretaket stifta.

§ 9 Krav til innhaldet i stiftingsdokumentet

(1) Stiftingsdokumentet skal innehalde vedtekter for foretaket, jf. § 10.

(2) Stiftingsdokumentet skal dessutan opplyse om:

1. namn eller foretaksnamn, adresse og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for stiftarane,

2. namn, adresse og fødselsnummer for dei som skal vere medlemmar av styret.

(3) Dersom stiftarane skal gjere innskot i samband med stiftinga, skal stiftingsdokumentet også opplyse om:

1. det beløpet som kvar stiftar skal betale,

2. summen av innskotsskyldnadene til stiftarane,

3. tidspunktet for oppgjer av innskotsskyldnadene.

Skal ein eller fleire stiftarar gjere opp innskotsskyldnaden med anna enn pengar, skal stiftingsdokumentet opplyse om kva eigedelar det gjeld, namnet og adressa til innskytaren og kva vilkår som skal gjelde.

(4) Departementet kan utarbeide standard stiftingsdokument.

§ 10 Vedtekter for samvirkeforetak

Vedtektene skal minst innehalde føresegner om:

1. foretaksnamn for foretaket,

2. den kommunen i riket der foretaket skal ha forretningskontor,

3. kva verksemd foretaket skal drive,

4. storleiken på eventuelle andelsinnskot, om dei skal forrentast, og om dei skal betalast tilbake ved utmelding,

5. kor vidt det skal betalast medlemskontingent,

6. korleis årsoverskotet skal kunne nyttast, jf. § 26,

7. talet på eller det lågaste og høgaste talet på styremedlemmar,

8. kva saker som skal opp på det ordinære årsmøtet,

9. korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing.

§ 11 Opningsbalanse

(1) Dersom ein eller fleire stiftarar skal gjere opp ein eventuell innskotsskyldnad med anna enn pengar, skal stiftarane setje opp, datere og skrive under ein opningsbalanse for foretaket som er i samsvar med lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap mv. Innskot med anna enn pengar skal vurderast til verkeleg verdi på dagen for opningsbalansen, dersom det ikkje følgjer av reglane i rekneskapslova at innskotet skal vidareførast til balanseførte verdiar.

(2) Opningsbalansen skal tidlegast vere datert fire veker før stiftinga, jf. § 8 tredje ledd. Opningsbalansen skal leggjast ved stiftingsdokumentet.

§ 12 Melding av foretaket til Foretaksregisteret

(1) Foretaket skal meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er underskrive.

(2) Før foretaket blir meldt til Foretaksregisteret, skal ein eventuell innskotskapital frå stiftarane vere fullt innbetalt. I meldinga til Foretaksregisteret skal det opplysast om at foretaket har mottatt eventuelle innskot. Ein statsautorisert eller registrert revisor skal stadfeste at innskotskapitalen er fullt innbetalt. Dersom innskota utelukkande er gjort med pengar, kan i staden ein finansinstitusjon gi stadfesting.

(3) Er foretaket ikkje meldt til Foretaksregisteret innan fristen, kan foretaket ikkje registrerast. I så fall fell stiftinga bort, og eventuelle krav på innskot er ikkje lenger bindande. Det same gjeld dersom registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

§ 13 Verknader av registreringa

(1) Før foretaket er registrert, kan det ikkje erverve andre rettar og pådra seg andre skyldnader overfor tredjepersonar enn dei som følgjer av stiftingsdokumentet eller av lov.

(2) For skyldnader som er pådregne i foretaket sitt namn før registreringa, og som foretaket ikkje heftar for etter første ledd, er dei som har pådrege skyldnaden, personleg og solidarisk ansvarlege når ikkje noko anna er avtalt med kreditor. Ved registreringa overtek foretaket skyldnaden.

(3) Er det før registreringa inngått ein avtale som ikkje bind foretaket etter første ledd, og visste den andre parten i avtalen at foretaket ikkje var registrert, kan denne gå frå avtalen dersom foretaket ikkje er meldt til Foretaksregisteret innan fristen i § 12, eller dersom meldinga blir avvist innan fristen. Var parten ukjent med at foretaket ikkje var registrert, kan parten gå frå avtalen fram til foretaket blir registrert. Føresegnene i dette leddet kan fråvikast ved avtale.

Kapittel 3 Medlemskap i samvirkeforetak

§ 14 Innmelding

(1) Forbrukarar, næringsdrivande og andre som kan få sine økonomiske interesser varetatt av eit samvirkeforetak, har rett til å bli medlem av foretaket ved innmelding. Foretaket kan berre nekte nokon å bli medlem dersom det er sakleg grunn for det. Vedtektene kan innehalde vilkår for å bli og for å vere medlem så langt det er sakleg grunn for det.

(2) Innmelding skal skje ved søknad til foretaket. Det høyrer under styret å avgjere søknader om medlemskap. Styret kan delegere sin avgjerdskompetanse til einskilde styremedlemmar, dagleg leiar eller andre personar og organ i foretaket. Innmelding kan ikkje skje i perioden mellom stiftinga av foretaket og registreringa av foretaket i Foretaksregisteret.

(3) Søkjaren skal få melding om utfallet av søknaden snarast mogleg, og seinast to månader frå den dagen foretaket mottok søknaden. Har søkjaren ikkje fått melding innan to månader, skal søknaden reknast for godkjent. I sekundærsamvirke er fristen seks månader. Søkjer fysiske personar medlemskap i eit sekundærsamvirke, er fristen likevel to månader overfor desse. Vedtektene kan fastsetje kortare fristar enn dei som følgjer av dette leddet.

(4) Dersom søkjaren blir tildelt medlemskap, skal innføring i medlemsregisteret skje utan ugrunna opphald. Når medlemmen er innført i registeret, skal foretaket gi medlemmen ei melding om tidspunktet for innføringa og om kva slags opplysingar som er registrert om vedkomande. Blir det som er registrert endra, skal medlemmen ha melding med opplysing om kva endringane går ut på.

§ 15 Medlemsrettar

(1) Medlemmar av samvirkeforetak har desse rettane:

1. rett til å bli innkalla og til å møte i årsmøtet, jf. §§ 46 og 36, jf. § 37,

2. rett til å få tatt opp saker på årsmøtet, jf. § 47,

3. rett til å røyste på årsmøtet, jf. § 38,

4. rett til å få tilgjengelege opplysingar på årsmøtet frå leiinga, jf. § 51,

5. rett til å få tilsendt årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga til foretaket, jf. § 41 tredje ledd,

6. rett til del av overskotet i foretaket basert på medlemmen si omsetning med foretaket, jf. § 27,

7. andre rettar som følgjer av lov eller vedtekter.

(2) Ein medlem kan ikkje utøve medlemsrettane tidlegare enn den dagen medlemmen blir innført i medlemsregisteret.

(3) Ved overgang av medlemskap, jf. § 20, kan avhendaren utøve medlemsrettar inntil desse har gått over på ervervaren, dersom ikkje vedtektene fastset at medlemsrettane til avhendaren skal falle bort tidlegare.

§ 16 Medlemsplikter

(1) Medlemmar av samvirkeforetak har desse pliktene:

1. plikt til å betale eit eventuelt innskotsbeløp,

2. plikt til å etterleve vedtak som er lovleg treft av eit foretaksorgan,

3. andre plikter som følgjer av lov eller vedtekter.

(2) Medlemspliktene oppstår den dagen medlemmen blir innført i medlemsregisteret, dersom ikkje noko anna følgjer av lov eller vedtekter. Vedtektene kan ikkje fastsetje at plikter som medlemmane har etter lova, skal oppstå seinare enn det som følgjer av første punktum.

(3) Ved overgang av medlemskap fell avhendaren sine medlemsplikter bort den dagen ervervaren blir innført i medlemsregisteret, dersom ikkje eit seinare tidspunkt følgjer av lov eller vedtekter.

§ 17 Likskapsprinsippet

Eit samvirkeforetak skal behandle alle medlemmar likt. Forskjellsbehandling krev sakleg grunn.

§ 18 Medlemsregister

(1) Når eit samvirkeforetak er stifta, skal styret utan opphald syte for at det blir oppretta eit register over medlemmane i foretaket. Medlemsregisteret skal førast på forsvarleg vis og kan førast elektronisk.

(2) I medlemsregisteret skal medlemmane førast inn med opplysingar om namn eller foretaksnamn, fødselsdato eller organisasjonsnummer og adresse. Medlemmane skal førast inn i alfabetisk orden eller på annan oversiktleg måte. Registeret skal innehalde datoen for innføringa av kvar einskild medlem.

(3) Registeret skal for kvar medlem opplyse om storleiken på eventuelle andelsinnskot.

(4) Registeret skal vere tilgjengeleg for alle hos foretaket. Ein medlem har krav på å få utskrift frå registeret med oversikt over dei opplysingane som er registrert om vedkomande. Kongen kan gi forskrift om rett til innsyn etter første punktum og kan gi reg­lar om at foretaket kan krevje vederlag for utskrift frå medlemsregisteret.

§ 19 Sams medlemskap

(1) To eller fleire personar kan ha ein medlemskap saman. Dei må i så fall oppnemne ein av dei til å opptre overfor foretaket.

(2) Når fleire personar har ein medlemskap saman, skal alle førast inn i medlemsregisteret, jf. § 18 andre og tredje ledd. Det skal gå fram at kvar av dei har medlemskapen saman med andre.

(3) Første ledd første punktum kan fråvikast i vedtektene.

§ 20 Overgang av medlemskap

(1) Medlemskap i samvirkeforetak kan ikkje gå over til ein ny medlem. Medlemskap som er knytt til fast eigedom, kan likevel gå over til ein ny medlem saman med eigedomen dersom ikkje vedtektene seier noko anna.

(2) Vedtektene kan fastsetje at medlemskap skal kunne gå over til ein ny medlem med samtykke frå styret, dagleg leiar eller andre. Den som har søkt om samtykke, skal få melding om utfallet snarast råd, og seinast to månader frå den dagen foretaket mottok søknaden. Har søkjaren ikkje mottatt melding innan to månader, skal samtykke reknast for å vere gitt. I sekundærsamvirke er fristen seks månader. Har ein fysisk person søkt om samtykke til medlemskap i eit sekundærsamvirke, er fristen likevel to månader i forhold til denne. Vedtektene kan fastsetje kortare fristar enn dei som følgjer av dette leddet.

(3) Innføring i medlemsregisteret skal skje straks det er på det reine at det ikkje ligg føre hindringar for ervervet. Når medlemmen er innført i registeret, skal foretaket gi medlemmen ei melding om kva slags opplysingar som er registrert om vedkomande.

(4) Overgangen av medlemskap medfører at avhendaren sine samla rettar og plikter overfor foretaket går over på ervervaren. Dette gjeld likevel ikkje rettar og plikter som har oppstått uavhengig av medlemskapen. Den tidlegare medlemmen held fram med å hefte for sine økonomiske skyldnader overfor foretaket, dersom ikkje noko anna følgjer av vedtektene eller av særskilt avtale med foretaket.

(5) Første til fjerde ledd gjeld også dersom ein medlem dør. Ved dødsfall må ein søknad om å ta over medlemskapen setjast fram innan seks månader. Elles fell medlemskapen bort. Dersom medlemskapen ikkje blir overtatt, gjeld § 22 tredje ledd tilsvarande. Andre til fjerde punktum i leddet her gjeld ikkje for medlemskap som er knytt til fast eigedom, unntatt der vedtektene gjer overgang av medlemskap avhengig av samtykke frå foretaket.

§ 21 Pant i medlemskap

(1) Medlemskap i samvirkeforetak kan pantsetjast i same utstrekning som medlemskapen kan avhendast, jf. § 20 første og andre ledd. Vedtektene kan innehalde ytterlegare skrankar for pantsetjing.

(2) Panteretten får rettsvern ved at foretaket får melding om pantsetjinga. Pantelova § 1-4 gjeld ikkje for panterett i medlemskap som får rettsvern på denne måten. Er medlemskapen knytt til fast eigedom (jf. pantelova § 2-2 første ledd bokstav c), får panteretten rettsvern ved tinglysing i grunnboka.

(3) Når foretaket mottek melding om pantsetjing etter andre ledd første punktum, skal meldinga utan opphald førast inn i medlemsregisteret med opplysing om dagen for innføringa. Registeret skal opplyse om namnet og adressa til panthavaren eller – for juridisk person – foretaksnamn, organisasjonsnummer og adresse. Dersom panthavaren ber om det, skal foretaket utferde ei fråsegn om at panteretten er innført.

(4) Ved tvangssal av medlemskapen gjeld reglane om overgang av medlemskap i kapitlet her.

§ 22 Utmelding

(1) Ein medlem kan bringe medlemskapen til opphøyr ved skriftleg utmelding til foretaket. Dersom medlemskapen går ut på ein bestemt dato, treng medlemmen ikkje å gi melding til foretaket om opphøyr av medlemskapen.

(2) Vedtektene kan fastsetje ein utmeldingsfrist som ikkje kan vere lenger enn tre månader rekna frå den dagen meldinga om utmelding kom fram til foretaket. I sekundærsamvirke kan fristen ikkje vere lenger enn tolv månader. Har eit sekundærsamvirke fysiske personar som medlemmar, kan fristen overfor desse ikkje vere lenger enn tre månader. Dersom det ligg føre tungtvegande, saklege grunnar, kan vedtektene fastsetje skrankar for høvet til å tre ut utover det som følgjer av første til tredje punktum.

(3) Ved utmelding har medlemmen krav på å få tilbakebetalt eit eventuelt andelsinnskot, dersom ikkje vedtektene seier noko anna. Renter på andelsinnskotet har medlemmen berre krav på å få utbetalt dersom det følgjer av vedtektene at andelsinnskota skal forrentast. Medlemmen og foretaket har ved utmelding ein gjensidig rett til å gjere opp kontraktsrettslege rettar og plikter som har oppstått i tilknyting til medlemskapen. Dersom det blir gjort vedtak om etterbetaling innan eitt år etter utløpet av det kalenderåret utmeldinga fann stad, har medlemmen også krav på etterbetaling basert på medlemmen si omsetning med foretaket i den perioden etterbetalinga knyter seg til. Vedtektene kan fastsetje at ein utmeld medlem ikkje skal ha krav på etterbetaling.

(4) I samvirkeforetak der medlemmane er tilsette i foretaket, kan vedtektene fastsetje at ein medlem som melder seg ut, skal ha krav på å få utbetalt sin andel av nettoformuen i foretaket.

§ 23 Utestenging

(1) Ein medlem kan ved skriftleg påbod stengjast ute frå foretaket når medlemmen har krenka foretaket ved vesentleg mishald, eller når tungtvegande grunnar elles tilseier utestenging. Vedtektene kan fastsetje at utestenging også skal kunne skje dersom ein medlem ikkje har omsetning med foretaket i ein periode på minst eitt år.

(2) Styret gjer vedtak om utestenging. Den som er stengt ute, kan krevje at styret legg vedtaket fram for årsmøtet. Kravet må vere sett fram innan ein månad etter at medlemmen tok imot skriftleg melding med opplysing om utestenginga og om fristen for å krevje vedtaket lagt fram for årsmøtet. Kravet har utsetjande verknad.

(3) Føresegnene i § 22 tredje og fjerde ledd om det økonomiske oppgjeret ved utmelding gjeld tilsvarande ved utestenging. Vedtektene kan fastsetje at ein medlem skal ha meir avgrensa økonomiske rettar ved utestenging enn ved utmelding.

(4) Kompetansen til styret etter andre ledd kan i vedtektene leggjast til eit anna organ. Vedtektene kan fastsetje at krenking av foretaket kan medføre andre reaksjonar enn utestenging.

§ 24 Mishald frå foretaket si side o.a.

(1) Dersom eit foretak har krenka rettane til ein medlem ved vesentleg mishald, kan medlemmen straks melde seg ut av foretaket. Skrankar etter vedtektene for høvet til å melde seg ut gjeld ikkje. Medlemmen har krav på å få tilbakebetalt andelsinnskotet og inneståande på medlemskapitalkonto, eventuelt med renter. Dersom det blir gjort vedtak om etterbetaling innan eitt år etter utløpet av det kalenderåret utmeldinga skjedde, har medlemmen også krav på etterbetaling basert på medlemmen si omsetning med foretaket i den perioden etterbetalinga knyter seg til.

(2) Retten kan påleggje foretaket å utløyse ein medlem dersom tungtvegande grunnar talar for utløysing som følgje av at

1. foretaket har krenka rettane til ein medlem ved vesentleg mishald, eller

2. styret, årsmøtet eller nokon som representerer foretaket, har handla i strid med §§ 55 eller 90, eller

3. det har oppstått eit alvorleg og varig motsetningsforhold mellom medlemmen og andre medlemmar om drifta av foretaket.

(3) Ein påstand om utløysing kan ikkje takast til følgje dersom utløysing vil verke urimeleg mot foretaket. Sak med påstand om utløysing må reisast innan rimeleg tid. Utløysingssummen skal svare til verdien på medlemmen sin andel i nettoformuen til foretaket rett før utløysingsgrunnen låg føre.

(4) Vedtektene kan fastsetje at mishald frå foretaket si side skal ha andre verknader enn dei som følgjer av paragrafen her.

Kapittel 4 Økonomiforhold

§ 25 Krav til forsvarleg eigenkapital

(1) Samvirkeforetaket skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg utfrå risikoen ved og omfanget av verksemda i foretaket.

(2) Dersom det må leggjast til grunn at eigenkapitalen er lågare enn det som er forsvarleg utfrå risikoen ved og omfanget av verksemda i foretaket, skal styret straks behandle saka. Styret skal innan rimeleg tid kalle inn årsmøtet, gi ei utgreiing om den økonomiske stillinga og gjere framlegg om tiltak som vil gi foretaket ein forsvarleg eigenkapital.

(3) Dersom styret ikkje finn grunnlag for framlegg om tiltak som nemnt i andre ledd, eller slike tiltak ikkje let seg gjennomføre, skal styret gjere framlegg om å løyse opp foretaket.

§ 26 Bruk av årsoverskot

(1) Vedtektene kan fastsetje at årsoverskotet skal nyttast til etterbetaling (jf. § 27), avsetjast til etterbetalingsfond (jf. § 28), avsetjast til medlemskapitalkonti (jf. § 29) eller nyttast til forrenting av andelsinnskot og medlemskapitalkonti (jf. § 30).

(2) Vedtak om bruk av årsoverskotet som nemnt i første ledd, blir gjort av årsmøtet etter framlegg frå styret. Årsmøtet kan ikkje vedta eit høgare beløp enn det styret foreslår eller godtek, men årsmøtet kan sjølv avgjere korleis beløpet skal nyttast innanfor dei rammene som følgjer av §§ 27 til 30.

§ 27 Etterbetaling

(1) Vedtektene kan fastsetje at medlemmane kan få utbetalt heile eller delar av årsoverskotet på grunnlag av deira omsetning med foretaket (etterbetaling).

(2) Berre medlemmar kan ha krav på etterbetaling. I salsorganisasjonar av fiskarar som nemnt i lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk § 3 kan også andre som har omsett med organisasjonen, ha krav på etterbetaling. Dei kan også ha økonomiske rettar etter §§ 28 og 29 på linje med medlemmane.

(3) Etterbetaling kan berre skje av den delen av årsoverskotet som står att etter at det er gjort frå­drag for udekka underskot og i tilfelle den delen av års­overskotet som etter vedtektene skal avsetjast til fond o.a. Det kan ikkje betalast ut meir enn det som vil vere i samsvar med forsiktig og god forretningsskikk.

§ 28 Etterbetalingsfond

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal avsetjast til eit etterbetalingsfond.

(2) Årsmøtet kan vedta at heile eller delar av etterbetalingsfondet skal delast ut til medlemmane. Utdeling må skje på grunnlag av medlemmane si omsetning med foretaket i ein periode som er fastsett i vedtektene. Perioden kan ikkje vere under eitt år. På same vilkår kan årsmøtet vedta at heile eller delar av etterbetalingsfondet skal avsetjast til medlemskapitalkonti, jf. § 29.

(3) Årsmøtet kan også redusere etterbetalingsfondet utan at det skjer utbetaling til medlemmane eller overføring til medlemskapitalkonti som nemnt i andre ledd.

§ 29 Medlemskapitalkonti

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal avsetjast til konti i medlemmane sine namn (medlemskapitalkonti) på grunnlag av deira omsetning med foretaket. Inneståande på medlemskapitalkonti skal dekkje elles udekka tap.

(2) Årsmøtet kan vedta at heile eller delar av inneståande på medlemskapitalkonti skal delast ut til medlemmane. Ved opphøyr av medlemskapen har ein medlem krav på å få utbetalt inneståande på medlemskapitalkonto. Første og andre punktum kan fråvikast i vedtektene.

§ 30 Forrenting og annan auke av andelsinnskot og medlemskapitalkonti

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal brukast til forrenting av andelsinnskot og medlemskapitalkonti. Renta kan ikkje vere høgare enn tre prosentpoeng over renta på statsobligasjonar med fem års løpetid.

(2) Auke av andelsinnskota kan berre skje ved at innskota blir forrenta etter første ledd, eller ved at medlemmane gjer ytterlegare innskot. Inneståande på medlemskapitalkonti kan ikkje aukast på andre måtar enn ved forrenting etter første ledd og ved ytterlegare avsetjingar etter § 29 første ledd.

§ 31 Utdelingsskranke. Ulovlege utdelingar

(1) Foretaket kan berre vedta etterbetaling og utbetaling frå etterbetalingsfond og medlemskapitalkonti så langt det er forsvarleg etter § 25 første ledd. Andre former for utdeling til medlemmane er berre tillatne dersom lova gir særskilt heimel for det.

(2) Utdeling i strid med paragrafen her skal mottakaren føre tilbake til foretaket. Det gjeld likevel ikkje dersom mottakaren, då utdelinga vart mottatt, verken kjente eller burde kjenne til at utdelinga var ulovleg.

(3) Den som på vegner av foretaket medverkar til eit vedtak om eller gjennomføring av ulovleg utdeling, og som forstod eller burde ha forstått at utdelinga er ulovleg, er ansvarleg for at utdelinga blir ført tilbake til foretaket. Ansvaret kan lempast etter skadeserstatningslova § 5-2.

§ 32 Konserntilskot

(1) Vedtektene kan fastsetje at eit samvirkeforetak skal kunne yte konserntilskot til eit anna konsernforetak eller til eit foretak som inngår i same føderative samvirke.

(2) Føresegnene i § 26 andre ledd og § 27 tredje ledd gjeld tilsvarande for yting av konserntilskot. Konserntilskotet må ikkje overstige det som er forsvarleg etter § 25 første ledd.

§ 33 Kreditt og trygdgiving til medlemmar o.a.

(1) Eit samvirkeforetak kan berre gi kreditt eller trygd til fordel for ein medlem innanfor ramma av dei midlane foretaket kan bruke til etterbetaling, og berre når det blir stilt fullgod trygd for kravet på tilbakebetaling eller tilbakesøking.

(2) Forbodet i første ledd gjeld ikkje

1. kreditt på vanlege vilkår i samband med forretningsavtalar og omsetning med medlemmane,

2. kreditt eller trygd frå eit sekundærsamvirke til fordel for medlemsforetaka,

3. kreditt eller trygd til fordel for tilsette i hovudstilling i foretaket, dersom kreditten eller trygda er i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette.

(3) Føresegnene i første og andre ledd gjeld tilsvarande for høvet til å gi kreditt eller stille trygd til fordel for ein styremedlem, ein dagleg leiar, ein medlem av eit anna foretaksorgan eller ein som er nærståande til desse eller til ein medlem i foretaket etter reg­lane i aksjelova § 1-5 første ledd. Forbodet i første ledd er likevel ikkje til hinder for at foretaket gir kreditt eller stiller trygd til fordel for ein tilsett eller hans eller hennar nærståande dersom:

1. den tilsette er valt som representant for dei tilsette i styret etter reglane i lova her eller i vedtektene, og

2. skyldnaren er tilsett i hovudstilling i foretaket eller i eit anna foretak i same konsern eller i same føderative samvirke, og

3. kreditten blir ytt i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette.

(4) Har foretaket handla i strid med reglane i paragrafen her, er disposisjonen ugyldig. Er det gitt trygd, kan det likevel ikkje gjerast gjeldande at disposisjonen er ugyldig overfor ein medkontrahent som var i aktsam god tru då trygda vart gitt. Midlar som er ulovleg overført frå foretaket, eller eit beløp tilsvarande verdien av midlane, skal straks førast tilbake til foretaket. Den som på vegner av foretaket har gjort eller godkjent ein ulovleg disposisjon, er ansvarleg etter reglane i § 31 tredje ledd.

§ 34 Gåver

(1) Årsmøtet kan vedta å gi høvesgåver, og dessutan gåver til samvirkeformål eller allmennyttige formål som er rimelege utfrå formålet med gåva, stillinga til foretaket og omstenda elles. Retten til å gi gåver kan delegerast til styret eller eit anna organ.

(2) Styret kan til same formål gi gåver som har lite å seie i forhold til stillinga til foretaket.

Kapittel 5 Årsmøtet o.a.

I Allmenne reglar

§ 35 Mynde

Årsmøtet har øvste myndet i foretaket.

§ 36 Møterett. Fullmektig

(1) Alle medlemmane har rett til å møte i årsmøtet. Ein medlem kan møte ved fullmektig etter eige val, dersom ikkje vedtektene seier at medlemmane ikkje kan møte ved fullmektig. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein medlem, men der fleire har ein medlemskap saman, kan dei ha sams fullmektig. Møteretten kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna vis enn det som følgjer av § 37.

(2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg og datert fullmakt. Dersom fullmakta blir lagt fram ved bruk av elektronisk kommunikasjon, skal det vere nytta ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. Fullmakta gjeld berre for det førstkomande årsmøtet dersom det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Medlemmen kan når som helst kalle tilbake fullmakta.

(3) Kvar medlem kan ta med seg ein rådgivar, som årsmøtet kan gi talerett. Første punktum kan fråvikast i vedtektene.

§ 37 Utsendingar

(1) I landsdekkande foretak eller foretak med meir enn 100 medlemmar kan vedtektene fastsetje at medlemmane skal vere representerte ved utsendingar på årsmøtet. Det skal i så fall fastsetjast i vedtektene korleis utsendingane skal veljast, om det skal veljast varamedlemmar for desse, og kor lang valperioden skal vere. Valperioden kan ikkje vere lengre enn fire år. Berre medlemmar kan vere utsendingar.

(2) Føresegner i lova som vedkjem medlemmane, gjeld tilsvarande for utsendingane så langt dei høver. Medlemmar som er representerte ved utsendingar, har vanlege medlemsrettar og medlemsplikter så langt ikkje noko anna følgjer av lova. Likestilt med medlemmar som er representerte ved utsendingar, er fiskarar eller eigarar av båtar eller reiskapar som er medlemmar i ein salsorganisasjon av fiskarar gjennom båtlag, lokale salslag eller gjennom ein fagleg fiskarorganisasjon, jf. lov 14. desember 1951 nr. 14 om omsetning av råfisk § 3 første ledd.

(3) Utsendingar kan ikkje møte ved fullmektig, men kvar utsending kan ta med ein rådgivar, som årsmøtet kan gi talerett. Første punktum kan fråvikast i vedtektene.

§ 38 Røysterett

(1) Kvar medlem har ei røyst på årsmøtet. Ein medlem kan dessutan røyste som fullmektig for ein annan medlem. Personar som har ein medlemskap saman, kan berre gi ei røyst.

(2) Vedtektene kan innehalde føresegner om at medlemmane kan ha fleire røyster, dersom røystene blir fordelte på medlemmane etter deira omsetning med foretaket. I sekundærsamvirke kan vedtektene dessutan fastsetje at røystene blir fordelte etter medlemstala eller den geografiske tilhøyrsla til primærsamvirka. Ein medlem kan ikkje ha eit fleirtal av røystene i foretaket.

§ 39 Inhabilitet ved røysting på årsmøtet

Ingen kan sjølv eller ved fullmektig, som fullmektig eller som utsending røyste på årsmøtet om søksmål mot seg sjølv eller om eige ansvar overfor foretaket, og heller ikkje om søksmål mot andre eller om ansvar for andre overfor foretaket dersom medlemmen, fullmektigen eller utsendingen har ei vesentleg interesse i saka som kan stride mot interessa til foretaket.

§ 40 Møterett og møteplikt for leiinga

(1) Styreleiaren og dagleg leiar skal vere til stades på årsmøtet. Ved gyldig forfall skal det peikast ut nokon til å møte i staden. Andre styremedlemmar kan vere til stades på årsmøtet.

(2) Styremedlemmane og dagleg leiar har rett til å uttale seg på årsmøtet.

II Årsmøte

§ 41 Ordinært årsmøte

(1) Foretaket skal halde ordinært årsmøte innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår. Foretak som ikkje har rekneskapsplikt, skal halde ordinært årsmøte ein gong kvart kalenderår.

(2) Det ordinære årsmøtet skal ta opp og avgjere saker som etter lova eller vedtektene høyrer under årsmøtet. I foretak med rekneskapsplikt etter rekneskapslova skal årsmøtet godkjenne årsrekneskapen og årsmeldinga, medrekna disponering av årsoverskot.

(3) Dokument som nemnt i andre ledd andre punktum og ei eventuell revisjonsmelding skal seinast ei veke før årsmøtet sendast til alle medlemmar med kjend adresse. Vedtektene kan setje ein lengre frist. Vedtektene kan fastsetje at dokumenta berre skal sendast til medlemmar som ber om det, eller at dokumenta kan gjerast tilgjengelege for medlemmane på anna forsvarleg vis enn ved utsending. Innkallinga til årsmøtet må i så fall opplyse om korleis medlemmane kan få tilgang på dokumenta. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar på årsmøtet, jf. § 37, er det nok å sende dokumenta til utsendingane, om ikkje vedtektene seier noko anna.

§ 42 Ekstraordinært årsmøte

(1) Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte. Vedtektene kan fastsetje at også andre organ skal kunne ha ein slik rett. Vedtektene til eit primærsamvirke kan fastsetje at styret i sekundærsamvirket skal kunne kalle inn til ekstraordinært årsmøte.

(2) Styret skal kalle inn til ekstraordinært årsmøte når revisor eller minst ein tidel av medlemmane krev det skriftleg for å få tatt opp eit klart oppgitt emne. Styret skal syte for at årsmøtet blir halde innan ein månad etter at kravet er sett fram. Vedtektene kan fastsetje at styret også skal ha plikt til å kalle inn til ekstraordinært årsmøte etter oppmoding frå andre enn dei som er nemnde i første punktum.

§ 43 Vedtak av årsmøtet utan personleg frammøte

(1) I eit foretak som har færre enn 20 medlemmar, kan styret leggje fram ei sak til avgjerd av eit årsmøte som blir halde utan personleg frammøte. Dette gjeld berre dersom styret finn at saka kan behandlast forsvarleg ved at den blir lagt fram skriftleg for medlemmane til avgjerd.

(2) Styret skal sende saksdokumenta med forslag til vedtak og grunngiving for forslaget til alle medlemmar med kjend adresse, og til dagleg leiar og revisor. Fristen for å røyste skal opplysast. Den kan ikkje vere kortare enn fristen for å kalle inn til årsmøte, dersom ikkje alle medlemmane er samde om ein kortare frist. Medlemmane skal gjerast kjende med at dei kan krevje at saka blir lagt fram for eit årsmøte som blir halde med personleg frammøte.

(3) Reglane i lova om årsmøte gjeld tilsvarande så langt dei høver. Resultatet av røystinga skal førast inn i årsmøteprotokollen, som skal daterast, underskrivast av styreleiaren og sendast til alle medlemmane. Gitte røyster med innlegg til saka skal leggjast ved protokollen.

(4) Saka skal leggjast fram for eit årsmøte som blir halde med personleg frammøte dersom dette blir kravd av ein styremedlem, ein medlem eller revisor innan fristen for å røyste skriftleg.

III Innkalling til årsmøte

§ 44 Kven som skal kalle inn

(1) Årsmøtet skal kallast inn av styret eller av det organet som vedtektene fastset.

(2) Dersom styret eller det organet vedtektene fastset, ikkje kallar inn årsmøte som skal haldast etter lova, vedtektene eller tidlegare vedtak av årsmøtet, skal tingretten gjere dette snarast råd om det blir kravd av ein styremedlem, dagleg leiar, revisor eller ein medlem av foretaket. Har foretaket representantskap, kan leiaren av representantskapet setje fram eit slikt krav. Foretaket skal dekkje utgiftene.

§ 45 Staden for årsmøtet

Årsmøtet skal haldast i den kommunen der foretaket har forretningskontoret, om ikkje vedtektene fastset at det kan eller skal haldast på ein eller fleire andre oppgitte stader. Årsmøtet kan haldast ein annan stad dersom det trengst av særlege grunnar.

§ 46 Krav til innkallinga

(1) Alle medlemmar med kjend adresse skal ha skriftleg innkalling som opplyser om tid og stad for møtet. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar på årsmøtet, jf. § 37, er det nok å sende innkallinga til utsendingane.

(2) Innkalling til årsmøtet skal sendast slik at den til vanleg er komen fram seinast ei veke før møtet skal haldast, om det ikkje er fastsett ein lengre frist i vedtektene. Ei slik vedtektsføresegn gjeld ikkje for innkalling etter § 42 andre ledd.

(3) Innkallinga skal oppgi klart dei sakene som årsmøtet skal behandle. Framlegg til vedtektsendringar skal takast inn i innkallinga. Styret skal lage framlegg til sakliste i samsvar med lov og vedtekter.

§ 47 Rett til å få saker opp på årsmøtet

Ein medlem har rett til å få tatt opp saker på årsmøtet. Eventuelle saker må meldast skriftleg til styret i så god tid at dei kan takast med i innkallinga. Er innkallinga allereie send, skal det sendast ny innkalling dersom den kan kome fram minst ei veke før årsmøtet skal haldast.

IV Møtereglar

§ 48 Opning av møtet. Møteleiar

(1) Styreleiaren eller den styret har peikt ut, opnar årsmøtet. Er det fastsett i vedtektene kven som skal vere møteleiar eller at eit anna organ enn årsmøtet skal velje møteleiaren, jf. andre ledd andre punktum, opnar møteleiaren årsmøtet. Har tingretten innkalla årsmøtet, skal retten peike ut den som skal opne møtet. Avgjerda frå tingretten kan ikkje ankast.

(2) Årsmøtet skal velje ein møteleiar, som ikkje treng vere medlem eller utsending. Vedtektene kan fastsetje kven som skal eller kan vere møteleiar, eller at eit anna organ enn årsmøtet skal velje møteleiaren.

§ 49 Liste over medlemmane på møtet

Den som opnar møtet, skal før første røysting setje opp ei liste over dei medlemmane som har møtt, anten sjølve eller ved fullmektig. Dersom nokon av medlemmane har meir enn ei røyst, skal det gå fram av lista kor mange røyster desse har. Lista skal nyttast til den måtte bli endra av årsmøtet.

§ 50 Saker utanom saklista

(1) Saker som ikkje er melde til medlemmane etter reglane om innkalling av årsmøtet, kan ikkje avgjerast utan at alle medlemmane i foretaket samtykkjer. Er medlemmane representerte ved utsendingar, er det nok at alle utsendingane samtykkjer.

(2) At saka ikkje er oppgitt i innkallinga, hindrar ikkje at:

1. det ordinære årsmøtet avgjer saker som etter lova eller vedtektene skal behandlast på møtet,

2. det ordinære årsmøtet avgjer framlegg om grans­king etter § 59 første ledd,

3. det blir vedtatt å innkalle til nytt årsmøte for å avgjere framlegg som er gjorde i møtet.

§ 51 Opplysingsplikt for leiinga

(1) Ein medlem kan krevje at styremedlemmar og dagleg leiar på årsmøtet gir tilgjengelege opplysingar om tilhøve som kan innverke på vurderinga av:

1. godkjenninga av årsrekneskapen og årsmeldinga, eventuelt anna rekneskap for foretaket,

2. saker som er lagde fram for medlemmane til avgjerd,

3. den økonomiske stillinga til foretaket, medrekna verksemda i andre samanslutningar som foretaket tek del i, og andre saker som årsmøtet skal ta opp, om dei opplysingane som krevst, kan givast utan for stor skade for foretaket.

(2) Er medlemmane representerte ved utsendingar, kan berre utsendingane krevje slike opplysingar.

(3) Dersom leiinga ikkje kan svare på årsmøtet fordi det må hentast inn opplysingar, skal det lagast skriftleg svar innan to veker etter møtet. Svaret skal sendast til alle medlemmar med kjend adresse eller på annan forsvarleg måte gjerast tilgjengeleg for medlemmane. Skriftleg svar skal alltid sendast til den medlemmen som har bede om å få opplysingar. Andre medlemmar har etter førespurnad krav på å få tilsendt svaret. Var medlemmane representerte ved utsendingar, er det nok å sende svaret til alle utsendingane.

§ 52 Protokoll

(1) Møteleiaren skal syte for at det blir ført protokoll for årsmøtet.

(2) Vedtak i årsmøtet skal takast inn i protokollen saman med opplysing om røystetal. Lista over dei som har møtt, jf. § 49, skal takast inn i eller leggjast ved protokollen.

(3) Møteleiaren og minst ein annan person som årsmøtet skal velje mellom dei som er til stades, skal skrive under protokollen. Protokollen skal haldast tilgjengeleg for medlemmane av foretaket og skal takast forsvarleg vare på.

V Fleirtalskrav o.a.

§ 53 Vanleg fleirtalskrav

(1) Eit vedtak av årsmøtet krev fleirtal av dei røystene som er gitt, om ikkje anna er fastsett i lova. Står røystetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til, også om møteleiaren ikkje har røysterett. Blanke røyster blir likestilt med røyster som ikkje er gitt.

(2) Ved val eller tilsetjing skal den som får flest røyster, reknast som vald eller tilsett. Årsmøtet kan på førehand avgjere at det skal røystast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei røystene som er gitt. Står røystetalet likt, blir avgjerda gjort ved loddtrekning.

(3) Vedtektene kan setje andre vedtakskrav enn dei som følgjer av paragrafen her, og andre reglar om følgjene av like røystetal og blanke røyster.

§ 54 Vedtektsendring

(1) Årsmøtet kan vedta å endre vedtektene med to tredelar av dei røystene som er gitt. Vedtektene kan setje strengare vedtakskrav.

(2) Vedtektsendringar som inneber

1. vesentlege endringar av formålsføresegna,

2. meir tyngjande heftereglar for medlemmane,

3. skjerping i plikta til å gjere innskot i foretaket,

4. innføring av omsetningsplikt med foretaket eller vesentleg skjerping av slik plikt, eller

5. avgrensingar i retten til å tre ut,

krev tilslutning frå minst fire femdelar av dei røystene som er gitt.

(3) Blir det gjort vedtektsendringar som nemnt i andre ledd, kan ein medlem som har røysta imot, tre ut av foretaket etter reglane i § 24 første ledd, om melding om det blir gitt seinast ein månad etter vedtaket. Første punktum gjeld ikkje for medlemmar som har vore representerte ved utsendingar.

§ 55 Misbruk av mynde

Årsmøtet kan ikkje gjere noko vedtak som er skikka til å gi visse medlemmar eller andre ein urimeleg fordel til skade for andre medlemmar eller foretaket.

VI Søksmål om ugyldige vedtak

§ 56 Kven som kan reise søksmål om ugyldige vedtak

Ein medlem av foretaket, ein styremedlem eller dagleg leiar kan reise søksmål med påstand om at eit vedtak av årsmøtet er ugyldig, fordi det er blitt til på ulovleg vis eller elles er i strid med lova eller vedtektene for foretaket. Slikt søksmål kan også reisast av eit fleirtal av dei tilsette eller alternativt av fagforeiningar som organiserer to tredelar av dei tilsette.

§ 57 Frist for å reise søksmål

(1) Søksmål etter § 56 om at eit vedtak er ugyldig, må reisast innan tre månader etter at vedtaket er gjort. Elles er vedtaket gyldig. Er vedtaket gjort utanfor møte, blir fristen rekna frå den dagen protokollen vart sendt til medlemmane.

(2) Reglane i første ledd gjeld ikkje når

1. vedtaket er av slikt slag at det ikkje kan gjerast sjølv med samtykke frå alle medlemmane,

2. lov eller vedtekter krev at visse medlemmar eller alle medlemmane må samtykke i vedtaket, og slikt samtykke ikkje er gitt,

3. det ikkje er kalla inn til årsmøtet, eller reglane om innkalling har vore sette vesentleg til side,

4. søksmål blir reist innan to år etter utgangen av fristen i første ledd, og tingretten kjem til at saksøkjaren har hatt rimeleg grunn til fristforsøminga, og at det ville føre til eit openbert urimeleg resultat om vedtaket skulle reknast som gyldig.

§ 58 Dom om ugyldig vedtak

(1) Ein dom som slår fast at eit vedtak av årsmøtet er ugyldig, eller som endrar vedtaket, har verknad for alle som har rett til å reise søksmål etter § 56.

(2) Dommen kan berre gå ut på endring av vedtaket dersom det er lagt ned påstand om det, og retten kan slå fast kva innhald vedtaket skulle ha hatt.

(3) Er vedtaket meldt til Foretaksregisteret, skal dommen meldast og registrerast der. Foretaket ber utgiftene.

VII Gransking

§ 59 Framlegg om gransking

(1) Ein medlem kan gjere framlegg om gransking av stiftinga eller forvaltinga av foretaket eller nærmare oppgitte forhold ved forvaltinga eller rekneskapane. Framlegget kan gjerast i eit ordinært årsmøte eller på eit årsmøte der det går fram av innkallinga at sak om slik gransking skal takast opp.

(2) Får framlegget tilslutning frå minst ein tidel av dei medlemmane som møter på årsmøtet, kan kvar medlem innan ein månad etter årsmøtet krevje at ting­retten ved orskurd tek avgjerd om gransking.

§ 60 Avgjerd i tingretten

(1) Tingretten skal ta til følgje eit krav etter § 59 andre ledd om gransking dersom retten meiner at det har rimeleg grunn.

(2) Før det blir tatt avgjerd, skal tingretten gi foretaket og i tilfelle den granskinga elles vil omfatte, høve til å uttale seg.

(3) Retten skal oppnemne ein eller fleire granskarar. Det som er fastsett om revisor i revisorlova §§ 4-1 til 4-7 og § 5-2 tredje ledd, gjeld tilsvarande for granskarane. Dei har teieplikt etter same reglar som revisor, jf. revisorlova § 6-1.

(4) Retten skal fastsetje godtgjersle for granskarane. Kostnadene ved granskinga skal berast av foretaket. Retten kan fastsetje at foretaket skal deponere ein høveleg sum på førehand.

§ 61 Granskingsrapporten

(1) Granskarane skal gi ein skriftleg rapport om granskinga til tingretten.

(2) Retten skal kalle inn årsmøtet til behandling av granskingsrapporten. Rapporten skal sendast til kvar medlem med kjend adresse slik at den normalt er framme seinast ei veke før møtet. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar, jf. § 37, er det nok å sende rapporten til utsendingane.

VIII Representantskap og kontrollkomité

§ 62 Representantskap

(1) Dersom det er fastsett i vedtektene at foretaket skal ha representantskap, skal representantskapet veljast av årsmøtet. Styremedlem, dagleg leiar og revisor kan ikkje vere medlem av representantskapet.

(2) Representantskapet skal føre tilsyn med at formålet til foretaket blir fremja i samsvar med lov, vedtekter og vedtak i årsmøtet, og elles utføre oppgåver som er fastsette i vedtektene.

(3) Vedtektene kan fastsetje nærmare reglar om saksbehandlinga. Dersom vedtektene ikkje seier noko anna, gjeld reglane om saksbehandling i styret så langt dei høver.

§ 63 Kontrollkomité

(1) Dersom det er fastsett i vedtektene at foretaket skal ha kontrollkomité, skal kontrollkomiteen veljast av årsmøtet. Styremedlem, leiar av representantskapet, dagleg leiar og revisor kan ikkje vere medlem av kontrollkomiteen.

(2) Kontrollkomiteen skal føre tilsyn med verksemda til foretaket og sjå til at foretaket følgjer lover, forskrifter, vilkår, vedtekter og vedtak som organa i foretaket har gjort. Kontrollkomiteen kan ta opp alle forhold i foretaket til behandling.

(3) Kontrollkomiteen kan alltid krevje å få lagt fram protokollane og dokumenta til foretaket og kan krevje at tillitsvalde og tilsette gir dei opplysingane som komiteen meiner er nødvendige for at den skal kunne utføre vervet.

(4) Dersom foretaket er eit morforetak i eit konsern, jf. § 5, kan vedtektene fastsetje at andre og tredje ledd også skal gjelde i forhold til dotterforetak.

(5) Vedtektene kan fastsetje nærmare reglar om saksbehandlinga. Dersom vedtektene ikkje seier noko anna, gjeld reglane om saksbehandling i styret så langt dei høver.

Kapittel 6 Leiinga av foretaket

I Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid o.a.

§ 64 Styret

(1) Foretaket skal ha eit styre med minst tre medlemmar, dersom ikkje vedtektene seier at det skal vere to. Berre myndige personar kan vere styremedlemmar.

(2) Styret skal velje styreleiaren om ikkje årsmøtet har gjort det, eller om det ikkje er gjort av eit vedtektsfesta foretaksorgan som etter vedtektene har mynde til å velje styreleiaren.

§ 65 Dagleg leiar

(1) Foretaket skal ha ein dagleg leiar om ikkje vedtektene seier noko anna.

(2) Styret skal tilsetje dagleg leiar dersom ikkje vedtektene seier at eit anna vedtektsfesta organ skal gjere det.

§ 66 Val av styremedlemmar

(1) Medlemmane av styret blir valde av årsmøtet, som også avgjer om det skal veljast varamedlemmar. Har styret to medlemmar, skal det veljast minst ein varamedlem.

(2) Første ledd gjeld ikkje styremedlemmar som dei tilsette i foretaket skal velje etter § 67.

(3) Vedtektene kan fastsetje at andre enn årsmøtet skal ha valretten etter første ledd. Årsmøtet skal likevel velje meir enn halvparten av styremedlemmane, om ikkje valretten blir overført til eit vedtektsfesta foretaksorgan. Valrett kan ikkje overførast til styret eller til ein styremedlem.

§ 67 Rett for tilsette til å velje styremedlemmar

(1) I foretak med fleire enn 30 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette.

(2) I foretak med fleire enn 50 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at opp til ein tredel og minst to av styremedlemmane med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette.

(3) I foretak med fleire enn 200 tilsette skal dei tilsette velje ein styremedlem med varamedlem eller to observatørar med varamedlemmar i tillegg til den representasjonen som følgjer av andre ledd.

(4) Forskrifter etter aksjelova § 6-4 fjerde ledd gjeld tilsvarande for val etter paragrafen her så langt dei høver.

§ 68 Rett for tilsette til å velje styremedlemmar i konsern og føderative samvirke

(1) Når eit foretak tilhøyrer eit konsern, kan Kongen etter søknad frå konsernet, frå fagforeiningar som omfattar to tredelar av dei tilsette i konsernet, eller frå eit fleirtal av dei tilsette i konsernet fastsetje at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket.

(2) Første ledd gjeld tilsvarande når eit foretak tilhøyrer ei gruppe av foretak som er knytt saman gjennom eigarinteresser eller sams leiing, medrekna føderativt samvirke.

(3) Kongen kan fastsetje at paragrafen her berre skal gjelde for delar av eit konsern, eit føderativt samvirke eller ei anna gruppe som nemnd i andre ledd.

§ 69 Krav om representasjon av begge kjønn i styret

(1) I styret i samvirkeforetak med meir enn 1 000 medlemmar på det tidspunktet valet av styremedlemmar skjer skal begge kjønn vere representert på følgjande måte:

1. har styret to eller tre medlemmar, skal begge kjønn vere representert,

2. har styret fire eller fem medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst to,

3. har styret seks til åtte medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst tre,

4. har styret ni medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst fire, og har styret fleire medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

5. Reglane i nr. 1 til 4 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmar.

Reglane i første punktum nr. 1 til 5 gjeld ikkje dersom eit av kjønna utgjer mindre enn fem prosent av det samla talet på fysiske personar som er medlemmar i foretaket på det tidspunktet valet skjer.

(2) Første ledd nr. 1 til 5 omfattar ikkje styremedlemmar som skal veljast mellom dei tilsette etter § 67. Når det skal veljast to eller fleire styremedlemmar som nemnt i første punktum, skal begge kjønn vere representert. Det same gjeld for varamedlemmar. Andre og tredje punktum gjeld ikkje dersom eit av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av det samla talet på tilsette i foretaket på det tidspunktet valet skjer.

§ 70 Tenestetid for styremedlemmane

(1) Styremedlemmar gjer teneste i to år. I vedtektene kan tenestetida setjast kortare eller lengre, men ikkje til meir enn fire år. Kortare tenestetid kan fastsetjast ved suppleringsval.

(2) Tenestetida skal reknast frå valet om ikkje anna er fastsett. Den varer ut det ordinære årsmøtet det året tenestetida er slutt.

(3) Sjølv om tenestetida er slutt, har styremedlemmen rett til å bli ståande i vervet til ein ny medlem er valt.

(4) Første og andre ledd gjeld ikkje ein styremedlem som er valt etter § 67, jf. § 68.

§ 71 Avgang og avsetjing før tenestetida er slutt

(1) Ein styremedlem har rett til å gå av før tenestetida er slutt dersom det er særleg grunn til det. Styret og den som har valt styremedlemmen, skal ha rimeleg førehandsvarsel.

(2) Ein styremedlem kan avsetjast av den som har valt styremedlemmen. Det gjeld ikkje ein styremedlem som er valt etter § 67, jf. § 68.

§ 72 Suppleringsval

(1) Fell vervet for ein styremedlem bort før tenestetida er slutt, og det ikkje finst varamedlem, skal res­ten av styret syte for val av ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld dersom ein styremedlem blir umyndig eller blir sett i konkurskarantene etter konkurslova §§ 142 og 143.

(2) Høyrer valet under årsmøtet, kan det vente til neste ordinære årsmøte dersom styret framleis er vedtaksført.

§ 73 Varamedlemmar og observatørar

Føresegnene i lova om styremedlemmar gjeld tilsvarande for varamedlemmar og observatørar så langt dei høver.

§ 74 Godtgjersle

Eventuell godtgjersle til styremedlemmar, varamedlemmar og observatørar skal fastsetjast av årsmøtet. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.

§ 75 Krav om bustad

(1) Dagleg leiar og minst halvparten av styremedlemmane skal vere busette her i riket, om ikkje Kongen gjer unntak i det einskilde tilfellet.

(2) Første ledd gjeld ikkje statsborgarar i statar som er part i EØS-avtalen, når dei er busette i ein slik stat.

II Oppgåver for leiinga. Saksbehandling o.a.

§ 76 Forvaltinga av foretaket

(1) Forvaltinga av foretaket høyrer under styret. Styret skal syte for forsvarleg organisering av verksemda.

(2) Styret skal så langt det trengst, fastsetje planar og budsjett for verksemda. Styret kan også fastsetje retningslinjer for verksemda.

(3) Styret skal halde seg orientert om den økonomiske stoda for foretaket og skal sjå til at det blir ført fullgod kontroll med verksemda, rekneskapen og formuesforvaltinga.

(4) Styret kan setje i verk dei undersøkingane som det meiner det treng for å kunne utføre oppgåvene sine. Styret skal setje i verk slike undersøkingar dersom ein eller fleire av styremedlemmane krev det.

§ 77 Tilsynsansvar for styret

Styret skal føre tilsyn med den daglege leiinga og verksemda i foretaket elles. Styret kan fastsetje instruks for den daglege leiinga.

§ 78 Dagleg leiing

(1) Dagleg leiar skal stå for den daglege leiinga av verksemda i foretaket og skal følgje dei retningslinjene og pålegga som styret har gitt.

(2) Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter tilhøva i foretaket er av uvanleg slag eller har mykje å seie.

(3) Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter fullmakt frå styret i kvart einskild tilfelle eller når det er til vesentleg ulempe for foretaket å vente på styrevedtak. Styret skal ha melding om avgjerda snarast råd.

(4) Dagleg leiar skal syte for at rekneskapen for foretaket er i samsvar med lov og forskrifter, og at formuesforvaltinga er ordna på ein fullgod måte.

§ 79 Plikter for dagleg leiar overfor styret

(1) Dagleg leiar skal minst kvar fjerde månad, i møte eller skriftleg, gi styret melding om verksemda i foretaket, stoda for foretaket og resultatutviklinga.

(2) Styret kan til kvar tid krevje at dagleg leiar gir styret ei nærmare utgreiing om bestemte saker. Kvar styremedlem kan også krevje slik utgreiing.

(3) Føresegna i første ledd kan fråvikast i vedtektene.

§ 80 Gjensidig opplysingsplikt i konsern og føderative samvirke

(1) Styret i eit dotterselskap skal gi styret i morforetaket opplysingar som trengst for å kunne vurdere stoda for foretaket og resultatet av verksemda i konsernet.

(2) Morforetaket skal gi melding til styret i eit dotterselskap om forhold som kan ha noko å seie for heile konsernet. Morforetaket skal også gi melding til styret i dotterselskapet om vedtak som kan ha noko å seie for dotterselskapet, før endeleg vedtak blir gjort.

(3) Føresegnene i første og andre ledd gjeld tilsvarande så langt dei høver for foretak som inngår i føderative samvirke.

§ 81 Kravsmål om gjelds- og konkursbehandling

(1) Kravsmål om gjeldsforhandling eller konkursbehandling for foretaket kan berre setjast fram av styret.

(2) Styret representerer foretaket som konkursskyldnar.

§ 82 Saksbehandlinga i styret

(1) Styret skal behandle sakene i møte om ikkje styreleiaren meiner at saka kan leggjast fram skriftleg eller takast opp på annan fullgod måte. Årsrekneskap og årsmelding skal styret behandle i møte.

(2) Styreleiaren skal syte for at styremedlemmane lengst råd kan vere med på ei samla behandling av saker som skal behandlast utan møte. Styremedlemmane og dagleg leiar kan krevje saksbehandling i møte.

(3) Styreleiaren leier saksbehandlinga. Er korkje styreleiaren eller varaleiaren med, vel styret ein leiar for styrebehandlinga.

(4) Dagleg leiar har rett og plikt til å vere med på saksbehandlinga i styret og til å uttale seg, om ikkje anna er fastsett av styret i kvar einskild sak.

(5) Føresegnene i denne paragrafen kan fråvikast i vedtektene.

§ 83 Krav om styrebehandling o.a.

Styreleiaren skal syte for behandling av aktuelle saker som høyrer under styret. Styremedlemmane og dagleg leiar kan krevje at styret tek opp bestemte saker.

§ 84 Førebuing av saker og varsling

(1) Dagleg leiar skal førebu styresakene i samråd med styreleiaren. Alle saker skal førebuast og leggjast fram slik at styret har eit tilfredsstillande grunnlag for behandlinga.

(2) Styresakene skal varslast på tenleg måte og med nødvendig frist.

§ 85 Styreinstruks

(1) I foretak der dei tilsette har representasjon i styret, skal styret fastsetje ein styreinstruks som gir nærmare reglar om styrearbeidet og saksbehandlinga.

(2) Instruksen skal mellom anna innehalde reglar om kva saker som skal behandlast i styret, og om kva arbeidsoppgåver og plikter dagleg leiar har overfor styret. Instruksen skal også innehalde reglar for innkalling og behandling i møte.

(3) Kongen kan gi forskrift om styreinstruks.

§ 86 Når kan styret gjere vedtak

(1) Styret kan gjere vedtak når meir enn halvparten av medlemmane er til stades eller er med på saksbehandlinga, om ikkje andre krav er fastsette i vedtektene.

(2) Styret kan likevel ikkje gjere vedtak utan at alle styremedlemmane så langt det er mogleg har fått høve til å delta i behandlinga av saka.

(3) Har nokon forfall, og det finst varamedlem, skal varamedlemmen kallast inn.

§ 87 Vanleg fleirtalskrav

(1) Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei styremedlemmar som er med på behandlinga av ei sak, har røysta for. Står røystene likt, gjeld det som møteleiaren har røysta for. Dei som har røysta for eit framlegg som inneber ei endring, må likevel alltid utgjere meir enn ein tredel av alle styremedlemmane.

(2) Andre vedtakskrav kan fastsetjast i vedtektene.

§ 88 Fleirtalskrav ved val og tilsetjingar

(1) Ved val og tilsetjing er den valt eller tilsett som får flest røyster. Styret kan på førehand fastsetje at det skal røystast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei røystene som er gitt.

(2) Står røystetalet likt ved val av styreleiar eller møteleiar, blir valet avgjort ved loddtrekning. I andre tilfelle der røystene står likt, gjeld det som møteleiaren har røysta for.

(3) Andre vedtakskrav kan fastsetjast i vedtektene.

§ 89 Inhabilitet

(1) Ein styremedlem må ikkje vere med i behandlinga eller avgjerda av spørsmål som har så mykje å seie særleg for styremedlemmen eller for nærståande at medlemmen må reknast å ha ei klar personleg eller økonomisk særinteresse i saka. Det same gjeld for dagleg leiar. Ved avgjerda av om nokon er nærståande etter denne føresegna, gjeld aksjelova § 1-5 første ledd tilsvarande.

(2) Ein styremedlem eller ein dagleg leiar må heller ikkje vere med i behandlinga av ei sak om lån eller annan kreditt til seg sjølv eller om trygdgiving for eiga gjeld.

§ 90 Misbruk av posisjon i foretaket o.a.

(1) Styret og andre som etter §§ 92 til 94 representerer foretaket, må ikkje gjere noko som er skikka til å gi visse medlemmar eller andre ein urimeleg fordel til skade for andre medlemmar eller foretaket.

(2) Styret eller dagleg leiar må ikkje etterkome noko vedtak av årsmøtet eller eit anna organ dersom vedtaket strir mot lov eller vedtekter.

§ 91 Styreprotokoll

(1) Det skal førast protokoll over styresakene som minst gir opplysing om tid og stad, deltakarane, behandlingsmåten og styrevedtaka. Det skal gå fram at saksbehandlinga oppfyller krava i § 86.

(2) Er ikkje styrevedtaket samrøystes, skal det opplysast om kven som har røysta for og mot. Styremedlem og dagleg leiar som ikkje er samd i eit vedtak, kan krevje oppfatninga si ført inn i protokollen.

(3) Protokollen skal skrivast under av styremedlemmane som har vore med på styrebehandlinga. Har styret minst fem medlemmar, og er vedtak gjort i møte, kan styret velje to til å skrive under. I så fall skal utskrift sendast til alle styremedlemmane med frist for merknader, som i tilfelle kan krevjast tekne inn i protokollen.

III Tilhøvet utetter

§ 92 Representasjon

Styret representerer foretaket utetter og teiknar foretaksnamnet.

§ 93 Fullmakt til å teikne foretaksnamnet

(1) Styret kan gi styremedlemmar, dagleg leiar eller namngitte tilsette rett til å teikne foretaksnamnet. Slik fullmakt kan fastsetjast i vedtektene, som også kan avgrense det myndet styret har til å gi rett til å teikne foretaksnamnet.

(2) Retten til å teikne foretaksnamnet kan når som helst kallast tilbake. Styret kan kalle tilbake ei vedtektsfesta fullmakt når ein ikkje utan skade for foretaket kan vente på vedtak i årsmøtet.

(3) Føresegnene om dagleg leiar i § 89 gjeld tilsvarande for ein foretaksteiknar som ikkje er dagleg leiar eller medlem av styret.

§ 94 Representasjon ved dagleg leiar

Dagleg leiar representerer foretaket utetter i saker som inngår i den daglege leiinga.

§ 95 Overskriding av mynde

Har nokon som representerer foretaket etter reg­lane i §§ 92 til 94, ved disposisjon på vegner av foretaket gått ut over sitt mynde, er disposisjonen ikkje bindande for foretaket når foretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at myndet vart overskride, og det ville stride mot heider og god tru å gjere disposisjonen gjeldande.

§ 96 Manglar ved val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar

Etter at val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar er registrert i Foretaksregisteret, kan manglar ved valet eller tilsetjinga ikkje gjerast gjeldande overfor ein tredjeperson, om ikkje foretaket godtgjer at tredjepersonen kjende til mangelen.

Kapittel 7 Revisjon

§ 97 Val av revisor

(1) I foretak som har revisjonsplikt etter revisorlova, skal årsmøtet velje ein eller fleire revisorar og kan velje ein eller fleire vararevisorar.

(2) Årsmøtet skal godkjenne godtgjersla til revisor.

§ 98 Bortfall av oppdraget

(1) Revisor gjer teneste fram til ein annan revisor er valt.

(2) Fell oppdraget for revisor bort før tenestetida er ute, skal styret utan opphald syte for val av ein ny revisor. Det same gjeld dersom revisor ikkje lenger fyller vilkåra for å kunne veljast til revisor i foretaket.

§ 99 Nyval av revisor

(1) Årsmøtet kan berre velje ny revisor når det er sagt i innkallinga at det vil bli gjort framlegg om nyval. Revisor har rett til å gjere greie for sitt syn på framlegget for årsmøtet.

(2) Har årsmøtet forkasta framlegg om nyval av revisor, kan ein tidel av alle medlemmane innan ein månad etter årsmøtet krevje at tingretten ved orskurd oppnemner ein revisor i tillegg til andre revisorar i foretaket. Kravet skal takast til følgje dersom det har rimeleg grunn.

(3) Tingretten fastset tenestetid og godtgjersle for revisor som retten har oppnemnt. Vil revisor slutte før tenestetida er ute, skal det givast rimeleg førehandsvarsel til tingretten.

§ 100 Revisjonsmelding

Revisor skal gi revisjonsmelding til årsmøtet for kvart rekneskapsår. Revisjonsmeldinga skal vere styret i hende seinast to veker før det ordinære årsmøtet.

§ 101 Revisor er med på årsmøtet

Revisor skal møte i årsmøtet når det skal behandlast saker som gjer dette nødvendig. Utover dette har revisor rett til å møte i årsmøtet.

Kapittel 8 Fusjon

§ 102 Fusjonsomgrepet

(1) Samanslåing av samvirkeforetak er omfatta av reglane om fusjon i kapitlet her når eit samvirkeforetak (overdragande foretak) skal overdra eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til eit anna samvirkeforetak (overtakande foretak), og medlemskap i det overdragande foretaket skal bytast om i medlemskap i det overtakande foretaket.

(2) Det overtakande foretaket kan vere eit eksisterande foretak eller eit foretak som blir stifta ved fusjonen.

§ 103 Vedtak om fusjon

(1) I kvart samvirkeforetak blir vedtak om fusjon gjort ved at årsmøtet godkjenner ein fusjonsplan, jf. §§ 104 og 105.

(2) Vedtak om fusjon blir gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Dersom fusjonen inneber at medlemmane av eit overdragande eller overtakande foretak får krav på ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krevst fire femdels fleirtal av dei røystene som er gitt i vedkomande foretak. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning.

(3) Vedtektene kan fastsetje strengare vedtakskrav enn det som følgjer av andre ledd.

§ 104 Fusjonsplan

(1) Styra i dei foretaka som skal fusjonere, skal utarbeide og vedta ein sams fusjonsplan.

(2) Fusjonsplanen skal minst innehalde:

1. foretaksnamn for foretaka, forretningskommunar, adresser og organisasjonsnummer,

2. frå kva tid transaksjonar i det overdragande foretaket rekneskapsmessig skal sjåast å vere gjorde for rekning av det overtakande foretaket,

3. det vederlaget som skal ytast til medlemmane i det eller dei overdragande foretaka, medrekna storleiken på eit eventuelt vederlag utover medlemskapen i det overtakande foretaket (jf. § 106),

4. vilkår for utøving av rettar som medlem i det overtakande foretaket og for innføring i medlemsregisteret,

5. kva rettar medlemmar med særlege rettar i det eller dei overdragande foretaka skal ha i det overtakande foretaket,

6. særlege rettar eller fordelar som medlemmar av styret eller dagleg leiar skal få ved fusjonen,

7. utkast til opningsbalanse for det overtakande foretaket. Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. For foretak som er revisjonspliktige etter revisorlova, skal ein statsautorisert eller registrert revisor gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane.

(3) Dersom det overtakande foretaket er eit eksi­sterande foretak, skal fusjonsplanen innehalde eventuelle framlegg til vedtektsendringar i det overtakande foretaket. Blir det overtakande foretaket stifta ved fusjonen, skal planen i staden innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande foretaket, jf. §§ 8 til 10.

(4) Fusjonsplanen kan fastsetje at det overtakande foretaket skal overta forvaltinga av det eller dei overdragande foretaka så snart fusjonsplanen er godkjent av alle foretaka som er med på fusjonen. Eigedelane og sakene til det eller dei overdragande foretaka skal i så fall haldast åtskilde til fusjonen blir sett i verk.

§ 105 Vedlegg til fusjonsplanen

Som vedlegg til fusjonsplanen skal følgje:

1. vedtektene til overdragande og overtakande foretak,

2. siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for dei foretaka som er med på fusjonen og som har rekneskapsplikt og revisjonsplikt.

§ 106 Fastsetjing av vederlagskrava

(1) Kvar medlem i det overdragande foretaket skal ved fusjonen få tildelt ein medlemskap i det overtakande foretaket, eller få auka eit eventuelt andelsinnskot dersom vedkomande er medlem i det overtakande foretaket når årsmøtet i det overdragande foretaket vedtek fusjonsplanen. Eventuelt vederlag utover dette skal fordelast mellom medlemmane på grunnlag av deira andel i omsetninga med foretaket dei siste fem åra. Vedtektene kan fastsetje ein annan periode enn fem år, likevel ikkje under eitt år. Tilleggsvederlag som nemnt i andre punktum, kan også fordelast på grunnlag av medlemmane si omsetning med det overtakande foretaket i ein overgangsperiode som ikkje kan vere lengre enn fem år.

(2) Det samla fusjonsvederlaget til medlemmane i det overdragande foretaket må ikkje stå i mishøve til dei verdiane som det overdragande foretaket har tilført det overtakande foretaket ved fusjonen.

§ 107 Rapport om fusjonen

Når fusjonsplanen er ferdig, skal styret i kvart foretak utarbeide ein skriftleg rapport om fusjonen og kva den vil ha å seie for foretaket. Rapporten skal gjere greie for grunngivinga for framlegget om fusjon, dei hovudsynspunkta som ligg til grunn for fastsetjinga av vederlaget, og kva fusjonen vil få å seie for dei tilsette i foretaket.

§ 108 Utgreiing om fusjonsplanen

(1) I foretak som er revisjonspliktige etter revisorlova, skal styret syte for at det blir utarbeidd ei utgreiing om fusjonsplanen. I utgreiinga må styret grunngi og stadfeste at fusjonen ikkje vil vere i strid med kravet til forsvarleg eigenkapital i § 25, og at fusjonsvederlaget er fastsett i samsvar med føresegnene i § 106.

(2) Utgreiinga skal stadfestast av ein statsautorisert eller registrert revisor. Stadfestinga må tidlegast vere datert åtte veker før årsmøtevedtaket om fusjon.

§ 109 Forholdet til dei tilsette

(1) Tillitsvalde i dei foretaka som skal fusjonere, skal ha informasjon og har rett til drøfting i samsvar med reglane i arbeidsmiljølova § 16-5.

(2) Fusjonsplanen med vedlegg og rapporten frå styret skal alltid gjerast kjent for dei tilsette i foretaka. Det kan skje ved bruk av elektronisk kommunikasjon, likevel slik at ein tilsett som ber om det, skal få tilgang til dokumenta i papirkopi.

(3) Innkomne skriftlege fråsegner frå dei tilsette eller representantane deira skal vere ein del av saksdokumenta ved den vidare behandlinga av fusjonsplanen i foretaket.

§ 110 Melding til medlemmane

(1) Seinast fire veker før årsmøtet skal behandle fusjonsplanen, skal det sendast ei melding til medlemmane med opplysing om dei viktigaste følgjene ein fusjon vil få for dei. Dersom medlemmar i eit overdragande foretak skal motta vederlag utover medlemskap i det overtakande foretaket, skal meldinga innehalde ei oversikt over kor mykje kvar einskild medlem skal motta i vederlag.

(2) I meldinga skal medlemmane gjerast merksame på at dei etter førespurnad har krav på å få tilsendt fusjonsplanen med vedlegg, rapporten og utgreiinga frå styret og eventuelle fråsegner frå dei tilsette eller representantane deira. Dersom ein medlem ber om å få tilsendt desse dokumenta, skal dei sendast til medlemmen utan ugrunna opphald.

§ 111 Opplysingsplikt

Styret i eit overdragande foretak skal gi opplysingar til sitt årsmøte og til styra i andre foretak som er med på fusjonen, om vesentlege endringar i eigedelar, rettar og skyldnader som har funne stad i tida mellom underteikninga av fusjonsplanen og behandlinga av fusjonsplanen på årsmøtet. Dersom det overtakande foretaket er eit eksisterande foretak, har styret i dette ei tilsvarande opplysingsplikt.

§ 112 Søknad til Stiftelsestilsynet

(1) Dersom eit fusjonsvedtak krev godkjenning av Stiftelsestilsynet (jf. § 103 andre ledd), kan søknad om slik godkjenning tidlegast sendast når årsmøta i alle foretaka som er med på fusjonen, har gjort sine vedtak om fusjon.

(2) Søknaden må innehalde fusjonsplanen med vedlegg og rapporten frå styret. Dei som har røysta imot fusjonen, skal ha høve til å gjere kort greie for hovudsynspunkta sine i eit vedlegg til søknaden.

§ 113 Melding til Foretaksregisteret

(1) Seinast ein månad etter at fusjonen er vedtatt i alle dei foretaka som er med på fusjonen, skal kvart foretak melde sine vedtak til Foretaksregisteret.

(2) Dersom eit fusjonsvedtak krev godkjenning av Stiftelsestilsynet (jf. § 103 andre ledd), skal foretaka ikkje melde sine vedtak før godkjenning er gitt, og klagefristen etter forvaltningslova er ute, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Fristen for å melde vedtaket er ein månad etter at klagefristen er overseten, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Godkjenninga skal leggjast ved meldinga til Foretaksregisteret.

(3) Er vedtaket ikkje meldt til Foretaksregisteret innan fristen i første og andre ledd, kan registrering ikkje finne stad. Vedtaket er då ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

§ 114 Kreditorvarsel

(1) Foretaksregisteret skal kunngjere vedtaka om fusjon og varsle kreditorane i foretaket om at motsegner mot fusjonen må meldast til vedkomande foretak innan to månader frå kunngjeringa i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon.

(2) Kunngjeringa skal setjast inn i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og to gongar med minst ei vekes mellomrom i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for foretaket. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.

§ 115 Motsegn frå kreditor

(1) Dersom ein kreditor med uomtvista og forfalle krav kjem med motsegn innan fristen etter § 114, kan fusjonen ikkje gjennomførast før kravet er betalt.

(2) Ein kreditor med omtvista krav eller krav som ikkje er forfalle, kan krevje fullgod trygd for kravet dersom det ikkje er sikra slik frå før. Ting­retten avgjer tvist om kravet er til, og om trygda er fullgod.

(3) Retten kan forkaste krav om trygd etter andre ledd når det er klart at kravet ikkje er til, eller at utsiktene til dekning ikkje blir dårlegare på grunn av fusjonen.

(4) Kravsmål om avgjerd i tingretten må vere sett fram innan to veker etter at kreditor kravde betaling eller trygdgiving.

§ 116 Iverksetjing av fusjonen

(1) Når fristen for motsegn etter § 114 er ute for alle foretaka som er med på fusjonen, og tilhøvet til kreditorar som har kome med motsegn etter § 115, er avgjort, skal eit overdragande foretak gi melding til Foretaksregisteret om at fusjonen skal setjast i verk. Dersom det overtakande foretaket er eit eksisterande foretak, kan i staden dette foretaket gi melding om iverksetjing.

(2) Sjølv om forholdet til kreditorar som har kome med motsegner etter § 115, ikkje er avklart, kan tingretten etter kravsmål frå det foretaket kravet gjeld, vedta at fusjonen kan gjennomførast og mel­dast til Foretaksregisteret.

(3) Iverksetjinga av fusjonen skjer ved registrering av melding etter første eller andre ledd. Iverksetjinga har følgjande verknader:

1. det eller dei overdragande foretaka er oppløyste,

2. det overtakande foretaket er stifta og registrert, eller dei samla andelsinnskota i foretaket er auka,

3. medlemmane i det eller dei overdragande foretaka har blitt medlemmar i det overtakande foretaket,

4. det eller dei overdraganda foretaka har overført eigedelar, rettar og skyldnader til det overtakande foretaket,

5. andre verknader som følgjer av fusjonsplanen.

(4) Det overtakande foretaket skal ta vare på rek­neskapsmateriale og bøker frå det eller dei overdragande foretaka i samsvar med bokføringslova § 13 i minst ti år etter at fusjonen er registrert. Registrerte rekneskapsopplysingar i det overdragande foretaket på fusjonstidspunktet skal kunne bli gjengitt i samsvar med bokføringslova § 6 i minst ti år etter at fusjonen er registrert.

§ 117 Ugyldig fusjon

(1) Søksmål med påstand om at vedtak i foretaket om fusjon skal kjennast ugyldig, må reisast før fusjonen er registrert i Foretaksregisteret etter § 116. Søksmål som blir reist etter at fristen er gått ut, skal avvisast.

(2) Blir det reist søksmål om at fusjonen er ugyldig, skal tingretten gi foretaket ein frist på tre månader for å rette det tilhøvet søksmålet byggjer på.

(3) Dom som kjenner vedtak om fusjon ugyldig, har verknad for alle i foretaket.

(4) Er vedtaket om fusjonen meldt til Foretaksregisteret etter § 116, skal retten utan opphald melde dommen til Foretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på foretaket sin kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for foretaket. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.

(5) Når vedtaket til årsmøtet blir kjent ugyldig, heftar foretaket solidarisk med dei andre foretaka som er med på fusjonen, for skyldnader frå tida etter at fusjonen skulle ha hatt verknad, og fram til kunngjeringa av dommen etter fjerde ledd.

§ 118 Fusjon mellom samvirkeforetak og heileigd dotterselskap

(1) Dersom eit samvirkeforetak eig alle aksjane i eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, kan styra i foretaka vedta ein fusjonsplan som går ut på at dotterselskapet vederlagsfritt skal overføre eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til morforetaket.

(2) For gjennomføringa av fusjonen gjeld aksjelova § 13-23 og allmennaksjelova § 13-24 tilsvarande.

Kapittel 9 Fisjon

§ 119 Fisjonsomgrepet

(1) Deling av eit samvirkeforetak er omfatta av reglane om fisjon i kapitlet her når eigedelane, rettane og skyldnadene til foretaket skal fordelast på foretaket sjølv (det overdragande foretaket) og eitt eller fleire overtakande samvirkeforetak (overtakande foretak), og alle eller nokre av medlemmane i det overdragande foretaket får medlemskap i eitt eller fleire av dei overtakande foretaka.

(2) Fisjon etter dette kapitlet ligg også føre dersom det overdragande samvirkeforetaket skal opphøyre ved fisjonen, og dei samla eigedelane, rettane og skyldnadene til foretaket skal fordelast på to eller fleire overtakande samvirkeforetak mot at medlemmane i det overdragande foretaket får medlemskap i eitt eller fleire av desse.

(3) Eit overtakande foretak kan vere eit eksisterande foretak eller eit foretak som blir stifta ved fisjonen.

§ 120 Vedtak om fisjon

(1) Vedtak om fisjon blir gjort ved at årsmøtet godkjenner ein fisjonsplan, jf. § 121.

(2) Vedtak om fisjon blir gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Dersom fisjonen inneber at medlemmane av eit overdragande eller overtakande foretak får krav på ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krevst fire femdels fleirtal av dei røystene som er gitt i vedkomande foretak. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning.

(3) Vedtektene kan fastsetje strengare vedtakskrav enn det som følgjer av andre ledd.

§ 121 Fisjonsplan o.a.

(1) Styret i det foretaket som skal delast, skal utarbeide og underteikne ein fisjonsplan som minst inneheld opplysingar om forhold som nemnt i § 104 andre ledd. I tillegg skal fisjonsplanen oppgi:

1. fordelinga av eigedelar, rettar og skyldnader på dei foretaka som er med på fisjonen,

2. fordelinga av medlemskap og eventuelt anna vederlag på medlemmane i det overdragande foretaket.

(2) Dersom eit overtakande foretak er eit eksisterande foretak, skal fisjonsplanen innehalde eventuelle framlegg til vedtektsendringar i det overtakande foretaket. Dersom eit overtakande foretak skal stiftast ved fisjonen, skal planen i staden innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande foretaket, jf. §§ 8 til 10.

(3) Ved fisjon ved overføring til eitt eller fleire eksisterande samvirkeforetak skal styra i dei foretaka som deltek, utarbeide ein sams fisjonsplan.

(4) Føresegnene i §§ 105 til 110 gjeld tilsvarande.

§ 122 Opplysingsplikt

Styret i det foretaket som skal delast, skal gi opplysingar til sitt årsmøte og til styret i eit eksisterande overtakande foretak om vesentlege endringar i eigedelar, rettar og skyldnader som har funne stad i tida mellom underteikninga av fisjonsplanen og behandlinga av fisjonsplanen på årsmøtet. Styret i eit eksisterande overtakande foretak har ei tilsvarande opplysingsplikt overfor sitt årsmøte og overfor styret i andre foretak som er med på fisjonen.

§ 123 Søknad til Stiftelsestilsynet, melding til Foretaksregisteret, kreditorvarsel o.a.

Føresegnene i §§ 112 til 115 gjeld tilsvarande ved fisjon.

§ 124 Iverksetjing o.a.

(1) Føresegnene i § 116 gjeld tilsvarande ved fisjon, bortsett frå føresegnene i § 116 tredje ledd andre punktum.

(2) Iverksetjinga av fisjonen har følgjande verknader:

1. det overdragande foretaket er oppløyst eller eksisterer for den gjenverande delen,

2. det eller dei overtakande foretaka er stifta og registrerte, eller dei samla andelsinnskota i eit eksisterande foretak er auka,

3. alle eller nokre av medlemmane i det overdragande foretaket er medlemmar i eitt eller fleire overtakande foretak,

4. eigedelane, rettane og skyldnadene til det overdragande foretaket er heilt eller delvis overført til eitt eller fleire overtakande foretak,

5. andre verknader som følgjer av fisjonsplanen.

§ 125 Ugyldig fisjon

Reglane om ugyldig fusjon i § 117 gjeld tilsvarande ved fisjon.

§ 126 Fordeling av eigedelar, rettar og skyldnader

(1) Dersom det utfrå fisjonsplanen ikkje let seg gjere å fastsetje kva foretak som skal eige ein eigedel, er denne i sameige mellom foretaka etter forholdet mellom dei nettoverdiane foretaka er tilførte ved fisjonen. Det same gjeld for andre rettar enn eigedomsrett.

(2) Dersom det ut frå fisjonsplanen ikkje let seg gjere å fastsetje kva foretak som skal hefte for ein skyldnad som var oppstått før iverksetjinga av fisjonen, heftar dei foretaka som er med på fisjonen, solidarisk for skyldnaden.

(3) Dersom det foretaket som skal hefte for ein skyldnad etter fisjonsplanen, ikkje oppfyller skyldnaden, heftar dei foretaka som er med på fisjonen, solidarisk for skyldnaden. Heftinga er likevel for kvart av dei andre foretaka avgrensa til eit beløp tilsvarande den nettoverdien som foretaket vart tilført ved fisjonen.

Kapittel 10 Oppløysing o.a.

§ 127 Vedtak om oppløysing

(1) Vedtak om å løyse opp samvirkeforetaket blir gjort av årsmøtet med fleirtal som for vedtektsendring. Vedtektene kan fastsetje eit strengare vedtakskrav.

(2) Ligg det føre forhold som etter vedtektene skal medføre oppløysing av foretaket, eller skal foretaket løysast opp som følgje av ei lovføresegn, skal årsmøtet så snart som mogleg gjere vedtak om oppløysing av foretaket. Vedtaket blir gjort med fleirtal av dei røystene som er gitt.

(3) Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak om oppløysing etter at foretaket er vedtatt oppløyst ved orskurd etter § 141.

§ 128 Avviklingsstyre og andre organ i foretaket

(1) Når foretaket er vedtatt oppløyst, skal årsmøtet velje eit avviklingsstyre som kjem i staden for styret og dagleg leiar. Valet gjeld på ubestemt tid med ein oppseiingsfrist for medlemmane på tre månader.

(2) Reglane om styret i kapittel 6, medrekna reg­lane om rett for tilsette til å velje styremedlemmar, gjeld tilsvarande for avviklingsstyret.

(3) Reglane om årsmøte, representantskap og kontrollkomité gjeld så langt dei høver under avviklinga.

§ 129 Melding til Foretaksregisteret

Vedtak om å løyse opp foretaket skal meldast til Foretaksregisteret straks avviklingsstyret er valt. Meldinga skal innehalde opplysingar om medlemmane av avviklingsstyret.

§ 130 Kreditorvarsel

(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal Foretaksregisteret kunngjere vedtaket om å oppløyse foretaket. I kunngjeringa skal kreditorane til foretaket varslast om at dei må melde sine krav til leiaren av avviklingsstyret innan to månader frå kunngjeringa i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. Namn og adresse til leiaren av avviklingsstyret skal gå fram av kunngjeringa.

(2) Kunngjeringa skal setjast inn i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og to gonger med minst ei vekes mellomrom i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for foretaket. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.

(3) Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg varslast særskilt av foretaket.

§ 131 Stillinga for foretaket under avviklinga

(1) Når oppløysing er vedtatt, skal foretaket på brev, kunngjeringar og andre dokument leggje orda “under avvikling” til foretaksnamnet.

(2) Verksemda til foretaket kan halde fram så langt det er ønskjeleg for ei tenleg gjennomføring av avviklinga.

(3) Under avviklinga skal årsrekneskap avleggjast, reviderast og sendast til Rekneskapsregisteret etter same reglar som elles.

§ 132 Avviklingsbalanse o.a.

(1) Avviklingsstyret skal lage ei oppteikning over dei eigedelane, rettane og skyldnadene som foretaket har, og gjere opp ein balanse med sikte på avviklinga. For foretak som har revisjonsplikt etter revisorlova, skal balansen vere revidert.

(2) Oppteikninga og balansen skal leggjast ut på foretakskontoret til ettersyn for medlemmane. Kopi av balansen, eventuelt med fråsegn frå revisor, skal sendast til alle medlemmar med kjend adresse eller på anna forsvarleg vis gjerast tilgjengeleg for medlemmane. Ein medlem har etter førespurnad krav på å få tilsendt kopi av balansen med fråsegn frå revisor.

§ 133 Dekning av skyldnadene

(1) Avviklingsstyret skal syte for at dei skyldnadene foretaket har, blir dekte i den grad kreditor ikkje har fråfalle kravet sitt eller samtykkjer i å ta ein annan som debitor i staden.

(2) Kan ein kreditor ikkje finnast, eller nektar ein kreditor å ta imot sitt tilgodehavande, skal summen deponerast i Noregs Bank etter reglane i lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve.

§ 134 Omgjering av eigedelar og rettar i pengar

Eigedelane og rettane til foretaket skal gjerast om i pengar så langt dette er nødvendig for å dekkje skyldnader. Utover dette skal eigedelane eller rettane gjerast om i pengar dersom ikkje medlemmane er samde om noko anna.

§ 135 Utdeling til medlemmane og anna disponering over gjenverande midlar

(1) Utdeling til medlemmane eller anna disponering over gjenverande midlar kan ikkje finne stad før foretaksskyldnadene er dekte, og det er gått minst to månader frå kunngjeringa av kreditorvarselet i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon etter § 130.

(2) Slike utbetalingar kan likevel skje dersom det berre står igjen uvisse eller omtvista skyldnader, og det blir sett av ein tilstrekkeleg sum til å dekke dei. Om ikkje anna er avtalt, skal summen setjast inn på ein felleskonto for foretaket og den kreditoren det gjeld, slik at uttak ikkje kan skje utan skriftleg samtykke frå begge partar eller endeleg dom.

(3) Medlemmane i foretaket har rett til å få utbetalt andelsinnskota og inneståande på medlemskapitalkonti dersom det er midlar i foretaket etter at skyldnadene er dekte. Renter på andelsinnskot eller medlemskapitalkonti har medlemmane berre krav på å få utbetalt dersom det følgjer av vedtektene at forrenting skal skje. Vedtektene kan fastsetje at medlemmane ved oppløysing ikkje skal ha krav på å få utbetalt andelsinnskota eller inneståande på medlemskapitalkonti.

(4) Gjenverande midlar utover dette skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål. I eit sekundærsamvirke skal midlane i staden fordelast på dei som er medlemmar på oppløysingstids­punktet, dersom ikkje noko anna følgjer av vedtektene. Føresegnene i femte ledd andre og tredje punktum gjeld i så fall tilsvarande.

(5) Vedtektene kan fastsetje at dei gjenverande midlane heilt eller delvis skal gå til dei som er medlemmar på oppløysingstidspunktet, eventuelt også tidlegare medlemmar. Fordelinga av midlane må i tilfelle skje på grunnlag av deira omsetning med foretaket dei siste fem åra. Vedtektene kan fastsetje ein annan periode enn fem år, likevel ikkje under eitt år.

(6) Ei vedtektsendring som inneber at medlemmane får ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krev fire femdels fleirtal av dei røystene som blir gitt. Slik vedtektsendring kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning. Godkjenninga skal leggjast ved meldinga til Foretaksregisteret om vedtektsendring.

§ 136 Endeleg oppløysing

(1) Etter avslutta utdeling skal avviklingsstyret leggje fram revidert oppgjer for årsmøtet. Når oppgjeret er godkjent, skal det meldast til Foretaksregisteret at foretaket er endeleg oppløyst. Kravet i første punktum om at oppgjeret skal vere revidert gjeld ikkje for foretak som ikkje har revisjonsplikt etter revisorlova.

(2) Føresegnene om skadebot i §§ 155 til 157 gjeld også etter endeleg oppløysing.

(3) Avviklingsstyret skal syte for at rekneskapsmateriale blir tatt vare på etter bokføringslova § 13 i minst ti år etter den endelege oppløysinga. Det same gjeld bøkene til foretaket. Registrerte rekneskapsopplysingar skal kunne bli gjengitt i samsvar med bokføringslova § 6 i minst ti år etter den endelege oppløysinga.

§ 137 Etterutlodding

Det som måtte tilfalle foretaket av summar som er sette av etter § 135 andre ledd, eller som elles måtte vise seg å tilhøyre det oppløyste foretaket, skal behandlast som fastsett i § 135 tredje til femte ledd. Er beløpet så lite at ei etterutlodding til medlemmane vil valde uforholdsmessig ulempe eller kostnad, kan avviklingsstyret i staden nytte det til samvirkeformål eller til allmennyttige formål.

§ 138 Ansvar for udekte skyldnader

(1) Overfor kreditorar som ikkje har fått dekning etter § 133 og heller ikkje er tilstrekkeleg sikra ved avsetjing etter § 135 andre ledd, heftar medlemmane solidarisk inntil verdien av det som vedkomande har mottatt som utdeling etter § 135. Overfor ein slik kreditor heftar dessutan medlemmane av avviklingsstyret solidarisk utan avgrensing, dersom det ikkje blir godgjort at dei har handla forsvarleg.

(2) I regressomgangen skal fordelinga skje mellom medlemmane i forhold til det kvar einskild har fått utdelt. Lov 17. februar 1939 nr. 1 om gjeldsbrev § 2 tredje ledd gjeld tilsvarande.

(3) Krav etter første ledd blir forelda tre år etter at den endelege oppløysinga av foretaket vart registrert i Foretaksregisteret.

§ 139 Omgjering av vedtak om oppløysing

(1) Vedtak om å løyse opp foretaket kan gjerast om av årsmøtet med det fleirtalet som var nødvendig for vedtaket om oppløysing. Er foretaket oppløyst på grunn av føresegner i lov eller vedtekter, kan vedtaket berre gjerast om når oppløysingsgrunnen ikkje lenger ligg føre.

(2) Har foretaket delt ut midlar til medlemmane etter § 135, kan omgjering berre skje dersom medlemmane fører tilbake midlane til foretaket.

(3) Omgjeringa av eit vedtak om oppløysing og medlemmane av det nye styret skal straks meldast til Foretaksregisteret.

§ 140 Tingretten overtek ansvaret for avviklinga

(1) Tingretten kan ved orskurd vedta å overta ansvaret for avviklinga av foretaket når særlege grunnar talar for det, dersom

1. foretaket ikkje er meldt endeleg oppløyst til Foretaksregisteret seinast eitt år etter registrering av melding etter § 129, eller

2. minst ein femdel av medlemmane krev det.

(2) Styret eller i tilfelle avviklingsstyret skal få høve til å uttale seg før avgjerda blir tatt. Foretaksregisteret skal gi tingretten melding om at fristen etter første ledd nr. 1 er ute.

(3) Har tingretten overtatt avviklinga, skal den vidare avviklinga skje etter reglane i § 144. Orskurden har verknad som ein orskurd om konkursopning etter konkurslova kapittel VIII.

(4) Er foretaket oppløyst på grunn av føresegner i lov eller vedtekter, kan buet leverast tilbake til foretaket etter konkurslova § 136 dersom oppløysingsgrunnen ikkje lenger er til stades. § 139 andre ledd gjeld tilsvarande.

§ 141 Oppløysing etter orskurd frå tingretten

(1) Dersom ikkje årsmøtet vedtek oppløysing, skal tingretten ved orskurd vedta foretaket oppløyst i desse tilfella:

1. når foretaket skal løysast opp som følgje av føresegner i lov eller vedtekter,

2. når foretaket ikkje har meldt til Foretaksregisteret eit styre som fyller dei vilkåra som følgjer av føresegnene gitt i eller i medhald av lov,

3. når foretaket etter lova skal ha dagleg leiar, og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein dagleg leiar som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov,

4. når foretaket er revisjonspliktig etter revisorlova og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein revisor som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov,

5. når årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding som foretaket skal sende til Rekneskapsregisteret etter rekneskapslova § 8-2, ikkje er innsende innan seks månader etter fristen for slik innsending, eller når Rekneskapsregisteret når fristen er ute, ikkje kan godkjenne det innsende materialet som årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding.

(2) Retten kan berre vedta foretaket oppløyst som følgje av føresegner i vedtektene når ein medlem har sett fram krav om det og årsmøtet har lete vere å gjere vedtak om oppløysing etter § 127.

§ 142 Behandling av saker om oppløysing etter § 141

(1) Når vilkåra i § 141 første ledd nr. 1 til 4 er oppfylte, skal Foretaksregisteret gi foretaket varsel om dette. I tilfelle som nemnt i § 141 første ledd nr. 5, skal Rekneskapsregisteret gi varselet. Foretaket skal få ein frist på ein månad til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast.

(2) Har foretaket ikkje retta tilhøvet når fristen går ut, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ta opp igjen varselet ved kunngjering i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og i kortform i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for foretaket. I kunngjeringa skal det opplysast at vilkåra for oppløysing av foretaket er oppfylte, og at foretaket har ein frist på fire veker frå kunngjeringa i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast.

(3) Dersom det er tenleg, kan tingretten gi varsel etter føresegna her.

§ 143 Orskurden frå tingretten

(1) Har foretaket ikkje halde fristen etter § 142 andre ledd, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret varsle tingretten om dette.

(2) Tingretten skal utan vidare varsel ved orskurd vedta foretaket som oppløyst etter § 141, dersom ikkje vedtak om oppløysing allereie er gjort av årsmøtet. Orskurden har verknad som orskurd om konkursopning etter konkurslova kapittel VIII.

(3) Dersom vesentlege samfunnsmessige omsyn tilseier det, kan Kongen av eige tiltak gjere vedtak om at foretaket kan drive vidare, og at saka likevel ikkje skal sendast til tingretten for tvangsoppløysing, men at foretaket skal få ein ytterlegare frist før tvangsoppløysing blir gjennomført. Kongen skal gjere vedtak om at foretaket i så fall skal betale ei løpande tvangsmulkt til staten frå ein frist som blir sett og fram til forholdet er retta.

§ 144 Avvikling av foretaket

(1) Når tingretten har vedtatt foretaket oppløyst, skal foretaket avviklast etter føresegnene i konkurslova og dekningslova.

(2) Buet kan berre leverast tilbake til foretaket etter konkurslova § 136 dersom oppløysingsgrunnen ikkje lenger er til stades.

Kapittel 11 Omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

§ 145 Omdanningsomgrepet

(1) Føresegnene i kapitlet her gjeld omdanning av samvirkeforetak til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap.

(2) Ei omdanning ligg føre dersom eit samvirkeforetak overdreg eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap som blir stifta ved omdanninga, og medlemmane i det omdanna samvirkeforetaket blir aksjeeigarar i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet.

(3) Omdanninga krev ikkje samtykke frå kreditorane.

§ 146 Vedtak om omdanning

(1) Vedtak om omdanning blir gjort ved at årsmøtet godkjenner ein omdanningsplan, jf. §§ 147 og 148.

(2) I samvirkeforetak der medlemmane har krav på alle gjenverande midlar ved oppløysing, blir vedtak om omdanning gjort med fleirtal som for vedtektsendring, dersom ikkje vedtektene inneheld strengare vedtakskrav. I andre foretak krevst fire femdels fleirtal av røystene. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning.

(3) Samvirkeforetaket må ved omdanninga ha ein eigenkapital som minst svarer til den aksjekapitalen selskapet skal ha som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Reglane i aksjelova og allmennaksjelova § 2-6 og § 2-7 gjeld tilsvarande, dersom ikkje noko anna går fram av lova her.

§ 147 Omdanningsplan

(1) Styret skal utarbeide og underteikne ein omdanningsplan med framlegg til vedtektsendring.

(2) Omdanningsplanen skal minst innehalde:

1. frå kva tid transaksjonar i det omdanna foretaket rekneskapsmessig skal sjåast å vere gjorde for rek­ninga av aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet,

2. fordelinga av aksjar mellom medlemmane i samvirkeforetaket, jf. tredje ledd,

3. kven som skal vere medlemmar av styret i selskapet, og kven som skal vere revisor for selskapet,

4. særlege rettar eller fordelar som medlemmar av styret eller dagleg leiar skal få ved omdanninga,

5. framlegg til vedtekter for selskapet, jf. aksjelova og allmennaksjelova § 2-2.

(3) Fordelinga av aksjar skal skje etter føresegnene i § 135 femte ledd andre og tredje punktum.

§ 148 Vedlegg til omdanningsplanen

(1) Som vedlegg til omdanningsplanen skal følgje:

1. siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for samvirkeforetak med rekneskaps- og revisjonsplikt,

2. utkast til opningsbalanse for selskapet.

(2) Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. Ein statsautorisert eller registrert revisor skal gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane. Opningsbalansen med fråsegn frå revisor skal tidlegast vere datert åtte veker før årsmøtevedtaket om omdanning. Kongen kan gi forskrift med nærmare reglar om kravet til opningsbalanse. I forskrifta kan det gjerast unntak frå reglane i første til tredje punktum.

§ 149 Rapport om omdanninga, forholdet til dei tilsette, melding til medlemmane

Føresegnene i §§ 107, 109 og 110 gjeld tilsvarande ved omdanning så langt dei høver.

§ 150 Søknad til Stiftelsestilsynet

Føresegna i § 112 gjeld tilsvarande ved omdanning.

§ 151 Melding til Foretaksregisteret

(1) Foretaket skal melde omdanningsvedtaket til Foretaksregisteret innan tre månader etter at årsmøtet godkjende omdanningsplanen, jf. § 146 første ledd.

(2) Dersom vedtaket krev godkjenning av Stiftelsestilsynet (jf. § 146 andre ledd), skal foretaket ikkje melde vedtaket før godkjenning er gitt, og klagefristen etter forvaltningslova er ute, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Fristen for å melde vedtaket er tre månader etter at klagefristen er overseten, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Godkjenninga skal leggjast ved meldinga til Foretaksregisteret.

(3) Er vedtaket ikkje meldt til Foretaksregisteret innan fristen i første og andre ledd, kan registrering ikkje finne stad. Vedtaket er då ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

§ 152 Iverksetjing av omdanninga

Omdanninga til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap skjer når omdanningsvedtaket blir registrert i Foretaksregisteret. Iverksetjinga har følgjande verknader:

1. samvirkeforetaket er omdanna til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap,

2. medlemmane i samvirkeforetaket er blitt aksjeeigarar i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet,

3. eigedelane, rettane og skyldnadene til samvirkeforetaket er overtatt av aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet,

4. andre verknader som følgjer av omdanningsplanen.

Kapittel 12 Skadebot m.m.

§ 153 Skadebotansvar

(1) Foretaket, medlem eller andre kan krevje at dagleg leiar, styremedlem, medlem av representantskapet eller kontrollkomiteen, granskar eller medlem skal erstatte skade som dei i den nemnde eigenskapen forsettleg eller aktlaust har valda vedkomande.

(2) Foretaket, medlem eller andre kan også krevje skadebot av den som forsettleg eller aktlaust har medverka til skadevalding som nemnd i første ledd. Skadebot kan krevjast av medverkaren sjølv om skadevaldaren ikkje kan haldast ansvarleg fordi han eller ho ikkje har handla forsettleg eller aktlaust.

§ 154 Lemping

Skadebotansvar etter § 153 kan lempast etter skadeserstatningslova § 5-2.

§ 155 Vedtak om å fremje krav

(1) Årsmøtet avgjer om foretaket skal fremje skadebotkrav etter § 153. Er det opna gjeldsforhandling eller konkurs, gjeld føresegnene i konkurslova.

(2) Første ledd gjeld tilsvarande for inngåing av førehandsavtale mellom foretaket og nokon som er nemnd i § 153, som regulerer eller avgrensar skadebotansvaret deira.

§ 156 Krav på vegner av foretaket

(1) Har årsmøtet gitt ansvarsfritak eller forkasta framlegg om å krevje skadebot etter § 153, kan ein tidel, men minst fem, av medlemmane som har teikna medlemskap før siste årsskifte, gjere skadebotansvar gjeldande på vegner av og i namnet til foretaket. Er søksmål om skadebot reist, kan det halde fram sjølv om nokre medlemmar trekkjer seg frå søksmålet eller melder seg ut av foretaket.

(2) Søksmålet om skadebot må reisast ved sams fullmektig innan tre månader etter at vedtaket vart gjort av årsmøtet. Er det kravd gransking etter §§ 59 til 61, blir fristen rekna frå den dagen kravet er endeleg avslege eller i tilfelle granskinga er avslutta.

(3) Kostnadene med søksmålet om skadebot er foretaket uvedkomande. Kostnadene kan likevel krevjast dekte av foretaket med opp til den summen som er komen foretaket til gode ved søksmålet.

(4) Paragrafen her gjeld ikkje når vedtak som nemnt i første ledd er gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Det same gjeld ved inngått forlik.

§ 157 Ansvarsfritak

Har årsmøtet gjort vedtak om ansvarsfritak eller om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, kan foretaket likevel fremje krav grunna på omstende som årsmøtet på vesentlege punkt ikkje fekk rette og fullstendige opplysingar om då vedtaket vart gjort.

§ 158 Konkurrerande krav

Medlemmar, kreditorar eller andre som har lide tap fordi foretaket er påført tap, er bundne av skadeoppgjer med foretaket, og deira krav står tilbake for foretaket sitt krav.

§ 159 Andre krav på vegner av foretaket

(1) Føresegnene i §§ 155 til 157 gjeld tilsvarande for myndet til å krevje offentleg påtale og reise privat straffesak.

(2) Føresegnene i §§ 156 og 157 gjeld tilsvarande for krav foretaket har på tilbakeføring etter § 31 andre ledd.

Kapittel 13 Rettargangsreglar

§ 160 Rettssak mellom foretaket og styret

I saker mellom foretaket og styret eller enkelte styremedlemmar skal årsmøtet velje ein eller fleire personar til å representere foretaket i saka. Blir ikkje det gjort, kan forkynning for foretaket skje til ein av medlemmane.

§ 161 Saksbehandlinga i tingretten o.a.

(1) Når tingretten behandlar saker etter lova her, gjeld reglane i skiftelova §§ 22 til 25 når ikkje anna går fram av lova her.

(2) Orskurdar og andre avgjerder som tingretten tek etter lova her, kan ankast dersom ikkje noko anna går fram av lova her.

(3) Ein anke kan ikkje grunnast på at orskurden eller avgjerda er utenleg eller uheldig. Dette gjeld ikkje orskurd etter §§ 59 til 61.

Kapittel 14 Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover

§ 162 Iverksetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Dei ein­skilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.

§ 163 Overgangsreglar

1. Samvirkelag eller økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, er ikkje underlagde lova før det har gått fem år frå iverksetjinga. Årsmøtet kan med fleirtal som for vedtektsendring vedta at samanslutninga skal registrerast som samvirkeforetak (SA) i Foretaksregisteret på eit tidlegare tidspunkt. Samanslutninga skal i så fall meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at vedtaket er gjort. Elles fell vedtaket bort. Foretaket er underlagt lova frå registreringstidspunktet.

2. Samvirkelag og økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, skal bringe vedtektene i samsvar med lova innan fem år etter iverksetjinga, eller innan eit eventuelt tidlegare tidspunkt etter nr. 1 andre punktum. Vedtektsendringane skal meldast til Foretaksregisteret.

Vedtektsendringar som er nødvendige for å bringe vedtektene i samsvar med lova, kan årsmøtet vedta med fleirtal av dei røystene som er gitt. Står røystetalet likt, avgjer møteleiaren kva vedtaket skal gå ut på, sjølv om møteleiaren ikkje har røysterett.

Er vedtektene ikkje brakt i samsvar med lova innan fristen etter første ledd, og gjer ikkje foretaket dei nødvendige endringane etter krav frå Foretaksregisteret, skal tingretten etter melding frå Foretaksregisteret vedta foretaket oppløyst. Føresegnene i §§ 141 til 144 gjeld tilsvarande.

3. Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har ei ordning med omsetjelege andelar, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk. Andelar kan berre omsetjast til andre medlemmar, eller til personar som blir medlemmar ved kjøp av andelar.

4. Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har vedtekter som gir dei tilsette rett til å vere representerte i årsmøte og eventuelt representantskap, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk.

5. Endringa i § 164 nr. 22 i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn (foretaksnavneloven) § 2-2 gjeld også for foretaksnamn som er tatt i bruk før iverksetjinga av foretaksnamnelova.

6. Det skal ikkje betalast gebyr for Foretaksregisterets kunngjering av endringar i foretaksnamn som følgje av § 164 nr. 22.

7. For bustadbyggjelag og gjensidige forsikringsselskap som er stifta og registrerte i Foretaksregisteret før § 164 nr. 35 og 38 blir sett i verk, skal styret vere sett saman i samsvar med lova innan to år etter iverksetjinga.

8. Kongen kan gi nærmare overgangsføresegner.

§ 164 Endringar i andre lover

Frå den tid lova blir sett i verk, blir det gjort følgjande endringar i andre lover:

1. I lov 22. mai 1902 nr. 10 Almindelig borgerlig Straffelov (straffeloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 48 a andre ledd skal lyde:

Med foretak menes her selskap, samvirkeforetak, forening eller annen sammenslutning, enkeltpersonforetak, stiftelse, bo eller offentlig virksomhet.

§ 79 første ledd første punktum skal lyde:

Er fornærmede et selskap, et samvirkeforetak, en forening eller en stiftelse, kan offentlig påtale begjæres av styret.

2. I lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene (domstolloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 106 nr. 5 skal lyde:

5. når han styrer eller er medlem eller varamedlem av styret for et selskap, et samvirkeforetak, en forening, sparebank, stiftelse eller offentlig innretning eller ordfører eller varaordfører i en kommune eller fylkeskommune som står i et slikt forhold til saken som nevnt i nr. 1, eller når han styrer eller er medlem eller varamedlem av styret for et bo som står i slikt forhold til saken, og det ikke er tingretten selv som styrer boet;

§ 191 andre ledd skal lyde:

For offentlige indretninger og for stiftelser, sparebanker, foreninger, selskaper, samvirkeforetak, statsforetak eller boer mottages forkyndelser og meddelelser av den, som styrer deres anliggender eller, hvis de styres av flere i forening, av styrets formand. Er der ingen formand, kan de rettes til ethvert medlem av styret.

3. I lov 14. desember 1917 nr. 16 om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom m.v. skal § 4 første ledd andre og tredje punktum lyde:

Det samme gjelder aksjeselskaper, allmenn­aksjeselskaper, samvirkeforetak og andre sammenslutninger hvor minst 2/3 av kapitalen og stemmene eies av foretak organisert etter lov om statsforetak, en eller flere kommuner eller fylkeskommuner, såfremt utbyggingen av vedkom­mende vannfall hovedsakelig skal utnyttes til alminnelig kraft­forsyning. Staten har forkjøpsrett til aksjer eller parter etter denne bestemmelse dersom 2/3 av kapitalen og stemmene i aksjeselskaper, allmennaksjeselskaper, samvirkeforetak og andre sammenslutninger ikke lenger eies av en eller flere kommuner eller fylkeskommuner.

4. I lov 14. desember 1917 nr. 17 om vassdragsreguleringer skal § 10 nr. 2 første ledd lyde:

2. Når en regulering hovedsakelig skal utnyttes til alminnelig kraftforsyning og hensynet til andre almene interesser ikke taler mot det, kan reguleringskonsesjon gis på ubegrenset tid for vassdrag hvor vannkraften skal utnyttes av foretak organisert etter lov om statsforetak, en norsk kommune eller flere norske kommuner eller fylkeskommuner i fellesskap eller av aksjeselskaper, allmenn­aksjeselskaper, samvirkeforetak eller andre sam­menslutninger hvor minst 2/3 av kapitalen og stemmene eies av foretak organisert etter lov om statsforetak, en eller flere kommuner eller fylkeskommuner.

5. Lov 25. juni 1936 nr. 4 om enkelte bestemmelser angående meieriselskaper blir oppheva.6. I lov 17. februar 1939 nr. 1 om gjeldsbrev blir det gjort følgjande endringar:

§ 4 skal lyde:

Ihendehavargjeldsbrev skal betalast i forretningslokalet til skyldnaren når ikkje anna er sagt.

Det same gjeld gjeldsbrev som blir utgjevne mange i samanheng og med sams tekst (mengdegjeldsbrev), og gjeldsbrev som bankar eller samvirkeføretak gjev ut for innlån.

§ 30 skal lyde:

Innskotsbøker i bankar og samvirkeføretak fylgjer føresegnene om enkle gjeldsbrev.

7. I lov 8. juli 1949 nr. 13 om produksjon, transport og omsetning av agn skal § 1 første ledd nr. 1 lyde:

1. at omsetningen av agn til fisker bare skal skje gjennom et samvirkeforetak av fiskere hvis vedtekter er godkjent av vedkommende departement;

8. I lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetningen av råfisk skal § 3 første ledd lyde:

Vedkommende departement kan i henhold til § 2 i denne loven godkjenne vedtekter for salgsorganisasjoner av fiskere når fiskerne eller eiere av båt eller redskaper kan bli medlemmer ved direkte medlemskap eller ved medlemskap gjennom båtlag, lokale salgslag eller gjennom den faglige fiskerorganisasjon og salgsorganisasjonen er et samvirkeforetak.

9. I lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker skal § 18 første ledd andre punktum lyde:

Han må heller ikke ta del i behandlingen eller avgjørelsen av noe spørsmål som har økonomisk særinteresse for kommune, selskap, samvirkeforetak, forening eller annen offentlig eller privat institusjon hvis interesser han i egenskap av ordfører, styremedlem, daglig leder, forretningsfører eller partsrepresentant har som oppdrag å ivareta.

10. I lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker blir det gjort følgjande endringar:

§ 1 tredje ledd skal lyde:

Samvirkeforetak kan ta imot innskudd fra medlemmer uten å komme inn under loven. Samvirkeforetak som tar imot innskudd fra medlemmene, skal gi melding til Kredittilsynet med opplysninger om ordningens omfang og hvordan midlene kan disponeres. Kredittilsynet skal gi pålegg om etablering av betryggende sikkerhet for innskuddene dersom det mottas innskudd fra en ubestemt krets. Kredittilsynet kan fastsette regler om hva som skal anses som betryggende sikkerhet. Samvirkeforetak som tar imot innskudd fra medlemmene, og sikringsordninger for sikring av slike innskudd, kan undergis tilsyn av Kredittilsynet etter nærmere regler fastsatt av Kongen.

§ 17 første ledd andre punktum skal lyde:

Han må heller ikke ta del i behandlingen eller avgjørelsen av noe spørsmål som har økonomisk særinteresse for kommune, selskap, samvirkeforetak, forening eller annen offentlig eller privat institusjon hvis interesser han i egenskap av ordfører, styremedlem, daglig leder, forretningsfører eller partsrepresentant har som oppdrag å ivareta.

11. I lov 21. juni 1963 nr. 23 Veglov skal § 55 sjette ledd lyde:

Det som er bestemt i paragrafen her om den einskilde sine rettar og plikter, gjeld òg om ansvaret for drifta av vegen ligg i eit sameige, eitsamvirkeføretak, eller er skipa på annan måte.

12. I lov om 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) skal § 6 første ledd bokstav e lyde:

e) når han leder eller har ledende stilling i, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for, et selskap som er part i saken og ikke helt ut eies av stat eller kommune, et samvirkeforetak, eller en forening, sparebank eller stiftelse som er part i saken.

13. I lov 7. juli 1967 nr. 13 om husleieregulering m.v. for boliger skal § 3 andre ledd nr. 2 lyde:

2. utleie av bolig i hus som eies av aksjeselskap, allmennaksjeselskap eller samvirkeforetak der leietakeren er aksjonær eller andelshaver. Det samme gjelder ved fremleie av slik bolig.

14. I lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift blir det gjort følgjande endringar:

§ 11 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Bestemmelsene i dette ledd gjelder ikke institusjoner eller virksomhet som er organisert som aksjeselskap, allmennaksjeselskap, samvirkeforetak eller statsforetak.

§ 44 a første ledd første punktum skal lyde:

Departementet kan gi forskrifter om at foreninger og samvirkeforetak som hovedsakelig omsetter produkter fra medlemmenes fiske, skogbruk eller jordbruk med binæringer, skal kunne anføre avgift i sitt avregningsoppgjør med leverandør som ikke er registrert hos avgiftsmyndigheten.

§ 51 første ledd skal lyde:

Oppgaveplikten etter bestemmelsene i dette kapittel påhviler i enkeltpersonforetak innehaver, i selskap, samvirkeforetak, forening, institusjon eller innretning den daglige leder av virksomheten eller styrets formann hvis det ikke er noen slik leder.

§ 52 andre ledd skal lyde:

Pålegg til selskap, samvirkeforetak, forening, innretning eller organisasjon rettes til styret og sendes hvert medlem i rekommandert brev. Tvangsmulkten kan inndrives såvel hos medlemmene av styret som hos selskapet, samvirkeforetaket, foreningen, innretningen eller organisasjonen.

15. I lov 10. juni 1977 nr. 1 om anerkjennelse og fullbyrding av nordiske dommer på privatrettens område skal § 7 nr. 1 bokstav f lyde:

f) avgjørelse eller forlik om konkursbehandling eller offentlig akkordforhandling, omstøting eller tilsidesetting av rettsstiftelser på grunn av konkurs, dersom ikkje avgjørelsen eller forliket gjelder omstøting eller tilsidesetting av rettsstiftelser på grunn av en konkurs som er åpnet i Danmark, Finland, Island, Norge eller Sverige, og retten ved åpningen av konkurs grunnet sin kompetanse på at skyldneren er eller ved sin død var bosatt i landet, eller at et selskap, et samvirkeforetak, en forening eller en stiftelse hadde sitt sete i landet.

16. I lov 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift skal § 17 tredje ledd lyde:

Samvirkeforetak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap eller liknende sammenslutning har bare krav på å få registrert ett reinmerke.

17. I lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant blir det gjort følgjande endringar:

Ny § 4-2 b skal lyde:

§ 4-2 b Medlemskap i samvirkeforetak

Panterett i medlemskap i samvirkeforetak som kan pantsettes etter samvirkeloven § 21, får rettsvern ved at foretaket får melding om pantsettelsen. Bestemmelsen i § 1-4 gjelder ikke for panterett som får rettsvern på denne måten. Er medlemskapet knyttet til fast eiendom (jf. § 2-2 første ledd bokstav c), får panteretten rettsvern ved tinglysing i grunnboken.

§ 5-7 skal lyde:

§ 5-7 Utlegg i verdipapir, finansielle instrumenter registrert i et verdipapirregister, innløsningspapir, aksjer, medlemskap i samvirkefortak eller enkle krav

(1) Utleggspant i verdipapir får rettsvern etter reg­lene om håndpant i § 3-2 annet og tredje ledd.

(2) Utleggspant i innløsningspapir som ikke er verdipapir, får rettsvern etter reglene om håndpant i § 3-2 annet og tredje ledd, når det dessuten er gitt melding til den forpliktede etter papiret etter reglene i § 4-5.

(3) Utleggspant i aksjer som ikke er registrert i et verdipapirregister, får rettsvern etter reglene i § 4-2 a annet ledd.

(4) Utleggspant i medlemskap i samvirkeforetak får rettsvern etter § 4-2 b.

(5) Utleggspant i enkle krav får rettsvern etter reg­lene i § 4-5 første ledd. Lov av 17. februar 1939 om gjeldsbrev §§ 25 til 28 gjelder tilsvarende.

(6) I de tilfelle som er nevnt i de foregående ledd, får utlegget rettsvern mot saksøktes kreditorer også ved at utlegget blir tinglyst på saksøktes blad i Løsøreregisteret.

(7) Utleggspant i finansielle instrumenter regi­strert i et verdipapirregister får rettsvern ved registrering i verdipapirregisteret, jf verdipapirregisterloven.

18. I lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 6-11 nr. 4 skal lyde:

4. Bestemmelsene i nr. 1-3 gjelder tilsvarende for sparebanker, gjensidige forsikringsselskaper, samvirkeforetak av låntakere, og selveiende finansieringsforetak som har utstedt grunnfondsbevis, jf. sparebankloven § 2 annet ledd, forsik­ringsloven § 4-2 annet ledd og finansieringsvirksomhetsloven og for selskaper og sammenslutninger der medlemmene har begrenset ansvar og som noen eier formuesandeler i eller mottar inntektsandeler fra, unntatt boligselskaper hvor andelshaverne lignes etter skatteloven § 7-3.

§ 6-14 nr. 1 til 3 skal lyde:

1. Oppgaveplikten etter dette kapittel påligger i enkeltpersonforetak innehaveren og i selskap, samvirkeforetak, forening, institusjon eller innretning den daglige leder av virksomheten, eller hvis det ikke er noen daglig leder, styrets formann.

2. Oppgaveplikten etter § 6-2 nr. 1 i påligger reder og fører (høvedsmann, notbas) for fiske- og fangstfartøy og plikten etter § 6-2 nr. 1 j formannen for arbeidslaget. Når det foreligger forhold som nevnt i § 3 annet ledd i skattebetalingsloven, påhviler oppgaveplikten den som har plikt til å foreta forskuddstrekk. Oppgaveplikten etter § 6-3 nr. 4 påligger fondsstyret.

3. I selskap, samvirkeforetak, forening, institusjon eller innretning som ikke er skattepliktig, påligger oppgaveplikten også revisor.

§ 6-17 første ledd nr. 1 andre punktum skal lyde:

For selskaper, samvirkeforetak, foreninger, sammenslutninger m.v. skal oppgaven inneholde organisasjonsnummer eller når slikt ikke finnes, annen identifikasjon etter regler gitt av Skattedirektoratet.

§ 10-6 nr. 2 skal lyde:

2. Pålegg til selskap, samvirkeforetak, forening, innretning eller organisasjon rettes til styret og sendes hvert medlem i rekommandert brev. Tvangsmulkten kan inndrives såvel hos medlemmene av styret som hos selskapet, samvirkeforetaket, foreningen, innretningen eller organisasjonen.

19. I lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkursloven) skal § 142 femte ledd lyde:

Med selskap i tredje og fjerde ledd menes aksjeselskap, allmennaksjeselskap, forretningsavdeling av utenlandsk selskap, næringsdrivende stiftelse, boligbyggelag, borettslag, samvirkeforetak, gjensidig forsikringsselskap og statsforetak.

20. I lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven) skal § 1-3 andre og tredje ledd lyde:

Fristdagen ved tvangsoppløsning etter konkurslovens regler av aksjeselskaper i medhold av aksjeloven § 16-15, jf § 16-18, og av allmennaksjeselskaper i medhold av allmennaksjeloven § 16-15, jf § 16-18, er dagen da kunngjøring som nevnt i aksjeloven § 16-16 annet ledd eller allmennaksjeloven § 16-16 annet ledd for vedkommende selskap ble kunngjort i Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon. Det samme gjelder ved tvansoppløsning av samvirkeforetak i medhold av samvirkeloven § 141, jf § 144.

Fristdagen ved avvikling etter konkurslovens og dekningslovens regler av aksjeselskaper i medhold av aksjeloven § 16-14, jf § 16-18, og av allmennaksjeselskaper etter allmennaksjeloven § 16-14, jf § 16-18, er dagen da tingretten traff kjennelse om å overta ansvaret for avviklingen. Det samme gjelder ved avvikling av samvirkeforetak i medhold av samvirkeloven § 140, jf § 144.

21. I lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-1 første ledd skal lyde:

Følgende norske foretak skal registreres:

  1. Aksjeselskaper

  2. Allmennaksjeselskaper og europeiske selskaper

  3. Andre næringsdrivende selskaper

  4. Samvirkeforetak og europeiske samvirkeforetak

  5. Næringsdrivende stiftelser, jf. stiftelsesloven § 4 annet og tredje ledd

  6. Foreninger og andre innretninger som driver næringsvirksomhet eller har til formål å drive slik virksomhet

  7. Enkeltpersonforetak som driver handel med dertil innkjøpte varer eller som sysselsetter mer enn fem fast ansatte i hovedstilling

  8. Statsforetak

  9. Interkommunale selskaper

10. Kommunale og fylkeskommunale foretak

11. Regionalt helseforetak og helseforetak, jf. lov 15. juni 2001 nr. 93 om helseforetak m.m.

12. Foretak som i særlovgivningen er pålagt registreringsplikt.

§ 3-2 skal lyde:

§ 3-2 (samvirkeforetak og andre foretak med begrenset ansvar)

For samvirkeforetak og andre foretak hvor ikke noen av deltakerne har personlig ansvar for foretakets forpliktelser, udelt eller for deler som tilsammen utgjør selskapets forpliktelser, får § 3-1 første ledd nr. 1 til 6 tilsvarende anvendelse.

For samvirkeforetak, boligbyggelag og gjensidige forsikringsselskaper skal registeret også inneholde opplysninger om foretaket er underlagt krav til kjønnsrepresentasjon i styret etter lov om samvirkeforetak § 69, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 a og lov 10. juni 2005 nr. 44 om om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. § 5-3 annet punktum. Dersom foretaket er underlagt et krav til kjønnsrepresentasjon, skal registeret også inneholde opplysninger om styremedlemmers og varamedlemmers kjønn, og om de er valgt blant de ansatte etter reglene i lov om samvirkeforetak § 67, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 og lov 10. juni 2005 nr. 44 om om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. § 5-1.

Dersom ikke annet er bestemt i lov eller med hjemmel i lov, skal vedtektene i foretak som omhandles i denne bestemmelse, inneholde regler om følgende forhold:

1. Foretakets navn

2. Foretakets forretningskommune

3. Foretakets formål

4. Deltakernes ansvar for foretakets forpliktelser

5. Foretakets organer og deres myndighetsområder

6. Hvem som representerer foretaket utad og tegner dets foretaksnavn

7. Krav om stemmeflertall ved beslutninger

8. Rett til eierskifte av foretaksandeler.

§ 4-1 første ledd skal lyde:

Registreringspliktige foretak skal meldes til registeret før næringsvirksomheten begynner. Aksjeselskaper, allmennaksjeselskaper og samvirkeforetak skal være meldt senest 3 måneder etter at stiftelsesdokumentet er undertegnet. Stiftelser skal være meldt innen de frister som følger av stiftelsesloven § 13 annet og tredje punktum. Andre foretak med begrenset ansvar, jf. § 3-2, og foreninger og andre innretninger som nevnt i § 3-6 og som har til formål å drive næringsvirksomhet skal, selv om næringsvirksomhet ikke har begynt, være meldt senest 6 måneder etter at stiftelsesdokumentet er undertegnet. Førstegangsmeldingen skal inneholde opplysninger som nevnt i kapittel III.

§ 4-4 bokstav a skal lyde:

a) Gjenpart av stiftelsesdokument og utskrift av protokollen fra generalforsamlinger som viser meldte opplysninger i aksjeselskap, allmennaksjeselskap, samvirkeforetak og annet foretak med begrenset ansvar, forening og annen innretning; selskapsavtalen for ansvarlig selskap, kommandittselskap og europeisk økonomisk foretaksgruppe, selskapsavtalen for interkommunalt selskap, for stiftelser, stiftelsesdokumentet eller den disposisjonen som ellers danner grunnlaget for stiftelsen, og gjenpart av vedtak om opprettelse av regionalt helseforetak og helseforetak.

§ 4-4 bokstav e skal lyde:

e) Erklæring fra revisor om at de opplysninger som er gitt om innbetaling av aksjekapital, selskapskapital i kommandittselskap, jf. § 3-3 nr. 6 og 7, grunnkapital i stiftelse og innskuddskapital i samvirkeforetak, statsforetak, interkommunalt selskap, regionalt helseforetak og helseforetak er riktige. I tilfelle også dokumenter og erklæringer som nevnt i:

1. aksjeloven § 2-4 annet ledd, § 2-5 annet ledd, § 2-6, § 2-8, § 10-2, § 13-10, § 14-4 tredje ledd, jf § 13-10, og § 15-1 annet ledd annet punktum

2. allmennaksjeloven § 2-4 annet ledd, § 2-5 annet ledd, § 2-6, § 2-8, § 10-2, § 13-10, og § 14-4 tredje ledd, jf § 13-10

3. samvirkeloven § 11, § 104 annet ledd nr. 7, § 121 første ledd, jf. § 104 annet ledd nr. 7, § 146 tredje ledd, jf. aksjeloven § 2-6 og allmennaksjeloven §2-6, og § 148 første ledd nr. 2 og annet ledd

4. selskapsloven § 3-3 tredje ledd tredje punktum

5. stiftelsesloven § 12 første ledd bokstav d og annet ledd og § 23 annet punktum.

22. I lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaks­navn og andre forretningskjennetegn (foretaksnavneloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-2 åttande ledd skal lyde:

Foretaksnavn for samvirkeforetak skal inneholde ordet samvirkeforetak eller forkortelsen SA.

Noverande § 2-2 åttande til fjortande ledd blir § 2-2 niande til femtande ledd.

23. I lov 21. juni 1985 nr. 83 om ansvarlige selskaper og kommandittselskaper (selskapsloven) skal § 2-13 første ledd fjerde punktum lyde:

Bare myndige personer kan være styremedlemmer.

24. I lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-2 første ledd skal lyde:

Finansieringsforetak kan ikke uten samtykke av Kongen organiseres på annen måte enn som aksjeselskap, allmennaksjeselskap, selveiende institusjon (stiftelse) eller samvirkeforetak av låntakere. Som vilkår for tillatelsen kan Kongen stille krav til foretakets organisasjon.

§ 3-10 første og andre ledd skal lyde:

Foretaket skal ha et representantskap med minst tolv medlemmer. Kongen kan samtykke i at representantskapet skal ha et lavere antall medlemmer. Er foretaket organisert som aksjeselskap eller samvirkeforetak, kan Kongen samtykke i at foretaket ikke skal ha representantskap.

Er foretaket organisert på annen måte enn som aksjeselskap, allmennaksjeselskap eller samvirkeforetak, utøver representantskapet den øverste myndighet i foretaket.

25. I lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eks­porten av fisk og fiskevarer skal § 4 første ledd lyde:

Departementet kan ved forskrift bestemme at forhandlinger om og gjennomføring av salg av bestemte fiskeslag og fiskevarer til nærmere bestemte utenlandske markeder, bare skal kunne foretas av ett eller flere salgsforetak med begrenset ansvar (sentralisert salg).

26. I lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger skal § 4-2 første ledd nr. 3 lyde:

3. For eiendom som eies av en fylkeskommune, en kommune, et selskap, et samvirkeforetak, en stiftelse, en forening, et bo eller lignende, utøves stemmeretten ved skriftlig fullmakt undertegnet av rette vedkommende.

27. I lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene skal § 3-2 første ledd nr. 3 lyde:

3. For eiendom som eies av en fylkeskommune, en kommune, et selskap, et samvirkeforetak, en stiftelse, en forening, et bo eller lignende, utøves stemmeretten ved skriftlig fullmakt undertegnet av rette vedkommende.

28. I lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova) skal § 3-4 andre ledd bokstav d lyde:

d) Sameigepart, bruksrett, part i sams driftsting og driftstiltak, og medlemskap i samvirkeføretak, når dette ligg til eigedomen.

29. I lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart (luftfartsloven) skal § 3-2 første ledd nr. 5 lyde:

5. foreninger, samvirkeforetak og lignende sammenslutninger som har helt norsk styre med sete i Norge, og hvor minst to tredjedeler av medlemmene er norske statsborgere eller likestilt med slike etter denne paragraf

30. I lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret skal § 4 første ledd lyde:

Følgende enheter skal registreres i Enhetsregisteret hvis de registreres i tilknyttet register:

a) Staten, fylkeskommuner og kommuner.

b) Selskaper, samvirkeforetak, foreninger, stiftelser, verdipapirfond, bo og andre juridiske personer. Dødsbo og felleseiebo som identifiseres ved fødselsnummer, og indre selskaper, er likevel ikke registreringspliktige.

c) Enkeltpersonsforetak.

d) Tingsrettslige sameier som opptrer som sådanne utad.

31. I lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-1 tredje ledd nr. 3 skal lyde:

3. Samvirkeforetak.

§ 6-8 første ledd andre punktum skal lyde:

Det samme gjelder hvis et styremedlem blirumyndiggjort eller blir satt i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143.

§ 6-11 skal lyde:§ 6-11 Krav til styremedlemmer og daglig leder

(1) Daglig leder og minst halvdelen av styrets medlemmer skal være bosatt her i riket, med mindre Kongen gjør unntak i det enkelte tilfellet. Første punktum gjelder ikke statsborgere i stater som er part i EØS-avtalen, når de er bosatt i en slik stat.

(2) Bare myndige personer kan være styremedlemmer.

§ 8-5 første ledd andre punktum skal lyde:

Som konsernselskap regnes også foretak som inngår i et konsern etter samvirkeloven § 5.

32. I lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper (allmennaksjeloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 6-8 første ledd andre punktum skal lyde:

Det samme gjelder hvis et styremedlem blir umyndiggjort eller blir satt i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143.

§ 6-11 skal lyde:

§ 6-11 Krav til styremedlemmer og daglig leder

(1) Daglig leder og minst halvdelen av styrets medlemmer skal være bosatt her i riket, med mindre Kongen gjør unntak i det enkelte tilfellet. Første punktum gjelder ikke statsborgere i stater som er part i EØS-avtalen, når de er bosatt i en slik stat.

(2) Bare myndige personer kan være styremedlemmer.

§ 8-5 første ledd andre punktum skal lyde:

Som konsernselskap regnes også foretak som inngår i et konsern etter samvirkeloven § 5.

33. I lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap m.v. (regnskapsloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 7-25 tredje ledd skal lyde:

Samvirkeforetak som har medlemskapitalkonti i samsvar med lov om samvirkeforetak § 29, skal gi opplysninger om årets utbetaling og avsetning. Det skal også opplyses om eventuelle vedtektsbestemmelser og årsmøtevedtak eller forslag til vedtak knyttet til medlemskapitalkonti.

§ 7-42 sjette ledd skal lyde:

Samvirkeforetak som har medlemskapitalkonti i samsvar med lov om samvirkeforetak § 29, skal gi opplysninger om årets utbetaling og avsetning. Det skal også opplyses om eventuelle vedtektsbestemmelser og årsmøtevedtak eller forslag til vedtak knyttet til medlemskapitalkonti.

34. I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-2 første ledd bokstav h nr. 2 blir oppheva. Nove­rande nr. 3 og 4 blir nr. 2 og 3.

§ 2-30 første ledd bokstav i skal lyde:

i. selveiende finansieringsforetak og samvirkeforetak av låntakere, unntatt

1. sparebanker

2. finansieringsforetak og samvirkeforetak av låntakere som driver virksomhet som har konsesjon etter lov om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner

3. finansinstitusjoner og foretak som driver leasingvirksomhet.

§ 6-40 femte ledd bokstav a skal lyde:

a. renter som sparebank og gjensidige forsikringsselskap, samvirkeforetak av låntakere og selveiende finansieringsforetak har utbetalt på grunnfondsbevis, jf. lov om sparebanker § 2 annet ledd, forsikringsloven § 4-2 annet ledd og finansieringsvirksomhetsloven,

§ 10-2 første ledd skal lyde:

(1) Aksjeselskap og allmennaksjeselskap kan kreve fradrag ved inntektsligningen for konsernbidrag så langt dette ligger innenfor den ellers skattepliktige alminnelige inntekt, og for så vidt konsernbidraget ellers er lovlig i forhold til aksjelovens og allmennaksjelovens regler. Likestilt selskap og sammenslutning kan kreve fradrag for konsernbidrag i den utstrekning aksjeselskap og allmennaksjeselskap kan gjøre det. Bestemmelsen i § 10-4 første ledd annet punktum gjelder likevel ikke når et samvirkeforetak yter konsernbidrag til et foretak som inngår i samme føderative samvirke, jf. samvirkeloven § 32.

§ 10-11 sjette ledd skal lyde:

(6) Etterbetalinger som nevnt i § 10-50 første ledd, samt utbetalinger fra medlemskapitalkonti som nevnt i § 10-50 femte ledd, regnes ikke som utbytte etter §§ 10-11 til 10-13.

§ 10-50 skal lyde:§ 10-50 Samvirkeforetaks etterbetaling og avsetning til andelskapital

(1) Samvirkeforetak kan kreve fradrag i inntekten for etterbetalinger til medlemmene etter samvirkeloven § 27. I tillegg kan det gis fradrag for avsetning til felleseid andelskapital med inntil 15 prosent av inntekten. Fradrag gis bare i inntekt av omsetning med medlemmene. Omsetning med medlemmene og likestilt omsetning må fremgå av regnskapet og kunne legitimeres.

(2) Første ledd omfatter følgende samvirkeforetak:

a. Forbrukersamvirke med fast utsalgssted, når mer enn halvparten av den regulære omsetning skjer til foretakets medlemmer.

b. Innkjøpsforetak som fordeler forutbestilte varer blant sine medlemmer.

c. Foretak som utelukkende eller hovedsakelig

1. kjøper inn råemner eller driftsmidler til bruk i jordbruk, skogbruk eller fiske,

2. forhandler produkter fra medlemmenes jordbruks-, skogbruks- eller fiskerivirksomhet, eller

3. foredler produkter fra medlemmenes jordbruks- eller fiskerivirksomhet.

(3) Likestilt med kjøp fra egne medlemmer er:

a. fiskesalgslags innkjøp fra medlem av annet fiskesalgslag hvis leveransen gir fiskeren rett til etterbetaling på lik linje med lagets egne medlemmer,

b. innkjøp som salgssamvirkeforetak i jordbrukets tjeneste foretar fra et tilsvarende samvirkeforetak i markedsregulerende hensikt,

c. kjøp etter pålegg fra statlig myndighet.

(4) Som jordbruksvirksomhet regnes også hagebruk, gartneri, biavl og pelsdyravl som blir drevet i forbindelse med jordbruk.

(5) Utbetalinger fra medlemskapitalkonti etter samvirkeloven § 29 likestilles i denne paragraf med etterbetalinger til medlemmene etter første ledd. Fradrag for utbetaling fra medlemskapitalkonto gis bare i den utstrekning midlene ved avsetning kunne ha vært utbetalt til medlemmet som etterbetaling med fradragsrett for foretaket etter første ledd.

(6) Boligbyggelag som omfattes av lov om boligbyggelag, kan kreve fradrag for avsetning til felleseid andelskapital. Første ledd annet til fjerde punktum gjelder tilsvarende, men slik at fradrag kan gis i inntekt av omsetning med medlemmene og tilknyttede borettslag.

(7) Departementet kan gi forskrift om hvordan inntekt fra medlemmene skal fastsettes, og om kravene til legitimasjon.

§ 11-2 andre ledd skal lyde:

(2) To eller flere samvirkeforetak kan fusjoneres uten skattlegging av foretakene eller deltakerne når fusjonen skjer etter reglene i samvirkeloven kapittel 8.

Noverande andre ledd blir tredje ledd.

§ 11-4 andre ledd skal lyde:

(2) Et samvirkeforetak kan fisjoneres uten skattlegging av foretakene eller deltakerne når fisjonen skjer etter reglene i samvirkeloven kapittel 9.

Noverande andre ledd blir tredje ledd.§ 14-5 fjerde ledd bokstav f skal lyde:

f. Dette ledd omfatter ikke

1. banker,

2. finansieringsforetak og samvirkeforetak av låntakere som driver virksomhet med konsesjon etter lov om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner.

§ 16-10 første ledd første punktum skal lyde:

Personlig skattyter gis til og med det inntektsåret vedkommende fyller 33 år, fradrag i inntektsskatt og trygdeavgift for innskudd på boligsparekonto i innenlandsk bank, samvirkeforetak eller fast organisert innenlandsk spareforening, eller i tilsvarende spareinstitusjon i annen EØS-stat, når innskuddet skal brukes til erverv av – eller til nedbetaling av gjeld på – egen bolig som er anskaffet etter at kontrakt om sparing ble inngått.

35. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal ny § 6-4 a lyde:

§ 6-4 a Krav om representasjon av begge kjønn i styret

(1) I styret i bustadbyggjelag med meir enn 1 000 andelseigarar på det tidspunktet valet av styremedlemmer skjer skal begge kjønn vere representert på følgjande måte:

1. Har styret to eller tre medlemmer, skal begge kjønn vere representert.

2. Har styret fire eller fem medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst to.

3. Har styret seks til åtte medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst tre.

4. Har styret ni medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst fire, og har styret fleire medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

5. Reglane i nr. 1 til 4 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer.

(2) Første ledd nr. 1 til 5 omfattar ikkje styremedlemmer som skal veljast blant dei tilsette etter § 6-4. Når det skal veljast to eller fleire styremedlemmer som nemnt i første punktum, skal begge kjønn vere representert. Det same gjeld for varamedlemmer. Andre og tredje punktum gjeld ikkje dersom eit av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av det samla talet på tilsette i laget på det tidspunktet valet skjer.

36. I lov 12. desember 2003 nr. 109 om heleide dattersamvirkeforetak skal ny § 2 lyde:

Foretaket skal til enhver tid ha en egenkapital som er forsvarlig ut fra risikoen ved og omfanget av virksomheten i foretaket.

Hvis det må antas at egenkapitalen er lavere enn det som er forsvarlig ut fra risikoen ved og omfanget av virksomheten i foretaket, skal styret straks behandle saken. Styret skal innen rimelig tid innkalle årsmøtet, gi det en redegjørelse for foretakets økonomiske stilling og foreslå tiltak som vil gi foretaket en forsvarlig egenkapital.

Hvis styret ikke finner grunnlag for å foreslå tiltak som nevnt i annet ledd, eller slike tiltak ikke lar seg gjennomføre, skal styret foreslå å løse opp foretaket.

Noverande § 2 blir ny § 3.

37. I lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff (straffeloven) skal § 27 andre ledd lyde:

Med foretak menes selskap, samvirkeforetak, forening eller annen sammenslutning, enkeltpersonforetak, stiftelse, bo eller offentlig virksomhet.

38. I lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-1 tredje ledd skal lyde:

Aksjeloven og samvirkeloven gjelder ikke for gjensidige forsikringsselskaper, med mindre noe annet er bestemt i eller i medhold av loven her.

§ 4-1 andre ledd andre punktum skal lyde:

Like med personer som er bosatt i riket, regnes staten og norske kommuner samt norske selskaper med begrenset ansvar, samvirkeforetak, foreninger og stiftelser.

§ 5-3 nytt andre punktum skal lyde:

For gjensidige forsikringsselskaper med mer enn 1 000 medlemmer på tidspunktet for valg av styremedlemmer gjelder samvirkeloven § 69 tilsvarende.

39. I lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven) skal § 5-16 andre ledd lyde:

Pålegg om tvangsmulkt til selskap, samvirkeforetak, forening, innretning eller organisasjon rettes til styret, og sendes hvert medlem.

40. I lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven) skal § 2-1 bokstav d lyde:

d) samvirkeforetak, sparebanker og stiftelser,

41. I lov 30. juni 2006 nr. 50 om europeiske samvirkeforetak ved gjennomføring av EØS-avtalen vedlegg XXII nr. 10c (rådsforordning (EF) nr. 1435/2003) (SCE-loven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 5 første ledd første punktum skal lyde:

Ved stiftelse av et europeisk samvirkeforetak ved fusjon etter SCE-forordningen artikkel 2 nr. 1, jf. artikkel 19 til 34, gjelder reglene om fusjon mellom samvirkeforetak tilsvarende så langt de passer for norske foretak som deltar i fusjonen, jf. SCE-forordningen artikkel 20.

§ 6 første ledd første punktum skal lyde:

Ved offentliggjøring av omdanningsplanen etter SCE-forordningen artikkel 35 nr. 4 gjelder reglene i samvirkeloven § 151 tilsvarende så langt de passer.

§ 7 andre ledd første punktum skal lyde:

Ved flytting av et europeisk samvirkeforetak gjelder reglene i samvirkeloven §§ 113 til 116 om gjennomføring av fusjon tilsvarende så langt de passer.

§ 8 første og andre ledd skal lyde:

For et europeisk samvirkeforetak som er organisert etter to-nivåsystemet etter SE-forordningen artikkel 37 til 41, gjelder reglene i samvirkeloven kapittel 6 og andre regler i samvirkeloven om foretakets ledelse så langt de passer, og såfremt noe annet ikke følger av SCE-forordningen. For ledelsesorganet gjelder samvirkelovens regler om styret tilsvarende så langt de passer, og for kontrollorganet gjelder samvirkelovens regler om kontrollkomiteen tilsvarende så langt de passer. Foretaket skal ha en daglig leder med mindre vedtektene bestemmer noe annet. For den daglige lederen gjelder samvirkelovens reg­ler om daglig leder tilsvarende så langt de passer.

Ledelsesorganet skal ha minst tre medlemmer.

Noverande andre og tredje ledd blir nye tredje og fjerde ledd.§ 9 skal lyde:

For et europeisk samvirkeforetak som er organisert etter ett-nivåsystemet etter SE-forordningen artikkel 42 til 44, gjelder reglene i samvirkeloven kapittel 6 og andre regler i samvirkeloven om foretakets ledelse så langt de passer, og såfremt noe annet ikke følger av SCE-forordningen. For administrasjonsorganet gjelder samvirkelovens regler om styret tilsvarende så langt de passer.

Foretaket skal ha en daglig leder med mindre vedtektene bestemmer noe annet. For den daglige lederen gjelder samvirkelovens regler om daglig leder tilsvarende så langt de passer.

Administrasjonsorganet skal ha minst tre medlemmer.

§ 12 andre ledd skal lyde:

Ved tvungen avvikling av et SCE-foretak etter SCE-forordningen artikkel 73 gjelder bestemmelsene i samvirkeloven§§ 141 til 144 tilsvarende så langt de passer.

42. I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) skal § 21 første ledd bokstav e lyde:

e) når han styrer eller er med i styret for eit selskap, eit samvirkeforetak, eit lag, ein sparebank, ei stifting eller ein offentleg skipnad som eig, har pant i, leiger eller bur til leige på eigedomen.

Oslo, i justiskomiteen, den 8. mai 2007

Anne Marit Bjørnflaten Tone Merete Sønsterud
leder ordfører